Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 3/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ei sak om gode resultat innan bygdemobilisering i fylket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ei sak om gode resultat innan bygdemobilisering i fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Bygdemobilisering gir resultat

Sidan 2005 har Møre og Romsdal fylke satsa målmedvite på bygdemobilisering. No byrjar arbeidet å gje konkrete resultat rundt i fylket.

Som ein del av hoppid.no, programmet som skal gje fleire og betre etablerarar i Møre og Romsdal, er det no 15 aktive bygdemobiliseringsprosjekt rundt i fylket. Målet er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivast og ungdom finn ei attraktiv framtid. Arbeidet skal også skape interesse for entreprenørskap og nyetableringar på bygdene.

Konkret gjev vi inntil 300 000,- i tilskot til tre nye prosjekt i året. Målgruppa er frivillege organisasjonar, som til dømes grendalag eller bondelag. Desse får pengar for å jobbe med næringsutvikling, trivselstiltak, busetjing og infrastruktur. Kort sagt, gjere bygda til ein betre plass å bu og jobbe.

Vi byrjar no å sjå konkrete resultat av dette arbeidet. Til dømes i Hjørundfjorden i Ørsta kommune, der nettsida www.hjorundfjord.no, på kort tid har vorte eit samlingspunkt for innbyggjarane, og eit knytepunkt for utflyttarar. Ein felles portal gjev samhald og kontakt i bygda. Hjørundfjorden har også jobba mykje med reiseliv. Det siste prosjektet er "Hjørundfjordråsa", ein sti som skal gå langs fjøra rundt heile Hjørundfjorden. Prosjektet Innovativ Fjordturisme er med på laget.

På Gjøra i Sunndal kommune la Coop ned butikken i sommar. Det gav gneist til ei mobilisering som til no har enda med 1,2 millionar i aksjekapital, og ferdige teikningar til nytt næringsbygg. Bygget er teikna på dugnad av Kosberg arkitektkontor, kjend for mange signalbygg i Molde. Meininga er å huse ny butikk, bibliotek, frisør, kafè, amfisal og nasjonalparksenter. No vert det jobba på spreng med sluttfinansieringa. For øvrig har nye drivarar starta opp att den gamle butikken, og vil drive der fram til nybygget er ferdig. Nettsida www.sunndalsporten.no er under etablering.

Hellesylt (www.hellesylt.no) i Stranda kommune er kjend som ei dugnadsbygd. Bygdemobiliseringsprosjektet, saman med den nystarta organisasjonen Hellesylt Vekst, har til no jobba mykje med å vise fram muligheiter for ny næringsverksemd i bygda. I vinter vart det gjennomført ein møteserie der nye næringar med basis i landbruket var tema. Dei seks møta om reiseliv, Inn på Tunet, småskala mat og så vidare samla opp til nærare 100 deltakarar per møte. Imponerande i ei bygd med 680 innbyggjarar! Ungdommen på Hellesylt tek aktivt del i bygdemobiliseringa. Ungdomskvelden gav eit klart svar om at ungdom ønskte ein møteplass for uorganiserte aktivitetar. Det ga støtet til arbeid med ein ungdomsklubb, som er under etablering.

I Eikesdal i Nesset kommune (www.eikesdal.no) bur det 85 eldsjeler. Dei siste par åra har bygda skaffa seg digital-TV og breiband på dugnad, dei har etablert Eikesdalsdagane, med fylkets største sykkelritt Aursjørittet og dei har marknadsført bygda som eit mekka for jakt, fiske og friluftsliv. Til tider ekstreme former for friluftsliv må seiast. Basehopparar frå heile verda valfartar til Eikesdalen. Sidan dei er få, har eldsjelene vore flinke til å skaffe seg alliansepartnarar, både innan reiseliv, forvaltning og næringsliv. Det er viktig for å kunne lukkast.

Born på Hellesylt. Foto: Inge Hole, Hellesylt Vekst
Born på Hellesylt. Foto: Inge Hole, Hellesylt Vekst 

Satsinga på lokal mat held fram

Frå 2005 til 2008 stod Møre og Romsdal Bondelag ansvarleg for prosjektet "Matmangfold i Møre og Romsdal". Solveig Brøste Sletta var prosjektleiar, og målet var å auke verdiskapinga, og sikre god kvalitet på lokal gardsmatproduksjon i fylket. Det har i prosjektperioden vore gjennomført mange tiltak, som kurs, studieturar, produsentvegleiing, nettverkstiltak, søknadshjelp, informasjonsarbeid, marknadsføringsarbeid og samarbeid med etablerte bedrifter og organisasjonar.

Produksjonen av lokal mat har utvikla seg godt i prosjektperioden. Vi har fått fleire produsentar, og eksisterande produsentar har både styrka kvalitet og auka produksjonen. Salet av lokal mat har auka, og produkta har fått innpass på stadig fleire butikkar og serveringsstader. Samarbeidet mellom dei ulike aktørane i bransjen er også betre, prosjektet har bidrege til å bygge nye nettverk. Portalen www.matnorge.no er etablert som ein viktig salskanal for produsentane.

