Bremanger kommune - motsegn til detaljregulering for Aksla (steinbrot og utskipingshamn)

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for Aksla i Bremanger kommune. Departementet legg vekt på at omfanget av uttaksområdet og storleiken på utskipingskaia er vesentleg redusert gjennom planprosessen. Det er òg gitt føresegner for å avgrense dei negative miljøverknadene. Departementet vurderer at samfunnsnytta ved gjennomføring av planen er stor, og at med dei endringane som er gjort i planen så vil konsekvensane for landskap og naturmangfald vere akseptable.

Bakgrunn

Reguleringsplan for Aksla i Bremanger kommune er send til departementet frå Statsforvaltaren i Vestland i brev 15. juli 2022, grunna uløyste motsegner frå Riksantikvaren og Statsforvaltaren i Vestland. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegnene skal tas til følgje.

Planområdet ligg på Dyrstadhalvøya utanfor Svelgen. Føremålet med planen er å leggje til rette for eit steinbrot med produksjon av pukk og andre mindre steinfraksjonar på fjellet Aksla, ca. 590 moh. Planområdet omfattar i alt 2393 daa, med eit uttaksområde på ca. 850 daa. Det samla uttaket vil vere på om lag 130 millionar m3, tilsvarande 360 millionar tonn stein.

Planen legg vidare til rette for ei utskipingskai ved Inste Bårdvikneset på nordsida av halvøya ut mot Frøysjøen, med ei utfylling av sjøområdet langs fjorden vest for kaia. Knuseanlegg og transport av massar til utskipingsstaden skal etablerast inne i fjellet ned til kaiområdet. Eit sentralt prinsipp er at tyngdekrafta blir nytta til knusing, samtidig som ei innvendig sjakt vil redusere mengda støv frå anlegget ut i kringliggande område. Konseptet inneber at det er ei tett kopling mellom uttaksområdet og utskipingskaia, både når det gjeld avstand og fall.

I gjeldande kommuneplan frå 2004 er området for steinbrotet i hovudsak vist som LNF-område, og noko som område for pukk. Kommunen er i prosess med å revidere både samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen. Steinbrotet er foreslått regulert til «bygningar og anlegg» med masseuttak og industri.

På Sætrefjellet, i nærleiken av Aksla, ligg det eit eksisterande steinbrot. Brotet har utskipings­kai på Dyrstad, på sørsida av halvøya langs Nordgulen. Steinbrotet drivast av det nederlandske firmaet Beheersmij Fr. Bontrup BD, som òg er tiltakshavar og forslagsstillar for reguleringsplanen for Aksla. Saman med Sætrefjellet utgjer Aksla ein nasjonalt viktig førekomst av devonsk sandstein. Massane blir eksportert til Europa, og skal mellom anna nyttast som tilslagsmateriale i asfalt, tildekking av røyrgater under vatn, utviding av landareal og jernbanebygging. Sjølv om dei to steinbrota skal drivast uavhengig av kvarandre, har både utbyggar og kommunen peikt på at det vil vere ein stor fordel med to utskipingskaiar, mellom anna fordi det tidvis er lang ventetid på den eksisterande kaia på Dyrstad. Tilkomsten til steinbrotet på Aksla skal etter planen vere via den eksisterande anleggsvegen frå Dyrstad til Sætrefjellet.

Det ligg eit vindkraftanlegg, Hennøy vindpark, lengre ut på Dyrstadhalvøya sørvest for planområdet. To av turbinane kan i dag sjåast frå Vingeneset, der helleristingane i Vingen ligg. Av inngrep langs Frøysjøen ligg det blant anna eit akvakulturanlegg aust for Hennøya, og det er gitt konsesjon til ein ny oppdrettslokalitet langs fjorden.

Planforslaget blei betydeleg endra etter første offentlege ettersyn, med tilhøyrande oppdatering av konsekvensutgreiinga. Hovudendringane i det reviderte planforslaget er at fjellprofilen til Aksla blir ståande att mot fjordrommet i nord. Steinbrotet blei redusert frå 1200 dekar til 836 dekar, og planområdet for utskipingshamn ved Frøysjøen blei redusert frå om lag 45 dekar til 30 dekar. I tillegg skal det etablerast nytt landareal for lagring av steinmassar og areal for fortøying ved utfylling i sjø. I revidert plan er det planlagt å nytte eit mobilt knuseverk ved uttaksområdet i ein oppstartsfase.

Riksantikvaren fremja i brev 10. september 2020 motsegn til planen av omsyn til landskap og kulturmiljø av nasjonal og internasjonal verdi i området. Riksantikvaren meiner at  steinbrotet, og særleg utskipingskaia ved Frøysjøen, vil ha negativ verknad på landskapet og kulturmiljøet i Vingen. Vingen bergkunstområde er ein av Nord-Europas største samlingar av helleristingar, og er av internasjonal verdi som kulturminne. Riksantikvaren framhevar at samanhengen mellom helleristingsfelta inst i Frøysjøen og resten av fjorden inkludert fjellet Hornelen, er utan større moderne landskapsinngrep, og at dei unike kvalitetane ved landskapet er synlege. Riksantikvaren viser til at steinbrotet og utskipingskaia vil endre landskapet på ein markant måte, og meiner det er viktig å bevare området for framtida. Utskipingsområdet inneber òg inngrep i to automatisk freda kulturminne slik at etablering av ei utskipingskai vil krevje dispensasjon frå kulturminnelova.

Riksantikvaren vurderer at dei endringane som er gjort i planen etter første høyring, har lite å seie for den samla verknaden av inngrepet på det unike kulturmiljøet og landskapet. 

Etter ei avgrensa høyring av planen, opprettheld Riksantikvaren i brev 14. januar 2021 motsegna.

Statsforvaltaren i Vestland fremja i brev 15. januar 2021 motsegn til planen. Statsforvaltaren meiner at ei utskipingskai ved Frøysjøen får vesentlege negative konsekvensar for naturmiljø, landskapsverdiar og kulturmiljø av nasjonal verdi.  Statsforvaltaren peiker på at Frøysjøen frå Gulenfjorden til Rugsundøy har heilt spesielle landskapskvalitetar. I tillegg til nasjonalt viktige landskapselement som Hornelen og Vingen, skil området seg ut ved å vere blant dei største i ytre fjordstrok på Vestlandet med intakt vegfri gradient frå fjord til fjell.

Når det gjeld naturmangfald skriv statsforvaltaren at det vil bli omfattande skade på naturtypelokaliteten på Inste Bårdvikneset. Ein tredel til halvparten av lokaliteten vil bli direkte øydelagt av utskipingsanlegget. Inste Bårdvikneset er eit av dei største områda med naturtypen rik boreonemoral regnskog i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og det er registrert 12 raudlista artar og ni ansvarsartar i lokaliteten. Den utgjer det viktigaste kjerneområdet i eit større areal som omfattar både Inste og Ytste Bårdvikneset, og som blei vurdert til å vere av regional og nasjonal verneverdi allereie ved første gongs kartlegging. Etter dette har det kome til fleire funn av raudlista artar og ansvarsartar. At vegar, skjeringar, fyllingar og kaiområde er forsøkt lagt utanom kartfesta funnområde for dessa artane, betyr etter statsforvaltaren si vurdering ikkje at ein unngår skade.

Sjølv om det i konsekvensutgreiinga frå 2020 er gjort greie for kva alternative stader for utskiping på sørsida av Aksla som har vore vurdert, men ikkje funne realistiske å gjennomføre, meiner statsforvaltaren at fleire alternativ burde ha blitt utgreia grundigare. Statsforvaltaren meiner òg at det er lagt for stor vekt på økonomiske konsekvensar når alternative utskipingsstader er forkasta i tidleg fase. Statsforvaltaren viser vidare til at planen er i strid med arealdelen i kommuneplanen. Statsforvaltaren ser det som viktig at berekrafta i prosjektet må ha eit breiare perspektiv enn transport og ventetid for skip. Sjølv om steinførekomsten er ein avgrensa ressurs, må slike uttak avklarast i overordna planar med heilskaplege og alternative vurderingar, spesielt av kvar det er rett stad å skipe ut massane.

Mekling er ikkje gjennomført i saka. Kommunen viser i brev 30. september 2021 til at det i planprosessen har vore halde dialogmøte og synfaringar. Det er gjort store endringar i planen, både ved ein betydeleg reduksjon av steinbrotet og endringar i utskipingsområdet, og det er sett strenge, detaljerte føresegner i planen. Kommunen vurderer at det ikkje er råd å kome fram til semje om planen, og det er difor ikkje gjennomført mekling i saka.

Bremanger kommune vedtok reguleringsplanen for Aksla den 29. april 2021.

Kommunen viser til at steinbrotet i driftsfasen vil gje 20-30 arbeidsplassar, der omlag halvparten vil vere fast busette i nærområdet. I anleggsfasen reknar ein med 30-50 arbeidsplassar. Mange lokale verksemder er leverandørar til verksemda. Synergieffekten for lokalsamfunnet er stor, og viktig for kommunen.

Etterspurnaden etter devonsk sandstein er stor, og kommunen meiner at eit steinbrot på Aksla er naudsynt for å sikre marknaden tilstrekkelege mengder av denne type stein. Den nye kaia ut mot Frøysjøen vil gje større fleksibilitet ved ulike vindtilhøve og ulike problem med drifta, og dermed sikre ein jamn levering til marknaden. Kommunen vurderer òg at reguleringsplanen er tilstrekkeleg konsekvensutgreidd. Forslagsstillar har gjort store endringar i planen, gjennom betydeleg reduksjon av steinbrotet og endringar i utskipings­området. Vidare har kommunen sett strenge, detaljerte føresegner for å sikre at miljøulemper som til dømes støv og støy blir minst mogleg, og at inngrep i samband med steinbrot og utskipingsområde blir så små som mogleg. Kommunen meiner at tilpassingane og endringane gjer at verknadene for naturmiljø, kulturmiljø, landskap og kulturminne kan aksepterast, og at planen gir ein god balanse mellom bruk og vern.

Statsforvaltaren i Vestland rår i oversendingsbrevet 15. juli 2022 å ta motsegna til følgje på grunn av dei store nasjonale verdiane som blir råka, og fordi det manglar ei overordna vurdering av alternativ til eit steinbrot på Aksla. Tilrådinga gjeld for heile steinbrotet, både anlegget og utskipingskaia.

Statsforvaltaren meiner at lokalisering av eit nytt steinbrot på Aksla må skje med grundige utgreiingar og heilskaplege vurderingar i overordna planar. Statsforvaltaren peikar på at det alt er ein godkjent reguleringsplan for steinbrotet på Gulestø. Sjølv om denne planen vil trenge ei oppdatering, meiner statsforvaltaren at dette er eit godt alternativ til eit uttak på Aksla.

Statsforvaltaren forstår saka slik at det innanfor det omtvista planområdet er mogleg å finne og etablere utskipingskai på sørsida av halvøya. Statsforvaltaren peiker på at det er økonomiske vurderingar av etableringa og drifta som gjer at ein ikkje vel eit slikt alternativ. Ei utskipingskai på sørsida må vegast mot verknadene av inngrepa i naturverdiar og kulturminne ut til Frøysjøen, og ikkje berre ut ifrå økonomiske omsyn.

Møte og synfaring blei gjennomført 7. oktober 2022 med representantar frå Bremanger kommune, Riksantikvaren, Miljødirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Tiltakshavar Beheersmij Fr. Bontrup BV (Nederland) og Multiconsult var òg til stade.

Bremanger kommune har i brev datert 20. oktober 2022 til departementet utdjupa sitt syn på saka. Kommunen viser til at Aksla ligg i eit område med fleire store inngrep, både Hennøy vindpark og steinbrotet på Sætrefjellet. Sjølv om det er vedteke ein reguleringsplan for steinuttak i Gulestø, vil dette innebere inngrep i eit nytt og urørd område. Dersom detalj­regulering for eit steinbrot på Aksla blir godkjent, vil Gulestø bli tatt ut av kommuneplanen som no er under revisjon.

Kommunen viser til at det er vedteke frivillig skogvern av to lokalitetar av naturtypen boreonemoral regnskog i kommunen, og at lokaliteten ved Inste Bårdvikneset ikkje er eit av desse. Bremanger kommune ligg òg utanfor det som er vurdert som kjerneområde for rik boreonemoral regnskog, jf. Miljøfagleg Utredning frå 2018.

