Rettleiar om planlegging av fritidsbustader

Til innhaldsliste

Del 1

Del 1 beskriv utviklinga av fritidsbusetnaden i Noreg, nasjonale føringar og omsyn som er viktige for å sikre ei berekraftig lokalisering, utbygging og bruk av fritidsbustadene.

1 Innleiing

Fritidsbustaden er viktig for mange nordmenn. Han er ein stad for avkopling frå kvardagen, og eit utgangspunkt for utøving av friluftsliv i andre omgjevnader enn dei vi har heime. Dette gjeld anten fritidsbustaden er ei tradisjonell hytte, ei fritidsleilegheit, ein tidlegare bustad eller eit bygg med tilknyting til landbruket. Fritidsbustadene gjev arbeidsplassar og auka aktivitet i mange kommunar.

Med aukande teknisk standard, betre vegar og opning for heimekontor, blir fritidsbustaden meir brukt, og vi kan i dag snakke om eit fleirbustadsamfunn der hytteeigarar er deltidsinnbyggjarar i kommunen dei har fritidsbustad i. Utbygging og bruk av fritidsbustader med høg standard i fjell og utmark, langs vatn og vassdrag i låglandet og langs kysten, krev areal og har konsekvensar for omgjevnadene og miljøet. Samtidig påverkar hyttebygging mange stader samfunnsutviklinga og bidrar som motkraft til urbanisering og sentralisering. For å sikre ei meir berekraftig utvikling av fritidsbustadområda i tråd med berekraftsmåla, må ein sjå miljømessige, økonomiske og sosiale omsyn i samanheng, og hegne om dei både ved planlegging og utbygging.

Denne rettleiaren er utarbeidd av Kommunal- og distriktsdepartementet i samarbeid med aktuelle departement og etatar. I rettleiaren er omgrepa hytte og fritidsbustad brukte som synonym. Rettleiaren er retta mot kommunar, statlege og regionale styresmakter, i tillegg til planleggjarar, utbyggjarar, organisasjonar og andre som er involverte i planlegging og utbygging av fritidsbustader. Målet er at rettleiaren skal bidra til ei planlegging av fritidsbustader som er meir berekraftig, ved at lokal verdiskaping, miljøomsyn, samfunnstryggleik, beredskap og generelle mål for samfunnsutvikling blir følgt opp på ein god måte.

Rettleiaren er ikkje eit sjølvstendig grunnlag for motsegner. Som det går fram av rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven, skal motsegner vere forankra i vedtekne nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer. Desse kan vere gitt i lover, stortingsmeldingar, statlege planføresegner, statlege planretningsliner, regionale planar og rundskriv. Ei motsegn skal vere grunngitt i konkrete tilhøve som gjer det nødvendig å fremme motsegn.

Rettleiaren har to delar. Del 1 beskriv utviklinga av fritidsbusetnaden i Noreg, nasjonale føringar og omsyn som er viktige for å sikre ei berekraftig lokalisering, utbygging og bruk av fritidsbustadene. Del 2 beskriv korleis omsyna kan takast hand om i kommunale og regionale planar, med hovudvekt på kommunal planlegging. Det er lenkjer til aktuell rettleiing frå Kommunal- og distriktsdepartementet og andre styresmakter.

Generell rettleiing om planlegging etter plan- og bygningslova finn du på heimesida til Kommunal- og distriktsdepartementet www.planlegging.no.

Rettleiaren er utforma som ein digital rettleiar, og vil bli oppdatert ved behov. Innspel om innhaldet kan sendast til departementet.

2 Fritidsbusetnaden i Noreg – historisk utvikling

Talet på fritidsbygg har auka jamt dei siste 20 åra. Tal frå SSB viser at det i perioden 2010–2020 vart bygd omtrent 4 500 nye fritidsbygg kvart år. 2021 vart eit rekordår, då heile 6 861 nye fritidsbygg fekk igangsetjingsløyve1.

Per 01.01.2022 er det meir enn 445 000 fritidsbygg i Noreg totalt. I tillegg kjem 33 000 bustader og våningshus som blir brukte som fritidsbustader. Det er flest fritidsbygg i Innlandet og Viken fylke. Her blir det også bygd flest nye fritidsbygg. I underkant av ein fjerdedel av hushaldningane eigde ein fritidsbustad i 2018.

For landet sett under eitt er det flest fritidsbustader i lågtliggjande område. I 2019 låg i overkant av 40 % av fritidsbygga i høgdelaget 0–100 meter over havet. Vestland, Viken og Nordland fylke har flest fritidsbygg i dette høgdelaget. Over 90 000 fritidsbustader låg i 100-metersbeltet langs sjøen, med størst konsentrasjon rundt Oslofjorden. 21 % av fritidsbygga låg i høgdelaga 700–1 000 meter over havet, og det er Innlandet og Viken fylke som har flest fritidsbygg her. Det er svært få fritidsbustader over 1 200–1 300 meter over havet.

På landsbasis låg det i 2019 ca. 4 700 fritidsbygg i overgangssona til skoggrensa, og omkring 10 000 fritidsbustader over skoggrensa. Med overgangssona meiner vi eit belte på 50 meter over og under skoggrensa. Det er flest fritidsbustader i denne delen av fjellområda i Innlandet og i Troms og Finnmark fylke.

Mens det tidlegare var mykje spreidde fritidsbygg, blir det no bygd meir konsentrert. I 2020 vart 77 % av dei nye fritidsbygga bygde i tettbygde fritidsbyggområde, definert som område med minst 5 fritidsbygg der avstanden mellom bygga ikkje er meir enn 75 meter. Delen var endå høgare i Viken og Innlandet som er fylka der det vart bygd mest. Utviklinga inneber at fritidsbusetnaden gradvis blir meir konsentrert, og det er no rundt halvparten av fritidsbygga i Noreg som ligg i tettbygde fritidsbustadområde.

Kakediagram. Statistikk over fritidsbyggområde 2021.

Statistikk over fritidsbyggområde 2021.

Kjelde: SSB.

I 2017 låg omtrent 80 % av fritidsbygga innanfor 3-4 timars køyretid frå éin av dei seks største byane i Noreg.

I 2021 vart det gjeve igangsetjingsløyve til fleire fritidsbygg enn til heilårsbustader i 119 kommunar. Det er stadig fleire kommunar som har fleire fritidsbygg enn bustader. Majoriteten av desse er fjellkommunar i Sør-Noreg. I 2021 hadde 47 kommunar fleire fritidsbygg enn bustader. Vinje, Trysil og Sigdal kommune toppar denne lista med over 3 000 fleire fritidsbygg enn bustader.

I 2021 dekte dei tettbygde fritidsbyggområda, dvs. område med mindre avstand mellom bygga enn 75 meter, eit areal på ca. 425 km2. Viken og Innlandet har størst areal med tettbygde fritidsbyggområde. Dersom ein ser på samanhengande fritidsbyggområde, dvs. område der avstanden mellom fritidsbustadene kan vere inntil 500 meter, dekkjer fritidsbygga eit område på noko under 3 000 km2. Dette er litt mindre enn arealet til Trysil kommune. Det er også Innlandet og Viken som har størst areal med samanhengande fritidsbyggområde.

I 2021 dekte fritidsbygga utan vegar og annan infrastruktur 8 % av det totale utbygde arealet i landet, det vil seie 0,14 % av fastlandsarealet.

Ressursar

3 Samfunnsmessige fordeler og utfordringar

Fritidsbustader er viktige for mange kommunar i eit nærings- og samfunnsperspektiv. Bygging av fritidsbustader kan gje lokale arbeidsplassar og styrkje grunnlaget for fast busetnad. Vedlikehald og oppgradering av eldre fritidsbustader gjev også grunnlag for lokale arbeidsplassar.

Mesteparten av fritidsbustadene som blir oppførte i dag, har høg standard og blir mykje brukt. Det blir bygd mykje i felt i tilknyting til eksisterande hytteområde, men det skjer også ei omfattande fortetting og oppgradering av eldre hytteområde. Mange stader er fritidsbustadene ein viktig del i utviklinga av reiselivsdestinasjonar med heilårs aktivitetstilbod.

Bruken av fritidsbustader styrkjer grunnlaget for det lokale handels-, service- og kulturtilbodet, både det private og det offentlege. Dette kjem fastbuande til gode, og er viktig i kommunar med få innbyggjarar eller nedgang i folketalet. Mange hyttekommunar har derfor eit betre vare-, service- og kulturtilbod enn dei ville hatt utan fritidsbustadene.

Med fritidsbustadene følgjer også tilretteleggingstiltak som stiar, løyper, alpinanlegg, småbåthamner og badeplassar. Dette har både hytteeigarar og innbyggjarar i kommunen glede av.

Auka standard på fritidsbustadene, betre vegar og tilgang til internett, har bidrege til auka bruk av fritidsbustadene. Mange stader kan hytteeigarane reknast som deltidsinnbyggjarar i hyttekommunen. Dei har kompetanse og ressursar som kan vere viktige bidrag i den lokale samfunnsutviklinga. Nokre kommunar tillèt fast busetjing i fritidsbustadområda, mens andre kommunar ikkje ønskjer dette.

Utbygging og bruk av fritidsbustader kan også gje utfordringar. Fritidsbustadene med tilhøyrande vegar og annan infrastruktur inneber nedbygging av natur, og påverkar friluftsliv, naturmangfald, kulturmiljø og landskap. I nokre tilfelle er omfanget av hytter og tilhøyrande anlegg vorte så stort at utsiktene til å oppleve naturgjevne kvalitetar som urørt natur, stille og stjernehimmel vert utfordra.

Utbygging og bruk av fritidsbustader påverkar utsleppet av klimagassar. Dette er knytt til nedbygging av skog og myr som gjev utslepp av klimagassar, og reduserte utsikter til framtidig CO2-opptak. Fleire fritidsbustader gjev også auka trafikk og energibruk.

Hyttebygging kan nokre stader føre til konfliktar med eksisterande næringsinteresser, blant anna landbruk og reindrift. Dette handlar om nedbygging av viktige beiteområde og om forstyrringar frå aktivitet og ferdsel. Akvakultur og mineralnæring er andre næringar som kan kome i konflikt med fritidsbustader. Fritidsbustadene har også konsekvensar for kommunen som tenesteleverandør av til dømes helsetenester, og som ansvarleg for samfunnstryggleik.

I rolla som planstyresmakt har kommunane ei viktig oppgåve i å vurdere og avvege dei ulike konsekvensane av hyttebygging. Dei skal leggje til rette for ei utvikling som utløyser næringspotensialet og positive samfunnsverknader, og minimerer ulemper for fastbuande og konfliktar med miljøverdiar og eksisterande arealbruksinteresser. Det er også viktig at planane bidreg til kvalitet i utbygginga. Oppdatert kunnskap om verdiar og interesser som blir råka, er viktig for kunnskapsbaserte avgjerder i planlegginga og utbygginga av fritidsbusetnad. God medverknad frå fastbuande, hytteeigarar, næringsliv, organisasjonar og styresmakter det vedkjem, bidreg til dette.

Fritidsbustadområde under utbygging.

Fritidsbustadområde under utbygging.

Foto: Lise Solbakken

4 Nasjonale og regionale føringar

Kommunane har ansvar for areal- og samfunnsutviklinga, inkludert utviklinga av område for fritidsbustader. Staten gjev føringar for planlegginga gjennom lover, forskrifter, statlege planretningslinjer, nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, og meldingar til Stortinget. I tillegg til plan- og bygningslova er det fleire sektorlover som ein må ta omsyn til ved planlegging av fritidsbustader. Dette gjeld til dømes naturmangfaldlova, jordlova, kulturminnelova, lov om kommunal beredskapsplikt og vassressurslova.

4.1 Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova § 3-1 listar opp ei rekkje omsyn som skal takast hand om i kommunal og regional planlegging. Planlegginga skal leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling, men også sikre jordressursane, verdifulle landskap og kulturmiljø, naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøving og samfunnsliv, og folkehelsa. God forming av bygde omgjevnader, gode bumiljø, klimaomsyn og samfunnstryggleik er også viktig.

Planlegginga skal fremje heilskap ved at ein ser sektorar, oppgåver og interesser i eit område i samanheng gjennom samordning og samarbeid mellom kommunale, regionale og statlege styresmakter, organisasjonar og ålmenta. Langsiktige løysingar skal leggjast vekt på i prosessane. Konsekvensar for miljø og samfunn skal vurderast og leggjast til grunn for planlegginga.

4.2 Meldingar til Stortinget

Stortinget har dei seinare åra behandla fleire meldingar som gjev føringar for planlegging av fritidsbustader, blant anna Meld. St.14 (2015–2016) Natur for Livet og Meld. St. 18 (2015–2016) Friluftsliv – natur som kilde til helse og livskvalitet. Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt framhevar at kommunane bør ta stilling til omfanget av hyttebygging, langsiktige utbyggingsgrenser, miljøkriterium og næringsutvikling i kommuneplanen. Meldinga dreg også fram bruken av regionale og interkommunale planar for å sjå større område i samanheng og avklare spørsmål som går på tvers av kommunegrenser, til dømes utbygging i fjellområde. I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 er det framheva at kommunane bør utnytte potensialet for fortetting og transformasjon før nye utbyggingsområde blir tekne i bruk. Fritidsbustader bør lokaliserast innanfor eller i nærleiken av eksisterande byggjeområde. Samtidig er det sagt i meldinga at det må takast omsyn til grøntstruktur, og at ein må unngå myrområde.

4.3 Nasjonale forventningar

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging blir utarbeidd av regjeringa kvart fjerde år. I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019–2023 er det framheva at fylkeskommunane og kommunane skal leggje til rette for ei berekraftig utvikling i fjell og utmark, og ha særleg merksemd retta mot område med stort utbyggingspress. Kommunane bør unngå nye hytteområde over skoggrensa, fortette eksisterande fritidsbustadområde og sikre større, samanhengande område utan hytter i fjellområde med stort press på areala. Dei bør også sikre samanhengande grøntstrukturar og god landskaps- og terrengtilpassing av bygningar og infrastruktur. Det er viktig å vurdere langsiktige utbyggingsgrenser mot snaufjell og andre viktige landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde. Interkommunal eller regional planlegging kan avklare utbyggingspotensial og strategiar på tvers av kommunegrenser.

