Statsbudsjettet 2024

Regjeringas samferdselspolitikk bind heile landet saman

– Samferdselsbudsjettet for 2024 er historisk høgt, og vi skal leggje til rette for betre framkome i heile landet. Difor er hovudprioriteringane våre forbetra flyrutetilbod, utbygging av riksvegar, og byvekst- og belønningsavtaler, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Statsbudsjettet 2024 regjeringenno.jpg

Regjeringa foreslår å løyve 91 milliardar kroner til samferdselsformål i 2024. Dette er ein auke på 8 milliardar kroner, eller 9,7 prosent, frå saldert budsjett for 2023.

– Auka framkome og betre tryggleik ligg til grunn for regjeringas samferdselspolitikk, slik at folk og varer kjem raskt og trygt fram. I tillegg må framtidas transportsektor vere klimavennleg, seier samferdselsministeren.

Ta vare på det vi har, og byggje nytt der vi må

Regjeringa foreslår å løyve 43,1 milliardar kroner til vegformål, som er ein auke på 3,3 milliardar kroner frå saldert budsjett for 2023. Dette inneber 36,5 milliardar til Statens vegvesen og 6,5 milliardar til Nye Veier AS.

Godt vedlikehald er avgjerande for å ha eit godt, trygt og fungerande vegnett, slik at vegane kan brukast i mange år. Regjeringa foreslår å løyve 9,7 milliardar kroner til drift og vedlikehald på riksvegar.

– Regjeringa har ein strategi om å ta vare på eksisterande veginfrastruktur. I tillegg til drift og vedlikehald, foreslår vi i år oppstart av tre nye riksvegprosjekt og vidareføring av førebuande arbeid på fellesprosjektet Vossebana/E16 Arna–Stanghelle. Vi skal ta vare på dei riksvegane vi har, utbetre der vi kan og byggje nytt der vi må, seier Nygård.

Til investeringar på riksvegane foreslår regjeringa å løyve 20,7 milliardar kroner, for å leggje til rette for rasjonell framdrift i igangsette prosjekt og oppstart av riksvegprosjekta:

fellesprosjektet Vossebana/E16 Arna–Stanghelle blir dei førebuande arbeida vidareført.

Ferjer: Vidareførar ordningane for reduserte billettprisar

Regjeringa innfridde ferjemåla i Hurdalsplattforma i budsjettet for 2023. I 2023 blei ordningane innført frå 16. august 2023. Ved å sette av 384 millionar kroner sikrar regjeringa at ordningane kan gjelde for heile kalenderåret 2024. Med forslaget blir ordningane med gratis ferjer i ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg og samfunn utan alternative vegsamband vidareført. Regjeringa legg også til rette for halverte billettprisar på riks- og fylkesvegferjene som mottek offentleg støtte, samanlikna med takstnivået 1. januar 2021. Delar av midlane blir løyvde over rammetilskotet til fylkeskommunar.

– Vi oppfyller målsetjinga i regjeringsplattforma om å halvere prisane på riks- og fylkesvegferjer i løpet av fire år, og vil i 2024 halde prisane nominelt uendra. Dette kan bidra til å redusere avstandsulemper og høge transportkostnader i distrikta. Mange har fått trongare økonomi dei siste åra, og vi ønskjer å bidra til å få ned prisauken. Difor prioriterer vi å leggje til rette for å framleis redusere utgiftene til ferjereisande i heile landet, seier samferdselsministeren.

Satsar på attraktive og klimavennlege byar

Regjeringa vidarefører satsinga på attraktive og klimavennlege byar med god framkome. Målet er at auken i persontransporten skal gjennomførast til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk. I 2024 foreslår regjeringa å løyve 7,5 milliardar kroner til byområda.

Regjeringa prioriterer å følgje opp inngåtte byvekstavtalar i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Vidare prioriterer regjeringa midlar til auka statleg bidrag til dei store kollektivprosjekta som er under bygging.

Det blir òg sette av midlar til å følgje opp framforhandla forslag til byvekstavtale for Tromsø, og til nye byvekstavtalar for Kristiansandsregionen og Nedre Glomma. Regjeringa vil invitere dei to sistnemnde byområda til forhandlingar om byvekstavtale. For Buskerudbyen og Grenland blir belønningsavtalane vidareført.

Tilskotsordninga til dei fem mindre byområda som ikkje er omfatta av ordninga med byvekstavtaler, blir vidareført. Ordninga skal leggje til rette for ei klima- og miljøvennleg byutvikling, og god framkome. Ordninga gjeld Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik).

– Regjeringa innfrir punktet i Hurdalsplattforma om å auke det statlege bidraget til 70 prosent i dei store kollektivprosjekta som er under bygging, seier samferdselsminister Nygård.

FOT-ruter

I statsbudsjettet for 2024 vil regjeringa meir enn doble kjøpet av statlege flyruter frå 942 millionar kroner til over 1,9 milliardar.

