St.prp. nr. 75 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013)

Til innhaldsliste

6 Vurdering og tilråding

Målsetjinga til EU om å få meir godstransport over frå veg til andre transportformar er i samsvar med norsk transportpolitikk. Mellom anna kjem dette til uttrykk i St. meld. nr. 24 (2003–2004) Nasjonal transportplan 2006–2015. Frå norsk side er det i denne samanhengen eit viktig prinsipielt utgangspunkt at ei overføring av gods frå veg til andre transportformar ikkje er eit mål i seg sjølv, men ein strategi for å nå overordna mål om eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem.

Sjølv om Noreg ikkje på langt nær har så store trengselsproblem som sentrale delar av Europa, må norsk deltaking sjåast i ein større samanheng. Norsk næringsliv er avhengig av gode framkomsttilhøve, òg på kontinentet, for å sikre den pålitelege leveringa som er naudsynt i den indre marknaden. Det er ei positiv haldning til programmet i næringslivet.

Det at programmet legg enda større vekt på sjøtransportløysingar, gjer programmet ytterlegare interessant for vidare norsk deltaking. Programmet kan mellom anna opne for nye transportløysingar på Nordkalotten og i Barentsregionen, og for kommunikasjonen desse regionane har med sentrale delar av Europa.

Samferdselsdepartementet tilrår i samråd med Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.