St.prp. nr. 75 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om Marco Polo-programmet

Utviklinga av eit meir miljøvennleg godstransportsystem er eit sentralt transportpolitisk mål i Europa. Hovudmålsetjinga med Marco Polo-programmet er å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem gjennom å gje økonomisk oppstartsstøtte til nye berekraftige transportløysingar som kan medverke til å overføre transport av gods frå veg til sjø, jarnbane og innlandsvassvegar.

Programmet har ei kvantifisert målsetjing om å overføre den årlege veksten i grensekryssande europeisk godstransport (rekna ut til å vere 12 milliardar tonnkm) frå veg til jernbane, nærskipsfart og innlandsvassvegar. Basert på overslag frå dei prosjekta som så langt har fått tildelt midlar, verkar overføringane å verte større enn venta. Kommisjonen har rekna ut at kvar euro som vert gjeve i støtte, vil gje samfunnsmessige og miljømessige gevinstar på seks euro.

Slik overføring av transport, som regel frå direkte transport dør-til-dør med lastebil til kombinerte transportmåtar der sjøtransport eller jarnbanetransport utgjer hovudetappen, medfører økonomisk risiko for føretaka. Det er i første rekkje denne risikoen, i tillegg til andre kostnader i samband med skiping av nye transportruter, programmet skal støtte. FoU-prosjekt vert ikkje støtta av programmet. Det kan i visse tilfelle gjevast mindre tilskot til såkalla «supplerande infrastruktur», men betringar av infrastrukturen skal i hovudsak dekkjast gjennom andre program.

Programmet har ein klar internasjonal dimensjon ved at støtte berre kan gjevast til grensekryssande transport. Det vert kravd samarbeid mellom deltakarar frå minst to EU-medlemsstatar, eller mellom føretak i minst éin medlemsstat og éin tredjestat, til dømes ein EFTA-EØS-stat. For at søkjarar frå tredjestatar skal kunne ta imot finansiell støtte, er det ein føresetnad at staten har slutta seg til programmet økonomisk. I forordninga er det ein føresetnad at prosjekta ikkje fører til uakseptabel konkurransevriding i dei relevante marknadene.

For å kunne få rett til støtte vert det lagt stor vekt på overlevingsevna til prosjektet (søknaden) på lengre sikt, utover den avgrensa støtteperioden. Søkjarar må dokumentere dette i ein gjennomarbeida «business»-plan. Det vert òg lagt vekt på planar for formidling av resultat frå prosjekta slik at ein kan nå breiast mogleg ut i europeisk næringsliv med døme på beste praksis.

Eit norskinitiert prosjekt med føremål å utvikle eit system for standardiserte meldingar mellom aktørane i ei sjøbasert transportkjede, får støtte frå programmet. Prosjektet er norskleidd og basert på norsk teknologi.

Følgjande prosjekttypar har til no hatt rett til støtte:

Godsoverføringsprosjekt - støtte til nye transport­løysingar som ikkje går på veg

Nye transportopplegg som under rådande marknadsvilkår medfører direkte og omgåande overføring frå veg til meir miljøvennlege transportformar (sjø, bane, innlandsvassvegar) går inn under denne kategorien. Tilskotsdelen til slike prosjekt er inntil 35 prosent av kostnadene. Støtteperioden er inntil 3 år. Tiltaket krev at det vert overført minst 250 millionar tonnkm og at det vert gjeve 1 euro i støtte per 500 tonnkm overført gods. Alternativt kan det gjevast støtte på bakgrunn av overført godsmengd rekna ut frå volumkm, der ein tonnkm svarar til fire m3 km.

Katalysatorprosjekt - tiltak som kan redusere marknads- og konkurransemessige hindringar for intermodale løysingar

Ulike marknadsbarrierar og strukturelle hindringar i godstransportmarknaden kan føre til at nærsjøfart og jarnbanetransport ikkje fungerer effektivt i ei transportkjede. Programmet kan støtte prosjekt som kan verke som katalysatorar for strukturelle endringer som er naudsynte i marknaden. Hovudføremålet med slike tiltak er i seg sjølv ikkje å påverke transportmiddelfordelinga omgåande, men å overvinne marknadshinder som på sikt kan føre til overføring frå veg til andre transportformar. Tilskotsdelen til denne typen prosjekt er inntil 35 prosent av kostnadene. Støtteperioden er inntil 5 år. Minimumsterskelen for å ha rett til støtte for eit katalysatorprosjekt er fastsett til 2 000 000 euro.