I Møre og Romsdal held satsinga på lokal mat fram i eit nytt prosjekt. No har Landbruksrådgjeving Nordvest teke ansvaret som prosjekteigar, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylke finansierer, og Stein Brubæk er tilsett som prosjektleiar. Fokus i dei neste tre åra vil vere å styrke eksisterande bedrifter. Vi ser at lokal matproduksjon er krevjande. Bedriftene bør ha ein viss storleik for å skape nok omsetning og halde god kvalitet. Produsentane må også heile tida vidareutvikle sin kunnskap. I tillegg blir det viktig å opne fleire marknadskanalar, gjerne gjennom felles marknadsføring og distribusjon.

Samarbeid med Sogn og Fjordane om bioenergiprosjekt

Møre og Romsdal fylke og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har til saman fått 2 millionar kronar frå Landbruks- og matdepartementet til gjennomføring av eit bioenergiprosjekt. Midlane skal nyttast til å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar.

I samarbeid med Skog og Landskap og aktørane i bransjen vil vi å sjå nærare på ulike verdikjedar knytt til uttak av GROT frå taubanedrifter og til uttak av heiltre frå attgrodd kulturlandskap og frå vegnære areal. Arbeidet vil omfatte heile verdikjeda, frå uttak av råstoffet, og logistikk fram til brenselanlegg. Målet med prosjektet er å gi kunnskap om heile verdikjeda, potensial for næringsutvikling, kostnader, hensiktsmessige driftsmetodar og utstyr for oppretting av effektive og lønsame verdikjeder. Resultata kan nyttast som erfaringsgrunnlag for vurdering av virkemiddelbruk og utforming knytt til ulike sider ved hausting og behandling av råstoff til brenselproduksjon.

Erfaringane frå prosjekta "Frå kratt til kroner" i Møre og Romsdal og "Opne landskap" i Sogn og Fjordane vil bli nytta under prosjektet. Utprøving av ulike verdikjeder vil bli sett i gong i 2009.

Uttak av virke til flis. Foto: Kåre Kristen Totlund, Møre og Romsdal fylke
Uttak av virke til flis, Istad i Molde kommune.
Foto: Kåre Kristen Totlund, Møre og Romsdal fylke

 

Bøndene vil satse - men er avhengige av investeringsstøtte

Møre og Romsdal har ei sterk og offensiv landbruksnæring. Her i fylket er det mjølkeproduksjonen som er fundamentet -  storfeproduksjonane står for rundt 75 prosent av verdiskapinga. Grunnstamma er bruka som vart bygt opp på sytti- og tidleg åttital. Desse driftsbygningane har nådd levetida sid, og investeringsbehovet blir meir og meir påtrengande. For mange bruk blir det eit vere eller ikkje vere i løpet av dei første åra. Høgkonjunktur, og gode lønningar i industrien, har til no gjort valet vanskeleg for mange som helst vil satse på jordbruket. 

Mjølkebøndene her i fylket er offensive, og mange ønskjer å satse framover. Etterspørselen etter investeringsstøtte frå Innovasjon Noreg har knapt vore større, og årets ramme var i praksis brukt opp allereie i månadsskiftet april/mai. Når vi no snart startar på eit nytt år, vil det ligge inne saker som vil legge beslag på det aller meste av rammene for 2009. Dei fleste prosjekta har altfor små fortenestemarginar til at bøndene tør å satse utan offentleg medfinansiering. Rammene for tilskot og rentestøtte blir difor  heilt avgjerande for omstillinga vi står overfor. 

Trendar i landbruket - Utfordringane står i kø

Paradoksalt nok er gode tider og gode jobbmuligheiter i næringslivet elles den største trusselen mot landbruket hos oss. Landbruket er ei langsiktig næring, men er samtidig veldig sårbar for konjunkturar og alternative jobbmuligheiter, særleg i tida rundt generasjonsskifte.

Gjennom spørjegranskinga "Trendar i Norsk Landbruk" (Bygdeforskning 2008), har vi fått ny innsikt i viktige spørsmål. Dei fleste bøndene vil helst ha garden som hovudyrke (79 prosent), men samtidig er det berre 40 prosent som spår at garden er i drift om 20 år. Slår desse spådomane til, vil det få dramatiske følgjer for matproduksjon, kulturlandskap og  busettingsmønster. Landbruksavdelinga har tatt opp diskusjonen, og vil samarbeide med faglaga for å få opp ein kreativ prosess rundt desse livsviktige spørsmåla for bygdene. Så langt har vi fleire spørsmål enn svar, men det kan vere god grunn til å rette søkelys på korleis landbrukseigedomane blir omsett. Det er ikkje innlysande at den tradisjonelle modellen, med overføring innanfor nær slekt, bør vere så dominerande i framtida.


Kveldsbeiting på Renndølsetra, Sunndal kommune.
Foto: Eivind Ryste, Møre og Romsdal fylke.

Til toppen