St.prp. nr. 78 (1998-99)

Om trygdeoppgjeret 1999

Til innhaldsliste

7 Krigspensjonering

Utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25), vert dekka av staten.

Under Kap 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 1999 løyvd respektive 290 mill kroner og 690 mill kroner.

Pensjonane skal etter tilleggslova av 29. juni 1951 nr 34, regulerast som for statspensjonane, dvs i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 1999 vert det rekna med meirutgifter på 7 mill kroner for krigspensjoneringen for militærpersonar og på 16 mill kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjon vert samordna med pensjonar frå folketrygda. Det vert gjort framlegg om at løyvinga under Kap 660 Krigspensjonering aukar med 23 mill kroner.