St.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om trygdeoppgjeret 2009

Til innhaldsliste

4 Nærare om utviklinga i grunnbeløpet og løner dei seinare åra

Tabell 4.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønstakarar i perioden 2003–2008. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

Tabell 4.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og inntekta for lønstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring per år 2002 - 2008.

  200320042005200620072008Endring 2002–2008Endring per år
Grunnbeløp5,13,93,33,55,385,529,84,4
Minstepensjon for einslege5,13,93,33,55,3811,337,05,4
Minstepensjon for ektepar/sambuande7,46,14,94,05,3811,946,65,6
Alderspensjon i gjennomsnitt16,65,44,84,86,57,641,46,0
Uførepensjon i gjennomsnitt6,73,33,93,75,46,733,55,0
Lønstakarar i alt4,53,53,34,15,46,030,04,4
Industriarbeidarar i NHO- området3,53,63,43,65,55,728,04,2
Statstilsette4,33,73,44,55,16,731,14,6
Kommunetilsette4,43,83,43,94,86,730,24,5

1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen.

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2009: 7 og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Gjennomsnittleg pensjon har likevel auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Vidare har pensjonane for ektepar og sambuande auka sterkare enn grunnbeløpet i åra 2003–2008. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane auka meir enn grunnbeløpet i same periode av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare av di grunnpensjonen blei trappa opp, samt at særtillegget ordinær sats blei auka frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008.

Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Dei viser mellom anna utviklinga av minstepensjonane frå 1970 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom den nemnde auken frå 1. mai 2008.

Denne utviklinga vil halde fram dei neste to åra som følgje av den vidare opptrappinga av særtillegget som partane blei samde om i trygdeoppgjeret for 2008. Det ordinære særtillegget blir auka frå 94 prosent til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og skal etter planen auke til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.