St.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om trygdeoppgjeret 2009

Til innhaldsliste

9 Attføringsstønader

Endringa i grunnbeløpet påverkar indirekte utbetalingar til stønad til hushaldsutgifter. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein levekostnadsfaktor som skal dekkje andre utgifter enn buutgifter.

Levekostnadsfaktoren blir berekna på bakgrunn av veksten i konsumprisindeksen. Per 1. september 2009 blir satsane i levekostnadsfaktoren auka til:

  • 5 830 kroner per månad for trygda, ein auke på 160 kroner.

  • 3 500 kroner per månad for ektefelle, ein auke på 100 kroner.

  • 2 100 kroner per månad for kvart barn, ein auke på 60 kroner

  • 6 510 kroner per månad maksimalt til saman, ein auke på 180 kroner.

Tilskottet kan maksimalt utgjere 6 510 kroner per månad, ein auke på 180 kroner. Stønadsbeløp på under 100 kroner per månad blir ikkje utbetalt.

Stønaden til hushaldsutgifter under yrkesretta attføring er under avvikling, jf. lovendringa om nye berekningsreglar som blei innførte med verknad frå 1. januar 2002. På bakgrunn av dette er det få personar som no mottek stønad til hushalds­utgifter.

Budsjettverknaden på kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad er rekna å vere så låg at det ikkje gir grunnlag for å endre løyvinga for 2009.