St.prp. nr. 70 (2005-2006)

Om trygdeoppgjeret 2006

Til innhaldsliste

4 Nærare om utviklinga i grunnbeløp og løner dei seinare åra

Tabell 4.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene for minstepensjonistar og lønstakarar i perioden 2001 - 2005. Berekningane gjeld pensjonsytingar frå folketrygda. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring pr. år 2001 - 2005.

200120022003200420052001-2005
Grunnbeløp4,65,25,133,893,34,4
Minstepensjon for einslige4,65,25,133,893,34,4
Minstepensjon for ektepar/sambuande4,65,27,56,064,915,6
Alderspensjon i gjennomsnitt15,56,26,655,44,85,7
Uførepensjon i gjennomsnitt4,37,06,73,33,95,0
Lønstakarar i alt4,85,74,53,53 ¼4,3
Industriarbeidarar i NHO- området4,95,03,53,63,44,1
Statstilsette4,25,94,33,73,44,3
Kommunetilsette3,56,04,43,83,44,2

1 Gjennomsnittleg alderspensjon har auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at folketrygda framleis er under oppbygging, og at alderspensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Gjennomsnittlig pensjon er rekna ut frå rekneskapet.

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2006: 11 og Rikstrygdeverket.

Pensjonane aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Likevel auka pensjonane for ektepar og sambuande sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003-2005. Grunnen er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005.

Som det går fram av tabellen, auka grunnbeløpet og pensjonane for dei einslege minstepensjonistane med 5,13 prosent frå 2002 til 2003, 3,89 prosent frå 2003 til 2004 og 3,3 prosent frå 2004 til 2005. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp i desse åra. For desse pensjonistane var auken i pensjonen 7,5 prosent frå 2002 til 2003, 6,1 prosent frå 2003 til 2004 og 4,9 prosent frå 2004 til 2005. Lønsveksten for lønstakarar i alt dei same åra var høvesvis 4,5 prosent, 3,5 prosent og 3 ¼ prosent.

I vedlegget til proposisjonen går den historiske utviklinga av pensjonane mv. fram. Tabellane i vedlegget syner m.a. utviklinga av minstepensjon frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst, noko som heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra.