Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med nytt om tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområdet Geiranger – Herdalen. Planen skisserer mellom anna ekstra tilskot til beitedyr og fortsatt drift av jordbruksareal.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med nytt om tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområdet Geiranger – Herdalen. Planen skisserer mellom anna ekstra tilskot til beitedyr og fortsatt drift av jordbruksareal.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Gründercamp med tema lokal mat

”Lag eit forslag til korleis lokal mat frå distriktet kan gjerast meir synleg og lettare tilgjengeleg for dei reisande!” Dette var oppgåva som 45 elevar frå vidaregåande skular og ein ungdomsskule frå Stranda og Sykkylven fekk på ein gründercamp i midten av februar.

Arrangørar og oppdragsgjevarar var Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal. Juryen fekk ei vanskeleg oppgåve med å kåre ein vinnar. Elevane la stort arbeid i oppdraget og mange av gruppene viste stor kreativitet i sine idear. Vinnarane av gründercampen vart ei elevgruppe frå Sykkylven vidaregåande skule. Dei hadde ein ide som viste oppbygging av eit senter i Sykkylven sentrum – der historie, tradisjonar og lokal mat danna grunnlag for ei heilskapleg turistsatsing.

Gründercampar er ideverkstader med fokus på kreativitet og nytenking og er gjerne eit samarbeid mellom skular og det lokale næringslivet. Elevane får konkrete problemstillingar som skal løysast i løpet av ei gitt tid. I Møre og Romsdal er det gjennomført mange gründercampar dei siste åra og ein slik annleis skuledag skaper stort engasjement.

Glade vinnarar av gründercampen frå Sykkylven vidaregåande skule. Juryleiar Sigurd Tuvnes frå Storfjord kompetansepark til høgre.
Glade vinnarar av gründercampen frå Sykkylven vidaregåande skule. Juryleiar Sigurd Tuvnes frå Storfjord kompetansepark til høgre. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
 

Korleis bli betre på kontroll?

Opplæringstiltak
5. og 6. april inviterer Fylkesmannen i Møre og Romsdal kommunane til seminar om kontroll av tilskot. Fylkesmannen ser på opplæring i kontrollarbeid som eit viktig ledd i å auke kvaliteten på arbeidet og få meir korrekt utmåling av tilskot. Innhaldet i seminaret vil i store trekk dreie seg om å kjenne til risikoane i reglane, gjere risikovurderingar som grunnlag for utveljing av kontrollobjekt, kontrollmetodikk, planlegging og gjennomføring av kontroll og erfaringsutveksling. SLF deltek også på seminaret.

Kvifor kontroll
Landbruksforvaltninga sin kontroll skal bidra til å sikre at tilskot blir utbetalt i tråd med intensjonane for den enkelte ordninga. Føretaka skal ha rett utbetaling - ikkje meir, men heller ikkje mindre enn dei har krav på. Virkemidla skal forvaltast i samsvar med lover, forskrifter og retningslinjer, og kontrollen skal skape tillit hos brukarane og publikum.

Risiko og målretting
Risikovurderingar er ein viktig del av planlegging og utføring av kontrollarbeidet i fylket og kommunane. Nokre reglar er vanskelegare å kontrollere enn andre, og andre inneber utøving av skjønn. Nokre reglar fører til mange og store utbetalingar, mens andre har relativt liten økonomisk verdi. Dette fører til ulik risiko for feil utmåling av tilskot. Dersom landbruksforvaltninga lærer å identifisere dei ulike risikoane, kan faren for feil bli redusert. Ved gjennomføringa av kontrollen er det m.a. viktig å opptre korrekt i høve til regelverk. Føretaka må få forståing av at kontrolløren kan dukke opp, men at det skjer på objektivt grunnlag, og for å sikre korrekt forvaltning og utmåling.

Kontroll
"
Kontroll". Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Statens Landbruksforvaltning (SLF) har tidlegare trekt ut ca 5 prosent av søkjarane av produksjonstilskot, som kommunane skulle kontrollere. Det vert no gjennomført ei prøveordning med at SLF og kommunane kvar trekkjer ut 2,5 prosent. Denne uttrekkinga bør kommunen gjere på grunnlag av risikovurderingar.

