Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

23.01.2008

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder mellom anna nyhende om sterk satsing på sterterprosjektet Seterlandet Sunndal.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret innehelder mellom anna nyhende om sterk satsing på sterterprosjektet Seterlandet Sunndal.  

Samordna nettsatsing
Fylkesmannens landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har lansert ei felles nyhetsteneste på nett. Tiltaket er et ledd i arbeidet med å videreutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil kome ut med eit nettbasert nyhetsbrev i halvåret.

__________________________________ 

Møre og Romsdal held fram som einskapsfylke

Forsøket med einskapsfylke i Møre og Romsdal skal halde fram til utgangen av 2009. Det var i sommar at Møre og Romsdal fylke søkte om forlenging av forsøket med einskapsfylke, og svaret frå Kommunal- og regionaldepartementet ligg no føre. I svarbrevet heiter det at søknaden om forlenging er handsama i nært samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet, og at ein er einige om ei forlenging av forsøket med to år. Det blir også vist til at avgjerda må sjåast i lys av forvaltningsreforma, som etter planen skal tre i kraft i 2010. 

Møre og Romsdal fylke skal under forsøket gjennomføre dei oppgåvene som ordinært er lagt til fylkesmannsembetet og til fylkeskommunen. Mynde for oppgåvene er lagt til fylkesdirektøren, med unntak av oppgåver knytt til klage, tilsyn, kongehuset og beredskap - som er lagt til fylkesmannen. 

For landbruksforvaltninga betyr dette at all verksemd i landbruksavdelinga, bortsett frå behandling av klager på kommunale vedtak og deltaking i beredskapsarbeid, framleis skal føregå i regi av Møre og Romsdal fylke. 

TINE og Møre og Romsdal fylke samarbeider om betre rådgjeving for mjølkeprodusentane

Mjølkeprodusentane i Møre og Romsdal står føre store utfordringar i åra framover. Driftsapparatet på dei fleste mjølkebruka i fylket må fornyast, byggekostnadane aukar og mjølkeprisane står stille. Samtidig syt den teknologiske utviklinga for at behovet for arbeidsinnsats per liter mjølk går ned. Det går føre seg ei sterkt omstrukturering av mjølkeproduksjonen i fylket, der mange sel kvote og mange kjøper. Resultatet er at vi i enkelte kommunar har produksjonsmiljø som styrkar seg, medan andre kommunar er i ferd med å miste heile mjølkeproduksjonen. Samdrift er løysinga for mange, der regelen ofte er fleire passive enn aktive medlemmer. Trass i marginal økonomi er investeringslysta stor, og mange nye store fjøs er på veg opp.

Denne situasjonen set store krav til god tilgang på kompetent rådgjeving. Møre og Romsdal fylke og TINE har i felleskap teke tak i dette, og gjennom fleire prosjekt samarbeidd for å styrke rådgjevinga. TINE har stått for den fagleg utøvande delen, medan Møre og Romsdal fylke har bidratt med bygdeutviklingsmidlar som finansieringskjelde. 

I 2004 starta TINE Vest opp sitt mjølkeprosjekt på Sunnmøre. Der stod etablering av samdrifter i fokus, fordi strukturen på Sunnmøre krev at fleire går saman om kvotestorleiken skal kunne forsvare nyinvesteringar. Mjølkeprosjektet, som var inspirert av eit tilsvarande prosjekt i Sogn og Fjordane, sette TINE i stand til å bruke rådgjevingsressursar direkte inn mot grupper som planla samdrift. Det vart gjort økonomiske simuleringar som skulle hjelpe bøndene vidare i prosessen, med ein låg kostnad for brukarane. I løpet av dei tre første åra var prosjektet i kontakt med halvparten av mjølkebøndene på Sunnmøre, og fleire konkrete utbyggingar vart resultatet.  

TINE Midt-Norge starta samtidig opp sitt vegval-prosjekt, der vidareutdanning av rådgjevarane var målet. Gjennom eit kursopplegg fekk TINE utdanna eit korps av vegvals-rådgjevarar, som vart spesialutdanna for å kunne gje råd i framtidige strategiar for eit mjølkeproduksjonsbruk. 

TINE Vest sitt prosjekt er utvida, og skal no gå fram til 2009. Samtidig startar TINE Midt-Norge i desse dagar opp eit nytt rådgjevingsprosjekt, som er retta direkte mot produsentane. Prosjektet skal jobbe i utvalde kommunar i Romsdal og på Nordmøre. Metoden er besøk på enkeltbruk, der rådgjevarane vil gje informasjon om TINE sine tilbod om vegvalsrådgjeving. Målet er at så mange som mogleg vil bruke eit slikt tilbod, og på den måten får hjelp til å ta stilling til korleis garden skal drivast framover. Vi håper å få flest mogleg mjølkeprodusentar ”ned frå gjerdet”, og få fram ei aktiv haldning til framtida.  

Kuportrett. Foto. Eivind Ryste
Kuportrett. Foto. Eivind Ryste

Sterk satsing på småsamfunn i hoppid.no

Entreprenørskapsprogrammet hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge. Målet er å få fram fleire og betre nyetablerarar i Møre og Romsdal. I programmet er småsamfunnstiltak ein viktig del av breiddesatsinga, som skal få fleire til å kome fram som etablerarar. Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke er ansvarleg for arbeidet med småsamfunnsatsing innanfor hoppid.no.

Som ein del av hoppid.no er det formulert følgjande mål for arbeidet med småsamfunn:

  • Utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivast og ungdom finn ei attraktiv framtid
  • Skape interesse for entreprenørskap og nyetableringar på bygdene 

Vårt viktigaste tiltak er bygdemobilisering. Frå oppstarten i 2006 og fram til i dag har vi sett i gang 14 bygdemobiliseringsprosjekt rundt i fylket. I eit bygdemobiliseringsprosjekt får eit frivilleg lag eller organisasjon støtte til å jobbe med næringsutvikling, trivselstiltak, og busetjing. Det er viktig at det vert organisert eit breidt samarbeid i bygda, og at prosjektet set seg klare mål med utgangspunkt bygda sine ressursar. 

Hoppid.no sin oppgåve er å byggje nettverk mellom mobiliseringsprosjekta, og tilby rådgjeving og fagleg påfyll. Vi vil også formidle kontakt mellom dei lokale prosjekta og andre offentlege instansar. Ikkje minst er det viktig at dei kurs og rådgjevingstilboda som vert utvikla i hoppid.no kjem dei lokale mobiliseringsprosjekta til gode.   

I 2008 planlegg vi nettverksamling for prosjekta, vi vil arrangere idèkurs lokalt, vi vil ha møter mellom prosjekt og kommune, og vi vil dele ut pris til mest aktive bygd: Utviklingsbygda 2008.  

Døme på aktive bygdemobiliseringsprosjekt:   

Bratt sauesanking på Trandal i Ørsta. Foto: Marianne Aas Halse
Bratt sauesanking på Trandal i Ørsta. Foto: Marianne Aas Halse

Mulig fusjon av forsøksringar og landbrukstenester i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er det i dag 4 forsøksringar og 9 avløysarlag/landbrukstenester. I 2007 vart det sett ned ei gruppe som skulle sjå på moglegheitene til å samle alle desse organisasjonane i fylket til ein solid, fylkesdekkande organisasjon.

Målet ei fusjonering mellom forsøksringane og landbrukstenester i Møre og Romsdal er å skape ein meir solid organisasjon, verte meir attraktive for kundane og verte meir attraktive for samarbeidspartar. Ein robust organisasjon er også viktig med tanke på nye oppgåver som har vorte og kan verte tillagt landbrukstenester/ forsøksringar som til dømes sjukeavløysing og teknisk planlegging som skal fasast ut av landbruksavdelinga på fylket.

Arbeidsgruppa er no ferdig med si innstilling, dei går for ei fusjonering mellom alle forsøksringar og landbrukstenester i Møre og Romsdal. Det vert no opp til årsmøta i kvar organisasjon å ta stilling til om dei vil gå vidare i prosessen og jobbe mot ein fusjon i 2009. 

Revidert Handlingsplan økologisk landbruk perioden 2008-2011

Den nasjonale målsetninga er 15% produksjon og forbruk av økologisk mat innan 2015. Revidert handlingsplan for perioden 2008-2011 legg strategiar for å nå målet.

Handlingsplanen gjev ei oversikt over status for økologisk landbruk i fylket, samt utfordringar, satsingsområde med tiltak som skal reviderast årleg. Hovudfokuset vårt i planperioden 2008-2011 vil vere å auke produksjonen av økologisk mjølk og kjøt i fylket, samt å få meir økologisk mat inn i offentlege kantiner og storhushaldning. I dag er etterspørselen på fleire økologiske varer større enn produksjonen. Effektive tiltak i produksjonsleddet må til for å få opp produksjonen slik at vi unngår import av økologiske varer vi kan produsere sjølve. 

Den 1/1-08 vart dei økologiske klyngene til TINE oppheva. Alle som leverer økologisk mjølk til TINE får no meirpris for mjølka. Vi vonar fleire vil sjå det lønsamt, både økonomisk og miljømessig, å legge om til økologisk mjølkeproduksjon. 

Det er derfor viktig å ha fokus på informasjonstiltak, som markdagar, og nettverksbygging mellom økologiske produsentar. 

