Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Motsegn - kommunedelplan for Sysendalen, Eidfjord kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner planlagt område for Eidfjord Resort med alpinanlegg i Eidfjord kommune. Departementet har lagt avgjerande vekt på kommunens behov for fleire heilårsarbeidsplassar og ynskje om å legge til rette for eit attraktivt tilbod i Sysendalen i form av eit moderne alpinsenter med alpinlandsby og nye fritidsbustader. Samtidig kan utbygginga påverka omsynet til villreinen på Hardangervidda negativt. Det er difor stilt krav i kommunedelplanen om tiltak for å redusere dei negative verknadene for villreinen. Mellom anna skal toppheisane vere stengt i kalvingstida. Dei konkrete omsyna til villrein og myrområda ved Drøllstølbekken må innarbeidast i reguleringsplan. Av omsyn til villreinen på Hardangervidda bør det ikkje planleggast for ytterlegare utbygging av alpinanlegg i Sysendalen. Departementet endrar planen når det gjeld rekkefølgjekrav til gang- og sykkelveg. Før talet på fritidsbustader har auka med 100 nye einingar innanfor planområdet, skal gang- og sykkelvegen langs Riksveg 7 mellom Fet og Fosslivegen være etablert. Plassering av gang- og sykkelvegen blir godkjend i samsvar med kommunen sitt forslag. Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland er etter dette ikkje tatt til følgje, mens motsegna frå Statens vegvesen er delvis tatt til følgje.

Bakgrunn

Departementet viser til Fylkesmannen i Hordaland (no Fylkesmannen i Vestland) sitt brev av 18. april 2018. Saka er sendt til departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16. Fylkesmannen i Hordaland har motsegn til område for Eidsfjord Resort med alpinanlegg og til trafikktryggleik langs Riksveg 7. Statens vegvesen har motsegn til planen knytt til trasé og rekkefølgjekrav for gang- og sykkelveg langs Riksveg 7.

Kommunedelplan for Sysendalen blei vedteken av Eidfjord kommunestyre 18. desember 2017. Kommunen ønskjer å skape eit attraktivt tilbod i Sysendalen i form av eit moderne alpinsenter med alpinlandsby og nye fritidsbustader. Føremålet med kommunedelplanen er å utvikle alpindestinasjonen Eidfjord Resort, å formalisere ein tidlegare utarbeidd sti- og løypeplan for Sysendalen, og å utgreie moglegheiter og konsekvensar ved bruksendring av fritidsbustader til bustader. Eidfjord kommune har om lag 900 innbyggjarar, og opplever nedgang i folketalet og i talet på arbeidsplassar. Kommunen har arbeidsplassar knytt til cruisetrafikken og turistattraksjonen ved Vøringsfossen og inntekter frå vasskraft, men treng fleire heilårsarbeidsplassar. Kommunen ønskjer òg å utvide tilbodet for cruiseturistar, og å satse meir på fritidsbustader og alpinsport.

I følgje planomtalen til kommunedelplanen er det alt godkjend reguleringsplanar for nærare 700–800 nye fritidsbustader innanfor kommunedelplan for Sysendalen. I forslag til detaljregulering for Eidfjord Resort vest, som går som ein parallell planprosess, er det planlagt 500 ferieleilegheiter og omlag 100 tomter for fritidsbustader. Dette kjem i tillegg til dei andre fritidsbustadene innanfor planområdet. Kommunen opplyste på møtet den 8. mai 2018 at dei forventar 75 årsverk når anlegget står ferdig og er i drift, og om lag 40–60 årsverk i ringverknader.

Fylkesmannen sine motsegner er knytt til nye område for fritids- og turistføremål F/T 1 og område for idrettsanlegg - alpinanlegg I 1 og I 2. Motsegnene er grunngjevne i omsyn til villrein, viktige område for friluftsliv, og konflikt med regional plan for Hardangervidda. Fylkesmannen har òg motsegn fordi risiko- og sårbarheitsanalysen viser at omsynet til trafikktryggleik ikkje er ivareteke.

Statens vegvesen sine motsegner er knytt til forslag til gang- sykkelveg langs ny Riksveg 7. Vegvesenet meiner at traseen må følgje dagens Riksveg 7 og leggjast i samanheng med dagens trasé og parkeringsplassar. Dei ønskjer vidare at omsynet til gang- og sykkelvegen blir sikra gjennom rekkefølgjekrav, og at det er betre samanheng mellom kommunedelplanen og detaljreguleringa for Eidfjord Resort.

Det er ikkje blitt halde ordinært meklingsmøte, men det har vore dialogmøte mellom partane, utan at dette har ført fram.

Hordaland fylkeskommune ved utvalet for kultur, idrett og regional utvikling har i vedtak av 10. mai 2016 tilrådd planen. Fylkesutvalet viser til at forslaget om alpindestinasjon Eidfjord Resort er i konflikt med soner for nasjonalt villreinområde og retningsliner for reiselivsutbygging i regional plan for Hardangervidda. Fylkesutvalet ser det likevel som viktig å vise fleksibilitet med grensene, då tiltaket er svært viktig for utviklinga i Sysendalen og Eidfjord. Utvalet viser til at planområdet er redusert med 600 dekar. Deler av alpinanlegget vert lagt ned til skilandsbyen, og heisen vert avgrensa til stolheis.

Eidfjord kommune har ikkje teke motsegnene til følge, fordi dei ikkje er samde i vurderinga til fylkesmannen om kva verdi området har for villreinen. Kommunen hevdar at ein må kunne justere grensene i den regionale planen i ein konkret kommunedelplan. Kommunen meiner vidare at det ikkje er sett noko særleg villrein i området, og at området difor er meir marginalt når det gjeld villreininteressene. Etter kommunen si vurdering må gang- og sykkelvegen følgje traseen for ny Riksveg 7, og rekkefølgjekrav for når ny gang- og sykkelveg skal være etablert, må kunne avklarast i reguleringsplanen for Eidfjord Resort.

Fylkesmannen i Hordaland viser i oversendingsbrevet til at planen er i strid med regional plan for Hardangervidda, og at det berre er sone G, nedst i Sysendalen, som opnar for alpinanlegg, hotell og andre reiselivsanlegg og fritidsbustader. I sone B, som er ein del av det nasjonale villreinområdet, er det berre tillate med mindre, klart definerte og avgrensa tiltak. Korkje i sone B eller C skal det tillatast ny fritidsbusetnad eller tiltak som alpinanlegg. Fylkesmannen peikar på at den regionale planen er vedteken av fylkestinga i tre fylke. Planen er retningsgivande for vidare kommunal planlegging, og bør ikkje fråvikast i eitt fylke aleine. Fylkesmannen har òg motsegn fordi kommunedelplanen vil føre til at eit stort og viktig våtmarks- og myrområde med stor verdi for friluftsliv og naturmangfald, vil bli bygd ned. Fylkesmannen støtter òg motsegna frå Statens vegvesen knytt til trafikktryggleik.

Møte og synfaring blei gjennomført i mai 2018 med representantar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet, Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Statens vegvesen Region vest, Fylkesmannen i Hordaland  og Eidfjord kommune. Utbyggjar for Eidfjord Resort var òg med.

Klima- og miljødepartementet viser i brev av 8. august 2018 til at Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå, og har den største villreinbestanden i Noreg. Villrein er ein nasjonal ansvarsart. Noreg har forplikta seg internasjonalt til å sikre villreinen og tilhøyrande leveområde. Som følgje av ein global tilbakegang på om lag 40 prosent sidan 1990, er villreinen nå rekna som trua (VU/sårbar) på den globale raudlista. Den viktigaste føresetnaden for å kunne ta vare på villreinen, er å sikre leveområde av tilstrekkeleg storleik og kvalitet. Ei av dei største utfordringane er bit for bit-utbygging, kor kvart enkelt inngrep isolert sett ikkje har stor negativ påverknad, men kor den samla belastninga over tid blir stor. Viktige funksjonsområde som vinterbeite, kalvingsområde og trekkvegar er spesielt sårbare for inngrep.

