Prop. 51 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova mv. (forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar)

Lovproposisjonen inneheld forslag om å innføre eit nasjonalt forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar. Det foreslåtte forbodet vil gjelde for elevar, studentar og tilsette. Forbodet vil gjelde i undervisningssituasjonar ved offentlege og private institusjonar, og vil omfatte barnehagar, grunnskolar og vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, folkehøgskolar, fagskolar, universitet, høgskolar og opplæring som blir gitt med heimel i introduksjonslova. I barnehagar vil forbodet gjelde for dei tilsette i heile arbeidstida. Barn i barnehagar vil ikkje vere omfatta av forbodet.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget