§ 40 nr 1: Møteplikt og forfall i kommunale og fylkeskommunale organ

Sak 01/125

Ein kommune kontakta departementet med spørsmål om kva ein gjer i dei høve der møte i kommunale og fylkeskommunale organ fell på same dag og ein og same person er representant i begge organ.

Utgangspunktet er kommunelova § 40 nr. 1 der det heiter at den som er vald som medlem av kommunalt eller fylkeskommunalt folkevald organ, har plikt til å delta i møta til organet. Denne regelen gjeld ikkje berre fylkesting og kommunestyre, men og alle nemnder, styrer, utval, råd, m.v. Kommunelova skil ikkje mellom fylkeskommunale eller kommunale verv. Dei er i utgangspunktet likestilte.

Departementet var av den oppfatning at møteplikt i eit organ vil vere gyldig forfall i eit anna organ der same person har møteplikt samstundes. Det vart lagt til grunn at det er representanten sjølv som må avgjere kva organ han/ho skal møte i.