St.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om trygdeoppgjeret 2009

Til innhaldsliste

10 Auke i særtillegget som følgje av trygdeoppgjeret 2009

I trygdedrøftingane i 2008 blei partane samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar slik at han frå 1. mai 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet. Første steg i denne planen var å heve den ordinære satsen for særtillegget frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. Satsen skal deretter trappast vidare opp til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.

I samsvar med dette gjer Regjeringa framlegg om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Særtillegget blir gitt med ein ordinær sats og ein minstesats (74 prosent av grunnbeløpet). Minste­satsen gjeld når pensjonisten har ektemake eller sambuar som har tilleggspensjon større enn det ordinære særtillegget, men ektemakane er likevel sikra samla tilleggspensjon og særtillegg tilsvarande to gonger særtillegget etter ordinær sats. I andre høve blir det gitt særtillegg etter ordinær sats, det vil seie både til einslege minstepensjonistar og til ektepar der begge er minstepensjonistar.

Framlegget om å trappe den ordinære særtilleggssatsen vidare opp vil gi eit ytterlegare løft for minstepensjonistane. Samstundes vil fleire med tilleggspensjon få pensjonen sin supplert med eit avkorta særtillegg. Dei vil då falle innanfor gruppa minstepensjonistar. Sjølv om enkelte kan ha ei kjensle av at dei får liten nytte av den tilleggspensjonen dei har tent opp, er det i denne samanhengen viktig å framheve at desse pensjonistane får ein auke i pensjonen i tillegg til den auken som hevinga av grunnbeløpet gir.

Departementet vil òg gjere merksam på at pensjonistar med supplerande pensjonar som er samordningspliktige med folketrygda, vil få dei supplerande pensjonane samordna på nytt. Minstepensjonistar som har tenestepensjon som er fullt opptent, vil såleis ikkje få ein ekstra auke i samla pensjon ved at særtilleggssatsen blir heva til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Minstepensjonistar som har ein tenestepensjon i tillegg til folketrygda vil difor få ein auke på 4,2 prosent frå 2008 til 2009.