Etablering av alpinanlegg med stolheis og alpinbakkar innanfor eit nasjonalt villreinområde, vil medføre ein ny reduksjon av reinens leveområde. Stolheisen vil òg leggje til rette for meir ferdsel vidare inn i området, noko som kan ytterlegare redusere verdien området har for villreinen. Villreinen sin bruk av areala vekslar over tid, og med auka press på leveområdet, både på grunn av nye inngrep, auka ferdsel og som følgje av klimaendringar, er det viktig å unngå meir nedbygging.

Hardangervidda er det største av ti område i Noreg som er karakterisert som nasjonalt villreinområde. Den regionale planen for Hardangervidda er vedteken etter ein omfattande prosess. Dei regionale planane skal fastsetje ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for dei aktuelle fjellområda med influensområde. Dei skal medverke til å sikre både leveområde for villrein, nærings- og bygdeutvikling, og leggje til rette for friluftsliv og naturbasert næringsliv.

Klima- og miljødepartementet meiner at motsegna bør takast til følgje, særleg av omsyn til villrein, men òg fordi forslag til utbygging kjem i konflikt med eit svært viktig friluftsområde. Klima- og miljødepartementet legg òg vekt på at kommunen gjennom ein tidlegare kommuneplanprosess fekk frigjeve eit areal til utbygging av ein eksisterande skiheis inn i leveområdet for villreinen. Ein har difor allereie gjort ei avveging mellom arealbehovet til villreinen og behovet for utbygging og tilrettelegging for aktivitet og ferdsel, og konkludert med at leveområda til villreinen skal vektleggjast tyngre sør for Riksveg 7 enn nord for riksvegen.

Samferdselsdepartementet har uttalt seg i brev av 17. august 2018. Motsegna frå Statens vegvesen gjeld plassering av gang- og sykkelveg i høve til dagens veg og parkeringsplass, og rekkjefølgjekrav. Det er tre strekningar der vegvesenet vil avvike frå kommunen sin plan, og leggje gang- og sykkelvegen langs eksisterande veg.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at ein prøver å unngå mellombels løysingar ved bygging av gang- og sykkelvegar. Dei tre nemnde strekningane vil etter kvart bli utbetra. Departementet meiner difor at gang- og sykkelvegen må plasserast i tilknyting til framtidig trasé, slik kommunen ønskjer. Samferdselsdepartementet meiner vidare at kommunens forslag gjev tilstrekkeleg nærleik til parkeringsplassen.

Samferdselsdepartementet støttar Statens vegvesen i at det må leggjast inn rekkefølgjekrav. Vegdirektoratet har foreslått at rekkefølgjekravet blir utløyst når talet på fritidsbustader har auka med 100 einingar. Departementet legg til grunn at kravet vært nærare konkretisert i den vidare planlegginga. Departementet legg til grunn at kostnaden for bygging av gang- og sykkelveg, vil vere kommunen sitt ansvar, eventuelt utbyggar sitt.

Samferdselsdepartementet tilrår at motsegna frå Statens vegvesen til kommunedelplan for Sysendalen i Eidfjord kommune ikkje vert teken til følgje når det gjeld plassering langs eksisterande veg og nær parkeringsplass, men blir teken til følgje når det gjeld rekkefølgjekrav.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal vurdere om områda med motsegn kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale omsyn. Etter plan- og bygningslova § 11-16 avgjer departementet om motsegnene skal takast til følgje eller ikkje. Departementet kan i den samanheng gjere dei endringane i planen som er påkravd.

Nytt område for idrettsanlegg – alpinanlegg I1 og I2, og område for fritids- og turismeføremål F/T
Departementet viser til at Noreg har eit særskild ansvar for å ta vare på leveområda til villreinen. Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå og har den største villreinbestanden i Noreg. Hardangervidda er eit stort samanhengande høgfjells­økosystem, og er den einaste staden i Noreg der dei naturlege sesongvandringane til villreinen framleis er tilnærma oppretthaldne. Sjølv om området er stort, er det likevel tydeleg påverka av menneskeleg aktivitet. Dette omfattar mellom anna utbygging av fritidsbustader og fritidsaktivitetar, vasskraftverk, vegar og jernbane.

