Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2014

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om andelslandbruket som er i startgropa.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Andelslandbruk i startgropa

Grønsaker
(Foto: Arnold Hoddevik)

- Lokal økologisk mat i fellesskap. Andelslandbruk er i startgropa over heile landet, slik også i Møre og Romsdal. Det har vore informasjonsmøte i Sykkylven og Ålesund, og ein konferanse har blitt gjennomført. Konklusjonen er at det blir stifta og starta opp eit andelslag allereie i vår.

Andelslandbruk (CSA – Community Supported Agriculture) er ei form for direkte omsetning og dialog mellom gardar og forbrukarar. Kjerna i ordninga er at forbrukaren kjøper andeler av garden sin produksjon, til dømes for eitt år om gongen, og deler risikoen for årsvariasjonar i avlingane.

Som andelshavar i årsproduksjonen kan forbrukarane delta i planlegging av gardsdrifta. Ein av fordelane for forbrukarane er høvet til å få produkt frå landbruket som elles kan vere vanskeleg å få tak i. I tillegg blir andelshavaren kjent med garden som produserer maten, og veit kva dei får.

Det å bygge alliansar mellom produsentane og forbrukarane er viktig. På denne måten kan forbrukarane få nærleik til produksjonen, og bøndene kan få meir kontakt med forbrukarmarknaden.

Stor interesse i Møre og Romsdal
Det er no elleve eksisterande andelslandbruk i Norge, men ingen har så langt starta opp her i fylket. Men i mars i år arrangerte Økologisk Norge (Oikos), Fylkesmannen og Landbruk Nordvest seminar om andelslandbruk, og om lag 50 deltakarar melde seg på til ein lærerik dag på det erverdige Chateauet i Molde.

Lokal økologisk mat i fellesskap kan snart bli ein realitet i Velledalen i Sykkylven. Velledalen Andelslandbruk har alt hatt informasjonsmøter, for å sondere interessa  for å etablere eit andelslag. På møta har det kome mange spørsmål, spanande tankar og god diskusjonar. Konklusjonen etter møta er at dei startar opp i år!

Petter Velle og Nils Drabløs er initiativtakarar til det som kan bli Velledalen andelslandbruk. Dei har eit sterkt økologisk landbruksmiljø i Velledalen, og ei slik satsing vil vere positivt for utviklinga  og omdøme i bygda. Så langt er interessa over all forventning. Det vil bli sett opp budsjett, og dei som er med i andelslandbruket, skal fordele avlinga. Dei tenkjer å starte litt forsiktig, ved å dyrke berre grønsaker i første omgang. På sikt kan dei også tenkje seg at andelseigarane kan ha sau og gris i eit slik andelslag.

Velledalen Andelslandbruk har ei godt fungerande arbeidsgruppe, og dei har fått god hjelp av jordbrukssjef Mandy Häger i kommunen, noko som har vore veldig viktig i startfasen.

For godt til å vere sant?
På Vigra har det også gått ut invitasjonar om å teikne seg som andelshavarar. Den vakre MarkePe-garden, som huser dette andelslandbruket, ligg ved Blimsanden på Vigra. Jorda er spesielt eigna for produksjon av gulrøter, tulipaner og poteter. Lauritz Godøy, som tittelerer seg som «papir-bonde», er ein av initiativtakarane, og han kan bekrefte at andelslandbruk kan vere både godt og sant!

I invitasjonsbrevet står det at det einaste du er forplikta til, er å betale andelelen på kr. 2000,- og å møte opp på Hausttakkefesten, og hauste det du treng og ta det med heim. Det er vanleg at andelshavarane er med på dugnad, men det legg dei ikkje opp til her.

Elles formidlar Godøy at andelslandbruk vere løysinga for dei som er opptekne av rein mat og anstendige produksjonsmetodar. Du kan bli medlem, og på den måten vere med på å produsere grønsakene sjølv på ein bærekraftig måte. 

Fylkesmannen vil hauste erfaringar
Oikos har teke initiativet til å satse på andelslandbruk her i fylket, og Fylkesmannen har lagt til rette og løyvd pengar til informasjonsprosessen. Rådgjevar Kirsti Pernille Indreeide på landbruksavdelinga hos Fylkesmannen trur det kjem fleire andelslag framover. Vi kjem til å fylgje godt med, for hauste erfaringar med den nye driftsforma. Dette høver godt saman med den satsinga vi har på økologisk mat  og lokale matspesialitetar i Møre og Romsdal.

