St.prp. nr. 70 (2005-2006)

Om trygdeoppgjeret 2006

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2006

Dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2006 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får ho eller han eit særfrådrag i inntekta. I 2006 utgjer fullt særfrådrag 1 614 kroner pr. månad, dvs. 19 368 kroner for heile året. Skattytarar som etter fylte 67 år har teke ut alderspensjon etter § 19-6 i folketrygdlova, har òg rett til eit slikt særfrådrag. Skattytarar mellom 67 og 70 år som ikkje har teke ut full alderspensjon, får særfrådraget avkorta. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekninga av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16, tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2006 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 614 kroner pr. månad, dvs. 19 368 kroner for heile året. Er arbeidsevna nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget blir gitt i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, og som ikkje mottek tidsavgrensa uførestønad, skal ein ikkje rekne ut skatt når nettoinntekta (allmenn inntekt minus minstefrådrag pluss ev. formuestillegg) er under 95 300 kroner for einslege og 156 300 kroner for ektepar. Ved utrekning av nettoinntekta skal ein leggja til 2 pst. av skattepliktig formue utover 200 000 kroner.

Dersom inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekne skatt av heile inntekta etter dei ordinære skattereglane for pensjonistar. Skatten skal likevel ikkje overstiga 55 pst. av den allmenne inntekta (før særfrådrag) over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten blir på denne måten avgrensa til maksimalt 55 pst. av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld òg for skattytarar som har overgangsstønad, etterlatnepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir nytta til å rekne ut trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønsinntekter og pensjonsinntekter redusert med eit minstefrådrag.

I 2006 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 24 prosent for inntekt opp til 51 100 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønsinntekter på 34 prosent av inntekt opp til 61 100 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2006 er 3 pst.