St.prp. nr. 75 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EUs Marco Polo II-program til fremjing av eit meir miljøvennleg godstransportsystem (2007–2013)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Fordi den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltakinga i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å formelt ta del i programmet så snøgt som råd i 2007, vert det gjort framlegg om at Stortinget gjev samtykke før avgjerda i EØS-komiteen vert teken. Det vil dermed ikkje vere naudsynt å ta atterhald om konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerd i EØS-komiteen.

Det er ikke venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med utkastet, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.