Reguleringsplan for Namsos avfallsanlegg - avgjerd i motsegnssak

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje detaljregulering for Namsos avfallsanlegg på Spillum. Departementet har lagt avgjerande vekt på at det planlagde anlegget kan tiltrekke seg fugl som kan utgjere ein risiko for tryggleiken for flytrafikken inn og ut frå Namsos lufthamn.

Bakgrunn

Namsos kommune har vedteke detaljregulering for Namsos avfallsanlegg med motsegner frå Avinor og Trøndelag fylkeskommune. Saka er sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet ved brev av 31.03.2023 frå statsforvaltaren i Trøndelag. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegnene skal takast til følgje, og kan i samband med dette gjere naudsynte endringar i planen.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bygging av eit nytt avfallsanlegg på Spillumstranda næringsområde, om lag 2 km sør for Namsos sentrum. Planområdet ligg inntil fylkesveg 769 og om lag 3 km sørvest for Namsos lufthamn. Anlegget er planlagt med gjenvinningsstasjon, innandørs sorteringshall, utandørs lagerområde, verkstad, vaskehall og om lag 30 kontorplassar. Planforslaget har føresegner om at avfallet skal handsamast slik at fuglar og andre åtseletarar i størst mogleg grad vert haldne vekke frå anlegget.

Det nye avfallsanlegget skal vere hovudkontor for Midtre Namdal Avfallsselskap, Retrans Midt og Retura. Lokaliseringa er vald etter ei vurdering av fem alternativ der avfallselskapet har vurdert at Spillum kom best ut. Området er regulert til industriføremål i gjeldande reguleringsplan frå 1998, men er ikkje opparbeidd.

Sentrale tema i planprosessen har vore omsynet til flytryggleik ved Namsos lufthamn og trafikktryggleik i krysset mellom fylkesveg 769 og Spillumvegen. Etter innspel frå Avinor er det utarbeidd ei risikoanalyse for kollisjonar mellom fly og fugl (birdstrikes). Det er også gjennomført ei trafikkanalyse i tråd med tilråding frå Trøndelag fylkeskommune.

Avinor fremma motsegn til planforslaget i brev av 1.03.2022. Avinor vurderer at risikoanalysen som er utarbeidd av Natur og Samfunn ikkje gjev eit godt bilete på om flytryggleik er ivaretake, sidan ho konkluderer med at det periodevis vil vere fugl til stades ved anlegget som kan utgjere ei fare for flytryggleiken. Avinor meiner at dokumentasjonen ikkje er tilstrekkeleg til at dei kan akseptere etableringa og fråvike føre-var-prinsippet. Avinor meiner at omsynet til flytryggleik må vege tyngre enn omsynet til plassering av avfallsanlegget, og ber kommunen finne ei ny egna lokalisering minst 7 km frå lufthamna.

Trøndelag fylkeskommune fremma motsegn til planforslaget i brev av 14.03.2022. Fylkeskommunen viser til at Spillumstranda er regulert til industriområde, men at kommunen dei siste åra har gjeve dispensasjonar til større forretningsbygg. Dette gjev eit anna trafikkbilete enn planen legg opp til. Fylkeskommunen støttar at kommunen skal utarbeide ein ny områderegulering for Spillumstranda, men meiner at detaljreguleringa for Spillum avfallsanlegg må sikre at det vert opparbeidd rundkøyring i krysset mellom fylkesveg 769 og Sivavegen før avfallsanlegget vert teke i bruk.

Mekling blei gjennomført hos statsforvaltaren 21.09.2022 utan at partane blei samde om ei løysing. Avinor heldt fast ved at det ikkje er lagt fram tilstrekkeleg dokumentasjon på at flytryggleiken er godt nok ivareteke, og meiner at restrisikoen for birdstrike er høg. Kommunen føreslo nye føresegner om driftsrutinar, men Avinor aksepterte ikkje desse. Motsegna frå fylkeskommunen blei ikkje diskutert i møtet fordi kommunen hadde signalisert at motsegna ville bli imøtekomen.

Namsos kommune vedtok planen i møte 15.12.2022, med endringar i føresegnene om drifta av anlegget. Kommunen viser til at Avinor bygger motsegna på rettleiing frå EU og Canada og på retningsline TA-533 frå tidlegare Statens forureiningstilsyn knytt til kommunale avfallsdeponi. Det planlagde avfallsanlegget skal vere eit lukka anlegg, og kommunen meiner det er vanskeleg å legge rettleiing knytt til opne avfallsdeponi til grunn ved handsaming av saka. Kommunen viser òg til rapporten frå Natur og samfunn som seier at viss avfallsselskapet opprettar gode og vedvarande rutinar, så vil det planlagde avfallsanlegget ikkje auke faren for birdstrikes ved lufthamna. Kommunen meiner at føresegnene om vask av bilar og maskinar, krav om at avfallsfraksjonar med spor av mat skal handterast inne, hurtiglukkande port med alarm og reserveløysing og oppsamling av vaskevatn, varetek omsyna som Avinor har påpeika.

Kommunen viser elles til at heile Namsos by ligg innanfor 7 km sonen frå flyplassen. Utvikling av byen vil bli uføreseieleg viss det alltid vil vere uvisse knytt til om menneskelege faktorar og aktivitetar som kan føre til auka aktivitet frå vilt, kan føre til motsegn frå Avinor. Kommunen er innstilt på å etterkome fylkeskommunens krav om rundkøyring i krysset mellom fylkesveg 769 og Sivavegen, men vil på grunn av framdrifta til avfallsanlegget avklare spørsmålet i ein eigen planprosess.

Statsforvaltaren har sendt saka til departementet med tilråding om at motsegnene vert imøtekomne. Statsforvaltaren meiner at Avinor ved oppstart av planarbeidet burde ha vore tydelegare på at lokaliteten kunne vere så utfordrande at det ikkje ville la seg gjere å gjennomføre reguleringa. Statsforvaltaren finn det samstundes vanskeleg å utfordre Avinor si vurdering om at restrisikoen for birdstrike er for stor. Statsforvaltaren meiner at motsegna til fylkeskommunen er godt grunngjeven, og at det er hensiktsmessig å sikre opparbeiding av rundkøyring gjennom rekkefølgjekrav.

Synfaring blei gjennomført 28. juni 2023 med representantar frå Namsos kommune, Trøndelag fylkeskommune, Statsforvaltaren i Trøndelag, Avinor, Kommunal- og distriktsdepartementet og Samferdselsdepartementet.

Samferdselsdepartementet støttar motsegnene frå Avinor og Trøndelag fylkeskommune, jf. brev av 20.09.2023. Departementet viser til at Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter (DNV) har vurdert risikoanalysen til Natur og Samfunn i notat 2023:1. DNV meiner at risikoanalysen er god når det gjeld gjennomgangen av fugleartar og deira tiltrekking til avfallsanlegg, men at det ikkje er realistisk å forebygge auka fare for kollisjonar med fugl gjennom gode rutinar. Samferdselsdepartementet støttar dette, og viser til at Natur og samfunn ikkje har teke omsyn til observasjonar av fugl i og ved andre avfallsanlegg når dei har vurdert det planlagde anlegget i Namsos. Samferdsels­departementet viser òg til at den faren fugl utgjer for flytryggleiken, i for liten grad er relatert til flytraséane og høgda flya har ved ulike scenario. Det er ikkje gjort greie for samanhengen mellom sirkelen som ventande fly kan nytte og høgda fuglane kan opphalde seg i. Det er heller ikkje gjort greie for betydinga av den relativt låge utflygingsvinkelen som Widerøe nytter.

Samferdselsdepartementet viser til at kollisjon mellom fugl og fly kan få fatale konsekvensar,  og forstår det slik at det ikkje er enkelt å flytte sirklingsområdet som har klare fordelar ved å vere lokalisert nær sjøen og dermed også nær det planlagde avfallsanlegget på Spillum. På grunnlag av restrisikoen som ligg føre, støttar departementet motsegna frå Avinor.

Samferdselsdepartementet ser på grunnlag av denne og andre saker at det kan vere behov for klårare retningsliner for å auke føreseielegheita i arbeid med planar og tiltak som kan auke førekomsten av fuglar nær lufthamner. Departementet har vore i kontakt med Luftfartstilsynet om dette.  

Samferdselsdepartementet støttar òg motsegna frå Trøndelag fylkeskommune og oppmodinga om at det vert fastsett eit rekkefølgjekrav knytt til opparbeiding av rundkøyring i krysset mellom fylkesveg 769 og Sivavegen.

 

Kommunal- og distriktsdepartementets vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal ta stilling til motsegnene frå Avinor og Trøndelag fylkeskommune, og vurdere om det planlagde avfallsanlegget kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser, jf. plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd.

Det følgjer av EU-forordning nr. 139/2014 at flyplasseigar, i dette tilfellet Avinor, skal overvake omgjevnadene til flyplassen og redusere faren for samanstøyt med dyr. Forordninga er gjennomførd i norsk rett i forskrift om sertifisering av flyplassar mv med Luftfartstilsynet som ansvarleg styresmakt. Det er ikkje utarbeidd norske retningsliner for arealplanlegging nær lufthamner. Avinor og Luftfartstilsynet viser difor til den kanadiske transportstyresmakten Transport Canada som tilrår at nye anlegg som kan tiltrekke seg fugl vert plasserte minst 8 km frå lufthamner. Dei viser òg til den britiske luftfartsstyresmakten CAAUK som meiner at det er behov for tiltak mot fugl knytt til anlegg som ligg inntil 13 km frå lufthamner.

Det planlagde avfallsanlegget på Spillumstranda ligg i inn- og utflygingstraséen til Namsos lufthamn mot vest, og under sirklingsområdet for luftfartøy som ventar på å få lande. Spørsmålet i saka er om avfallsselskapet gjennom gode driftsrutinar i tilstrekkeleg grad kan redusere omfanget av fugl ved anlegget, og risikoen for kollisjon mellom fugl og fly som skal lande eller ta av frå Namsos lufthamn.

Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer at planlagd lokalisering nær Namsos sentrum, inntil fylkesveg 769 og kai er god ut frå omsynet til brukarar av anlegget og moglegheitene for å transportere avfallet vidare på veg eller båt. Lokalisering i inn- og utflygingstraséen til Namsos lufthamn frå vest og under sirklingsområdet for flyplassen, er samstundes utfordrande i høve til flytryggleik og risikoen for kollisjon mellom fugl og fly. Sjølv om planforslaget har føresegner som skal sikre at anlegget vert drifta med minst mogleg risiko for å tiltrekke seg fugl, er det ein restrisiko som Luftfartstilsynet og Samferdselsdepartementet meiner ein ikkje kan sjå bort frå. Det er særleg framheva at menneskelege feil eller straumbrot kan føre til at portane til sorteringshallen ikkje vert lukka og at rester av biologisk avfall og lukt følgjer med maskinar ut av bygget. Dette kan føre til at anlegget tiltrekker seg fugl og auke risikoen for kollisjon mellom fuglar fly ved Namsos lufthamn. Det er også framheva at brot på innflygingsprosedyrane mot vest og over det planlagde avfallsanlegget, kan føre til at alle flygingar må mot aust. Dette vil ha konsekvensar for regulariteten på flyplassen.

Kommunal- og distriktsdepartementet finn etter ei samla vurdering at detaljreguleringa for det planlagde avfallsanlegget på Spillum ikkje kan godkjennast. Departementet legg avgjerande vekt på at kollisjon mellom fugl og luftfartøy kan få fatale følgjer, og at luftfartsmyndigheitene i denne saka meiner det ikkje er tilstrekkeleg sannsynleggjort at avfallsanlegget ikkje vil tiltrekke seg fugl som kan auke risikoen for kollisjonar mellom fugl og fly.

For at kommunane skal kunne ta omsyn til flytryggleik ved norske lufthamner er det viktig at Avinor og Luftfartstilsynet gjev tydeleg rettleiing om lokalisering av anlegg som kan tiltrekke seg fugl og auke risikoen for kollisjon mellom fugl og fly. Det er og viktig med tydelege råd om kva spørsmål som eventuelt må konsekvensutgreiast for å avklare risikoen for kollisjonar mellom fugl og fly. Kommunal- og distriktsdepartementet vil oppmode Samferdselsdepartementet, Avinor og Luftfartstilsynet om å følgje opp dette så raskt som mogleg.

Konsekvensen av departementet si avgjerd knytt til avfallsanlegget er at spørsmål om tiltak for å betre trafikktryggleiken i krysset mellom fylkesveg 769 og Sivavegen må avklarast i andre planprosessar.

 

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-13 vert forslag til detaljregulering for Namsos avfallsanlegg, vedteken av Namsos kommunestyre 15.12.2022,  ikkje godkjent.

Det kan ikkje klagast på departementet sitt vedtak, jf. plan- og bygningslova § 12-13, siste ledd.

 

Med helsing

Erling Sande

Kopi: 
Avinor
Luftfartstilsynet
Namsos kommune
Samferdselsdepartementet
Statens Vegvesen Vegdirektoratet
Trøndelag fylkeskommune