Felles læringsprosjekt – stimulering av samarbeid i godslogistikkmarknaden

Felles læringsprosjekt er aktivitetar som har som føremål å fremje effektive arbeidsmetodar og prosedyrar i transportkjeda gjennom auka samarbeid mellom ulike aktørar i godstransportmarknaden. Dette kan vere nye samarbeidsmodellar mellom transportformer, seminarprogram, utarbeiding av manualar, handbøker med meir. Programmet gjev òg støtte til formidling av dei resultata som er oppnådde. Tilskotsdelen for denne typen prosjekt er inntil 50 prosent av kostnadene. Støtteperioden er inntil 2 år. Minimumsterskelen for prosjekt som har rett til støtte, er 250 000 euro.

Spesielt om Marco Polo II-programmet 2007-2013 (MP II)

MP II-programmet byggjer vidare på MP I, men inneber ei vesentleg utviding. Det nye programmet har dei same måla og skal organiserast på same måten. I tillegg til at den økonomiske ramma er vesentleg utvida, er det opna for fleire tiltakstypar som har rett til støtte. Det er mellom anna lagt større vekt på overføring av gods til sjøbaserte transportløysingar, samstundes som det vert lagt vekt på å unngå vriding i konkurransen i høve til eksisterande transporttilbod med skip og jarnbane.

I tillegg til dei tiltaka som har rett til støtte frå det opprinnelege Marco Polo-programmet, er MP II-programmet utvida med følgjande tiltakstypar:

Motorways of the Seas (MoS)

MoS-tiltak gjeld kommersielle prosjekt (nye transporttilbod) som inneber direkte overføring av frakt frå veg til nærsjøfart eller ein kombinasjon av nærsjøfart med andre transportmidlar der vegtransportelementet er minimalisert. Modifisering eller etablering av supplerande infrastruktur kan òg ha rett til støtte som del av prosjektet. Tilskotsdelen til denne typen prosjekt er inntil 35 prosent av kostnadene. Støtteperioden er inntil 5 år. Minimumsstorleiken på prosjektet er fastsett til ei overført godsmengd på 1,25 milliardar tonnkm, eller tilsvarande i volumkm, eller ein støttesum på 2 500 000 euro basert på ein støtte på 1 euro for kvar 500 tonnkm/volumkm overført trafikk.

Det er venta at støtte til større og meir langsiktige infrastrukturbetringar vert sikra gjennom TEN-T (Transeuropean Network for Transport). Finansieringsmekanismane for MoS i MP-II og TEN-T-programmet er utforma slik at dei til saman skal gje optimal verknad; støtte til MoS-prosjekt frå TEN-T skal relaterast til kostnader som er knytte til større investeringar i infrastruktur og utstyr, medan støtte frå MP-II-programmet primært skal vere knytt til etablering av transporttilbod/service og driftskostnader i ein oppstartsfase. Eitt og same prosjekt kan ikkje få støtte både frå TEN-T og MP-II samstundes. MoS-prosjekt innanfor TEN-T-programmet med norsk deltaking har ikkje rett til støtte for kostnader på norsk territorium sidan Noreg ikkje tek del med økonomiske midlar i TEN-T-programmet.

Transportførebyggjande tiltak

Prosjekt i denne kategorien gjeld ein best mogleg integrasjon av transporten i produksjons- og distribusjonslogistikken med sikte på å redusere ein vesentleg del av vegtransporten. Tiltak som kan medverke til kortare transportdistanse, betre utnytting av eksisterande lastekapasitet, mindre tomkøyring eller andre tiltak som kan medverke til ein signifikant reduksjon i godstransport på veg, vil kunne oppnå støtte. Tilskotsdelen i denne kategorien er inntil 35 prosent av kostnadene. Støtteperioden er inntil fem år. Minste kontraktsstorleik for å ha rett til støtte er fastsett til eit redusert transportbehov på 500 millionar tonnkm eller 25 millionar køyretøykm, eller ein støttesum på 1 000 000 euro basert på 1 euro i støtte per 500 tonnkm redusert (veg-)transport.