St.prp. nr. 70 (2005-2006)

Om trygdeoppgjeret 2006

Til innhaldsliste

6 Krigspensjonering

Staten dekker utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25).

Under kap. 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2006 løyvd respektive 240 mill. kroner og 582 mill. kroner.

Etter ei tilleggslov av 29. juni 1951 nr. 34 skal krigspensjonane regulerast like mykje som statspensjonane, dvs. i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2006 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 14 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 20 mill. kroner for 2006.