St.prp. nr. 75 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeids­området, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1.

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1692/2006 av 24. oktober 2006 om innføring av det andre «Marco Polo»-programmet for tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem (Marco Polo II), og om oppheving av forordning (EF) nr. 1382/2003 2, retta ved EUT L 65 av 3.3.2007, s. 12.

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2007.

  4. Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg godstransportsystem (Marco Polo-programmet) 3, med endringar, er nå teken inn i protokoll 31 artikkel 3 (Miljø) i avtala.

  5. Det er meir høveleg å vise til forordning (EF) nr. 1382/2003 under overskrifta «Transport og mobilitet», og forordning (EF) nr. 1382/2003 bør difor flyttast til protokoll 31 artikkel 12 i avtala –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

  1. I protokoll 31 artikkel 12 i avtala vert det gjort følgjande endringar:

    1. Nåverande nr. 2 blir nytt nr. 4 og skal lyde:

      «EFTA-statene skal gi tilskudd til finansieringen av tiltakene nevnt i nr. 1, 2 og 3 i samsvar med avtalens artikkel 82 nr. 1 bokstav a.»

    2. Nye nr. 2 og 3 skal lyde:

      • «2. EFTA-statene skal fra 1. januar 2004 delta i følgende program:

      • 32003 R 1382: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg gods­transport­system (Marco Polo-programmet) (EUT L 196 av 2.8.2003, s. 1), endret ved:

      • 32004 R 0788: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 788/2004 av 21. april 2004 (EUT L 138 av 30.4.2004, s. 17).

      • 3. EFTA-statene skal fra 1. januar 2007 delta i følgende program:

      • 32006 R 1692: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1692/2006 av 24. oktober 2006 om innføring av det andre «Marco Polo»-programmet for tildeling av finansiell støtte frå Fellesskapet for å fremje eit meir miljøvennleg gods­transport­system (Marco Polo II), og om oppheving av forordning (EF) nr. 1382/2003 4 (EUT L 328 av 24.11.2006, s. 1), retta ved EUT L 65 av 3.3.2007, s. 12.»

    3. Etter det nye nr. 4 skal nytt nr. 5 lyde:

      • 5. «EFTA-statene skal delta fullt ut i de EF-komiteer og øvrige organer som bistår Kommisjonen i å forvalte, utvikle og gjennomføre fellesskapsprogrammene nevnt i nr. 2 og 3.»

  2. Teksta i protokoll 31 artikkel 3 nr. 7 bokstav c) vert oppheva.

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 5.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2007.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...]

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

[...]

Fotnotar

1.

TEU ...

2.

TEU L 328 av 24.11.2006, s. 1.

3.

TEU L 196 av 2.8.2003, s. 1.

4.

TEU L 404 av 30.12.2006, s. 39.

5.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]