St.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om trygdeoppgjeret 2009

Til innhaldsliste

3 Verknader av framlegget til pensjonsregulering

Meirutgiftene ved framlegget om å auke grunnbeløpet med 2625 kroner frå 1. mai 2009 blir på om lag 4 910 mill. kroner, jamført med reglar og satsar før 1. mai 2009. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonistane frå 1. mai 2009. Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg fram eigen proposisjon om dette.

Det finst òg andre ytingar som er knytte til grunnbeløpet, slik som til dømes introduksjons­stønad og kvalifiseringsstønad. Desse stønadene tilsvarer to gonger grunnbeløpet. Kommunane betalar ut introduksjonsstønad og får dekt utgiftene sine indirekte gjennom intergreringstilskottet frå staten. Kvalifiseringsprogrammet blir fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontor. I perioden med innfasinga blir kommunane kompenserte for dei berekna meirkostnadene gjennom eit særskilt tilskott. Overslag over meirkostnadene blir utarbeidd i samråd med KS. Det blir teke sikte på å innlemme kompensasjonen i rammetilskottet til kommunane frå 2011.

Tabell 3.1 viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre fødde etter 1940 frå 1. mai 1992 etter framlegget til pensjonsregulering.

Tabell 3.1 Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1.05.1992 - 30.04.2010. Kroner.

  MinstepensjonUnge uføre fødde etter 1940
  EinslegeEktepar  
  Pr. årPr. md.Pr. årPr. md.Pr. årPr. md.
1.05.92-30.04.9358 5834 88294 7527 89687 0967 258
1.05.93-31.12.9359 8684 98996 8168 06888 9927 416
1.01.94-30.04.9459 8684 989101 08818 424188 9917 416
1.05.94-31.12.9461 1165 093103 2008 60090 8527 571
1.01.95-30.04.95261 5125 126103 9928 66690 8527 571
1.05.95-30.04.9663 3725 281107 1368 92893 6007 800
1.05.96-30.04.9766 2405 520111 9849 33297 8368 153
1.05.97-30.04.98369 3605 780117 4569 788101 4128 451
1.05.98-30.04.99481 3606 780140 04011 670108 2529 021
1.05.99-30.04.0084 2047 017144 91212 076112 0329 336
1.05.00-30.04.0188 0327 336151 51212 626117 1329 761
1.05.01-30.04.0292 1007 675158 52013 210122 54410 212
1.05.02-30.04.0397 1408 095167 20813 934129 25210 771
1.05.03-30.04.04101 9648 497181 200515 100135 66011 305
1.05.04-30.04.05105 4088 784190 248615 854140 24411 687
1.05.05-30.04.06108 8529 071199 512716 626144 82812 069
1.05.06-30.04.07112 7889 399206 71217 226150 06012 505
1.05.07-30.04.08119 8209 985219 60018 300159 42013 285
1.05.08-30.04.098136 29611 358251 49620 958173 532914 461
1.05.09-30.04.1010143 56811 964265 27222 106180 01215 001

1 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.1994. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

2 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

3 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1997. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).

4 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1998. Ordinær sats utgjorde 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunnbeløpet.

5 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1.05.2003.

6 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1.05.2004.

7 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1.05.2005.

8 Ordinær sats for særtillegget auka til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2008.

9 Dei medrekna framtidige pensjonspoenga for unge uføre blei heva frå 3,30 til 3,50 frå 1.05.2008.

10 Ordinær sats for særtillegget vil auke til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2009.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet