St.prp. nr. 78 (1998-99)

Om trygdeoppgjeret 1999

Til innhaldsliste

9 Pensjonstrygda for sjømenn

Etter lov av 3. desember 1948 nr 7 om pensjonstrygd for sjømenn yter staten visse tilskott (§33). Staten dekkjer m.a. utgiftene til krigsfartstillegg for fartsmånader mellom 1. september 1939 og 31. desember 1945.

Under Kap 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott, er det for 1999 løyvd 193 mill kroner.

Frå 1. mai 1997 vert krigsfartstillegget fastsett direkte i prosent av folketrygda sitt grunnbeløp, og aukar såleis automatisk i takt med dette. Ved ein auke av krigsfartstillegget i takt med grunnbeløpet i folketrygda, reknar ein med at meirutgiftene i 1999 vil auke med 6 mill kroner og tilskottet vert foreslått auka tilsvarande med 6 mill kroner.