Ot.prp. nr. 11 (2002-2003)

Om lov om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred m.v.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag om å oppheve lov 26. juni 1998 nr. 43 om åpningstider for utsalgssteder (åpningstidsloven),samtidig som reglar om opningstider for utsalsstader på søndagar og andre helgedagar blir tekne inn i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred. Vidare er det foreslått at det i lov 26. april 1947 nr. 1 om 1 og 17 mai som høgtidsdager blir teke inn ei føresegn som inneber at handel på desse dagane blir avgrensa i same omfang som på helgedagar.

I lovforslaget er desse hovudprinsippa lagde til grunn:

  • Det skal ikkje vere reglar som avgrensar opningstidene på kvardagar, og heller ikkje forbod i arbeidsmiljølova mot arbeid ved utsalsstader utanom normalarbeidstida.

  • På helgedagar og høgtidsdagar skal utsalsstader som hovudregel halde stengt, men unntaka i gjeldande lov blir førte vidare. M.a. vil det framleis vere unntak for sal av daglegvarer og kioskvarer frå mindre utsalsstader, og sal frå bensinstasjonar.

1.2 Bakgrunnen for forslaget

Forslaget byggjer på Sem-erklæringa, som er det politiske grunnlaget for regjeringa. I Sem-erklæringa vart det sagt:

«Samarbeidsregjeringen vil:

[...]

oppheve åpningstidsloven. Bestemmelser som regulerer og begrenser åpningstider på søn- og helligdager, overføres til helligdagslovgivningen.»

Bakgrunnen for forslaget er at departementet ser det som viktig å kunne tilpasse opningstidene til dei behov brukarane har - deira behov skal stå i sentrum. Tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulere opningstidene. Det vil gi meir fleksible tilpassingar, som naturleg vil variere med bransjetype, stad, lokale forhold osv. Ved å oppheve restriksjonar fjernar ein også konkurransevridingar som følgjer av at enkelte typar utsal er unnatekne frå føresegnene.

Samtidig ser departementet det som viktig å verne om den alminnelege fred på søndagar og andre helgedagar ved å setje grenser for den kommersielle aktiviteten på desse dagane. På denne bakgrunn er det foreslått at faste utsalsstader som sel varer til forbrukar, i utgangspunktet skal halde stengt på helgedagar, men at unntaka i den gjeldande opningstidslova skal førast vidare. Ved å halde oppe dei unntak vi i dag har for sal på helgedagar, vil departementet sikre forbrukarane tilgjenge til varer som det er særlege grunnar for å tillate. Å oppheve restriksjonane på kvardagar vil i seg sjølv redusere behovet for å handle på helgedagar.

Dei omsyn som tilseier at det bør setjast grenser for å halde utsalsstader opne på helgedagar, gjer seg i hovudsak gjeldande for høgtidsdagane 1. og 17. mai.

1.3 Opningstidslova

I opningstidslova av 26. juni 1998 vart det innført like opningstider i heile landet. Lova vart sett i kraft 1. januar 1999. Utsalsstader skal på kvardagane i veka (måndag - fredag) vere stengde frå kl. 21.00 til kl. 06.00 neste dag. På dagar før søndagar og helgedagar skal utsalsstader vere stengde frå kl. 18.00. På søndagar, helgedagar og 1. og 17. mai skal utsalsstader vere stengde. På jul-, påske- og pinseaftan skal utsalsstader vere stengde frå kl. 15.00. Utsalsstader kan halde ope mellom kl. 14.00 og kl. 20.00 dei tre siste søndagane før julaftan.

Visse typar utsalsstader er etter lova unnatekne frå dei alminnelege opningstidene. Dei kan såleis halde ope heile døgnet alle dagar. Desse utsalsstadene er omtalte i § 3 første ledd nr. 1 til 10 i lova. Mellom anna er det unntak for kioskar og daglegvareutsal som har ei samla salsflate som ikkje overstig 100 m2, serveringsstader, utstillingar o.a.

Barne- og familiedepartementet, som forvaltar lova, har i forskrift av 29. oktober 1999 fastsett at utsalsstader i terminalbygningar på lufthamner som har løyve til avgiftsfritt sal, er unnatekne frå dei alminnelege opningstidene i lova.

Fylkesmannen kan etter søknad frå kommunen bestemme ved forskrift at eit område skal reknast som typisk turiststed for heile året eller delar av året. På typiske turiststader er det ikkje sett grenser for opningstidene.

Fylkesmannen kan etter søknad gi dispensasjon frå § 2 (dei alminnelege opningstidene) når det ligg føre særlege grunnar. Det kan klagast til departementet på slike vedtak.

Brot på lova blir straffa med bøter.

1.4 Arbeidsmiljølova

Etter arbeidsmiljølova er arbeid mellom kl. 21.00 og kl. 06.00 rekna som nattarbeid. Det kan drivast berre dersom det er unntak/heimel for det i arbeidsmiljølova. Eit slikt unntak er gjort for arbeidstakarar ved utsalsstader innanfor dei opningstidsrammene som er fastsette i eller i medhald av anna lovgiving; det vil først og fremst seie opningstidslova.

Dei alminnelege opningstidsrammene i opningstidslova tilsvarer arbeidstidsrammene i arbeidsmiljølova. Dette har sikra at dei fleste arbeidstakarane ved utsalsstadene har følgt normalarbeidstida etter arbeidsmiljølova.

Etter arbeidsmiljølova § 44 er det generelt forbod mot å arbeide på søndagar og helgedagar. På same måten som for føresegna om nattarbeid har denne føresegna unntak for arbeid i utsalsstader innanfor dei rammene som er sette av anna lovgiving.

1.5 Lov om helligdager og helligdagsfred

Lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred tek sikte på å verne om det gudstenestlege livet og den alminnelege freden på helgedagar, og å gi høgtida ro og vørdnad, jf. § 1. I § 2 er det gitt føresegn om kva dagar som er helgedagar i Noreg. I § 3 er det sett forbod mot å forstyrre den alminnelege freden på helgedagar med utilbørleg larm, og mot å forstyrre gudstenesta med unødig larm, arbeid eller anna forstyrrande verksemd. § 4 set grenser for offentlege tilstellingar og arrangement m.m. mellom kl. 06 og kl. 13, med enkelte spesifiserte unntak. Salsverksemd er ikkje regulert av lov om helligdager og helligdagsfred.

1.6 Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager

I samsvar med lov 26. april 1947 nr. 1 om 1 og 17 mai som høgtidsdager skal desse dagane vere likestilte med søndagar, men ikkje når det gjeld reglar om kyrkjelege handlingar eller helgedagsfreden.

Etter § 2 i lova skal arbeid som etter gjeldande lovgiving ikkje kan haldast i gang på søndagar, slutte seinast kl. 22 dagane før 1. og 17. mai.