Norddal kommune - motsegn mot kommuneplanens arealdel 2002-2014 (fritidsbebyggelse/reiseliv - strandsone/landskap)

Avgjørelse i innsigelsessak, 2. februar 2004

Norddal kommune – motsegn mot kommuneplanens arealdel 2002-2014

Vi viser til brev frå fylkesmannen i Møre og Romsdal datert 2. januar 2003.

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 20-5 femte ledd er saka sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, fordi fylkesmannen i Møre og Romsdal har motsegn mot den planlagde arealbruken på Vikaberget i Fjøra.

Miljøverndepartementet godkjenner at det vert opna opp for bygging av nye fritidsbygg ved Vikaberget. Som premiss for godkjenninga krev departementet at dei mest eksponerte delane av området vert skjerma for utbygging. Det gjeld området vest på Vikaberget (Honeset), toppen av berget og den brattaste og mest eksponerte delen av skråninga mot sør. Detaljane i arealbruken må fastsettast i reguleringsplan. Motsegna frå fylkesmannen i Møre og Romsdal er dermed tatt delvis til følgje. Ei utbygging må tilpassast landskapet og bør vere knytt til den etablerte reiselivssatsinga på staden.

Bakgrunn for saka

I kommuneplanens arealdel er det føreslått eit byggeområde for fritidsbygg på Vikaberget i Fjøra. Vikaberget ligg på nordsida av fjorden, mellom Sylte og Fjøra, i overgangen mellom Norddalsfjorden og Tafjorden. Berget går nokså bratt opp frå sjøen, opp mot eit aust-vest retta høgdedrag og deretter ned att på nordsida. På nordsida av Vikaberget ligg innmarka på garden, der det mellom anna er etablert turistanlegg/camping og gartneri. Grunneigar som driv eksisterande campinganlegg ønskjer å leggje til rette for sal av hyttetomter på Vikaberget ut mot fjorden. Sørsida av Vikaberget er ein bratt og grunnlendt fjellrygg som består dels av svaberg og dels av skrint vegetasjonstekke. Området står fram som eit markant og eksponert element i fjordlandskapet. Store delar av skråninga ligg innafor 100-metersbeltet mot sjøen. Heile Vikaberget har i tidlegare kommuneplan vore lagt ut som LNF-område. Det føreslåtte byggeområdet er om lag 55 daa stort.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i brev av 1. oktober 2001 og 20. februar 2002 reist motsegn mot kommuneplanen for Norddal kommune når det gjelder det føreslåtte byggeområdet for hytter på Vikaberget. Fylkesmannen grunngjev motsegna mellom anna i omsynet til den nasjonale strandsonepolitikken, der intensjonen er å halde 100- metersbeltet mest mogleg fritt for inngrep, samt dei regionalt viktige landskapsinteressene i Tafjorden og på staden. Fylkesmannen har også vist til kulturlandskapsinteresser i den indre delen av Storfjorden.

Etter fylkesmannen si vurdering bør større utbyggingstiltak i dette området avgrensast

til nordsida av Vikaberget i tilknyting til dei allereie etablerte aktivitetane der, medan høgdedraget og den eksponerte sørsida av Vikaberget ut frå landskapsomsyn bør

skjermast mot utbygging. Etablering av hytter med tilhøyrande vegar og tekniske anlegg

på høgdedraget og sørsida vil gi eit svært uheldig naturinngrep i eit sårbart område. Høgdedraget og sjøsida mot fjorden bør i staden vere ein ressurs for allmenta og

brukarane av turistanlegget på "innsida", der det burde kunne skje ei ytterlegare utbygging.

Norddal kommune vedtok i møte 27. juni 2002 kommuneplanens arealdel 2002-2014. Motsegna mot byggeområde for hytter på Vikaberget i Fjøra blei ikkje tatt til følgje og saka blei vedtatt oversendt fylkesmannen for mekling. Kommunen si grunngjeving for å halde fast ved vedtaket er at bygging av hytter på Vikaberget vil støtte opp om kommunen si satsing på reiseliv og turisme, og at den einskilde grunneigaren må kunne utnytte dei ressursane han rår over. Med den avgrensinga av området på Vikaberget som det er lagt opp til, burde det være mogleg å få til ei utbygging som både kan vere landskapsmessig tilpassa, og gje utnytting som er rekningssvarande for grunneigaren. Kommunen meiner ein her har funne ein god balanse mellom vekst og vern.

Fylkesmannen har i si oversending til departementet av 2. januar 2003 tilrådd at departementet ikkje godkjenner det konfliktfylte området på toppen og sørsida av Vikaberget i kommuneplanen for Norddal kommune 2002-2014 som byggeområde for hytter, og viser mellom anna til at landskapsbiletet i fjorden er vesentleg for turistverksemd og friluftsliv. I brevet rår fylkesmannen til at ein i staden bør leggje opp til ei redusert utbygging på nordsida av høgdedraget med tanke på utvikling av eksisterande anlegg, samt at avstanden til strandlinja blir auka.

Meklingsmøte fann stad 16. mai 2002 utan at det vart oppnådd semje i saka.

Direktoratet for naturforvaltning(DN) har i brev av 2. april 2003 til Miljøverndepartementet tilrådd at motsegna frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal blir tatt til følgje. Ei utbygging på Vikaberget i den utstrekninga som er føreslått i kommuneplanens arealdel vil etter DN sin vurdering ha store negative verknader for det aktuelle området og fjordlandskapet. Dei har også vektlagt at ei utbygging av fritidshus vil gjere området mindre attraktivt og tilgjengeleg for andre brukarar.

Det aktuelle området inneheld ikkje spesielle biologiske verdiar, men vegetasjons-dekket er sårbart for slitasje. Området har lokal verdi som utfartsområde, og blir mellom anna brukt av campinggjestane. Honeset , den vestlege pynten på Vikaberget , er eit populært utsiktspunkt og har populære fiskeplassar nede ved sjøen og er ikkje omfatta av det føreslegne byggeområdet.

Området er kraftig eksponert frå fleire kantar. Det ligg som ei halvøy ut i den tronge fjorden, og er eit markant landskapselement anten ein kjem med bil eller båt. Eksponeringa er sterkast mot sør og vest. Området har om lag same karakter som dei dramatiske storformene i Tafjordlandskapet, om ikkje av same storleik.

Synfaring i saka blei gjennomført 27. februar 2003, der grunneigarane, Norddal kommune, fylkesmannen i Møre og Romsdal, Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning var representert.

Miljøverndepartementet si vurdering

Bortsett frå konfliktområdet på Vikaberget i Fjøra er kommuneplanen for Norddal godkjend av kommunen ved kommunestyrevedtak av 27. juni 2002.

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak i plansaker der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statlege styresmakter. For at departementet skal kunne overprøva dei lokalpolitiske prioriteringane, må det liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser. Dei ulike lokale interessene skal vere vege mot kvarandre gjennom den kommunale planprosessen.

Saka gjeld om det kan opnast opp for hyttebygging og reiselivsanlegg på og ved Vikaberget utan at utbygginga vil virke skjemmande i den eksponerte strandsona på staden, om naturinngrepa vil øydeleggje det særs sårbare landskapet, og om utbygginga vil vere i konflikt med dei nasjonale interessene som er knytt til forvaltninga av 100-metersbeltet langs sjøen.

Ei utbygging i heile det området som er vist som byggeområde i kommuneplanens arealdel vil bli særs dominerande i landskapsbiletet. Sjølv med god tilpassing av kvart einskilt bygg, vil det vere naudsynt med store inngrep i terrenget. Framføring av infrastruktur som veg, straum, vatn og avløp vil kome i tillegg og føre med seg ytterlegare inngrep og endringar i landskapet, både i anleggsfasen og permanent.

Miljøverndepartementet meiner at ei eksponert utbygging på toppen av Vikaberget, på høgdedragets retning aust-vest, er utelukka. Det vil føre til uheldig relieffverknad og eksponering frå fleire hald. Her vil eit brot i vegetasjonsbeltet verte svært synleg. Også ei utbygging i den brattlendte skråninga mot sør vil føre med seg markante og skjemmande landskapsendringar. I tillegg vil ei slik utbygging gjere området mindre tilgjengeleg for andre brukarar. Departementet meiner at den innlagte avstanden på 20 meter frå sjøen ikkje vil vere tilstrekkeleg til å unngå dette.

Departementet meiner likevel at ei avgrensa utbygging i deler av området, tilpassa terrenget, med vekt på skånsame inngrep - også i anleggsfasen - må kunne aksepterast. Utbygginga må skje utan at allmentas interesser vert satt til side. Inngjerding av tomter må ikkje skje.

På synfaringa og i seinare møte har ordføraren i Norddal teke til orde for ei fleirbruksløysing for delar av utbyggingsområdet, der kommunen i samråd med grunneigar og fylkesmannen søkjer å etablere eit anlegg som er retta mot eit breitt publikum. Eit slikt anlegg vil kunne vere med på å dekke kommunale behov innafor mellom anna helse-, sosial- og utdanningssektoren, samstundes som det vil vere ein attraksjon for turistar og andre, og inneber ei forsvarleg strandsoneforvaltning. Det vart nemnt at eventuelle vidare drøftingar og avgjerdingar om detaljane for utbygging og bruk bør takast i planprosessen i samband med utarbeiding av ein reguleringsplan.

Etter ei samla vurdering har departementet difor funne at det er grunnlag for å godkjenne at det opnast for ei mindre utbygging på nordsida av Vikaberget, i bakkant av sjølve høgdedraget, og ei avgrensa utvikling av reiselivsanlegg mot aust og søraust. Departementet meiner og at det aust i området og søraust mot Vikaneset, der berget er lågt, kan opnast opp for bygging av reiselivsanlegg med rorbuer, naust og brygge. Departementet føreset at utbygginga ikkje kjem i alvorleg konflikt med intensjonane i høve til strandsona eller vil vere til hinder for allmenta. Det bør elles ikkje byggjast i strandlinja.

Departementet føreset at kommunen arbeider for å finne løysingar som legg til rette for utvikling av reiseliv, turistnæring, kommunale behov og allmenne samfunnsinteresser, og at ei utbygging ikkje vert unødig arealkrevjande eller dominerande i landskapet. Kommunen bør i samråd med grunneigaren og fylkesmannen etablere eit tilbod som er attraktivt for eit bredt publikum. Ei eventuell drøfting og avgjerd om vidare utbygging i området bør takast i planprosessen i samband med utarbeiding av ein reguleringsplan.

Miljøverndepartementet godkjenner at det vert etablert eit byggeområde for fritidsbustader ved Vikaberget i Fjøra. Departementet gjer i denne saka ingen påteikning om godkjenning på det vedlagte plankartet, men stiller i staden premisser for detaljreguleringa av området. Departementet tek motsegna frå fylkesmannen i Møre og Romsdal delvis til følgje.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 godkjenner Miljøverndepartementet Norddal kommunestyre sitt vedtak i møte den 27. juni 2002 om at det i kommuneplan for Norddal 2002-2014 opnast opp for bygging av nye fritidsbygg ved Vikaberget i Fjøra. Områda mot vest, på toppen av sjølve Vikaberget og i skråninga mot sør skal skjermast for utbygging. Utbygginga av området kan ikkje skje før det er utarbeidet reguleringsplan. Det er i dette brev gitt føringar for innhaldet i reguleringsplanen.

Departementet finn etter det opplyste at kommuneplanen er handsama i samsvar med føresegnene i plan- og bygningsloven, og at sakshandsaminga elles ikkje gjer grunn for merknader.

Om kunngjøring av endeleg arealdel til kommuneplan viser vi til føresegnene i plan- og bygningsloven § 20-5 åttande ledd.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet. Saksdokumenta og plankarta følgjer vedlagt i retur.

Med helsing
Lars Jacob Hiim

Vedlegg:
Saksdokumenta
Plankarta

Kopi:
Norddal kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning