Ot.prp. nr. 46 (1997-98)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

9 Val av skole

9.1 Gjeldande rett

Etter gsl. § 13 nr. 1 andre leddet førstepunktum skal barn og ungdom som er omfatta av plikta til grunnskoleopplæring, «til vanleg skrivast inn ved den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til».

I gsl. § 3 nr. 1 blir det området som soknar til ein skole, kalla skolekrins. Kommunen vedtek krinsgrensene og kvar skolane skal plasserast (§ 3 nr. 2). Kommunen kan også vedta at det ikkje skal vere skolekrinsar. Dersom ein krins blir nedlagd eller slått saman med andre krinsar, kan kommunen vedta at krinsen skal få seie meininga si (§ 3 nr. 3). Det same gjeld eit vedtak om ny skolestad i ein krins. Reglar om korleis meininga til krinsen skal innhentast, er gitt i gsl. § 31 og i grunnskoleforskrifta § 4-2. Krinsrøystinga er berre rådgivande.

Etter gsl. § 3 nr. 5 første leddet kan to eller fleire kommunar lage felles skolekrinsar. Etter gsl. § 3 nr. 5 andre leddet kan kommunen la ein elev gå på skole i ein annan kommune.

Foreldra har ikkje rett til å velje ein annan skole for barna sine enn den som følgjer av gsl. § 13. Heimkommunen kan likevel tillate at ein elev byter skole etter søknad frå foreldra, jf gsl. § 13 nr. 1 andre leddet andre punktum.

Etter gsl. § 37 nr. 3 skal heimkommunen betale skolegangen for eleven, anten eleven går på skole i eller utanfor kommunen. § 5-1 i grunnskoleforskrifta fastset kva for kommune som er heimkommune.

Etter gsl. § 13 nr. 6 kan departementet gi nærmare forskrifter om skoleopptak og om flytting til ein annan skole. Slike reglar er gitt i § 2-1 nr. 3 i grunnskoleforskrifta, der det heiter at foreldra eller eventuelt eleven sjølv skal kunne uttale seg før det blir vedteke at eleven skal flyttast over til ein annan skole. Ei tilsvarande plikt til å høyre foreldra eller eleven følgjer av § 16 første leddet i forvaltningslova.

I grunnskoleforskrifta § 1-4 nr. 4 er det fastsett at kommunen ikkje kan overføre ein elev til ein annan spesialklasse eller -skole der formålet er å hjelpe eleven, utan samtykke frå den det gjeld.

I den vidaregåande opplæringa er det fylkeskommunen som «bestemmer hvilke videregående skoler søkerne skal tilknyttes», jf. lvgo § 7 andre leddet. Det er såleis ingen rett til skoleval i den vidaregåande opplæringa.

9.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

9.2.1 Retten til å gå på den nærmaste grunnskolen

Etter lovutkastet skal grunnskoleelevane til vanleg gå på den skolen dei soknar til, sjå § 8-1 i utkastet. Utvalet meiner at det arbeidet kommunen gjer med å fordele elevane mellom dei tilgjengelege skolane, dermed skal ta utgangspunkt i eit prinsipp om at eleven skal gå på den nærmaste skolen. Dette utgangspunktet bør også gjelde for elevar med funksjonshemmingar og/eller lærevanskar. Der kommunen ikkje kan gi ein elev eit forsvarleg opplæringstilbod på den skolen eleven soknar til, gjer fleirtalet i utvalet framlegg om at det skal vere mogleg å fastsetje at ein elev skal få tilbod om opplæring på ein annan skole i kommunen. Mindretalet i utvalet meiner det ikkje bør vere høve til å sende grunnskoleelevar til ein annan skole enn den dei soknar til av grunnar som har samanheng med funksjonshemming eller særlege behov, så lenge foreldra eller eventuelt eleven sjølv ikkje samtykkjer.

Utvalet meiner at vurderinga av kva for skole som er nærmast, bør ta utgangspunkt i geografiske forhold, men skal også ta omsyn til andre relevante forhold, til dømes plassering av sysken på den same skolen og kapasiteten på skolen.

Utvalet understrekar at vurderinga av nærleik må ta utgangspunkt i dei skolane som alt er i kommunen. Ei lovfesting av nærleiksprinsippet bør ikkje i seg sjølv gi grunnlag for krav om å byggje nye eller utvide eller halde oppe eksisterande skolar.

Utvalet peiker på at eit vedtak om inntak er omfatta av forvaltningsrettslege prinsipp som set forbod mot usakleg forskjellsbehandling av elevane.

Lovutkastet frå utvalet gir kommunane heimel til å gi forskrifter om kva for område som soknar til den enkelte skolen.

Det blir gjort framlegg om å oppheve dei generelle reglane om krinsregulering i § 3 i grunnskolelova. Det same gjeld heimelen for departementet til å gi forskrifter om skoleopptak og flytting til annan skole, jf. gsl. § 13 nr. 7.

9.2.2 Rett til å velje ein annan grunnskole

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om rett til å velje ein annan skole i bustadskommunen eller nabokommunen enn den skolen eleven soknar til. Fleirtalet gjer retten avhengig av at det er plass på den skolen eleven ønskjer seg til, sett i høve til tilgjengeleg personale og lokale. Valretten skal ikkje gi rett til å krevje at det blir sett i gang ein ny klasse. Det er gjort framlegg om at kommunen der den aktuelle skolen ligg, avgjer søknaden om skoleval. Dessutan er det gjort framlegg om at retten må brukast i samband med skolestart for kvart klassetrinn eller i samband med at familien flytter til ein ny kommune eller eit nytt skoleområde.

Når kommunen skal vurdere om skolen har plass, bør ein kunne leggje vekt på forhold som kan skape plassproblem seinare i skolegangen. Det bør likevel krevjast konkrete haldepunkt for at slike forhold faktisk dukkar opp.

I den grad flytting etter krav frå foreldra krev ekstra utgifter til skyss eller innkvartering, gjer fleirtalet framlegg om at fylkeskommunen og kommunen får rett til å krevje utgiftene refunderte frå foreldra. Når valretten blir brukt til å krevje skoleplass i ein annan kommune, skal heimkommunen refundere dei faktiske meirutgiftene skolekommunen har til skolegang for eleven.

Mindretalet i utvalet gjer framlegg om i hovudsak å halde på den ordninga som gjeld i dag. Etter lovutkastet til mindretalet kan ein grunnskoleelev etter søknad bli teken inn på ein annan skole i heimkommunen eller nabokommunen. Søknaden skal avgjerast av heimkommunen eller nabokommunen i samråd med heimkommunen. Mindretalet gjer elles framlegg om at kommunen skal kunne krevje ekstra utgifter som følgjer av eit slikt inntak, dekte av foreldra til eleven.

Både mindretalet og fleirtalet gjer framlegg om å gi kommunen heimel til å gi forskrifter om søknadsfrist.

Framlegget frå fleirtalet om høve til å velje ein annan skole, gjeld også for elevar med funksjonshemmingar og/eller lærevanskar. Det er likevel teke atterhald om at overflytting ikkje skaper uvanleg store vanskar eller kostnader for kommunen.

9.2.3 Skoleval i den vidaregåande opplæringa

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare retten for fylkeskommunen til å avgjere val av skole.

9.3 Høyringsinstansane

Fråsegnene om skoleval er med få unntak negative til å gi rett til å velje ein annan skole enn den nærmaste. Det gjeld blant anna Kommunenes Sentralforbund, Lærarforbundet, LO og Norsk Lærarlag og ei mengd kommunar. Det blir blant anna vist til at ein rett til å velje annan skole i kommunen eller nabokommunen i realiteten svekkjer retten til å gå på den nærmaste skolen. Det blir også vist til at ein slik rett kan gjere planleggingsarbeidet i kommunane vanskeleg, og at forhold som læringsmiljøet, det sosiale miljøet, nærmiljøet og viktige mål i læreplanen gjer at det er best at barna søkjer til den nærmaste grunnskolen.

Næringslivets Hovedorganisasjon støttar framlegget om eit friare skoleval. Det blir blant anna vist til at eit friare skoleval gir eit betre innsyn i skolane og ein konkurransefaktor som kan gi elevane betre utbytte av undervisninga.

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) gjer framlegg om at foreldra må kunne søkje opptak på ein skole utanfor skolekrinsen når det er plass på skolen og det ikkje fører til ulempe for andre.

Universitetet i Oslo, Senter for lærarutdanning og skoleteneste støttar framlegget frå fleirtalet i utvalet om skoleval, ut frå at enkelte elevar kan trenge eit endra skoletilbod, somme kan ha behov for miljøskifte, og somme kan få lettare transport til skolen. Universitetet i Trondheim, Avdeling for lærarutdanning og skoleutvikling ønskjer at eleven skal ha rett til å velje ein annan skole når det er pedagogisk grunngitt.

Somme av høyringsinstansane har uttalt seg om retten til spesialundervisning ved den nærmaste skolen. Rådet for funksjonshemmede viser til at ein del kommunar har valt å sentralisere den spesialpedagogiske innsatsen til visse skolar. Framlegget om unntak frå nærleiksprinsippet knytt til spesialundervisning kan komme til å føre vidare og kanskje forsterke denne tendensen. Rådet ønskjer at lova skal styrkje retten for eleven til tilfredsstillande opplæring ved heimeskolen. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede, Norges Blindeforbund og Styret for programmet for Nord-Norge har eit liknande standpunkt.

Også Sosial- og helsedepartementet, Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, FUG og Kyrkjerådet er negative til eit bunde nærleiksprinsipp for spesialundervisninga.

Landsforbundet for utviklingshemmede og pårørende er samd i framlegget frå fleirtalet i utvalet når det gjeld nærleiksprinsippet. Det blir blant anna vist til at det ikkje kan ventast at ein skole skal ha kompetanse og fagmiljø for alle typar funksjonshemmingar.