Kontaktperson Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Kirsti Pernille Indreeide, fmmrkiin@fylkesmannen.no, 71 25 81 43.

Nyttige lenker:

 

Fortsatt gardsdrift etter eigarskifte

Åkerlandskap
(Foto: Arnold Hoddevik)

Norske bønder sin gjennomsnittsalder er stigande, og det trengs rekruttering til yrket. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og bondeorganisasjonane samarbeider om eit prosjekt over 3 år, der målet er at det skal vere drift på garden, også etter eigarskifte.

Møre og Romsdal Bondelag har tilsett Per Eldar Nakken til å leie prosjektet. Han fortel at vi skal arbeide sammen med bønder (på hans/hennar) premissar, som nærmar seg slutten på si yrkesaktive karriere, med mål om å få videreført drifta på flest muleg gardsbruk. Målet er å berge livskraftige landbruksbedrifter i Møre og Romsdal.

Det er ikke alltid at neste generasjon ser for seg å drive vidare. Prosjektet skal vere ein diskusjonspartnar, og komme med innspel i retning av å påvirke til at det blir valt ei løysing som inneber vidare drift. Det er viktig at noverande eigar opprettheld standarden på driftsapparatet, også dei 5-10 siste åra som aktiv gardbrukar. Det er viktig for vidare drift, å unngå at det blir valt ein avviklingsstrategi.

Gjennomsnittsalderen på bøndene i fylket er i dag 51 år, og den stig med om lag 1 år for kvart femte kalendarår. Dette viser tal frå Fylkesmannen.

Viktige samfunnsinteresser spelar inn. Det er viktig å unngå et betydelig fall i matproduksjonen, og det er svært kostbart å bygge opp att tilsvarende kapasitet. Det er nok å berge drifta på eitt middels stort bruk, for å forsvare kostnaden med prosjektet.

Målgruppa for prosjektet er bønder som nærmar seg slutten av bondekarriera, og det ikkje er avklart med generasjonsskifte og bønder som er ute i god tid med å avklare veien fram mot generasjonsskiftet. I tillegg kan det vere aktuelt å formidle kontakt mellom eventuelle seljarar og kjøparar av gardsbruk.

Prosjektleder: Per Eldar Nakken, tlf: 92 09 34 02, E-post: per.eldar.nakken@bondelaget.no.
  

Positive ringverknader av nye tiltak i Regionalt Miljøprogram

Tilførselsslangar er effektivt, fører til mindre transport, og gjødsla blir i liten grad eksponert for luft. Det blir derfor lite lukt samanlikna med anna spreieutstyr.
Tilførselsslangar er effektivt, fører til mindre transport, og gjødsla blir i liten grad eksponert for luft. Det blir derfor mindre utslepp til luft og lite lukt samanlikna med anna spreieutstyr.  (Foto: Arnold Hoddevik)

Bøndene i Møre og Romsdal legg om praksisen for spreiing av husdyrgjødsel etter innføring av nye tiltak i Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal. Under revideringa av miljøprogrammet vart store deler av midla kanalisert over frå miljøtema "kulturlandskap" og "biologisk mangfald" til tiltak innan miljøtema "utslepp til luft".

Endringa har vekt stor interesse, og mange har applaudert innføringa av desse tiltaka i miljøprogrammet. Enkelte har karakterisert dei som dei viktigaste miljøtiltaka på lang tid.

Dei to mest sentrale nye tiltaka er tilskot til tidleg spreiing av husdyrgjødsel og spreiing ved hjelp av tilførselsslangar. Formålet er å redusere utslepp til luft. Gjødsla blir betre utnytta, og vil gje sparte kostnader for bonden.

Vilkåra er at husdyrgjødsla skal spreiast tidleg i vekstsesongen, når plantane kan utnytte den best. All spreiing frå føretaket må vere avslutta seinast 10. august, og det må haustast ei avling etter den siste spreiinga. Dersom føretaket tilfredsstiller vilkåra i dette tiltaket, kan det også gjevast tilskot til spreiing ved hjelp av tilførselsslangar. Det er føretaket som produserer gjødsla som kan søkje om tilskot, og som er ansvarleg for at vilkåra er oppfylte. Tilskotet blir utmålt per dekar.