4.4 Statlege planretningslinjer

Statlege planretningslinjer utdjupar og konkretiserer nasjonal politikk på viktige område. Desse skal også leggjast til grunn ved planlegging av fritidsbustader.

Statlige planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging legg vekt på samordning av utbyggingsmønster og transportsystem for å fremje utvikling av kompakte byar og tettstader med redusert transportbehov. Prinsippa bør leggjast til grunn ved planlegging av reiselivsdestinasjonar og store fritidsbustadområde med fellesfunksjonar.

4.5 Regionale planar

Fylkeskommunane utarbeider regionale planar som skal leggjast til grunn for planlegginga i kommunane. Dei åtte regionale planane for fjellområde med villrein er eit døme på regionale planar som gjev føringar for planlegging av fritidsbustader i mange kommunar i Sør-Noreg. Nokre fylkeskommunar har retningslinjer for lokalisering av fritidsbustader i regionale kystsoneplanar og regionale planar for samordna areal- og transportplanlegging. Regionale planar for klima og energi, samfunnstryggleik, folkehelse, verdiskaping, vassforvalting, kulturminne og kulturmiljø m.m. kan også ha innverknad for planlegging av fritidsbustader.

Nasjonale føringar ved planlegging av fritidsbusetnad

  • Fylkeskommunane bør vurdere å utarbeide regionale planar for fjell- og kystområde med stort utbyggingspress og viktige natur- og friluftsverdiar.
  • Kommunane bør vurdere behovet for interkommunale planar der fritidsbusetnaden kryssar kommunegrenser.
  • Kommunane bør fastsetje ein politikk for fritidsbustader i samfunnsdelen til kommuneplanen.
  • Omsynet til klima, klimatilpassing og samfunnstryggleik må følgjast opp.
  • Langsiktige utbyggingsgrenser, omfang og lokalisering av nye fritidsbustader, bør avklarast i arealdelen i kommuneplanen. I fjell og utmark bør fritidsbustadområda avgrensast mot samanhengande natur- og friluftsområde og viktige område for landbruk, reindrift og andre næringar. Ein bør unngå nye hytteområde i og over skoggrensa. Langs kysten og langs vatn og vassdrag må omsynet til natur og friluftsliv, landskap og kulturmiljø takast hand om.
  • Omsyn til naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøving og samfunnsliv skal sikrast.
  • Fortettingspotensialet bør kartleggjast og utnyttast før det blir lagt til rette for utbygging i nye område. Dette er særleg viktig i område med utbyggingspress. Ny utbygging bør skje i tilknyting til eksisterande byggjeområde og infrastruktur.
  • Viktige friluftsområde og samanhengande grøntstrukturar gjennom byggjeområda bør takast vare på. Det er viktig å unngå utbygging på myr. Ny utbygging må vere tilpassa landskap og terreng, og det bør leggjast vekt på minimering av inngrep.
  • Det må leggjast til rette for god medverknad for dei som blir råka, inklusiv brukargrupper som treng særskilt tilrettelegging. Det skal leggjast til rette for konsultasjon med lokale samiske interesser.
  • Planlegginga skal baserast på oppdatert, kartfesta og erfaringsbasert kunnskap om viktige verdiar. GIS-analysar er viktig for å visualisere og effektivisere planlegginga.

5 Fritidsbusetnad og lokal samfunnsutvikling

Kommunar som satsar på fritidsbusetnad og reiseliv, bør fastsetje ein politikk for berekraftig utvikling av desse næringane i kommuneplanen. Dette inneber å gjere ei samla vurdering av dei økonomiske, næringsmessige, arealmessige og samfunnsmessige utsiktene og verknadene av å leggje til rette for nye fritidsbustader, og fastsetje mål og strategiar for framtidig utvikling. Følgjande spørsmål er viktige for å kome fram til ein ønskt politikk:

  • Er det ønskjeleg med vidare utvikling av fritidsbustader i kommunen?
  • Korleis kan fritidsbustadane bidra til lokal verdiskaping og samfunnsutvikling?
  • Kva slags karakter og teknisk standard skal fritidsbustadene ha?
  • Kvar kan det tillatast ny utbygging og kor omfattande skal den vere?
  • Kvar skal sentrumsfunksjonar dekkjast?
  • Skal det tillatast fast busetjing i fritidsbustadene?
  • Skal eldre bygningsmiljø utviklast til reisemål og fritidsbusetnad?
  • Korleis vil utviklinga av fritidsbusetnaden påverke behovet for kommunale tenester og kommuneøkonomien?

Ved å vurdere fritidsbusetnaden i eit stadutviklingsperspektiv og som ein del av lokalsamfunnsutviklinga, kan kommunane setje fritidsbustadpolitikken inn i ein større samanheng. Dette bidreg til at hyttebygging ikkje berre blir eit spørsmål om bruk av areal og fordeling av verdiar mellom bygder og grunneigarar, men at dei samfunnsmessige verknadene av fritidsbustadutbygginga på kort og lengre sikt blir vurderte.

5.1 Lokal verdiskaping

Utbygging, vedlikehald og bruk av fritidsbustader gjev grunnlag for lokal verdiskaping knytt til byggje- og anleggsverksemd, handel, service, opplevings- og kulturtilbod og tilrettelagde aktivitetar. Eit viktig spørsmål for kommunen er om verdiskapinga skal knytast til utbygging av nye fritidsbustader, eller om ho framover skal knytast meir til bruk og vedlikehald av den eksisterande bygningsmassen.

Som grunnlag for planlegging av fritidsbustadområde bør kommunen og utbyggjarar ha ein viss kunnskap om marknaden, til dømes om aktuelle kundegrupper, typar fritidsbustader og om ulike ønskte tilretteleggingstiltak. Det er ikkje berekraftig å utvikle område og aktivitetstilbod som det ikkje vil vere etterspørsel etter på lang sikt.

Konsentrert utbygging og heilårs bruk av fritidsbustadene gjev dei beste føresetnadene for utvikling av handel, service og tenester tilpassa fritidsbustadsegmentet. Dess meir sambruk ein kan få til mellom fritidsinnbyggjarane, reiselivet og innbyggjarane i kommunen, dess større blir næringseffekten av fritidsbustadene.

Mange fritidsbustader er produserte av eksterne byggjefirma, mens lokale entreprenørar berre er underleverandørar i delar av byggjeprosessen. Av omsyn til lokal verdiskaping kan det vere ønskjeleg med ei jamn utbygging over mange år, framfor ei rask utbygging over nokre få år. Då kan det lokale næringslivet byggjast opp gradvis, og også dekkje behovet for vedlikehald og ombyggingar på eksisterande bygningsmasse. Kommunane kan bidra til dette ved å tilpasse utbyggingstakta og utbyggingsforma til kapasiteten i lokalt næringsliv.

