Forsida

Skjerpa reglar for innleige

Regjeringa skjerpar høvet til innleige frå bemanningsbedrifter. Faste og direkte stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv.

Stortinget har no vedteke framlegget frå regjeringa om nye reglar for innleige frå bemanningsbedrifter som blei lagt fram i juni i år.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet innfører også ei forskrift om eit geografisk avgrensa forbod mot innleige frå bemanningsbedrifter for byggenæringa.

– Med desse endringane blir det seriøse, ordna arbeidslivet sterkare, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) på taket i AID
Foto: Astrid Waller

Målet til regjeringa er å få ned omfanget av innleigd arbeidskraft, og samtidig gi dei som er innleigde fleire rettar.

– Når hovudregelen i norsk arbeidsliv er heile, faste og direkte stillingar vil det gje eit meir produktivt og konkurransedyktig samfunn. Med faste stillingar vil verksemdene også investere meir i kompetansen til den tilsette, og det vil også kunne gjere det lettare å rekruttere fleire ungdommar til enkelte bransjer, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Dei nye reglane vil tre i kraft frå 1. april 2023, med overgangsreglar på nokre område.

Meir om dei nye reglane

Dei nye reglane fører til endringar i mellom anna arbeidsmiljølova, statstilsettelova og forskrift om innleige frå bemanningsføretak.

Dette blir nytt frå 1. april 2023:

  • Høvet til innleige «når arbeidet er av midlertidig karakter» blir oppheva. På enkelte område vil det gjelde nokre særreglar, sjå nedste punkt.
  • Det vil ikkje lenger vere høve til å leige inn frå bemanningsforetak til byggeplassar i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold. Forbodet mot innleige vil gjelde alle fag på byggeplassar, så lenge dei er omfatta av dei aktivitetane som inneber «bygningsarbeid» i forskrifta.
  • Retten den innleige arbeidstakaren har til fast tilsetting i innleigeverksemda vil styrkast, ved at innleige etter avtale med tillitsvalde også skal gje rett til fast tilsetting etter ei viss tid. Retten inntrer etter tre år.
  • Ei ny føresegn i arbeidsmiljølova presiserer og tydeleggjer den rettslege grensa mellom innleige og entreprise.  

To unntak til den generelle innstramminga:

  • Det eine unntaket gjeld innleige av helsepersonell for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester. Slik innleige vil vere lov når arbeidet er av midlertidig karakter. Arbeidsgjevar skal drøfte behovet for innleige med dei tillitsvalde.
  • Det vil også gjelde eit unntak for innleige av arbeidstakar med spesialkompetanse som utfører rådgjevings- og konsulentteneste. Slik innleige må gjelde eit klart avgrensa prosjekt i verksemda som leiger inn.

Endringane trer i kraft 1. april og med overgangsreglar på tre månader på nokre felt. For innleige til avløysing i jordbruket er endringa i arbeidsmiljølova § 14-12 første ledd utsett inntil vidare. Sjå vedtak frå statsråd 20. desember 2022 og overgangsregler til lov om endringer i arbeidsmiljøloven m.m. (inn- og utleie fra bemanningsforetak).