Under planlegginga av det nye miljøprogrammet, som varer frå 2013 til 2016, var det ei utfordring å ikkje ha noko kunnskap om kva omfanget ville bli. Vi var kjende med at mange bønder hadde knapt med lagerkapasitet. Tidlegare søkte ein del bønder om å få spreie gjødsel seint om hausten, for å ha nok lagerplass til våren. Vi tenkte derfor at det kunne bli søkt om tilskot til 60-70000 dekar i 2013. Gledeleg nok vart det søkt om tilskot til 110 000 dekar tidleg spreiing, og 10 000 dekar med bruk av tilførselsslangar.

Kommunane fortel at det hausten 2013 var svært få søknader om å spreie gjødsel seint på hausten. Det var svært gledeleg at mange har gjort ein ekstra innsats for å skaffe seg ekstra lagerkapasitet, og har lagt om praksisen i ei meir miljøvennleg retning. Satsane måtte dessverre reduserast mykje i høve til førebelse satsar, og signala tyder på at vi må redusere dei endå meir kommande år. 

Kontaktpersonar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Arnold Hoddevik, 71 25 81 54/911 79 866, Arnold.hoddevik@fylkesmannen.no
Ottar Longva, 71 25 81 25/908 62 316, ottar.longva@fylkesmannen.no

Tilskot til Tømmerkai

Kaianlegg Malo Sagbruk
Kaianlegg Malo Sagbruk (Foto: Malo sagbruk)

Malo Eiendom AS og Malo Sagbruk AS i Molde kommune har fått tilskot på inntil 4,720 millioner kroner til kaianlegg. Totale investeringar er 5,9 millioner kroner. Det blir planlagt utbetring av eksisterande kaifront og opprusting av baklager for tømmer. (Kilde Slf) 

Auka aktivitet med skogsvegbygging
Heile 17,7 km nye og ombygde skogsbilvegar vart ferdigstilt i Møre og Romsdal i 2013. Det er største aktivitet sidan 1994 (nyttårsorkanen i 91/92). 

Stor interesse for bygging av skogsvegar i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått inn søknader om tilskot på til saman 39 km skogsveger innan fristen for første tildeling 15. mars. Mesteparten av dette er bilvegar, og byggekostnaden er berekna til 17 millioner kroner. Tilskotsbehovet for å realisere vegane er 7,2 millioner. Dette er langt meir enn ramma Fylkesmannen har fått i år. Det er difor søkt SLF om ekstraløyving. 

 Veianlegg i Rauma
Veianlegg i Rauma.
 Veianlegg i Surnadal.
Veianlegg i Surnadal. (Begge foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.)

Nye veglister
Etter oppmoding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og frå skognæringa har 14 av 36 kommunar gjort endringar i veglistene, som verkar positivt på lønsemda i skognæringa. Dette er ein god start, men det er framleis mange viktige vegar som ikkje kan brukast til lønnsam tømmertransport. Ved å gjere enkle justeringar i veglista, kan kommunane bidra til å auke den lokal verdiskapinga. 

Veglista for fylkes- og kommunale vegar i Møre og Romsdal fylke inneheld opplysningar om vegane sin tillatne bruksklasse, veggruppe for spesialtransport, tillaten vogntoglengde og maksimal totalvekt. Tømmervogntog er behandla særskilt, og desse kan vere inntil 24 meter lange og ha totalvekt på opp til 60 tonn. Slike bilar har fleire akslingar enn vanlege vogntog. Dei aktuelle vegstyremaktene må godkjenne kvar enkelt vegstrekning for slik transport.

Dersom vegane i eit område er godkjend for bruksklasse BK10, kan ei gitt tømmermengde køyrast ut med 8 tømmervogntog.
  Veilister

 
Dersom vegane er i bruksklassene BK6-BK8, inneber det at den same tømmermengda kan køyrast ut med 36 halvfulle tømmervogntog.

Veilister 36 Vogntog

Bruksklasse for vegane er såleis viktig for økonomien i skognæringa, men betyr også mykje for belastninga i lokalsamfunnet. For låg klassifisering av kommunale og fylkeskommunale vegar fører også til meir trafikk og større miljøutslepp.

Kart veiklasser.
Klikk på kartet for stort format. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Kartet over fylket viser med raud farge strekningar i Møre og Romsdal med vegar i bruksklasse BK 6-10 før dei nye veglistene kom.

Kontaktpersonar Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Ivar Egil Gjøra,
fmmrivgj@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 82 09.
Odd Løset,
fmmrodlo@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 82 12.

  

Stor interesse for å drenere jordbruksjord

Dreneringsgrøfter Abelvik i Skodje
Dreneringsgrøfter Abelvik i Skodje (Foto: Arnold Hoddevik)

Det er stor interesse for å ta vare på jorda rundt om i fylket, ved å grøfte om att jordbruksjord. Den snøfattige og ganske tørre vinteren har gitt gode arbeidsforhold for grøftegraving, og mange har utnytta dette.

Bønder i Møre og Romsdal har fått løyvt over 3,5 millioner kroner i tilskotsmidlar til drenering av tidlegare grøfta jord. Dette utløyser samla investeringar på over 20 millioner kroner til desse arbeida og det vil føre til fornya drenering på ca 3500 dekar.

Sjølv om tilskotet berre  er kroner 1000 pr daa, har det utløyst stor aktivitet. I 2013 var det innvilga 177 søknader, både  på eiga jord og leigejord. Bøndene i Fræna kommune søkte om mest midlar. Den som reiser rundt i fylket no, kan rett som det er sjå at det skjer grøftearbeid.

Ordninga gjeld  systematisk grøfting, slik som bildet viser, men også profilering, omgraving med skråstilte lag og opne grøfter. Kommunane får tildelt ei tilskotsramme frå Fylkesmannen, og det er kommunane som løyver tilskota innafor den tildelte ramma. 

Dei seinaste 10-åra har det blitt gjennomført færre dreneringstiltak enn  trongen har vore. Dette har tært på jordkapitalen, og ført til eit oppsamla dreneringsbehov.  

Frå 2013 vart det innført eit tilskot til drenering av dyrka jord. Føremålet med tilskotsordninga er å betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, for å auke jordbruksproduksjonen.  Det er også eit mål å redusere risikoen  for erosjon og avrenning til vatn og vassdrag. 

Med desse tiltaka bidreg bøndene til å nå dei nasjonale måla  innan auka matproduksjon, reduserte klimagassutslepp frå landbruket og reduserte næringsutslepp til vatn og vassdrag.

Kontaktperson Fylkesmanne i Møre og Romsdal: Byrge Fitje, fmmrbyfi@fylkesmannen.no, Tlf. 71 25 81 44.
 

Tilbydarnettverk Inn på tunet skipa

Stordal Skipingsmøte: Deltakarane på skipingsmøtet - Tilbydarnettverk Inn PåTunet
Stordal Skipingsmøte: Deltakarane på skipingsmøtet - Tilbydarnettverk Inn PåTunet (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

29. mars 2014 vart det skipa eit nettverk for tilbydarar av Inn på tunet-tenester i fylket vårt. På skipingsmøtet på Blåtind i Stordal var det i alt 25 deltakarar. les meir om saka i vedlagde pressemelding.

Omlag 25 personar var samla frå heile Møre og Romsdal var samla på "Blåtind" i Stordal kommune, for å skape og stifte eit tilbydarnettverk for Inn på tunet bøndene. Stiftingsmøtet var 29.03.2014. 

Føremålet med organisasjonen er å vere eit nettverk som skal ivareta interessene til tilbydarane innan merkevaren "Inn på tunet Møre og Romsdal". Føremål til organisasjonens er å bidra til eit kvalitetssikra og innhaldsrikt Inn på tunet-tilbod i Møre og Romsdal. Vidare skal organisasjonen vere ein møtearena for tilbydarane, der faglege, sosiale og organisatoriske spørsmål med felles interesse blir tatt opp. 

"Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstjenester på gårdsbruk. Tjenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der." 

Styret i Inn på tunet Møre og Romsdal er samansett slik:

  • Solveig Haglund, Surnadal – leiar
  • Aina Tangen, Midsund
  • Dag Lianes, Ørskog
  • Rita Flatvad, Sunndal
     
  • Sjå meir om Inn på tunet på: www.matmerk.no

Kontaktperson hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Rådgivar Aud Lindset Drågen, 71 25 81 31, 908 65 459, aud.lindset.draagen@fylkesmannen.no

Kontaktperson Inn på tunet Møre og Romsdal: Solveig Haglund, Surnadal, 997 22 268.
 

Vern og verdiskaping i fritids- og kreativfylket

Naturen i fylket vårt er mangfoldig, og strekkjer seg frå havet og inn på øyane, fastlandet, fjordane og via dalføra og setrane opp i høgfjellet. Alle deler gir store mulegheiter for ulike opplevingar, og naturen gjev mulegheiter til verdiskaping og næringsutvikling. Også innafor kreative næringar er det eit stort vekstpotensiale i fylket.

