St.prp. nr. 78 (1998-99)

Om trygdeoppgjeret 1999

Til innhaldsliste

6 Skattereglane for pensjonistar i 1999

Dei særlege skattereglane for pensjonistar i 1999 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får han kvar månad eit særfrådrag i inntekta på 1 470 kroner. Særfrådraget auka frå 1998. Har skattytaren etter fylte 67 år teke ut alderspensjon etter § 19-4 i folketrygdlova, har også han rett til slikt særfrådrag (eventuelt avkorta om vedkommande ikkje har teke ut full alderspensjon).

For 1999 vil fullt særfrådrag for heile året utgjera 1 470 kroner x 12 = 17 640 kroner. Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekning av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som mottek førebels uførestønad eller pensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 1999 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 470 kroner pr månad. I 1999 vil fullt særfrådrag for heile året utgjera 1 470 kroner x 12 = 17 640 kroner. Dersom arbeidsevna er nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal vedkommande ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget vert gjeve i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, skal det ikkje reknast ut skatt når skattytaren si allmenne inntekt før særfrådrag er under 71 800 kroner for einslege, og 117 500 kroner for ektepar. Ved utrekning av inntekta skal ein leggja til 3 pst av den skattepliktige formuen over 200 000 kroner.

Dersom inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekna skatt av heile inntekta etter dei reglane som gjeld for ordinære skattytarar. Skatten skal likevel ikkje overstiga 55 pst av den allmenne inntekta over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten vert på denne måten avgrensatil maksimalt 55 pst av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld også for skattytarar som mottek overgangsstønad eller etterlattepensjon, eller som mottek avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen vert brukt ved utrekning av trygdeavgift, felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen vert ikkje brukt ved fastsetjing av toppskatt eller formuesskatt.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. er 3 pst i 1999.