Nasjonalparken næringshage er eit samarbeid mellom Oppdal og Rennebu kommunar og private bedrifter. Sidan 2017 har næringshagen arbeidd aktivt med prosjektet Bærekraftig fritid som er eit kompetanseløft for fritidsnæringa i regionen. Dei siste åra har satsinga bidrege til fleire utviklingsprosjekt der hytte- og områdeutviklarar, kommunal forvalting, arealplanleggjarar og nasjonale kompetansemiljø har vore involverte. Næringshagen er i tillegg arrangør av den nasjonale møteplassen Grønn hyttelab.

Østlandsforskning har i rapporten Fritidsboliger som vekstimpuls i fjellområdet sett på mekanismar og føresetnader for at utbygging og bruk av fritidsbustader kan gje lokaløkonomisk vekst. Rapporten peikar blant anna på at store fritidsbustadentreprenørar har overteke mykje av utbygginga av fritidsbustader, mens standardheving og vedlikehald er viktig for lokal byggjenæring. Rapporten viser samanhengar mellom arealplanlegging og lokaløkonomiske konsekvensar, og korleis kommunane kan påverke graden av vekst for lokalsamfunna på kort og lang sikt gjennom planlegginga si.

Valdres natur- og kulturpark har gjennomført eit prosjekt for å sjå nærare på føresetnadene for ei berekraftig hytteutvikling. Utgangspunktet for prosjektet var at verdiskapinga må skje på ein berekraftig måte for å ta inn over seg marknaden i framtida. Dette inneber eit medvit om miljømessige, men også dei sosiale og økonomiske aspekta ved hytteutviklinga. Det ein gjer i dag, skal ikkje gjere utsiktene ringare for komande generasjonar. Gjennom prosjektet søkte Valdres natur- og kulturpark svar på kva dette tyder i praksis og korleis dei kan gjere dette i Valdres.

Utbygging av fritidsbustader kan gje arbeidsplassar for unge, her i Øyer kommune.

Utbygging av fritidsbustader kan gje arbeidsplassar for unge, her i Øyer kommune.

Foto: Bjørn Casper Horgen

5.2 Stad- og reisemålsutvikling

Mykje av dagens hyttebygging skjer i tilknyting til større og mindre reisemål. Nokre av desse er utvikla over lang tid og har eit spreidd utbyggingsmønster utan eit definert sentrumsområde. Andre er bygde opp rundt eit alpinanlegg, ein eksisterande tettstad eller i attraktive kystområde, over få år. Det er viktig at kommunen tek aktivt grep om utviklinga av reisemåla og fritidsbustadområda, og ser desse i samanheng, til dømes gjennom utarbeiding av kommunedelplanar eller områdereguleringar. Regionvise planavklaringar i regionale eller interkommunale planar kan vere nyttig i område der fritidsbustadene og reiselivsaktivitetane strekkjer seg over fleire kommunar.

Utvikling av sentrumsfunksjonar i fritidsbustadområde kan vere i konkurranse med eksisterande tettstader og handelstilbod, men det kan også styrkje attraktiviteten til områda og redusere transportbehovet knytt til varehandel. Kommunen bør ha ei medviten haldning til dette, og vurdere kva konsekvensar det vil ha for eksisterande tettstader og sentrumsfunksjonar om det blir utvikla nye tilbod i fritidsbustadområda. Dersom kommunane ønskjer at fritidsbustadene skal styrkje grunnlaget for eksisterande sentrumsområde, er det viktig å vurdere kva tiltak som kan bidra til dette.

Prinsipp som blir lagde vekt på i by- og tettstadområde bør også leggjast til grunn ved utvikling av destinasjonar og store fritidsbustadområde med fellesfunksjonar. Dette omfattar fortetting, kvalitet i utbygginga, ytre avgrensing av byggjeområda, sikring av grøne korridorar ut frå sentrumsområda osv. Gode stader blir utvikla innanfrå, der ny bygningsmasse blir sikra stadtilpassing og lokal byggjeskikk. Kompakt sentrumsutvikling med funksjonsblanding og konsentrasjon av tenester og møteplassar kan bidra til meir attraktive stader for både besøkjande og bebuarar.

Utviklinga i Holtardalen i Rauland i Vinje kommune i perioden 1968–2021.

Utviklinga i Holtardalen i Rauland i Vinje kommune i perioden 1968–2021.

Illustrert med flyfoto frå Kartverket si nettside «Norge-i-bilder».

I område med aktivitetsanlegg og infrastruktur som krev eit jamt besøk, til dømes alpinanlegg og marinaer, er det viktig å vurdere behovet for utleigeeiningar og eventuelt setje av areal til dette. Fritidsbustader og leilegheiter for utleige bør lokaliserast i sentrumsområde eller nær aktivitetsanlegg. Kommunar som har forsøkt å sikre tilstrekkeleg overnattingskapasitet ved å regulere område til private fritidsbustader med føresegner om tvungen utleige, har erfart at dette kan vere vanskeleg å følgje opp. I område der det er behov for stor overnattingskapasitet, bør det leggjast til rette for næringsrelaterte utleigeeiningar. Frivillig utleige av private fritidsbustader gjennom bookingløysingar kan også auke utleigemarknaden.

Fleire stader er det utarbeidd masterplanar for utvikling av reisemål og hytteområde. Slike private planar kan gje god kunnskap om områda og utviklingsalternativa som ligg føre, og vere eit nyttig innspel til den kommunale planlegginga. Men planane kan også skape forventningar om ei utvikling som ikkje er i tråd med nasjonal, regional eller lokal areal- og samfunnspolitikk. Det blir derfor tilrådd å organisere denne typen utviklingsarbeid som ein del av arbeidet med kommunedelplanar for område med fritidsbustader. Dette er viktig for å sikre eit godt samspel mellom offentlege og private styresmakter, god politisk styring og god medverknad i prosessane.

Ressursar

5.3 Grunneigarsamarbeid

Mange eldre hytteområde vart planlagde ut frå prinsippet om at grunneigarar som ønskte det, fekk sett av tomter på eigen eigedom ut frå storleik. Ei slik fordeling av hyttetomter kan føre til at unødvendig store areal blir omfatta av utbygginga, og at omsynet til landbruk, reindrift, natur- og friluftsinteresser osv. ikkje blir følgt opp på ein god måte. Områda har ofte ikkje felles løysingar for vatn og avløp, og infrastrukturen kan ha låg standard.

Etter kvart som krava til teknisk standard og infrastruktur har auka, og arealinngrepa knytte til hyttebygginga har vorte større, har behovet for grunneigarsamarbeid vorte viktigare. Eit godt grunneigarsamarbeid gjev grunnlag for løysingar som reduserer arealbeslaget og miljøbelastninga knytt til hyttebygginga og ønskt oppgradering av eldre område. Eit samarbeid styrkjer ofte også den marknadsmessige utviklinga av eit område.