Første bolken av landbrukskonferansen torsdag 06.03.2014 handla om ulike tema knytt til vern, verdiskaping, næringsutvikling i verneområde, kva vi kan få til i aktivitets- og opplevingsfylket, satsinga på kreativfylket og erfaringar frå gründerar. Landbrukskonferansen var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge og bondeorganisasjonane.

Vi har verneområde i alle kommunar i fylket, små og store, flest langs kysten. Det finst nokre hindringar og reglar for bruk av verneområde, men der er også store mulegheiter for utvikling og utnytting av verneområda. Ved verneområda er det sett opp informasjonstavler, som viser kva du kan oppleve eller sjå.

Espen Lie Dahl på Landbrukskonferansen 2014
Espen Lie Dahl. (Foto: Arnold Hoddevik)

Smøla naturopplevingar er eit eksempel på korleis verneområde kan utnyttast til verdiskaping. Dei tek med folk ut i naturen for å gje dei opplevingar som dei kanskje ikkje får, dersom dei dreg ut på eiga hand. Smøla har 2/3 av kystlinja i fylket, mange øyar og holmar.

Kundane er folk flest, men dei har lagt spesialt til rette for naturfotografar. Dei har forskjellige skjul, og arbeider med nye konsept, m.a. ein innebygd flåte med utsikt til fugleliv, både under, på og over vatnet.

Forsiktig ferd er ein sjølvsagt regel og ein føresetnad for aktivitet i verneområda. Overbelastning av naturområda fører til øydelegging av naturen, uroar og øydelegg for dyrelivet, og øydelegg også grunnlaget for verdiskapinga. På Smøla kan du oppleve havørn, oter, sel, nise, osv. Turane går dit det er noko å oppleve.

Møre og Romsdal fylkeskommune har også ei satsing på kreative næringar. Det er eit stort potensiale for vekst og arbeidsplassar innafor dei kreative næringane, sa leiar for Sunnmøre Kulturnæringshage, Martin Folldal. Folldal har svært god erfaring med slike møteplassar frå møteserien Kreative Søre Sunnmøre. No ser han fram til å møte næringa i resten av fylket.

Eit eksempel på ganske nystarta bedrift er Grande produksjon AS i Volda. Selskapet tilbyr tenester innan animasjon, illustrasjon og design gjennom produksjon av film, bøker og andre produkt som naturleg høyrer saman med dette.

Martine Grande på Landbrukskonferansen 2014
Martine Grande. (Foto: Arnold Hoddevik)

Martine Grande fortalde om sine erfaringar som etablerar. Det er viktig å bruke virkemiddelapparatet. Du får tilgang til folk, nettverk, ressursar og ekspertise du elles ikkje hadde hatt tilgang til. Ved å starte eiga bedrift, kan du skape eigen arbeidsplass ute i distriktet, i staden for å flytte til byen. Det var eit stort sprang å ta ein kjær hobby over i til levebrød. Eiga bedrift er krevjande, og endå meir krevjande med tilsette i bedrifta. Det er ansvar for tilsette, løna deira, økonomi, ordrar, levering, kvalitet, utvikling, osv. Tanken er ofte meir skremmande enn realitetane, så oppmodinga var klar: Gjer det!

Martine spurde seg sjølv det mange kanskje ville spurt. Ville du gjort det på nytt? Svaret var enkelt og klart – Ja. Ho spurde også seg sjølv om ho ville gjort noko annleis. Det var nesten like enkelt – Nei, ikkje i hovudtrekka. Det vert sjølvsagt gjort justeringar av kursen undervegs, for å tilpasse seg til mulegheiter som oppstår og til realitetar. I hovudsak ville ho likevel gjort det same.

Martine arbeider for tida med fleire spennande prosjekt.

Eit av dei er kortfilmen "The Lonely Catwalk", ein animert collagefilm, som kommenterer og stiller spørsmål rundt store tema som feminitet, diskriminering, myter og makt. Gjennom ein bitter og forlaten mann sin monolog til ei lita jente, får vi innblikk i kvinnerolla sin plass i historia. Vi møter kvinneskikkelsar frå forskjellige tider og kulturar, - frå den sensuelle og mytiske Huldra til tildekte kvinner i dagens samfunn. Produksjonen får støtte frå Norsk filminstitutt.

Eit anna produkt er "Kakerlakken med den stygge frakken...og hovudet fullt av triste tankar", som du finn på NRK Super. Dette er ein animasjonsfilm. Kakerlakken er redd for å blø, redd for å døy, men er også redd for å leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og fargane?

Grande Produkter AS er eit bra eksempel på ein blomstrande kreativitet ute i distriktet.