M-2/2006 Ny skogbrukslov

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fastsatt 22.03.06

Ny skogbrukslov

Den nye skogbrukslova tok til å gjelde frå 1. januar 2006 slik det tidlegare er blitt informert om, m.a. på Landbruks- og matdepartementet sin nettstad.

Den nye lova er ei lov for næringsmessig utnytting av skogressursane og med reglar om miljøomsyn. Med få unntak er det no kommunen som har fullmakt etter lova som skogbruksstyresmakt i første ledd. Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i lova bli haldne, og kan innføre meldeplikt for tiltak i skogen. I høve til skogbrukslova frå 1965 er den nye lova tydelegare når det gjeld skogeigaren sitt forvaltaransvar, og plikta skogeigaren har til å forynge skog etter hogst. I dette rundskrivet gjer departementet greie for nokre av endringane i forhold til tidlegare skogbrukslov. I samband med ny skogbrukslov har departementet fastsett nokre endringar i vedtak og forskrifter. Desse følgjer som vedlegg.

Lov av 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova) tok til å gjelde frå 1. januar 2006.

Lova avløyser lov av 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern (skogbruksloven) med seinare endringar. Lov av 9. juni 1939 nr. 17 om husbruksskog og lov av 9. november 1956 nr. 4 om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket, er òg oppheva frå 1. januar 2006.

Forslaget til ny skogbrukslov blei lagt fram for Stortinget i Ot.prp. nr. 28 (2004-2005), og behandla av Næringskomiteen i Innst. O. nr. 61 (2004-2005). Kronprinsregenten sanksjonerte lova i statsråd 27. mai 2005.

Formålet med lova
Den nye lova har til formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen, jf. § 1. Lova legg til grunn at skogeigaren har ansvaret for å sjå til at alle tiltak i skogen blir gjennomførde i samsvar med lova og forskrifter gitt med heimel i lova. Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog, og ta omsyn til desse ved gjennomføringa av alle tiltak i skogen.

Forynging etter hogst og omdisponering av skogareal
Etter den nye lova kan skogeigaren sjølv velje når skogen skal hoggast, uavhengig av alder og storleik på trea. Den nye lova set tydelegare krav til skogeigaren om plikta til å forynge skogen etter hogst. Slik forynging kan skje både ved skogkultur og ved naturleg forynging, og departementet tek sikte på å fastsetje nærare reglar om tilfredsstillande forynging gjennom forskrift. Dersom skogeigaren ikkje sørgjer for tilfredsstillande forynging etter hogst, kan kommunen påleggje at det blir sett i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. Blir ikkje tiltaka utførte innan ein fastsett frist, kan kommunen - om den finn det nødvendig - setje i verk foryngingstiltaka for skogeigaren si rekning.

Den nye lova har ikkje føresegner om særskilt godkjenning når ein skogeigar ønskjer å bruke skogmark til eit anna formål enn skogproduksjon. Bakgrunnen for dette er at planlagd omdisponering av areala til andre formål enn landbruk skal godkjennast etter plan- og bygningslova og i nokre høve òg etter jordlova. Om skogmarka er dyrkbar må planlagd omdisponering som tidlegare vurderast i forhold til § 9 i jordlova, og nydyrking må behandlast etter reglane i nydyrkingsforskrifta. Om skogmark blir teken i bruk til eit anna landbruksformål som ikkje inneber oppdyrking - t.d. beite - krev dette ikkje godkjenning etter skogbrukslova. Kommunen må i slike tilfelle vurdere om dette er reelt, eller berre ei omgåing av plikta til forynging, og dersom det ligg føre ei omgåing gir § 6, 3. ledd i lova kommunen fullmakt til å gi pålegg om å setje i verk tiltak for å sikre at areala blir forynga.

Meldeplikt
Etter § 11 i den nye lova kan kommunen innføre meldeplikt for skogbrukstiltak. I føresegna er det teke inn nokre nærare reglar om praktiseringa av ei slik meldeplikt. Tredje ledd fastset at tiltaket kan setjast i verk dersom kommunen ikkje har svart på meldinga innan 3 veker.

Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Tillatelser gjeld i 10 år, jf. siste setning i 3. ledd. For å unngå uklare høve der meldeplikta no er fastsett etter § 19 i skogbrukslova av 1965, rår departementet kommunar som har innført slik meldeplikt til å fornye vedtaket slik at det får heimel i den nye lova.

Tilsyn og kontroll
Det er kommunane som skal føre tilsyn med at føresegnene i lova blir haldne, og kontrollere at vedtak med heimel i lova blir gjennomførde, jf. § 20 i lova. Klageinstans for kommunane sine vedtak er fylkeslandbruksstyret, om ikkje departementet har bestemt noko anna, jf. § 21 i lova.

Endringar i vedtak og forskrifter
Den nye skogbrukslova har gjort det nødvendig å gjere nokre endringar i ”Vedtak om overføring av myndighet til kommunen, fylkeslandbruksstyret, fylkesmannen, Statens landbruksforvaltning og Bergvesenet etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven”, fastsett 8. desember 2003, og ”Forskrift om saksbehandling mv. i kommunen i saker etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven”, som òg er fastsett 8. desember 2003.

Når det gjeld overføring av avgjerdsmakt, la St.meld. nr. 19 (2001-2002) til grunn at kommunane skulle få fullmakt til å avgjere alle saker etter skogbrukslova, unntatt m.a. fastsetjing av vernskoggrensar og reglar i samband med dette. Dette blei følgd opp i vedtaket om overføring av avgjerdsmakt av 8. desember 2003, som tok til å gjelde 1. januar 2004. I den nye skogbrukslova er fullmakt til å treffe vedtak som første instans gitt til kommunen direkte i lova, slik at det ikkje lenger er nødvendig med vedtak om overføring av avgjerdsmakt etter lova. Dei reglane i det nemnde vedtaket om overføring av avgjerdsmakt som gjeld skogbruks­lova er derfor oppheva, jf. vedlegg 2.

Med ei ny lov er heimelen for ”Forskrift om saksbehandling mv. i kommunen i saker etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven” av 8. desember 2003 nr. 1480 endra. Det er no heimel i § 20 i skogbrukslova til å gi forskrift om kommunane sin rapportering og resultatkontroll. Forskrifta vil fortsatt òg ha heimel i § 14 i konsesjonslova frå 2003 og § 3 i jordlova frå 1995. Ei forskrift med denne endringa ligg ved som vedlegg 3.

Overgangsreglar
Forskrifter som er gitt i medhald av dei lovene som blei oppheva frå 1. januar 2006 vil fortsette å gjelde fram til departementet har fastsett nye, jf. § 25 i lova. Departementet hadde to forskrifter ute på høyring hausten 2005, ei forskrift om berekraftig skogbruk og ei forskrift om skogfond mv. Ein kjem tilbake til fastsetjinga av desse med det første. Oppdatering av andre forskrifter som har hatt heimel i skogbrukslova frå 1965, og i dei andre lovene som er oppheva, vil bli gjort etter kvart. Vedtak fatta etter lova frå 1965, som fortsatt er aktuelle, vil òg gjelde fram til nye blir fatta, til dømes vernskogvedtak.

Fristane i den nye lova om plikta til å forynge etter hogst er knytte til tidspunktet for avslutta hogst, slik at fristane etter den nye lova gjeld sjølv om hogsten er gjennomført før lova tok til å gjelde.

Informasjon og oppfølging
Departementet har bestemt at Statens landbruksforvaltning skal ha ansvaret for informasjon og oppfølging framover knytt til den nye lova. Spørsmål om lovforståing og saksbehandling skal rettast til Statens landbruksforvaltning, som òg er klageinstans for vedtak etter lova når fylkeslandbruksstyret er første instans. Departementet legg til grunn at prinsipielle avgjerder og enkeltsaker av interesse for fleire blir gjort tilgjengelege på ei eigna nettadresse.

Med helsing

Ellen Hambro
ekspedisjonssjef

   
   

Ivar Ekanger
avdelingsdirektør