Kommunane bør stimulere grunneigarane til å samarbeide om utviklinga både av eksisterande og nye fritidsbustadområde, uavhengig av eigedomsstruktur. Dette er viktig ved oppgradering av eldre utbygging, ved avgrensing av nye byggjeområde på kommuneplannivå, og ved den detaljerte planlegginga av hytteområda på reguleringsplannivå. Kommunane kan ikkje stille krav om grunneigarsamarbeid, men dei kan gje føresegner om felles planlegging for fleire eigedomar i område som er sette av til fritidsbustader i arealdelen i kommuneplanen. Kommunen kan dessutan fastsetje kva slags vass- og avløpsløysingar mv. som er tillatne i ulike område. Det vil som regel gje ei betre utbyggingsløysing dersom fleire grunneigarar samarbeider og blir samde om ei fordeling av inntekter og utgifter, uavhengig av kva for eigedom ein plasserer fritidsbustadene på.

Det finst ingen fasit på korleis eit grunneigarsamarbeid skal organiserast, eller kor omfattande det skal vere. Det bør som eit minimum avklarast kva for grunneigarar som skal samarbeide, kva det skal samarbeidast om, kven det skal samarbeidast med, og korleis inntekter og kostnader skal fordelast. Det kan også vere behov for å samarbeide om korleis etablering og drift av fellesfunksjonar skal finansierast, og korleis grunneigarane skal bidra til utviklinga av området og lokalsamfunnet på lang sikt. Samarbeid med friluftsorganisasjonar, idrettslag, reiseliv og andre næringsaktørar er også viktig i utviklinga av fritidsbustadområde.

Planeksempel områderegulering for Nysetlie i Ål kommune

Kart

Arealdelen i kommuneplanen sette krav om felles reguleringsplan, og området er planlagt uavhengig av eigedomsgrenser. Reguleringsplanen omfattar 182 tomter i mindre grupper tilpassa landskapet. Tilkomstvegane er lagde med mjuk linjeføring og tilpassa terrenget. Vegar, grøntstruktur og omkringliggjande sti- og løypenett gav rammer for arrondering av byggjeområde og tomter.

5.4 Fellestiltak

Etablering og drift av fellestiltak kan vere ei utfordring i fritidsbustadområde med mange uavhengige grunneigarar og utbyggjarar. Fellestiltak kan omfatte fysiske tiltak som opparbeiding og merking av stiar og løyper, etablering av parkeringsplassar, badeplassar, bålplassar, gapahukar, stupetårn, leikeområde, toalett, søppelhandtering m.m. Det kan også omfatte informasjon og kulturtiltak som festivalar, marknader, konsertar og andre arrangement. God grunneigarorganisering, og samarbeid med friluftsorganisasjonar, velforeiningar, idrettslag, eksisterande reiseliv og andre lokale og regionale næringsaktørar gjev grunnlag for etablering av tiltak som er viktige for trivsel og attraktiviteten ved stadene.

Ein modell for finansiering av fellestiltak bør vere med som ein del av planlegginga av fritidsbustadområde. Med ei felles forståing av utfordringar og utsikter, strategiar og tiltak, vil det vere enklare å identifisere kva fellestiltak som skal gjennomførast. Kommunen, næringsliv, idrettslag, hyttevelforeiningar, utbyggjarar/grunneigarar, destinasjonsselskap og andre interessentar bør i samarbeid svare på nokre sentrale spørsmål:

  • Kva for nokre fellesgode skal haldast ved like og driftast, og kva nye tiltak er det aktuelt å gjennomføre?
  • Korleis finansiere desse fellestiltaka? Kva er det mogleg å ta avgift for innanfor ramma av friluftslova?
  • Kven skal vere ansvarleg for igangsetjing, vedlikehald og drift?

Område for felles leik og opphald

Område for felles leik og opphald.

Foto: Bjørn Casper Horgen

6 Viktige omsyn og arealinteresser

Dette kapittelet omtalar omsyn som er særleg viktige ved planlegging av fritidsbustader, og kjelder til kunnskap om dei ulike temaa.

Agenda 2030 er ein felles handlingsplan for berekraftig utvikling, og Noreg har forplikta seg til å jobbe for at verda når dei 17 berekraftsmåla innan 2030. Fylkeskommunane og kommunane har eit viktig ansvar i oppfølginga av måla. Hovudutfordringane for Noreg er særleg knytt til høgt materielt forbruk, utslepp av klimagassar og tap av naturmangfald. Desse utfordringane er svært aktuelle ved planlegging, lokalisering og utforming av fritidsbustader. Berekraftsmåla kan vere eit verktøy for å arbeide heilskapleg med planlegging av fritidsbustader. Målet må vere å finne løysingar som både gjev lokal samfunnsutvikling og følgjer opp omsyn til klima og miljø. Ved planlegging av fritidsbustader er følgjande berekraftsmål særleg aktuelle:

  • Mål 6 om reint vatn og gode sanitærforhold
  • Mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Mål 9 om industri, innovasjon og infrastruktur
  • Mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn
  • Mål 13 om å stoppe klimaendringane
  • Mål 15 om livet på land
  • Mål 17 om samarbeid for å nå måla

6.1 Landskap

Landskapet omfattar alle naturgjevne og menneskeskapte eigenskapar ved eit område, dvs. naturverdiane, naturressursane, kulturmiljøet, friluftslivet og dei fysiske omgjevnadene ein kan sjå og oppleve på ein stad. I tillegg rommar landskapsomgrepet måten vi oppfattar eit område på og verdiane vi gjev det. Europarådets landskapskonvensjonforpliktar oss til å leggje vekt på og ta omsyn til landskapet i all planlegging.

Fritidsbustadene ligg som regel i overgangen mellom dei landskapa vi opplever som naturgjevne, og dei vi oppfattar som menneskeskapte. Det er viktig å sikre at bygningane og infrastrukturen blir lokalisert og utforma slik at særpreget og identiteten ved landskapet blir sikra på ein god måte. Fritidsbygga må tilpassast forma på landskapet, vegetasjonen, naturmangfaldet, kulturmiljøet, beiteverdiar mv. Ei samling av fritidsbygg vil ofte medføre mindre nedbygging av natur og gje betre landskapstilpassing enn eit spreidd utbyggingsmønster.

Verknaden av den einskilde hytta og hyttefeltet er større enn sjølve arealbeslaget, og utbygginga kan påverke verdiar som ligg langt utanfor tomta og planområdet. Store fritidsbustadområde kan prege landskapet i vid omkrins og redusere moglegheitene til å oppleve urørt natur og intakte landskap med kulturhistoriske verdiar. Utstrekt lyssetjing gjer at større hytteområde er svært synlege i mørket. Dette reduserer moglegheitene til å oppleve stjernehimmelen, og kan ha negative konsekvensar for insekt og andre dyr.

Dei viktigaste landskapsverdiane er knytte til samanhengande landskap med få tekniske inngrep, store landskapsrom, snaufjellet og randområda rundt, samanhengande linjer langs kyst og vassdrag, verdifulle kulturlandskap, spesielle og karakteristiske terrengformer, område med viktig naturmangfald.

Verdiane i landskapet må ein sjå i samanheng, og dei bør kartfestast så langt det er mogleg. Landskaps- og stadanalysar kan vere gode verktøy for å få oversyn over verdiane i eit område. Det finst fleire metodar frå enkle kartframstillingar der ulike omsyn og arealinteresser blir synleggjorde, til omfattande analysemetodar leidde av spesialistar. Landskapsanalysar for område der det er planlagt fritidsbustader bør utarbeidast i samarbeid med, og vere eit felles diskusjonsgrunnlag for, alle aktørane og interessentane i planarbeidet.

Landskapsanalysar bør omfatte:

  • Landskapsforma; terreng, skala, topografi, hydrologi, karakteristiske landskapselement, synlegheit mv.
  • Tidsdjupna i landskapet; kva som har forma kulturlandskapet og eksisterande bygningsstruktur, kva verdiar landskapet har i form av kulturminne og kulturmiljø, naturressursar, byggjeskikk, ferdselsmønster med vegar og sti-/løypenett, korleis eksisterande bruk er, og framtidige moglegheiter.
  • Økologien i landskapet; kva for naturtypar og artar som finst i området, markslag og jordbruk, skogbruk, reindrift, økologiske samanhengar i området, økosystemtenester mv.

Samanheng mellom bygningstype og arealbeslag. Illustrasjon Skaara arkitekter

Illustrasjonen over viser korleis arealbeslaget blir redusert ved meir konsentrert utbygging. Dei tre eksempla viser 36 fritidsbustader som frittståande einingar, som dobbelthytter og i leilegheitsbygg. Dei enkle 3D modelleringane viser ikkje vegetasjon. Avstanden mellom bygga har betydning for i kva grad det vil vere mogleg å behalde eksisterande terreng, bekkar, tre og annan vegetasjon mellom fritidsbustadene. Dobbelthyttene sikrar større vegetasjonsbelte mellom gruppene, og er ein måte å samle utbygginga på. Det kunne også vore tungrupper med 3-4 mindre einingar.

6.2 Naturverdiar

Fjell-, skog- og kystområda i Noreg har store naturverdiar, og er attraktive for fritidsbustader. Nedbygging og oppdeling av naturområde er saman med klimaendringane dei største trugslane mot mangfaldet av artar og naturtypar. Utfordringa er derfor å hegne om naturmangfald og sikre landskapsøkologiske samanhengar ved planlegging av nye fritidsbustader.

Å hegne om store, samanhengande naturområde utan busetnad er ein føresetnad for å sikre naturmangfald og leveområde for artar med stort arealbehov. Det er også nødvendig å sikre grøne korridorar mellom større naturområde, som er forflyttings- eller spreiingskorridorar for artar. Innanfor fritidsbustadområda vil vern av grøn infrastruktur med opne bekkar og grøntdrag heve kvaliteten på områda, sikre naturmangfald og redusere risikoen for naturfare.

For å avgrense utsleppa av klimagassar er det viktig å unngå nye fritidsbustader og tilhøyrande infrastruktur på myr og myrlendte område. Myr er karbonlager og kan gje store utslepp av klimagassar ved nedbygging. Myr er også viktig for naturmangfald, spesielt fuglar og insekt, og for klimatilpassing, fordi dei kan halde på vatn og dempe konsekvensane av tørke og flaum.

Naturmangfaldet i høgfjellet er særleg sårbart. Hyttebygging opp mot og i snaufjellet fører til oppdeling av samanhengande fjellområde som er leveområde for blant anna rype, villrein og ulike rovfuglar. Villreinen er ein arealkrevjande art som det er særleg viktig å ta omsyn til ved planlegging av fritidsbustader. Han er avhengig av store leveområde og trekkvegar mellom område som er i bruk til ulike tider på året. Elg og andre hjortedyr er også arealkrevjande artar som har leveområde i overgangssona mellom skog og snaufjell. Det er derfor viktig å verne samanhengande naturområde utan inngrep i skogbeltet under snaufjellet. Kommunane bør ikkje tillate ny fritidsbusetnad over skoggrensa. Ved planlegging av fritidsbustader i leveområdet til villreinen skal innspel frå villreinnemda tilleggast vekt.

Fritidsbustader under skoggrensa.

Fritidsbustader under skoggrensa.

Foto: Lise Solbakken

Villreinen og fritidsbustader

Villreinen er ein nasjonal ansvarsart, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen og leveområda hans. Situasjonen for villreinen er dramatisk endra dei siste 100 åra. Utbygging av vasskraft, hytter, reiselivsanlegg, vegar, jernbane og annan infrastruktur har ført til at leveområda til villreinen er kraftig redusert, og at tradisjonelle trekkruter mellom kalvingsområde, oppvekstområde, sommarbeite og vinterbeite er avskorne. I Norsk raudliste for artar 2021 vart villreinen kategorisert som ein nær truga art.

Leveområda til villreinen er ofte attraktive hytte- og friluftsområde. Villreinen blir både påverka av arealbeslaget frå fritidsbustadene og av ferdsel og annan aktivitet som følgjer med bruken av fritidsbustadene. I område med villrein utgjer menneskeleg ferdsel frå hyttene, og tilrettelegging av vegar og stiar inn i høgfjellsområda, den største negative påverknaden på villreinstammane. Dyra unngår heilt eller delvis å bruke områda der dei blir forstyrra, og over tid fører dette til tap av beiteareal og trekkruter. Kanalisering av menneskeleg ferdsel er eit verknadsfullt tiltak for å vareta omsyn til villrein og einskilde andre sårbare artar.

Omsynet til naturmangfald, kulturminne, vassmiljø, landskap og friluftsliv gjer at det er eit generelt byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. I strandsona langs sjøen er det eit stort omfang av verdifulle naturtypar, hekke- og næringssøkområde for fugl, og vandringsvegar og gyte- og leveområde for fisk. Det er utarbeidd statlege planretningslinjer for korleis kommunane skal planleggje i strandsona langs sjøen. Desse er omtalte i kapittel 6.4. Mange av dei same omsyna gjeld langs vatn og vassdrag.

Ved planlegging av ny fritidsbustader kan det vere utfordrande å balansere omsyna til utbygging og å hegne om naturverdiar, på ein god måte. For å avgrense nedbygginga av natur bør kommunane leggje til rette for fortetting framfor utbygging i nye område. Ved planlegging av nye fritidsbustader må ein ta omsyn til prinsippa i naturmangfaldlova om sikring av område med viktige naturverdiar. Det er også viktig at ferdsel ikkje forstyrrar sårbare artar eller medfører stor slitasje i sårbare naturtypar. Det er særleg viktig at nye fritidsbustader og tilførselsvegar ikkje blir lokaliserte på myr og anna våtmark.

Randsona til nasjonalparkar og andre verneområde er ofte attraktive for fritidsbustader. I slike område må kommunane vurdere eventuelle nye fritidsbustader opp mot konsekvensar for verneverdiane i områda.

Det er kommunane sitt ansvar å identifisere naturmangfald2, og å ta omsyn til dette i planlegginga. Kommunane har eit spesielt ansvar for å verne om truga artar og naturtypar, og naturtypar som er peika ut som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova § 52.

I planlegginga må kommunane bruke tilgjengeleg kunnskap om naturverdiar i Naturbase, Portal for økologiske grunnkart, Det offentlige kartgrunnlaget og Kilden, saman med lokal kunnskap. Ein eigen kommunedelplan for naturmangfald kan vere eit nyttig kunnskapsgrunnlag og verktøy ved planlegging av hytteområde. Miljødirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for kommunedelplanar for naturmangfald, sjå lenkje i boksen «Ressursar».