Kontrollarbeidet nasjonalt og regionalt
Statens landbruksforvaltning (SLF) har gjennomført eit kontrollprosjekt, og gjort risikovurdering av tilskotsordningane. Fylkesmennene har heva sin kompetanse på risikovurdering og kontrollmetodikk, noko som har ført til omlegging og målretting av kontrollarbeidet. SLF si opplæring har gitt verdifull kompetanse til kontrollarbeidet i fylket. Fylkesmannen kontrollerer kommunen si forvaltning, men også føretaka. Når 2011 er omme har fylkesmannen dei siste 4 åra utført forvaltningskontroll minst ein gong i alle kommunar i fylket.  Saman med SLF vil vi formidle kunnskapen og erfaringane frå kontrollarbeidet vidare til kommunane, slik at dei også kan få nytte av kunnskapen, og bli tryggare i situasjonen.
 

MRmat 2011

Ein gong i året samlar lokalmatprodusentar i Møre og Romsdal seg til spennande kurs og interessante foredrag. På konferansen i år på Stranda 17. og 18. februar, var det 45 deltakarar. Dette syner at interessa for lokal mat er aukande. Det er største deltakartalet vi har hatt. Produsentane set også pris på det høve dei har her til å bli betre kjent og ha uformelt samvær.

MRmat blir arrangert av Landbruk Nordvest og Prosjekt Matmangfald i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Kompetansenavet på Mære. Det starta med inspirerande foredrag i plenum om Nordisk mat på det internasjonale matkartet, og om strategisk bruk av sosiale medium. Kompetansenavet vil vurdere om bruk av sosiale medium skal vere tema for eit eige kurs seinare. Landbruksdirektør Anne Berit Løset innleia så til diskusjon om Lokalmatsatsing etter 2011. 

Deltakarane var likt fordelt på kurs i spekepølse- og spekematproduksjon, sous-vide, sjokolade og lokalmat på menyen. På det siste kurset inntok deltakarane kjøkkenet på Stranda hotell. Resultatet vart servert som ein rikhaldig og spennande meny til middag om kvelden og lunsj siste dagen. Det er nyttig erfaring for produsentar og mindre serveringsbedrifter å prøve ut bruk av lokalprodusert mat i profesjonelle kjøkken.

       MRmat på Standa
Frå MRmat på Stranda; deltakar og instruktør i full gang med produksjon av sjokolade. Foto: Landbruk Nordvest.

 

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden

Skageflå, Geiranger
Skageflå, Geirangerfjorden. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Vestnorsk Fjordlandskap vart skrive inn på verdsarvlista i 2005. Grensene for verdsarvområdet i Geiranger og Herdalen er nokolunde samanfallande med  dei grensene som var oppretta for landskapsvernområdet året før. 

Som grunnlag for nødvendige tiltak i området etablerte Møre og Romsdal fylke saman med  kommunane Stranda og Norddal i 2007 prosjektet “Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet Geiranger – Herdalen”.  Planen skisserer ei rekkje tiltak, m.a. ekstra tilskot til beitedyr og fortsatt drift av jordbruksareal.

I kvart av åra 2008, -09 og -10 har det vorte forvalta 2 225 000,- kroner øyremerka verdsarvområdet i Geiranger og Herdalen. Kr 40 000 var brukt til evaluering i 2010, elles er alle pengane utbetalt til brukarar for skjøtsel av areal ved slått eller beiting og litt er brukt til rydding og gjerding. Ved utgangen av 2010 var det inngått 67 avtalar om slik skjøtsel. Tal beitedyr, både storfe og småfe, har auka litt dei tre år ordningane har vore. Evalueringane som er utført av NILF og av Bioforsk vest, konkluderer med at tiltaka har verka positivt og at tilskotsordningane bør fortsette.

Fylkesmannen har god kontakt med alle som har inngått avtalar om skjøtsel. På rundane med gardsbesøk vår og haust vert det også teke bilete for å dokumentere endringar i kulturlandskapet. Fylkesmannen har registrert at stemninga i bygdene har endra seg frå litt tvilande og avventande haldning før første utbetaling i 2008, til aukande optimisme og vilje til innsats i 2009 og 2010. Den auka innsatsen har ført til at område under attgroing er opna opp att. Dette gjeld både gamle hagar, dyrka jord og beiteområde.

