Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, som mellom anna fortel at satsinga ”Fiskarbonden sin arv” har skapt aktivitet i fem kystkommunar i fylket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, som mellom anna fortel at  satsinga ”Fiskarbonden sin arv” har skapt aktivitet i fem kystkommunar i fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Vil undersøke lønsemda etter investeringar i mjølkeproduksjonen

Dei siste ti åra har vi hatt ei rivande utvikling i mjølkeproduksjonen i Møre og Romsdal,  og  i landet elles. Spennet er stort frå båsfjøs med 12 kyr som normalen, til dagens nybygg med robot. Investeringane ved nybygg har skote i vèret, det er no fleire som investerer 10-12 millionar i nybygg med 5-600 tonn som kvote. Dei som tek spranget og investerer, aukar også produksjonen kraftig, anten i form av samdrift, kvoteleige eller kvotekjøp.

Denne utviklinga har både forkjemparar og skeptikarar. No høyrer vi ofte på bygda at desse storfjøsa umogleg kan greie seg økonomisk. Det vert sagt at dette er den dyraste måten å slutte som bonde. Slike påstandar påverkar dei som no vurderer vegval framover. Men har skeptikarane grunnlag for ein slik påstand? Kva veit vi om økonomien i dei prosjekta som har investert millionar dei siste åra? Er det mogleg å hente ut generelle svar?

Desse spørsmåla er grunnlaget for ei undersøking Møre og Romsdal fylke no har teke initiativet til. Vi vil finne ut om økonomien i mjølkeproduksjonen etter ei investering er i samsvar med dei forventningane utbyggjaren hadde. Initiativet er drøfta med TINE, Innovasjon Norge og faglaga i fylket, som alle har gjeve tilslutning. Dessutan har fylkesmannen og landbruksnæringa i Sogn og Fjordane også meldt interesse for å gjere ei slik utgreiing, og arbeidet vil bli gjennomført som eit samarbeid mellom dei to fylka. Omfang og opplegg skal drøftast med NILF, som er interessert i oppdraget.

Vi vil bruke resultat av ei slik undersøking til å kunne justere føringar i næringsstrategien, og gje tilbakemeldingar på verknaden av gjeldande landbrukspolitikk.  Like viktig er det å sjå om rådgjevingsapparatet treff i sine kalkylar, og å prøve å sjå kva som skil eit vellukka frå eit mindre vellukka prosjekt. Ikkje minst kan undersøkinga bidra med fakta inn i diskusjonane der bønder møtest.
 

Kystsatsinga ”Fiskarbonden sin arv” har skapt aktivitet

Utviklingsprosjektet ”Fiskarbonden sin arv” har arbeidd i 5 kystkommunar i Møre og Romsdal i perioden 2005-2009. Effektmålet i prosjektet var å styrke næringslivet og bygdesamfunna på kysten. Prosjektet har arbeidd med synleggjering og ivaretaking av verdiar i kystlandskapet, og lagt til rette for at arven til fiskarbonden som til dømes landskap, kulturminne og mattradisjonar kan gje grunnlag for nye arbeidsplassar. Kommunane Averøy, Fræna, Giske, Haram og Herøy har vore med i prosjektet, landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke har hatt det faglege ansvaret, medan Skogselskapet i Møre og Romsdal har vore prosjekteigar.

Prosjektet har arbeidd mellom anna med dette:

  • Auka kompetanse på ivaretaking og skjøtsel av kystkulturlandskap gjennom kurs i skjøtsel av kystlynghei, hald av utegangarsau og ny bruk av naust og sjøbuer
  • Samarbeidsløysingar for grunneigarar og bønder der små gardsbruk ikkje gjer det inntektssvarande med gardsdrift enkeltvis, t.d. samarbeid om beiting og vidareforedling av utegangarsau. 
  • Utvida beiteareal for fleire bønder gjennom beiteformidling har gjeve rom for næringsutvikling
  • Nettverksbygging mellom småskala matprodusentar og ulike kundegrupper har styrka dei som driv foredling av lokal mat i fylket
  • Utarbeiding av fleire skjøtselsplanar og beitebruksplanar gjev betre forvaltning av verdfulle kulturlandskapslokalitetar
  • Innspel til revidering av Regionalt miljøprogram i 2009. Revidert miljøprogram gjev betre lønnsemd til ein del av dei som driv landbruk i spesielt verdfulle kulturlandskapsområde. Det blir gjeve ekstra tilskot til drift av jordbruksareal i fleire slike område, samt skjøtsel av artsrike slåttemarker og naturbeitemarker
  • Koordinering og samarbeid med andre satsingar som mellom anna Riksantikvaren sin verdiskapingspilot Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund, Nasjonal turistveg, matprosjekta til Bondelaget og Orkidé-prosjektet på Nordmøre har truleg gjeve synergieffektar som har styrka måloppnåinga

Beiteprosjekt i attgroingstruga nasjonalt viktige kulturlandskapsområde, som her på Alnes i Giske kommune, har vore ein viktig del av prosjektet. Foto: Geir Moen, Møre og Romsdal fylke
Beiteprosjekt i attgroingstruga nasjonalt viktige kulturlandskapsområde, som her på Alnes i Giske kommune, har vore ein viktig del av prosjektet. Foto: Geir Moen, Møre og Romsdal fylke

Fiskarbonden sin arv har også kome kome med forslag til tiltak som kan føre vidare dei arbeidet, og dei positive erfaringane som er gjort i prosjektet. Nokre av desse er:

  • Utvikle temareiser om kystkultur og kystlandskap i Møre og Romsdal.
  • Opprette nettside som koordinerer utleige av ledig beite- og jordbruksareal i fylket. Særskilt verdfullt areal som kvalifiserer til skjøtselstilskot bør avmerkast. 
  • Oppfylging av forprosjektet vedrørande samarbeid om vidareforedling av utegangarsau som beiter på kystlyngheiene på Sunnmørskysten
  • Menyutvikling på serveringsstader i samarbeid med lokalmatprodusentar
  • Utvikling av landskapspleie med beitedyr som næring. Forprosjekt med geit i Averøy er sett i gang. 
  • Fræna og Averøy: Utnytte potensialet i satsingane Verdiskapingspiloten for kulturminne og Nasjonal turistveg. 
  • Landbrukskontora i kommunane bør ha ei aktiv rolle i å sette i verk skjøtsel på kulturlandskapslokalitetar av nasjonal og regional verdi som er i ferd med å gro att.

     
  • Les meir om prosjektet på: www.mrfylke.no/fiskarbonden
     

Lokal vekstkraft utviklar bygda - invitasjon til nettverkssamling og konferanse

Møre og Romsdal fylke - hoppid.no og Nordveggen AS inviterer til Grand Hotel på Åndalsnes for nettverkssamling fredag 25. september og bygdeutviklingskonferanse laurdag 26. september. Det blir to dagar med fokus på frivilleg engasjement og lokal vekstkraft

Landbruksavdelinga er ansvarleg for småsamfunnsatsinga i hoppid.no. I den satsinga er det sett i gang 21 mobiliseringsprosjekt rundt i fylket, der bygdafolket sjølve arbeider med næringsutvikling, trivsel og busetjing. Deltakarar i desse prosjekta er særskilt invitert til nettverkssamling fredag 25. september. Erfaringsutveksling, inspirasjon og utferd med nyskaping som tema står på dagsorden.

Laurdag 26. September inviterer vi alle med interesse for utvikling av bygder og småsamfunn til ein open konferanse om bygdeutvikling. Har det noko å seie korleis vi pratar om bygda vår? Korleis kan vi drive effektiv merkevarebygging? Kva kan gjerast for å få folk i tomme hus? Kva betyr nærbutikken for trivsel og busetjing? Kva gjer regjeringa for å styrke småsamfunna? Det er nokre av spørsmåla våre spennande innleiarar skal drøfte. Vi håper både folk frå frivillege organisasjonar, lokalpolitikarar, kommunane og ikkje minst eldsjeler frå lokalmiljøa møter opp for inspirasjon og ny kunnskap.

    Det blir konferanse og nettverkssamling om lokal vekstkraft på Åndalsnes i slutten av september. Foto: Møre og Romsdal fylke
Det blir konferanse og nettverkssamling om lokal vekstkraft på Åndalsnes i slutten av september. Foto: Møre og Romsdal fylke

Vil knekke alveld-koden

Den beiterelaterte sauesjukdommen alveld har vore kjend langs kysten, særleg i Sør-Norge, heilt sidan 1800-talet. Dei mest karakteristiske symptoma på alveld er hypersensitivitet overfor sollys, ødem og opne sår i hovudregionen, hovne augelokk, blindheit, avmagring og apati. Sjukdommen har ført til store økonomiske tap, og er problematisk med tanke på dyrevelferd. I 1920 vart sjukdommen knytt opp mot beiting på romeplanta, og sidan då har denne planta vore hovudmistenkt. Forsøk for å kartlegge årsaka har ført til mange spørsmål, og det er no på det reine at romeplanta aleine ikkje er nok til å framkalle sjukdommen. Dei siste åra har det vore jobba på spreng for å finne ”the missing link”, den ukjende  tilleggsfaktoren.

Dei seinare åra har Veterinærinstituttet ved Arne Flåøyen og Universitetet i Oslo, Biologisk institutt ved Ivar Mysterud vore dei ivrigaste aktørane. Det praktiske forskingsarbeidet har i stor grad sidan 1997 gått føre seg i Møre og Romsdal, finansiert av det no nedlagte Tiltaksfondet for småfe og fjørfe mm, samt BU-midlar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Gjennom denne forskinga har ein styrka hypotesen om at det er fleire årsaksfaktorar til sjukdommen. Sopp har lenge vore lansert som ein mogleg kandidat, men etter nitidig detektivarbeid er dette sporet forlate. 

Eit nytt spor er no lansert, knytt til blågrønbakteriar samla i ein særdeles innhaldsrik ”biofilm” som oppstår under planta snøkrypmose. Dette er ein svært vanleg plante i fjell- og dalsidene der også romeplanta veks og  alveld oppstår. Eit breidt samansett team arbeider no med å kartlegge innhaldet i biofilmen. Spørsmålet er om nokon av organismane kan ha relasjon til alveld. Gjennom omfattande prøvetaking og analysering av vatn, vegetasjon og dyr, vil ein gjennom beiteprosjektet 2009 og stor eigeninnsats frå ulike institutt ved Universitetet i Oslo vonaleg kome eit godt stykke lengre i forståinga av årsaka til alveld. Det er all grunn til å gje honnør til leiaren for forskinga, Ivar Mysterud, for den formidable innsatsen som gjennom mange år er lagt ned i dette arbeidet. Det er av avgjerande betyding for beitenæringa langs kysten at forskinga får halde fram, og at ein kjem til botns i dette problemet.

            Alveld gjev store lidingar for dyra, og det er viktig at jakta på årsaksfaktorane held fram. Foto: Nancy Aalmo
Alveld gjev store lidingar for dyra, og det er viktig at jakta på årsaksfaktorane held fram. Foto: Nancy Aalmo
 

 

Biostigen skal auke bruken av biobrensel

Møre og Romsdal fylke og fylkesmannen i Sogn og Fjordane oppretta hausten 2008 prosjektet Biostigen etter tildeling av midlar frå Landbruks- og matdepartementet. I samarbeid med næringsaktørar innan bioenergi i regionen vil Biostigen arbeide med å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar. I Møre og Romsdal har Biostigen i samarbeid med næringsaktørar og Skog og Landskap etablert forsøk om transport av ukomprimert vegkantvirke, utnytting av GROT frå taubanedriftar og casestudie om forsyningskjeder for bioenergi. 

Forsøk om transport av ukomprimert virke
Hovudmetodane for produksjon av skogsflis er flising ved lunneplass, transport av virke inn til flisterminal og bunting. Kva som er den beste løysinga varierar blant anna med transportavstand og virkeskvalitet. Biostigen ønskjer å skaffe til veie erfaringar med dei ulike metodane. Prosjektet har derfor i samarbeid med Skogkompaniet AS og Skog og Landskap etablert eit forsøk for å sjå nærare på transport av ukomprimert heiltrevirke frå vegkanthogst inn til lunneplass/terminal. Erfaringar frå Finland tilsei at dette er den mest konkurransedyktig metoden for korte avstandar (<50 km). Gjennom forsøket har ein utført tidsstudiar av traktor med tømmerhengar, lassberar og tømmerbil. Resultata vil gi ein oversikt over kostnadar ved ulike transportavstandar og nyttast til å vidareutvikle verdikjeda.

Transport av heiltrevirke frå vegkanthogst. Foto. Kåre Kristen Totlund, Møre og Romsdal fylke
Transport av heiltrevirke frå vegkanthogst. Foto. Kåre Kristen Totlund, Møre og Romsdal fylke 

Utnytting av GROT frå taubanedriftar
På Nordvestlandet med utfordrande driftsteknikk og areal med beresvak mark, vert  hogstavfallet i dag hovudsak nytta til barlegging av driftsvegar ved ordinær maskinell drift. Potensialet for innhausting av GROT er derfor størst ved taubanedrifter der virket blir kvista ved bilveg. Biostigen har derfor i samarbeid med Allskog etablert eit forsøk som skal sjå nærare på uttak av GROT frå taubanedriftar. Forsøket er under planlegging og vil omfatte heile verdikjeda frå uttak til leveranse av brenselflis til forbrenningsanlegg. Viktig moment vil vere logistikk, produksjonskostnadar og brenselkvalitet.

Casestudie om forsyningskjeder for bioenergi
Biostigen i samarbeid med Tussa Kraft og Fjordane Bioenergi planleggar eit casestudie om etablering av forsyningskjeder for leveranse av skogsflis til eit fjernvarmeanlegg som er under planlegging i Ørsta kommune. Aktuelle moment vil vere tilgang på ulike virkeskvalitetar, tilfangstområde, terminal, drifts- og logistikkløysninga.
 

Nye tiltak i Regionalt miljøprogram - søknadsfrist 20. august

Både landbruksnæringa, forvaltninga og fylkestinget har peika på attgroing som den største miljøutfordringa for  landbruket i Møre og Romsdal.  Slik var det i 2004, og utviklinga i åra etter har gjort temaet endå viktigare. Husdyrhaldet har blitt meir konsentrert, og beitedyra har blitt færre. Det som for få år sidan var etterspurd produksjons¬jord ligg ofte brakk, og verkar skjemmande. Slike areal ligg ofte nær ferdselsårer og tettstadar , og påverkar folk sine haldningar til landbruket i ei negativ retning. Frå 2009 har vi gjort forandringar i Regionalt miljøprogram for å møte desse utfordringane.

I desse dagar skal bønder i Møre og Romsdal, som fyller vilkåra, søkje om tilskot frå nytt regionalt miljøprogram. Den viktigaste endringa er at kommunane no får større innverknad på  korleis miljøvirkemiddela skal brukast. Vi trur at dette kan løfte diskusjonen om landbruk og miljø og medverke til å synleggjere landbruksnæringa som positiv aktør i lokalmiljøet. Både landbruksnæringa og befolkninga elles skal få mest mogleg att for dei kronene som blir stilt til rådvelde for miljøtiltak i landbruket.
  

Landbruket sterkt involvert i fylkesdelplan for klima i Møre og Romsdal

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i desember 2007 (sak T-82/07) oppstart av fylkesdelplan for klima. Arbeidet har vore gjennomført i form av tematiske verkstader der eksterne fagmiljø har delteke. Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke har arrangert fire slike verkstader der ein har satt fokus på utslipsreduksjonar frå jordbruket, potensialet for binding av CO2 i skogen og auka bruk av bioenergi og tre i bygningsindustrien.

Årleg netto CO2 opptak i skogen i Møre og Romsdal er i storleiksorden 1,1 – 1,4 mill tonn inkludert greiner, stubbar og røter. Om lag halvparten av dette er bunde i tømmerstokken. Det vil seie at skogen i fylket årleg bind om lag halvparten av dei samla klimagassutsleppa i fylket. Netto CO2 opptak vil variere noko frå år til år mellom anna som følgje av naturlege variasjonar i veksttilhøve, klima, skogskjøtsel og hogst. Skogens treslagssamansetning, alder, vekst og vitalitet er og avgjerande for CO2 opptaket.

I eit klimaperspektiv er det viktig at mest mogleg av trevirket som blir teke ut frå skogen blir brukt i bygningsindustrien som substitutt til meir energikrevjande bygningsmateriale. Det vil og vere viktig at restavfall frå skogindustrien og skogbruket blir nytta til CO2 nøytralt råstoff til bioenergianlegg.

Ein skogforvaltning der ein legg opp til auka uttak av skogsvirke må følgjast opp med tilrettelegging av god forynging og aktivt skogkulturarbeid, slik at ein på lang sikt bind mest mogleg karbon i skogen, samstundes som framtidig klimanøytralt råstoff er sikra.

Mål og strategiar for landbrukssektoren i fylkesdelplanen er følgjande:

Mål:
Møre og Romsdal skal være eit fylke som vil arbeide for å nå nasjonale mål om klimagassreduksjonar frå landbruket. I dialog med næringa vil fylket identifisere dei virkemiddel som utløysar klimatiltak.

Strategiar:

  • Potensialet for reduksjon i utslepp av metangass er på ca. 42 000 tonn CO2 – ekvivalentar. Fylket skal være ein pådrivar for etablering av gardsanlegg for biogass.
  • Det avklarast nødvendige økonomiske tilskott for å nå mål om reduserte utslepp frå gjødsling og husdyrgjødsling.
  • Arbeide for ein berekraftig forvaltning av skogens rolle som ein fornybar ressurs, som produserer energi, materialar og industrielt råstoff på en miljøeffektiv måte.
  • Følgje opp tiltaka som kjem fram i kystskogmeldinga og strategiplan for skogbruket der ein legg opp til auka uttak av klimanøytralt råstoff til bygningsindustrien og bioenergianlegg
  • Ved å være ein pådrivar for å kombinere tradisjonell byggeteknikk og lokale råstoff med regional utvikling av passivhus bidreg ein til innovative løysingar som styrkar lokalt næringsliv og som er klimavenlege. 
Til toppen