St.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om trygdeoppgjeret 2009

Til innhaldsliste

11 Supplerande stønad til personar med kort butid

Ordninga med supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg, blei innført frå 1. januar 2006 for å sikre personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda ei samla inntekt som tilsvarer minstepensjon. Stønaden er behovsprøvd, og det er eit vilkår at mottakaren er busett i Noreg. Det går fram av forarbeida at garantinivået for supplerande stønad skal svare til minstepensjonen i folketrygda, og nivået blei difor auka frå 1. mai 2008 i samsvar med auken i særtillegg, ordinær sats, frå same tid.

Som følgje av auken i særtillegget frå 1. mai 2009, foreslår Regjeringa i Ot.prp. nr. 99 (2008–2009) at satsane for supplerande stønad blir auka tilsvarande. Kostnadene ved framlegget er anslått til 2,4 mill. kroner.