Kartlegging av behov for forsking innan areal- og samfunnsplanlegging, kart og geodata

På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har Agenda Kaupang laga ein rapport som har som føremål å identifisere kunnskapshol og vidare forskingsbehov innan areal- og samfunnsplanlegging, og kart og geodata.

Ved hjelp av dokumentstudiar og intervju med 49 informantar frå ulike sektorar, har konsulentane identifisert relevante kunnskapshol og forskingstema. Metodane for kartlegginga og vurderingane undervegs vert skildra i rapporten.

Intervjua vart gjennomførte mellom desember 2023 og februar 2024, og informantane representerte forsking, forvaltning, offentleg og privat sektor, i tillegg til interesseorganisasjonar.

Meir merksemd til langsiktig berekraft og samfunnsnytte i planlegginga er noko som vert trekt fram i kartlegginga. Rapporten peikar også på at mange kommunar strevar med å oppfylle staten sine forventningar til planlegging og, og at prosessane ikkje vert forstått godt nok.

Rapporten går inn i KDD sitt arbeid med på å bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag innan areal- og samfunnsplanlegging, kart og geodata.