FUG meiner det er svært uheldig at prosedyrane for krinsregulering ikkje blir betre, og at utvalet i staden vel å ta prosedyrereglane ut av lova. FUG vil ikkje slutte seg til den lovformuleringa det er gjort framlegg om, og som seier at «Kommunen kan gi forskrifter om hvilken skole de enkelte områder i kommunen sokner til.» FUG meiner at «kan» må skiftast ut med «skal». Det sikrar at alle kommunane har klart uttalte forskrifter på dette området, og at det blir mogleg for dei brukargruppene det gjeld, å uttale seg før forskriftene blir laga, endra eller oppheva.

Kristeleg Folkeparti gjer framlegg om at vedtak om endra skolekrinsmønster bør gjerast minst seks månader før eit nytt skoleår tek til, slik at ein styrkjer stabiliteten i skolekrinsane. Det blir vist til at skolekrinsane er ei godt innarbeidd inndelingsform som har skapt samhøyrsle mellom skolen og foreldra eller grenda.

9.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om rett til å gå på den nærmaste skolen. Framlegget er i samsvar med lovvedtak 19.06.1997 nr. 83 som klargjorde retten til å gå på den nærmaste skolen, sjå Innst. O. nr. 95 (1996-97).

Departementet er også samd i dei vurderingane som er knytte til framlegget frå utvalet. Det blir særleg vist til det innhaldet utvalet har gitt § 8-1 første leddet i lovutkastet gjennom vurderingane i punkt 20.4.4.2 i utgreiinga, og til vurderingane frå fleirtalet i punkt 20.4.4.4 om forholdet mellom funksjonshemma elevar og nærleiksprinsippet. Departementet framhevar at vedtak om å oppfylle retten til spesialundervisning på ein annan skole, berre er aktuelt når eit forsvarleg tilbod på den skolen eleven soknar til, fører til urimeleg store vanskar eller kostnader for kommunen.

Departementet presiserer at nærleiksprinsippet også skal gjelde når eleven går over til ein annan skole, til dømes mellom barneskolen og ungdomsskolen.

Dessutan blir det understreka at dei kommunale forskriftene om kva område som soknar til den enkelte skolen, må halde seg innanfor dei rammene lova set opp. Blant anna må forskriftene opne for at kommunen tek med verdien av å skaffe sysken plass på den same skolen i den samla vurderinga av kva skole ein elev skal gå på. Inndelinga i opptaksområde kan såleis ikkje vere absolutt.

Departementet er usikker på om reglane i forvaltningslova om kunngjering er formålstenlege for kommunale forskrifter om opptaksområde. Departementet viser til at kunngjering i Norsk Lovtidend er til liten nytte for dei forskrifta gjeld. Ei meir naturleg kunngjeringsform er informasjon om forskriftene direkte til dei elevane og foreldra det gjeld. Lovutkastet frå departementet held derfor forskriftene utanfor reglane i forvaltningslova om kunngjering.

På same måten som fleirtalet av høyringsfråsegnene går departementet imot å gi rett til å gå på ein annan skole ut over den som følgjer av gjeldande reglar. Departementet viser i hovudsak til grunngivinga frå mindretalet i utvalet for å føre vidare den ordninga som gjeld i dag, der kommunen avgjer eit alternativt skoleval etter søknad. Departementet framhevar særleg dei prinsippa som ligg til grunn for einskapsskolen, der skolen skal vere ein obligatorisk møteplass for alle barn, uavhengig av økonomisk, sosial eller etnisk bakgrunn og uavhengig av evnene til barnet. Departementet viser også til vurderingane frå komitefleirtalet i Innst. O. nr. 95 (1996-97).

Det bør såleis gå fram av lova at kommunen etter søknad kan la ein elev gå på ein annan skole enn den skolen eleven soknar til. I denne samanhengen må kommunen likevel sjå til at retten for andre elevar etter nærleiksprinsippet ikkje blir sett til side.

Departementet er samd i framlegget frå utvalet om å oppheve dei særskilde prosedyrereglane for krinsregulering. Det same gjeld framlegget om å oppheve forskriftskompetansen til departementet.

Dessutan sluttar departementet seg til framlegget frå utvalet om skoleval i den vidaregåande opplæringa. Det vil seie at fylkeskommunen framleis skal avgjere kva skole elevane i vidaregåande opplæring skal knyttast til. På same måte som utvalet ser departementet det som unødvendig å gi særlege reglar i lova om dette.

Spørsmål om val av skole for elevar som får opplæring på teiknspråk og for elevar som får opplæring i eller på samisk blir behandla i kapittel 7 om rett og plikt til opplæring og kapittel 22 om samisk opplæring. Vidare er spørsmål om val av skole for den særskilde målformklassen drøfta i kapittel 12 om målformer i skolen.

Til forsiden