Miljøverndepartementet skriv i brev av 12. april 2007 følgjande om bakgrunnen for arbeidet med regionale planar for villreinfjella: ”Det er en overordnet nasjonal målsetting at Norges unike fjellandskap skal tas vare på som leveområder for sårbare arter, regionalt og nasjonalt rekreasjonsområde og som næringsgrunnlag for levende bygder. Fjellområdene skal forvaltes som landskap der kultur- og naturressursene, næringsutnytting og friluftsliv sikres og gjensidig utfyller hverandre. Villreinen skal ha en sentral plass i norsk fjellfauna også i framtiden, og det er et nasjonalt mål at villreinens leveområder skal sikres. Dette skal skje gjennom regionale planer. Planene skal fastsette en langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for de aktuelle fjellområdene med influensområder. De vil være retningsgivende for kommunal planlegging og gi føringer for statlig og fylkeskommunal sektorplanlegging. Planene vil være et ledd i oppfølgingen av regjeringen sin samlede politikk for fjellområdene”.

Den regionale planen har vore gjennom ein omfattande planprosess, og er vedteken av fylkestinga i tre fylke. Det er lagt stor vekt på å få eit godt kunnskapsgrunnlag om arealbruken til villreinen og andre omsyn i planområdet.

Kommunedelplan for Sysendalen legg til rette for nytt område for idrettsanlegg – alpinanlegg I 1 og I 2, og område for fritids- og turismeføremål F/T 1. Det er planlagd hotell, hytter for sal og utleigeeiningar, og i tillegg næringslokale. I området for alpinanlegg er det sett av areal til skiløyper og skiheisar. Området er i gjeldande kommuneplan sett av til LNF-område (landbruk-, natur- og friluftsområde).

Delar av området for idrettsanlegg (alpinanlegg I1 og I2), ligg i sone B – Nasjonalt villreinområde utanfor verneområde - i regional plan for Hardangervidda. Dette er område kor den regionale planen føreset at utmarksnæring og friluftsliv må tilpassast behova til reinen. Innanfor både sone B og C seier retningslinene i den regionale planen at det ikkje skal førast opp nye fritidsbustader.

Området for fritids- og turismeføremål F/T 1 er i den regionale planen i hovudsak i sone C – Fjell og anna utmark – område utanfor nasjonalt villreinområde med stor verdi for landskap, natur, og friluftsliv. Området er i gjeldande kommuneplan sett av til LNF-område (landbruk-, natur- og friluftsområde).

Planområdet for landsby med alpinanlegg var opphaveleg på 3500 dekar. Området for alpinanlegg er i planprosessen blitt redusert med omlag 600 dekar for å minske konflikten med nasjonalt villreinområde. Etter reduksjonen vil om lag 450 dekar av alpinanlegget liggje innanfor nasjonalt villreinområde i den regionale planen, mens resten av alpinlegget og heile fjellandsbyen vil ligge utafor.

Departementet viser til Klima- og miljødepartementet sin uttale om området sin verdi for villreinen. Sjølv om området ikkje er vinterbeite eller kalvingsområde i dag, inngår det i den samla arealbruken til villreinen, og er i bruk som beiteområde. Klimaendringar med høgare temperaturar, meir varierande snøtilhøve og nedising av beiteområde, gjer at ein i framtida kan forvente større variasjonar i måten villreinen brukar areala. Villreinens arealbruk varierer gjennom året og frå år til år, avhengig av tilgangen på beite. Med auka press på leveområdet, både på grunn av nye inngrep, auka ferdsel og som følgje av klimaendringar, er det viktig å hindre ytterlegare reduksjon av området gjennom utbygging og auka aktivitet.

Departementet viser til at dei negative verknadene av planen er forsøkt redusert ved at det nå ikkje er meir enn ca. 450 dekar av alpinanlegg som ligg innanfor nasjonalt villreinområde. Det er også sett av ein omsynssone for bevaring av naturmiljø, som inneber at alpinanlegget som ligg innanfor omsynssona, ikkje skal ha drift i perioden etter fyrste helg etter 1. mai fram til 15. juni, det vil seie i kalvingstida for villreinen. Ved detaljregulering skal det definerast eit areal kring toppstasjonen som er utforma slik at det avgrensar arealet som naturleg er tilgjengeleg kring toppstasjonen.

Departementet legg til grunn at desse tiltaka blir følgd opp i reguleringsplanen og i drifta av anlegget. Departementet viser også til at Norsk Villreinsenter har eit prosjekt om ferdsel, som omfattar Hardangervidda. Endelege resultat frå dette arbeidet vil komme våren 2019, og vil danne grunnlag for tiltak for å regulere ferdsel og andre forstyrringar. Departementet ber om at desse resultata tas i bruk ved planlegging av tiltak for å styre ferdselen i sårbare område ved Sysendalen.

Delar av alpinområdet og hovuddelen av bygningane vil liggje innanfor sone C (fjell og anna utmark) i regional plan for Hardangervidda. Denne sona omfattar fjellområde som ikkje lenger er naturleg å definere inn i nasjonalt villreinområde. I retningslinene til regional plan er det lagt til grunn at desse areala kan avlaste villreinområdet for ferdsel frå hytte- og reiselivsanlegg. Felles for desse områda er at dei av omsyn til landskap, dyreliv, inkludert villreinen, andre naturkvalitetar og/eller friluftsliv er ønskt  oppretthaldne som relativt urørte naturområde. Retningslinene til den regionale planen opnar for vidareutvikling av stølar, etablering av næringsbygg for dokumenterbar næring, og påbygg på eksisterande fritidsbustader.

Deler av C-områda i regional plan der det skal byggast alpinanlegg og alpinlandsby, har verdiar knytt til landskap, friluftsliv og naturmiljø. Aktiviteten som kommunedelplanen legg til rette for i dette området, er og av ein annan karakter enn det er gitt retningsliner om i den regionale planen. I kommunedelplanen er det difor krav i føresegna til vidare reguleringsplanarbeid om at omsyn til natur og biologisk mangfald knytt til Drøllstølbekken og kringliggande område skal vurderast, og det skal leggjast føringar i planen for å ta vare på desse verdiane på ein god måte. Ved prosjektering av ny tilkomstveg, må kryssingspunkta med stiar/løyper innarbeidast som ein del av vegløysinga, og det må leggjast vekt på å finne ei god utforming som ikkje reduserer brukbarheita til traseane.

Departementet vurderer at desse miljøkrava er heilt naudsynte for å redusere dei negative verknadene av utbygginga, og legg til grunn at dei blir følgd nøye opp i vidare planlegging og utbygging. Ein må også ta omsyn til hydrologien i området for å ta vare på kringliggande myrområde.

Denne saka handlar om konflikt mellom viktig lokal næringsutvikling og omsynet til nasjonale villreininteresser. For Eidfjord kommune er det eit sterkt ønskje om å legge til rette for nye heilårsarbeidsplasser i kommunen. Hordaland fylkeskommune, som har vedteke den regionale planen for Hardangervidda, har og støtta kommunen. Samtidig er planen endra for å redusere dei negative verknadene for naturmangfald, landskap og friluftsliv. Det er gitt føresegner om vidare reguleringsplanlegging for å motverke økt ferdsel inn i villreinens leveområde, og andre tiltak for å ta omsyn til landskap, naturmiljø og friluftsliv. Departementet legg til grunn at føringane for vidare planlegging blir følgd opp av kommunen og fylkesmannen. Departementet legg og til grunn at det må utgreiast tiltak for å unngå forstyrring av villreinen og regulere ferdsel inn i nasjonalt villreinområde, og at desse tiltaka må bygge på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Tiltaka må så langt det er mogleg innarbeidast i reguleringsplan.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har på denne bakgrunn godkjend nytt område for idrettsanlegg – alpinanlegg I1 og I2, og område for fritids- turismeføremål F/T i kommunedelplanen, i samsvar med Eidfjord kommunes sitt vedtak.

Vedtaket inneber ein reduksjon av nasjonalt villreinområde. Det bør ved revisjon av den regionale planen for Hardangervidda vurderast å finne areal som kan kompensere for dei areala som no blir utbygd.

Trafikktryggleik langs Riksveg 7
Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til Statens vegvesen sine vurderingar om at Riksveg 7 har høg sommardøgntrafikk, og at det er sannsynleg at talet på gåande og syklande vil auke i framtida. Det vil gjere det naudsynt med betre sikring av mjuke trafikantar. Det er difor viktig for trafikktryggleiken med nokon lunde samtidig etablering av gang- og sykkelveg langs eksisterande Riksveg 7 mellom avkøyring til Fet og Fosslivegen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sluttar seg til Samferdselsdepartementet sin tilråding om at  traseen for gang- og sykkelveg kan gå langs den framtidige Riksveg 7, for å fange opp mest mogleg av dei mjuke trafikantane. Det blir samtidig teke inn eit rekkjefølgjekrav om at gang- og  sykkelvegen skal være etablert når talet på fritidsbustader har auka med 100 einingar innanfor heile planområdet for kommunedelplan for Sysendalen.

Departementet viser til at Samferdsledepartementet har lagt til grunn at kostnaden for bygging av gang- og sykkelveg på denne strekninga, vil vere kommunen sitt ansvar, eventuelt utbyggar sitt ansvar, og at finansiering må avklarast nærare i det vidare arbeidet.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal det gå fram av vedtaket korleis prinsippa i §§ 8–12 er vurderte og lagt vekt på.

Samla sett er det eit svært godt kunnskapsgrunnlag om arealbruken til villreinen. Det blir vist til Norsk Villreinsenter Sør sin rapport 7/2010, GPS- registreringar og fleire andre forskings- og fagrapportar om villreinen sin bruk av areala på Hardangervidda, og som utgjer faggrunnlaget for den regionale planen. Informasjonen er tilgjengeleg på nettstaden villrein.no. Vi viser også til villreindatabasen til Miljødirektoratet. Verdiane knytt til natur og landskap er òg godt dokumenterte, mellom anna i rapporten Sysendalen miljø- og landskapsanalyse, temakart nr. 5 (Asplan Viak 1. mars 2001) og i Naturbase frå Miljødirektoratet.

Ein godkjenning av planen inneberer at 450 dekar av nasjonalt villreinområde i den regionale planen for Hardangervidda blir regulert til alpinanlegg. Toppheisane skal vere stengt i kalvingstida, og det skal setjast i verk tiltak for å regulere ferdselen når toppheisane er opne. Det er knytt uvisse til om dette er nok for å unngå forstyrringar av villreinen. Andre tiltak for å styre ferdselen må bli følgd opp av kommunen i samråd med fylkesmannen og fagmiljøa.

Vedtaket inneber ein reduksjon av nasjonalt villreinområde. Det bør ved revisjon av den regionale planen vurderast å finne areal som i gjeldande regional plan ligg utanfor nasjonalt villreinområde som kan kompensere for dei areala som blir utbygd. Av omsyn til villreinen på Hardangervidda, bør det ikkje planleggast for ytterlegare utbygging av alpinanlegg i Sysendalen.

Ved Drøllstølbekken og myrene vil deler av myrområda gå tapt. Det er føresegner om tiltak for å redusere konsekvensane for naturmiljøet som skal innarbeidast i reguleringsplanen. Det blir lagt til grunn at dette blir følgd opp i vidare planlegging og ved utbygging, slik at skadane på tilliggande myrområde blir minst mogleg, og at det  blir tatt omsyn til vannbalansen.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-16 godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet nytt område for idrettsanlegg – alpinanlegg I1 og I2, og område for fritids- og turismeføremål F/T, i kommunedelplan for Sysendalen i samsvar med Eidfjord kommunestyre sitt vedtak av 18. desember 2017.

Departementet godkjenner og trasé for gang- sykkelveg langs Riksveg 7 i tråd med kommunen sitt vedtak.

Det blir stilt følgjande rekkefølgjekrav til gang- og sykkelveg (nytt punkt 2.6.6):

Krav om gang- og sykkelveg mellom avkøyring til Fet og Fosslivegen blir utløyst når talet på fritidsbustader innanfor planområdet har auka med 100 einingar.

Departementet legg til grunn at kommunen rettar opp plankart og føresegner i tråd med vedtaket. For kunngjering gjeld plan- og bygningslova § 11-15.
 

Med helsing

Monica Mæland

 

Kopi:
Eidfjord kommune
Hordaland fylkeskommune
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Samferdselsdepartementet
Statens vegvesen Vegdirektoratet