St.prp. nr. 7 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om programmet

«Intelligent energi for Europa» (2003-2006) er meint å byggje opp under energipolitikken til EU. Dei overordna måla for programmet er at det skal medverke til å betre forsyningstryggleiken, konkurranseevna og miljøvernet. Måla med programmet er vidare å fremje ei berekraftig økonomisk og sosial utvikling. Programmet har eit smalare nedslagsfelt enn det som var tilfellet for rammeprogrammet for energi, og det er konsentrert rundt auka bruk av fornybare energikjelder og energieffektivitet. At transportbransjen er rekna med i programmet, kjem av at transportbransjen ved sida av el-sektoren står for størstedelen av utsleppa av klimagassar til atmosfæren. I «Intelligent energi for Europa» er det eit klart mål at programmet mellom anna skal knytast opp mot strategien for ei berekraftig utvikling og programmet for klimaendring.

Programmet er delt inn i fire delprogram, der dei to førstnemnde vert vidareførte frå rammeprogrammet for energi, som no er avslutta:

  • «SAVE», som har som mål å auke energieffektiviteten og medverke til fornuftig energibruk, særleg innanfor byggje- og industrisektoren;

  • «ALTENER», som har som mål å fremje produksjonen av energi frå fornybare energikjelder.

  • «STEER», som har som mål å diversifisere energibruken i transportsektoren gjennom å fremje bruken av fornybart drivstoff og å betre energieffektiviteten.

  • «COOPENER», som har som mål å fremje initiativ som gjeld bruk av fornybar energi og energieffektivitet i utviklingsland.

Budsjettet for programmet er på 200 mill. euro for heile perioden 2003-2006. Budsjettetfordelinga på dei fire delprogramma er som følgjer:

SAVE69,8 mill. euro
ALTENER80 mill. euro
STEER32,6 mill. euro
COOPENER17,6 mill. euro

Ei tilleggsløyving på minst 50 mill. euro kan påreknast som følgje av utvidinga av EU. Løyvinga frå EØS/EFTA-statane på litt over 4 mill. euro for heile perioden vil òg kome i tillegg. I «Intelligent energi for Europa» vil Noreg ta del i alle delprogramma, bortsett frå COOPENER. Om Noreg skal ta del i dette delprogrammet på eit seinare tidspunkt, vil verte drøfta internt og med Kommisjonen. I det avslutta rammeprogrammet for energi var Noreg berre tilslutta tre av dei seks delprogramma.