Seterlandet Sunndal - døme på vellukka setersatsing

Møre og Romsdal er ein del av det nasjonale seterprosjektet, saman med Hedmark og Oppland. I jordbruksoppgjeret 2005 vart det sett av 10 millionar, som skulle brukast til næringsutvikling med setra som utgangspunkt, i dei tre fylka. Pengane blir brukt hovudsakleg på utvikling av lokale prosjekt på setrer rundt om kring, medan ein liten del blir brukt til nettverksbygging og kompetansetiltak.

I Møre og Romsdal var Seterlandet Sunndal tidleg ute med å søke og få innvilga støtte. Seterlandet Sunndal er eit samarbeidsprosjekt mellom tre setrar i Sunndal kommune, Remmdølsetra i Innerdalen, Gammelsetra i Grøvudalen og Torbuvollen i Torbudalen. Desse setrane satsar sterkt på reiseliv, og gjennom prosjektet vil oppnå auka verdiskaping og inntening hos brukarane. Gjennom samarbeid skal dei utvikle sine produkt, både på mat- og oplevingar. Dei vil også samhandle med anna næringsliv lokalt, og håper at deira prosjekt skal inspirere andre til å ta oppatt setringa. Konkret har dei hittil utvikla eit felles designprogram, dei har felles nettside, dei utviklar matsuvenirar av dei produkta dei lagar på setra, og dei jobbar med opplevingstilbod. Utviklingsselskapet Sunndal Aktivum er prosjektleiar, og seterbrukarane framhevar nytten av å bruke etablert næringsutviklingskompetanse i dette arbeidet. Prosjektet er eit godt døme på korleis seterbrukarar kan utvikle sterkare produkt gjennom samarbeid. Prosjektarbeidet held fram ut 2008. 

Frå Renndølsetra i Sunndal. Foto: Eivind Ryste
Frå Renndølsetra i Sunndal. Foto: Eivind Ryste

Revidering av strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal

Gjeldande strategiplan for skogbruket i fylket er frå 1997. Mykje av denne er aktuell også i dag, men med endra rammevilkår var deler av den moden for revidering. Arbeidet med revideringa blei starta opp i januar 2007, og er gjennomført parallelt med arbeidet med kystskogbruket. Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke har fungert som sekretariat, med ei arbeidsgruppe som har bestått av representantar frå kommune, næring og det politiske miljø. Strategiplanen er nå så godt som ferdig og skal handsamast i fylkestinget i mars 2008.

Dokumentet er bygd opp som et tradisjonelt strategidokument, men vi har lagt avgjerande vekt på tiltaksbiten. I alt er det sett opp 14 punkt som skal stå i fokus dei næraste 3-4 åra. Vi skal ikkje kommentere alle desse punkta her, men nøyer oss med å gå litt nærare inn på hovudpunktet og bakgrunnen for det. 

I tiltakskapittelet i strategiplanen punkt 1 står det: 

Planleggje, finansiere og starte opp eit interkommunalt samarbeidsprosjekt som skal bidra til å kartleggje område, kontakte grunneigarar, organisere samarbeid, løyse vegspørsmål og planleggje grendevise utdrifter for komande 10 års periode, der alle omsyn er tatt med. Prosjektleiar skal være eit mellomledd mellom kommune og Allskog.

Bakgrunnen for ei slik satsing er basert på fleire moment. Vi står no i startgropa for å hauste dei store skogreiste områda våre. I enkelte deler av vårt fylke er eigedomsstruktur og skogtilhøva av ein slik karakter at det ikkje let seg gjere å drive eit aktivt skogbruk utan eit utstrakt samarbeid på tvers av eigedomsgrensene. Store samanhengande skogreiste områder med einsaldra gran, fordelt på mange smale eigedommar i ei bratt li, gjer at vi lyt tenke nytt. Eit anna viktig moment for ei slik satsing vil være å i størst mogleg grad modellere neste generasjon skog ut frå eit meir landskapsøkologisk perspektiv. Grunntanken er kort og godt at vi skal være forberedt for å løyse utfordringane med avverking og planlegging av neste skoggenerasjon, før hogstmaskinen står i grenda – klar til å starte frå ein kant. 

Av andre viktig moment som har vore drøfta i strategiplanarbeidet er utfordringane, men også mogelegheitane, vi har ved å være eit fylkes som er fragmentert og splitta av fjordarmar. Det er på det reine at transportutgiftene er vesentleg høgre her enn i sentrale skogstrøk. Samstundes ser vi på potensialet med å nytte sjøtransport i meir utstrakt grad.

Vi ser det også som sers viktig å klare å forsyne lokal foredlingsindustri med nok råstoff. Møre og Romsdal er ennå eit stort furufylke, og fleire av tiltaka i strategiplanen er spissa inn mot å betre situasjonen for sagbruksindustrien i fylket.

Hogstmaskin i arbeid i Stordal. Foto: John Hauger
Hogstmaskin i arbeid i Stordal. Foto: John Hauger

Til toppen