St.prp. nr. 75 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Forordninga har ei økonomisk ramme for perioden 2007–2013 på 400 millionar euro. Dette inneber ei drøy dobling i høve til ramma på 100 millionar euro som var lagd til grunn for perioden 2003–2006.

Det totale EFTA-bidraget utgjer 2,28 % og vil kome i tillegg til den samla ramma til programmet på 400 millionar euro. I tillegg kjem ein del administrative kostnader. I samsvar med fordelingsnøkkelen mellom EFTA-statane dekkjer Noreg 94,15 % av det samla EFTA-bidraget. Dette inneber at Noregs pliktar for heile perioden vil vere om lag 8,6 millionar euro, eller cirka 70 millionar kroner med dagens eurokurs på 8,1. Desse pliktane skal utbetalast over inntil 12 år. I gjennomsnitt vil dette innebere ei årleg norsk innbetaling på om lag 5,8 millionar kroner. Desse utgiftene vert dekte i fellesskap av Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdselsdepartementet med like delar.