St.prp. nr. 78 (1998-99)

Om trygdeoppgjeret 1999

Til innhaldsliste

4 Nærmare om utviklinga dei seinare åra

I 1990-åra har auken i grunnbeløpet vore noko svakare enn lønsveksten for yrkesaktive (Jf. tabell 4.1). Minstepensjonen både for einslege og for ektepar har imidlertid auka sterkare enn lønene. Utviklinga i minstepensjonane vert bestemt av utviklinga i grunnbeløpet og i satsane for særtillegg.

Tabell 4.1 Inntektsutvikling for minstepensjonistar og lønstakarar 1993-98. Årleg prosentvis endring og gjennomsnitt 1993-98.

93-9494-9595-9696-9797-98593-98
Grunnbeløp2,12,74,03,95,753,7
Minstepensjon for einslige2,13,524,04,7413,25,4
Minstepensjon for ektepar6,113,54,04,8414,66,6
Arbeidere i LO/NHO-området32,62,94,24,36,24,0
Statsansette2,23,14,44,26,44,1
Kommuneansette2,42,84,43,95,93,9
Lønstakarar i alt2,73,04,44,36,24,1

1 Inkl auken i særtilleggsatsen for einslege og ektepar 1.1.1994.

2 Inkl auken i særtilleggsatsene for enslige og ektepar frå 1.1.1995.

3 Timeløna i alt.

4 Auke av særtilleggssatsane for einslege og ektepar frå 01.05.1997.

5 Lønsvekst 1997-98: Berekningsutvalets anslag frå februar 1999, endra på grunnlag av seinare statistikk. For lønstakarar i alt mangler foretningsmessig tjenesteyting.

Grunnbeløpet i folketrygda auka med kr 1 500 frå 1. mai 1997 og med kr 2 870 frå 1. mai 1998. Den ordinære satsen for særtillegget i folketrygda auka frå 1. mai 1997 til 63,2 pst av grunnbeløpet og frå 1. mai 1998 til 79,33 pst. Minstesatsen for særtillegget vart auka på same tid til 57,5 og 74 pst.

Frå 1997 til 1998 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane med 5,75 pst medan minstepensjonen for einslege auka med 13,2 pst og for ektepar med 14,6 pst. Med ein prisstigning på 2,3 pst vart det ein sterk realvekst i pensjonane.

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera rekna på grunnlag av førebels materiale med ein lønsvekst frå 1997 til 1998 på om lag 6½ pst. for alle grupper under eit (jf NOU 1999:12).

Seinare statistikk visar at lønsveksten for arbeidarar i LO/NHO-området var 6,2 pst, for statsansette 6,4 pst og for kommuneansette 5,9 pst. For alle ansette under eit er lønsveksten fra 1997 til 1998 berekna til 6,2 pst.

I Revidert nasjonalbudsjett 1999 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i lønene frå 1998 til 1999 på om lag 4,5 pst for alle grupper under eit. Dette er i samsvar med opplegget i Arntsen-utvalet som partane i inntektsoppjera har lagt til grunn i år.

I oppgjeret i LO/NHO-området i år vil lønsoverhenget og dei sentrale tillegga gje eit bidrag til veksten i årsløna på om lag 3¼ prosent for arbeidarar i alt. I varehandelen vil dei sentrale tillegga, garantitillegget og eit overheng i lønene inn i 1999 på i underkant av 2 pst. gje ein vekst i årsløna frå 1998 til 1999 på om lag 3 pst. I tillegg kjem bidrag frå gliding i lønene.

I det statlege tariffområdet vart partane samde om ein avtale. Saman med overhenget inn 1999 på om lag 3,6 pst. gjev dei sentrale tillegga ein auke i lønene på knapt 4¼ pst. frå 1998 til 1999.

I kommunal sektor gjekk oppgjeret mellom LO, YS og AF på den eine sida, og KS på den andre til mekling. Den 20. mai vart det semje om eit tilrådd meklingsforslag som saman med overhengjet til 1999 på 4,4 pst. vil gje ein vekst i årsløna på om lag 4½ pst. før gliding.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 4,52 pst frå 1998 til 1999. Satsane i minstepensjonen vil auke med 7,6 pst. frå 1998 til 1999 for einslege og med 8,1 pst. frå 1998 til 1999 for ektepar.

I Revidert nasjonalbudsjett er det lagt til grunn ein prisvekst frå 1998 til 1999 på 2,4 pst. Ei slik utvikling vil gi ein klar realvekst i pensjonane i år.

Tabell 4.2. viser pensjonen etter skatt i prosent av disponibel inntekt som yrkesaktiv (nettopensjonsdekningsprosent). Lavinntektsgruppene får høgare disponibel pensjon som andel av tidlegare yrkesinntekt enn høginntektsgruppene.

Tabell 4.2 : Nettopensjondekningsprosent i 1998 for pensjonistar som vart alderspensjonistar i 1998 og ved fullt opptjent pensjon. Pensjonsalder 67 år.

Brutto lønsinntekt. Kroner
133 240177 853222 067310 893
Sluttpoengtall
2,003,004,005,33
Br.pensj. for einslige, 1930-kullet. Kr.80 38898 380116 366146 944
Br.pensj. for einslige, 1940-kullet. Kr.83 392102 880122 360161 332
Br.pensj. for einslige, 1975-kullet. Kr.81 724100 380119 032143 840
Netto pensjonsdekningsprosent
Einslige
1931-kullet80726558
1940-kullet83746763
1975-kullet82736657
Pensjonistektepar (ein minstepensjonist)
1931-kullet1251059377
1940-kullet1271079581
1975-kullet1261069477
Pensjonistar som forsørgjer ektefelle (yngre enn 60 år)
1931-kullet96888369
1940-kullet99918571
1975-kullet97898468

Kjelde: Sosial og helsedepartementet

I vedlegg til denne proposisjonen framgår den historiske utviklinga av pensjonane m.v. Tabellane i vedlegget viser m.a. utviklinga i minstepensjon frå 1970 i både nominell og reell verdi. Det framgår at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst som må sjåast i samanheng med opptrapping av særtilleggsatsane.