– Luftfart er avgjerande for å binde landet saman og sikre fleire like moglegheiter. Luftfarten bidrar til at folk kjem seg på sjukehuset, på arbeid og heim til familien. Difor halverer vi maksimaltakstane på FOT-rutene og gjennomfører ein betydeleg styrking av rutetilbodet på flyrutene som er omfatta av ordninga med statlege kjøp, seier Nygård.

Luftfart: Regjeringa satsar på flyplassar i nord

Regjeringa foreslår å løyve om lag 5,2 milliardar til luftfartsformål i 2024. Dette inkluderer dei 1,9 milliardar kronene til FOT-rutene, og eit samla tilskot på 2,9 milliardar kroner til ny lufthamn i Mo i Rana og flytting av Bodø lufthamn.

– Ei ny lufthamn ved Mo i Rana vil bidra til lokal næringsutvikling, og leggje til rette for meir stabile forbindelsar innanlands, samt til og frå Europa. Flyttinga av lufthamna i Bodø vil frigi sentrumsnært areal. Dette vil leggje til rette for ei positiv byutvikling og ei styrking av regional utvikling, noko som vil gi eit stort løft for både Bodø kommune og Nordland, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår òg å løyve 306 millionar kroner til Luftfartstilsynet, og 99 millionar kroner til Statens havarikommisjon. Frå 1. januar 2024 skal Statens havarikommisjon gjennomføre undersøkingar av ulykker og hendingar som kan oppstå innanfor romaktivitetar, samt på tivoli og taubanar.

Full framdrift i pågåande jernbaneprosjekt

I 2024 foreslår regjeringa å løyve 32,3 milliardar kroner til jernbaneformål. Dette er ein tredel av samferdselsbudsjettet, som sikrar full framdrift i alle pågåande utbyggingsprosjekt, gir betre rutetilbod og inneheld blant anna midlar til vedlikehald etter ekstremvêret Hans.

Det er sett av pengar til å vidareføre dei pågåande utbyggingsprosjekta som skal gi raskare reiser og fleire avgangar på Intercity-strekningane på Austlandet. Dette omfattar blant anna Sandbukta–Moss–Såstad på Østfoldbanen, Drammen–Kobbervikdalen og Nykirke–Barkåker på Vestfoldbanen og Kleverud–Sørli–Åkersvika på Dovrebanen.

Elektrifiseringa av Meråkerbanen og Trønderbanen fram til Stjørdal skal bidra til raskare og meir klimavenleg togframføring i Trøndelag. Til neste år skal dobbeltsporet på strekninga Bergen stasjon–Fløen på Vossebana opne for trafikk. Dobbeltsporet gjer det mogleg å auke person- og godstogtrafikken til og frå Bergen. 

Regjeringa foreslår å løyve 5,4 milliardar kroner til kjøp av persontransporttenester med tog. Blant tiltaka som skal gi eit betre togtilbod, er innføring av timesfrekvens for regiontoga på Gjøvikbanen og kvartersavgangar for lokaltoga mellom Arna og Bergen på Vossebana.

For å kompensere godstogselskap som er råka av brukollapsen på Dovrebanen etter ekstremvêret Hans, foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i 2024 til ei mellombels tilskotsordning. Denne ordninga skal gjelde fram til Dovrebanen blir opna for gjennomgåande trafikk.

Regjeringa legg opp til eit ansvarleg og realistisk budsjett, og prioriterer framleis full framdrift i pågåande utbyggingsprosjekt. Dette er prosjekt som vil gi meir påliteleg og føreseieleg jernbanekvardag for både passasjerar og næringsliv, seier samferdselsministeren.

Reduserte bompengetakstar

Bompengar er ein viktig del av finansieringa av offentlege vegprosjekt og bompengefinansierte bypakkar. Innkrevjinga har gjort det mogleg å realisere fleire vegprosjekt som har gitt auka framkome, betre vegstandard og redusert ulykkesrisiko.

I 2024 foreslår regjeringa å løyve 740 millionar kroner til tilskot for reduserte bompengetakstar i prosjekt utanfor byområda.

– Det betyr at det vil vere mange vegprosjekt med lågare bompengetakstar enn dei elles ville ha vore, også i 2024, seier samferdselsministeren.

Auka satsing på teknologiutvikling

Digitalisering og bruk av ny teknologi bidrar til høg mobilitet, god samfunnstryggleik og beredskap. I statsbudsjettet for 2024, foreslår regjeringa å setje av 150 millionar kroner til teknologiutvikling.

Av dei 150 millionar kronene, er det foreslått 100 millionar kroner til teknologiutvikling i Statens vegvesen og 50 millionar kroner til vidareutvikling av sals- og billetteringsplattforma til Entur AS. Det skal bidra til betre digitale tenester langs vegnettet og for dei kollektivreisande.