St.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Den norske deltakinga krev løyvingar over fire år. Stortinget må difor gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein treng ikkje gjennomføre tilsvarande prosedyrar. Ei avgjerd i EØS-komiteen kan ikkje setjast i verk for alle EØS-statane i EFTA før alle naudsynte meldingar er mottekne om at dei konstitusjonelle prosedyrane er gjennomførde.

Hovudregelen er at tilsvarande saker vert lagde fram for Stortinget etter at avgjerda er teken i EØS-komiteen.

Regjeringa meiner at det er viktig å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda og sikre at EFTA/EØS-statane kan ta del i programmet så tidleg som råd. Regjeringa fremjar difor stortingsproposisjonen før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som følgjer med proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.