Her er likevel utfordringar. Desse heng ofte saman med at tal personar direkte engasjert i det praktiske landbruket går ned. Det er og ei utfordring å få passive grunneigarar med ved utleige av jorda. Spesielle krav til gjennomføring og kvalitet på skjøtselsarbeidet er definert ved avtaletekst, presiserande rundskriv og samtalar. Det kan vere krevjande å sette grenser for kva som skal reknast som godt nok når ein ser at kvaliteten på arbeidet varierer.

       Geiter på Homlong i Geiranger, Verdensarvorådet
Geitekje på beite, Homlong i Geiranger. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen ser positivt på utviklinga i verdsarvområdet. Det er viktig med kontinuitet når det gjeld innsats og oppfølging. For å sikre husdyrhaldet som grunnlag for fornuftig gardsdrift burde det kome på plass ei ordning med ekstra investeringstilskot til driftsbygningar innafor området.
 

Skogen i Møre og Romsdal - Ekstra fokus på forynging

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og fylkesstatistikk har vist nedgang i planteaktiviteten dei siste åra. Mykje av denne nedgangen her i fylket kan tilskrivast problemstillingar knytt til gransnutebille. Over fleire år ser vi likevel at det er eit årleg avvik mellom forynga areal og hogd areal. Dersom den låge planteaktiviteten i fylket held fram vil det ha store negative konsekvensar for framtidig avverking og for skogens framtidige karbonopptak. For å nå måla i skogpolitikken har Landbruks og matdepartementet bedt om auka kontroll for å handheve foryngingsvedtaka i forskrift om berekraftig skogbruk.

I 2010 kjørte vi ut oversikter som syner samanheng mellom planteaktivitet og hogst dei siste 5 åra. Ut frå desse listene trakk vi i alt 118 skogeigarar som såg ut til å ha arealavvik mellom hogst og planting. Av desse blei 99 kontrollert på haustparten. Tabellen nedanfor syner resultat frå kontrollen.

 

 Antall 

Areal

Godkjent resultat

34 

771 daa

Ikkje godkjent resultat

45

1.180 daa

Omdisponert til veg

6

59 daa

Omdisponert til bygg

6

119 daa

Omdisponert til beite

8

113 daa

Totalt 

99

2.242 daa

         

Halvparten av det kontrollerte arealet var ikkje godkjent i høve vedtaka i forskrift om berekraftig skogbruk. Fylkesmannen vil følgje opp kommunane, og sjå etter at desse areala blir planta til i 2011. Kartet nedanfor syner korleis resultata fordeler seg geografisk i fylket

Foryngelseskontroll 2010
Klikk på bildet for stort format (pdf).

Hogstrekord
Vi begynner for alvor å sjå resultat av den første skogreisinga som kom i gang her i fylket på starten av 50-talet. Ser vi vekk frå hogsten etter orkanen i 1991 har det aldri tidlegare vore hogd så mykje gran her i fylket.  Møre og Romsdal, som har vore eit tradisjonsrikt furufylke, avverkar no over fire gongar meir gran enn furu. Sett i høve til optimalt hogsttidspunkt blir grana hogd for tidleg, mens vi i langt større grad kunne hogd meir furu. God økonomi ved hogst av gran er hovudårsaken til denne trenden. Eit anna resultat som vi ser tendens til er at kommunar som historisk sett ikkje har vore av dei største skogkommunane no ligg på topp på statistikken for avverking.

Avverking fordelt på treslag
 

Stor interesse for Inn på tunet samling i Surnadal

Inn på tunet logo

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til nettverkssamling på Inn på tunet på Vårsøg hotell i Surnadal 18. og 19. mars. Det er omlag 50 påmelde til samlinga som går over to dagar lunsj til lunsj. Det er tilsette i kommunane sin administrasjon, tilsette frå skular og bønder som er deltakarar.

Den første dagen blir det stort fokus på samarbeid mellom gard og skule og utfordringar kommunane står framfor som tenesteytar. På laurdag skal deltakarane ut på synfaring til to bruk som sel Inn på tunet-tenester til m.a. Surnadal kommune.

Kontaktperson: Aud Lindset Drågen

Til toppen