For utskipingsområde har fleire alternative områder vore vurdert. Kommunen peikar på at alternativa er skredutsette, kjem i konflikt med fylkesvegen eller kommunal veg, og nokre har lite lagerplass. Tre av dei fire alternative utskipingsstadene har ikkje eigna hamneforhold. Eitt av alternativa er mogleg å gjennomføre, men kommunen meiner at alternativet ikkje er reelt på grunn av kostnadane og at drifta vil vere lite miljøvennleg. Kommunen meiner difor at ein utskipingskai i Inste Bårdvikneset er best egna. Kommunen peikar òg på at steinbrota på Sætrefjellet og Aksla ikkje kan slåast saman då dette vil vere i konflikt med nye kraftliner, og gjere det umogleg å passere aust-vest.

Kommunen viser òg til regjeringa si målsetjing om å skape fleire grøne og lønsame arbeidsplassar, styrke investeringane på fastlandet, auke eksporten utanom olje og gass med 50 % innan 2030 og kutte klimagassutslepp på 55 % innan same år.

Klima- og miljødepartementet (KLD) rår i brev 20. desember 2022 å ta motsegna til følgje. Planforslaget er i konflikt med nasjonale miljøinteresser, mellom anna ein trua naturtype-lokalitet med fleire raudlisteartar og ansvarsartar som vil forringast viss planforslaget blir realisert. Den planlagde utskipingshamna på Inste Bårdvikneset vil føre til delvis nedbygging og sterk fragmentering av ein boreonemoral regnskog, som er ein sårbar (VU) naturtype. Lokaliteten på Inste Bårdvikneset er ein av dei største kjente lokalitetane med rik boreonemoral regnskog i Noreg. Vidare er det kartlagd 12 raudlista artar og ni ansvarsartar der, mellom anna fossegrimemose (sterkt trua – EN), kvitkurle og praktfiltlav (begge sårbare – VU). Naturtypelokaliteten er ikkje fullstendig kartlagd, og etter departementet si vurdering er det sannsynleg at det kan finnast fleire artar av nasjonal forvaltningsinteresse i området. Inste Bårdvikneset er registrert som ein svært viktig lokalitet (A-lokalitet) med høg vekt på artsmangfald, storleik og topografi/lokalklima.

Klima- og miljødepartementet peiker vidare på at planområdet ligg ut mot Frøysjøen. Landskapet rundt Frøysjøen er intakt og vegfritt frå fjord til fjell, og har historiske og visuelle kvalitetar og kulturmiljø av nasjonal verdi. Landskapsrommet omfattar mellom anna  Hornelen og helleristingsområdet Vingen, som er freda og av kulturhistorisk verdi. Området har i tillegg fleire andre kulturminne som er automatisk freda. Departementet vurderer at landskapet er av nasjonal verdi på bakgrunn av natur- og kulturhistoriske verdiar, som intakt gradient mellom fjord og fjell og kulturmiljø av nasjonal verdi.

Departementet gjer merksam på at området rundt Frøysjøen inkludert Aksla, Hornelen og Vingen, er foreslått som eit kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse (KULA) og at området vis à vis planområdet er foreslått for vern som nasjonalpark, der fjellformasjonen Hornelen er sentral. Det er ikkje gjort vedtak som gir område KULA-status enno, og departementet har difor ikkje lagt avgjerande vekt på dette.

Departementet anerkjenner at endringane i planen som blei gjort etter første gongs offentleg ettersyn, truleg vil redusere dei negative verknadene på landskapsverdiane frå opphaveleg planforslag. Samtidig vurderer departementet at revidert planforslag òg vil ha ein negativ effekt på landskapsverdiane i området. Ein ny utskipingshamn med tilhøyrande infrastruktur og skipstrafikk mot Frøysjøen vil punktere den ubrotne linja frå fjord til fjell som nå går langs heile fjorden. Inngrepet vil redusere landskapskvalitetane i området, i tillegg til å forringe visuelle kvalitetar og opplevingsverdiar i landskapsrommet dette er ein del av.

Klima- og miljødepartementet meiner vidare det er uheldig at det ikkje er gjennomført nokon heilskapleg vurdering av alternative områder for uttak og utskiping av devonsk sandstein. Departementet meiner mellom anna at det er uklart kvifor ikkje eksisterande utskipingskai på Dyrstad kan nyttast, utover dei økonomiske argumenta. Det kan òg synast som at  steinbrotet på Aksla og utskipingshamna på Inste Bårdvikneset hovudsakeleg er meint som ei reserveløysing for tiltakshavar. Dette er etter Klima- og miljødepartementet si vurdering ikkje tilstrekkeleg til å bygge ned og vesentleg forringe ein svært viktig trua naturtypelokalitet, redusere landskapskvalitetar og negativt påverke miljøverdiar av nasjonal betyding.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal ta stilling til motsegna frå Riksantikvaren og statsforvaltaren, og vurdere om forslag til reguleringsplan for steinbrot på Aksla kjem i konflikt med nasjonale eller vesentleg regionale interesser.

Det følgjer av dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging at kvalitetar i landskapet blir vareteke i planlegginga, og at landskap av nasjonal og regional verdi blir bevart. Kulturminna og kulturmiljøet i tilknyting til planområdet er godt dokumentert, og er av kulturminnestyresmaktene vurdert å være av nasjonal og vesentleg regional interesse. Spesielt helleristingane i Vingen utgjer eit viktig kulturminne både i Noreg og i Europa, og er av nasjonal og internasjonal verdi.

Departementet vurderer at det særleg er den planlagde utskipingskaia ved Inste Bårdvikneset, med tilhøyrande aktivitet og skipstrafikk, som vil ha størst verknad for kulturminna og landskapet ved Frøysjøen. Konseptet for korleis steinmassane bli handsama og frakta ut av området tilseier likevel at uttaksområdet og utskipingsområdet heng tett saman og må sjåast i samanheng, noko både tiltakshavar og kommunen har vore tydelege på. Departementet vurderer difor at det ikkje er ei aktuell løysing å berre godkjenne den delen av planen som gjeld uttaksområdet.

Landskap og kulturminne

Frøysjøen er eit ope hav- og fjordlandskap med markante fjellformasjonar. På andre sida av fjorden ligg Hornelen som er den nordlegaste sjøklippa i Europa, og som er eit viktig natur- og friluftsområde med utsikt mellom anna mot Aksla.

I revidert reguleringsplan datert 2. februar 2021 er uttaksområdet på toppen av Aksla redusert med ca. 30 %, og profilen på Aksla blir bevart. Det er òg føreslått at steinmassar frå uttaket blir midlertidig lagra på toppen av fjellet framfor ved sjøen slik at inngrepa langs sjøen vert redusert. Vidare er kaianlegget nær halvert i størrelse, og flytta lengre vest langs fjorden. Det er òg gitt fråsegn i planen om at tiltak og inngrep best mogleg blir tilpassa til landskapet langs sjøen.

Departementet meiner at det gjennom endringar og føresegner i planen er gjort viktige tiltak for å avgrensa dei negative verknadene på landskap og kulturminne. Ein bevaring av profilen på fjellet vil gjere uttaksområdet mindre synleg sett frå Frøysjøen slik at heilskapen i landskapet blir betre tatt omsyn til. Kaianlegget er òg vesentleg redusert. Avstanden frå det planlagde kaianlegget til helleristingsområdet i Vingen er ca. 5-6 km. Sett frå Vingen-område vil kaia liggande delvis skjult bak Hennøya, og dermed bli mindre synleg.

Naturmangfald

Inste Bårdvikneset er registrert som ein A-lokalitet (svært viktig) med naturtypen rik boreonemoral regnskog. Lokaliteten er i følgje Miljødirektoratet ein av dei største kjente lokalitetane i landet. Det er òg registrert fleire raudlisteartar og ansvarsartar som vil bli forringa dersom området blir bygd ut. Det er òg kartlagt 12 raudlista artar og ni ansvarsartar i området. Utskipingsområdet på Inste Bårdvikneset slik planen var ved første gangs høyring ville innebere direkte nedbygging og fragmentering av naturtypen boreonemoral regnskog, og kunne gjere uboteleg skade på naturmangfald av nasjonal verdi. Omfanget av kaiområdet redusert, og det er i planen gitt fråsegner om sikring av viktig biologisk mangfald gjennom anleggsfasen med fysisk avgrensing med gjerde e.l.

Steinen frå uttaket vil etter planen bli frakta i tunnel til utskipingskaia, og støy og støv i landskapet rundt uttaksområdet blir vesentleg redusert. Anleggsarbeidet vil likevel generere støv som kan verke negativt inn på naturområdet i og rundt drifta. Departementet oppfattar likevel at innvendingane mot sjølve steinbrotet har blitt mindre etter at planen blei endra. Det går òg fram av uttalen til Klima- og miljødepartementet.

Departementet meiner det gjennom endringar i planen er gjort viktige  tiltak for å redusere dei negative verknadene på naturmangfaldet i planområdet. Til tross for endringane vil tiltaket likevel, og då særleg utskipingskaia, øydelegge deler av området og fragmentere naturtypelokaliteten. 

Vurderingar etter naturmangfaldlova

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Slik saka ligg føre er dei største utfordringane knytt til naturmangfaldet i området ved den planlagde utskipingskaia.

Det er innhenta kunnskap frå Artsdatabanken si oversikt over artar og naturtypar og frå naturbase frå Miljødirektoratet. Det er òg innhenta data frå feltkartlegging i samband med konsekvensutgreiinga for naturmangfald. Departementet vurderer at det er eit godt kunnskapsgrunnlag om naturmangfaldet i planområde, jf. lova § 8. Sjølv om heile område langs Inste Bårdvikneset ikkje er undersøkt, er det nok dokumentasjon til å ta stilling til planen, og føre-var prinsippet kjem ikkje til bruk, jf. lova § 9.

Etter lova § 10 skal ein påverknad av eit økosystem vurderast ut frå den samla belastninga som økosystemet er eller vil bli utsett for. Kommunal- og distriktsdepartementet er ikkje kjend med at naturmangfaldet i området vert påverka av andre tiltak eller andre påverknadsfaktorar enn planlagt utbygging. Tiltaket vil fragmentere og dels øydelegge ein viktig førekomst av naturtypen boreonemoral regnskog. Bremanger kommune har opplyst at det er vedteke frivillig skogvern av to andre lokalitetar av naturtypen i kommunen, Gaddeskogvatn ved Vingesetra og Bugen i Botnane. Det har ikkje vore forslag om vern av lokaliteten ved inste Bordvikneset (rik boreonemoral regnskog). Det er registrert 1,4 km2 med rik boreonemoral regnskog på Vestlandet. Bremanger kommune ligg utanfor det som er vurdert som kjerneområde for rik boreonemoral regnskog (Rogaland og tidlegare Hordaland), ref. Miljøfaglig Utredning, rapport MU2018-10 «Naturfaglige registreringer av kystfuruskog, sammenstilling av kartleggingsresultater 2012-2017».

Naturmangfaldlova § 11 stiller krav om at tiltakshavar skal dekke kostnadene ved å hindre eller avgrense skade på naturmangfaldet. Tiltakshavar har etter lova ein plikt til å gjere dei naudsynte tiltaka for å verne om naturmangfaldet på Inste Bårdvikneset. Naturmangfaldlova stiller òg krav om bruk av miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar og lokalisering som unngår eller avgrensar skader på naturmangfald, jamfør lova § 12.

Det er i den reviderte planen stilt fleire rekkefølgjekrav for sikring av naturmangfaldet både ved uttaksområdet og langs sjøen. Det er òg stilt krav til overvakingsprogram for miljø­tilstanden ved vassdraga, og krav om gjennomføring av eit måleprogram knytt til nedfall av støv. Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at dei vedtekne planføresegner tar i vare lova § 12 om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar.

Vurderingar etter vassforskrifta § 12

Dei biologiske undersøkingane «Undersökning, bottenfauna: Skorabovatnet 2020, På uppdrag av MultiConsult A» som blei gjort i september 2020 tyder på at Skorabovatnet nær det planlagde uttaksområdet på Aksla er funksjonelt og i god, men kanskje noko ustabil balanse med omsyn til rekruttering og vekst av fisk. Vatnet ber allereie preg av god nærings­tilgang. Sjølv om innhaldet av fosfor i vatnet bidreg til å hindra uønskt algevekst, er det ønskeleg å minimere nitrogenbelastninga i vatnet. Større tilførsel av suspendert stoff som blir liggande på botnsubstratet, vil gje ein ugunstig påverknad. I tillegg kan partiklar frå spreng­stein verke negativt. Det ser ikkje ut til at vatnet er vesentleg påverka av finstoffpartiklar frå drifta ved Sætrefjellet. Dette bør òg være mogleg å oppnå ved ei drift på Aksla, da det er forutsett effektive sedimentasjonsbasseng oppstrøms Skorabovatnet, inkludert gode driftsrutinar for tømming og vedlikehald.

Med avbøtande tiltak som sedimentasjonsbasseng og god kontroll over finpartiklar, vurderer departementet at tiltaket ikkje vil påverke tilstanden i vassførekomstane. Vassforskrifta § 12 kjem difor ikkje til bruk.

Det følgjer av vassforskrifta at omsyn til kystvatn òg skal bli vurdert. Frøysjøen er i følgje Vann-nett klassifisert med god økologisk og kjemisk tilstand. Påverknaden frå utslepp til Frøysjøen er i dag særleg frå fiskeoppdrett og eksistande steinbrot. I følgje Vann-nett er utsleppa diffuse. Det er avsett eit akvakulturområde ikkje langt frå utskipingskaia som kan påverkast av partiklar frå sprengstein og anna støv frå drifta. Departementet legg til grunn at steinbrotet vil krevje utsleppsløyve etter forureiningslova, og at påverknad og konsekvensar både for ferskvatn og kystvatn vil bli utgreidd og vurdert nærare av forureinings­styresmaktene i ei eventuell framtidig søknad om utsleppsløyve.

Vestland fylkeskommune hadde som regional vass-styresmakt tidlegare motsegn knytt til planforslagets påverknad på vasskvalitet, men denne motsegna er seinare trekt.

Utgreiing av alternativ utskipingshamn

Den vedtekne lokaliseringa av steinbrotet med utskipingshamn er ikkje tråd med gjeldande arealdel til kommuneplanen. Det er difor ikkje gjort ein heilskapleg utgreiing av alternativ for uttaksområde og utskipingskai på kommuneplannivå. Dette er ein grunn til at det er usemje mellom kommunen og motsegnsstyresmaktene om ein har gjort ein grundig nok jobb med å vurdere moglege alternativ. Motsegnsstyresmaktene har peika på at det først og fremst er utskipingskaia som utgjer eit problem i saka og meiner at alternativ til plassering av ei utskipingskai ikkje er tilstrekkeleg utgreidd i revidert konsekvensutgreiing.

I brev til departementet av 20. oktober har Bremanger kommune gjort greie for vurderingane som er gjort knytt til utgreiing av alternative utskipingskaier. Kommunen viser til at det har vore vurdert alternativ på nordsida av Nordgulen (Dyrstad-sida), men at desse ikkje har blitt fullstendig konsekvensutgreidde då det i ein tidleg fase var klart at dette ikkje var reelle alternativ, både av omsyn til plassering, tilgjengeleg areal og topografi, driftsomsyn og berekraftvurderingar. Kommunen meiner det er behov for to utskipingsstader av omsyn til mellom anna leveringstryggleik, kapasitet og fleksibilitet. Det er i følgje kommunen ikkje mogleg å lagre meir masse på utskipingsstaden på Dyrstad, og ein må sikre seg i høve til utskiping i tilfelle havari på faste installasjonar, problem med sjakt, og ugunstig ver.

Bremanger kommune peiker òg på at alternative utskipingsområde er skredutsette og vil vere vanskelege å sikre, om dei i det heile kan sikrast. Alternativ på Nordgulensida kjem i konflikt med bruken av fylkesveg eller kommunal veg, og har lite lagerplass. Ein har erfaring med betydelege ulemper av utskipingsstad inntil kommunal veg, i samband med eksisterande utskipingsstad på Dyrstad. Tre av fire alternative utskipingsstader som er vurderte, har ikkje eigna hamneforhold. Eitt alternativ er vurdert til å vere gjennomførbart, men ikkje reelt, då det er svært kostbart og at ein får ein lite miljøvennleg driftsmåte. Ved hjelp av tyngdekrafta produserer verksemda i dag 1/3 av elektrisitetsbehovet for eksisterande prosessanlegg. Nytt anlegg skal ha same berekraftige løysing, og på grunn av avstand og høgdetilhøve vil ein ikkje få til same miljøgevinsten ved andre utskipingsalternativ.

Etter forskrift om konsekvensutgreiingar, § 19 2. ledd, skal konsekvensutgreiinga gjere reie for dei alternativa til utforming, teknologi, lokalisering, omfang og målestokk som forslags­stillar har vurdert, og ein utgreiing av relevante og realistiske alternativ. I denne saka er det etter fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn utgreidd eit betydeleg nedskalert alternativ. Det er såleis eit heilt anna alternativ enn det opphavelege når det gjeld utforming, omfang og målestokk som no er vedteke av kommunen.

Reguleringsplanen omfattar ikkje ei formell utgreiing av alternative lokaliseringar. Det blei i 2020 laga eit notat som viser dei alternative utskipingsområda som er vurdert og kvifor desse blei forkasta i ein tidleg fase. Utskiping frå sør er her omtala som ikkje gjennomførbart av økonomiske/driftsmessige grunnar, mellom anna basert på lengda og hellingsgraden på tunnelen mellom uttaksområde og utskipingskai. Som nemnt over har kommunen i brev av 20. oktober 2022 gjort ytterlegare reie for dei vurderingane av alternativ som er gjort.

Kommunal- og distriktsdepartementet meiner det er en svakheit ved reguleringsplanen at vedtaket ikkje er basert på en fullstendig konsekvensutgreiing av aktuelle utskipingsanlegg. Særleg når det valde alternativet får så store negative verknader for naturen, hadde det styrka avgjerda med eit meir fullstendig avgjerdsgrunnlag. Departementet er einig med dei som har uttalt at eit så stort tiltak som dette burde vore handsama gjennom rullering av kommuneplanens arealdel. Dette ville gitt eit betre grunnlag for ein systematisk vurdering og samanlikning av alternativ. Departementet legg imidlertid til grunn at både forslagsstillar og kommunen faktisk har gjort ein grundig vurdering av aktuelle løysingar og lokalitetar, og at desse er vurdert å ikkje vere relevante eller realistiske, anten ut frå økonomi, gjennomføring, eller andre forhold.  

Konklusjon

Departementet vurderer at samfunnsnytta av det planlagde steinbrotet er stor. Devonsk sandstein ein avgrensa ressurs, som det er stor etterspurnad etter. Kommunen har anslått at eit steinbrot på Aksla vil gi moglegheit for etablering av nye arbeidsplassar. Kommunen meiner at tiltaket kan gi 30 til 50 nye arbeidsplassar i anleggsfasen og 20 til 30 i driftsfasen. Vidare er mange lokale verksemder leverandørar til tiltakshavar, noko som gjev positive ringverknader i lokalsamfunnet.

Samfunnsnytta må vegast opp mot dei negative verknadene for miljøet. I denne saka gjeld dette først og fremst at ein stor og viktig lokalitet med boreonemoral regnskog vil bli fragmentert og delvis øydelagd. I tillegg vil tiltaket ha negative verknader på landskap og kulturmiljø.

Etter ein heilskapleg vurdering finn Kommunal- og distriktsdepartementet at regulerings­planen for steinbrot på Aksla kan godkjennast. Departementet legg vekt på at det er arbeidd mykje med å redusere omfanget og utforminga av tiltaket for å redusere dei negative miljøverknadene. Departementet har òg lagt vekt på kommunens vurderingar av at det ikkje finst gode alternativ til den vedtekne lokaliseringa av utskipingskai. Departementet legg til grunn at kommunen tek ut uttaksområdet i Gulestø ved revisjon av kommuneplanen, slik dei har sagt at dei vil gjere, og at uttak her ikkje lenger er aktuelt.

Motsegnene frå Riksantikvaren og Statsforvaltaren i Vestland er med dette ikkje tekne til følgje.

 

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet detaljregulering for Aksla, vedteken av Bremanger kommunestyre den 29. april 2021.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 andre ledd.

Med helsing
Erling Sande

Kopi:
Bremanger kommune
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning
Vestland fylkeskommune