Naturverdiar som det må takast omsyn til i arealplanlegginga, går fram av rundskriv T-2/16 Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet.

Ved planlegging av fritidsbustader bør følgande prinsipp leggast til grunn:

  • Sikre samanhengande naturområde med få eller ingen tekniske inngrep
  • Fortette eller utvide eksisterande byggjeområde framfor å byggje ut i nye område
  • Unngå ny fritidsbusetnad i og over skoggrensa
  • Unngå ny fritidsbusetnad i viktige delar av grøntstrukturen, i 100-metersbeltet langs sjø og i vassdragsbeltet langs vatn og vassdrag
  • Unngå ny fritidsbusetnad på myr og våtmark
  • Unngå ny fritidsbusetnad som gjev negative konsekvensar for villreinen. Villreinnemda sine innspel skal tilleggast vekt.
  • Unngå ny fritidsbusetnad som kan føre til auka ferdsel i sårbare naturområde og verneområde, og i nærleiken av hekkeområde til truga og sårbare fugleartar

Ressursar

6.3 Friluftsliv og ferdsel

Ynsket om å utøve friluftsliv og få naturopplevingar er ein viktig grunn til at mange vil eige ein fritidsbustad. Nye fritidsbustader og auka tilrettelegging for friluftsaktivitetar gjev fleire sjansen til å oppfylle dette ønsket, men kan også føre til nedbygging eller redusert tilgang til friluftslivsområda.

Attraktiviteten til eit fritidsbustadområde heng nært saman med natur- og landskapskvalitetane i området. Utbygginga må derfor balanserast slik at natur- og landskapsverdiane blir sikra, og slik at områda ikkje mister attraktiviteten sin som friluftsområde.

Mykje av hyttebygginga i fjellet skjer i skogbeltet i overgangen til snaufjellet. Slike skogbelte er ofte viktige som friluftsområde i tillegg til at dei er viktige for naturmangfald, visuell og vindmessig skjerming, og i mange tilfelle også som beiteområde. Dette er omsyn som må leggjast vekt på ved lokalisering av nye fritidsbustader. I område med samanhengande fritidsbusetnad og stort utbyggingspress er det viktig å ta vare på grøne korridorar mellom hyttefelta.

Områda over skoggrensa har mykje å seie for friluftsliv. Kommunane bør derfor ikkje tillate ny fritidsbusetnad her.

Langs kysten er det viktig å sikre tilgangen til å ferdast langs strandkanten og ikkje privatisere eller hindre tilkomsten til badeplassar, fiskeplassar, bryggjer og andre attraksjonar. Moglegheitene til å gå i land frå sjøen, bør haldast ved lag.

I tilknyting til fritidsbustader og reiselivsanlegg er det ulike forventningar om aktivitetsanlegg og tilrettelegging for friluftsliv. I fjellet er det mange som ønskjer maskinpreparerte skiløyper, lysløyper, alpinanlegg, anlegg for terrengsykling, tilrettelagde turstiar og sykkelvegar, varmestover m.m. Andre ønskjer urørt natur og minst mogleg tilrettelegging. I låglandet og langs kysten kan det tilsvarande vere ønske om småbåthamner, tilrettelagde badeplassar, ilandstigingsstader og kyststiar.

Ved planlegging av fritidsbustader bør kommunane unngå nedbygging av attraktive friluftslivsområde. Det er vidare viktig å sikre ein samanhengande grøn infrastruktur med kyststiar, turstiar, sykkelstiar, langrennsløyper mv. som er tilgjengelege frå hytteområda og frå parkeringsplassar for ålmenta. På denne måten kan ein leggje til rette for ferdsel gjennom hytteområda, og redusere behovet for bilkøyring til turområda utanfor byggjesona.

Skiløyper tilgjengelege frå fritidsbustadene.

Skiløyper tilgjengelege frå fritidsbustadene.

Foto: Bjørn Casper Horgen

Tilretteleggingstiltak for friluftsliv bør inngå i planlegginga av fritidsbustader. Aktivitetsanlegg og trasear for ski og sykkel som gjev store og varige terrenginngrep, krev ei gjennomtenkt lokalisering og planlegging. I størstedelen av naturområda utanfor byggjeområda bør det berre gjennomførast enkel tilrettelegging som rydding av stiar, skilting, varding osv.

Kanalisering av ferdsel bort frå område med sårbar natur er aktuelt i nokre område, til dømes i område med villrein og sårbar vegetasjon. Kanalisering av ferdsel i tilknyting til verneområde bør ein sjå i samanheng med forvaltingsstyresmaktene sine planar for besøksforvalting. Dette bør vere med i planlegginga der det er aktuelt. I område med potensiell snøskredfare må det ikkje etablerast skiløyper. Miljødirektoratet har utarbeidd rettleiar om planlegging av ferdselsårene for friluftslivet.

Faktabasert kunnskap om friluftsområde bør liggje til grunn for planlegging av fritidsbustader. Dersom friluftsområda i kommunen, og bruken av desse, ikkje er kartlagde og verdsette, bør slik kartlegging gjennomførast som grunnlag for kommuneplanarbeidet. Dette vil vere eit godt utgangspunkt for å vareta attraktive friluftsområde for innbyggjarar og hyttefolk. Miljødirektoratet har utarbeidd ein rettleiar om kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde.

Ved planlegging av fritidsbustader bør følgjande prinsipp leggast til grunn:

  • Sikre store, samanhengande friluftsområde og attraktive nærturområde
  • Sikre grøn infrastruktur gjennom byggjeområda
  • Avklare behovet for aktivitetsanlegg og tilretteleggingstiltak

Ressursar

6.4 Strandsona langs sjø og vassdrag

Nærleik til sjø og vatn er ein kvalitet mange etterspør, og derfor eit viktig omsyn ved planlegging av fritidsbustader. Ein stor del av fritidsbustadene ligg langs sjøen, og tilgangen til strandsona er mange stader avgrensa. Godkjenning av einskildhytter gjennom dispensasjonar og bruksendring av naust til fritidsbustad, kan bidra til auka privatisering og redusere ålmenta si tilgang til strandsona ytterlegare. Det kan også redusere opplevingsverdiane knytt til strandsona.

Eit klassisk sørlandsområde der fleire av sjøbuene er endra til fritidsbustader.

Eit klassisk sørlandsområde der fleire av sjøbuene er endra til fritidsbustader.

Foto: Celine Bråthen Setsaas

Det følgjer av plan- og bygningslova § 1-8 at strandsona langs sjø og vassdrag skal forvaltast slik at ein tek vare på natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og ålmenne interesser. Klimaendringar med flaum og stormflod rammar strandsona spesielt, og gjer det endå viktigare med langsiktig planlegging i desse områda.

I 100-metersbeltet langs sjøen er det eit generelt byggjeforbod. Dette omfattar alle tiltak etter plan- og bygningslova § 1-6, unnateke fasadeendringar. Forbodet omfattar bruksendringar og terrenginngrep, som til dømes etablering av kunstige sandstrender. Kommunane kan fastsetje ei anna byggjegrense enn 100 meter i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan.

Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen utdjupar det generelle byggjeforbodet og gjev føringar for kommunane si planlegging i 100-metersbeltet. Det går fram av retningslinjene at utbygging bør konsentrerast til etablerte byggjeområde, og at areal til bustad-, sentrums- og næringsutvikling bør prioriterast framfor areal til fritidsbustader. I tidlegare hamne- og næringsområde i byar og tettstader er det ei mindre restriktiv haldning til omdisponering til fritidsbustader. Omsynet til friluftsliv og ålmenta sin tilgang til strandsona skal leggjast sterkt vekt på når kommunen vurderer å godkjenne vidare utvikling av eksisterande fritidsbustader. Ein bør unngå dispensasjonar.

Retningslinjene deler kysten inn i tre soner, med ulike føringar ut frå utbyggingspress, tilgang på strandsone mv. I sone 1, som omfattar kommunane rundt Oslofjorden, skal byggjeforbodet innanfor 100 meter mot sjø bli strengt praktisert i planlegginga, og dispensasjonar skal unngåast. I sone 2, som omfattar andre område der presset på areala er stort, bør det vere ei restriktiv haldning til nye fritidsbustader i område med utbyggingspress. Sone 3 omfattar område som har mindre press på areala. Heller ikkje her bør det tillatast utbygging i område som har spesiell verdi for friluftsliv og ålmenn ferdsel, naturmangfald, kulturmiljø og landskap.

Ved planlegging av nye fritidsbustader i kystsona må ny utbygging vurderast mot dei konkrete interessene i strandsona. Strandsona skal forvaltast i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Det skal leggjast vekt på å sikre ålmenta tilgang til sjøen, til dømes ved å setje av areal til kyststi, friluftsområde og badeplassar. Slike tiltak bør ha ei gjennomtenkt lokalisering og krav til utforming. Nye bryggjer, småbåthamner og naust bør fortrinnsvis samlast og lokaliserast til område som har slike anlegg frå før.

Langs vatn og vassdrag skal kommunane vurdere om det bør fastsetjast ei byggjegrense på inntil 100 meter for vassdrag som har betydning for naturmiljø, kulturmiljø, friluftsliv eller for kapasiteten i vassdraget. I samsvar med vassressurslova § 11 skal det sikrast eit naturleg vegetasjonsbelte langs vassdrag som motverkar avrenning, og er levestad for plantar og dyr. Elles må det gjerast ei vurdering av konsekvensar for miljøtilstanden i vassdrag i tråd med vassforskrifta § 12 som skal leggast til grunn ved ny aktivitet og nye inngrep i ein vassførekomst.

Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag har retningslinjer for arealbruk langs vassdrag som er verna mot kraftutbygging. Retningslinjene skal hindre inngrep som reduserer verneverdiane i vassdraga, og skal leggjast til grunn for planlegginga i kommunane.

Kommunal- og distriktsdepartementet har utarbeidd ein rettleiar for tredimensjonal planlegging i strandsona. Dette gjev eit godt grunnlag for å visualisere og vurdere konsekvensar av føreslegne tiltak i strandsona, særleg for landskapsverknad og ålmenta sin tilgang til sjøen.

Døme på bruk av Kommunal- og distriktsdepartementet sin interaktive rettleiar «Strandsonen i 3D»

Døme på bruk av Kommunal- og distriktsdepartementet sin interaktive rettleiar «Strandsonen i 3D»

Ved planlegging av fritidsbustader bør følgjande prinsipp leggast til grunn:

  • Unngå ny fritidsbusetnad i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag i pressområde
  • Vurdere samlokalisering av bryggjer, småbåthamner og naust
  • Vurdere om vassforskrifta § 12 skal brukast ved ny aktivitet og nye inngrep i ein vassførekomst

Ressursar

6.5 Forma på landskapet og vegetasjon

Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig å tilpasse utbygginga til landskapet i stor og liten skala. I stor skala kan det vere ein dal i eit dal- og fjellandskap. I mindre skala er bekkedalar, ravinar, moreneryggar og småkupert terreng døme. God kunnskap om forma på landskapet er eit viktig utgangspunkt for å vurdere kor godt eigna eit område er til fritidsbustader og kva typar fritidsbustader som bør tillatast. Forma på landskapet med vekt på terrenghelling, relieff, vegetasjon og synlegheit må vurderast i ein målestokk og eit omfang som er tilpassa plannivået, men også sjåast i samanheng med dei omkringliggjande landskapa og i eit regionalt og nasjonalt perspektiv. Tre, gamle steingjerde og andre viktige element i landskapet som skal sikrast, bør identifiserast så tidleg som mogleg.

Hellingsgraden i terrenget er avgjerande for om området eignar seg til utbygging eller ikkje. I bratt eller kupert terreng er det ekstra viktig å vurdere kva slags bygningstype som sikrar at landskapet ikkje endrar seg i for stor grad.

Hellingskart er eit nyttig verkemiddel på kommuneplannivå for å avklare eigna byggjeområde og bygningstype.

Hellingskart er eit nyttig verkemiddel på kommuneplannivå for å avklare eigna byggjeområde og bygningstype.

Kjelde: Asplan Viak.

Terreng som er brattare enn 1:3 er generelt ikkje eigna for utbygging. I terreng med hellingsgrad mellom 1:3 og 1:6 er det viktig at bygningsmasse og infrastruktur blir tilpassa terrenget. Sjå nærare omtale i kapittel 12.10. I bratt terreng aukar også flaum- og skredfaren, og det kan også vere utfordrande å handtere overvatn.

Hyttebygging skjer ofte i fjell- og kystområde med store, opne landskapsrom der god utsikt er ein viktig kvalitet. Dette gjer samtidig at bygningsmassen kan bli synleg frå store avstandar. Fritidsbygningane blir meir synlege dersom det er lite vegetasjon rundt den einskilde hytta, omfattande utandørs belysning eller vegar og tomter med store skjeringar eller fyllingar. Inngrepa vil vere særleg synlege på lang avstand dersom bygningane ligg i ei li som vender mot eit stort og ope landskapsrom. Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig at visuell fjernverknad blir vurdert grundig. Medviten plassering og gruppering av bygningane kan betre landskapsverknaden. Ein bør unngå å plassere hytter over skoggrensa og på toppar, kollar og andre svært synlege formasjonar i landskapet. Feltutbygging bør lokaliserast til kupert landskap. Bygningane kan her leggjast inn i skålforma terrengformer og utformast slik at dei ikkje blir meir eksponerte enn nødvendig.

Vegetasjonen er ein viktig del av særpreget ved eit landskap. Tre og annan vegetasjon bidreg til å dempe fjernverknaden av bygningane, det gjev visuell skjerming mellom område og dempar vind. Vegetasjonen er også viktig ved handtering av overvatn og kan vere ein del av sikringa mot skred. Det er derfor viktig at ein ser tettleik og gruppering av bygningane og framføring av vegar i samanheng, slik at ein tek vare på vegetasjonen i større samanhengande område. Solforhold og utsikt frå hyttene må inngå i vurderingane, slik at ein unngår at vegetasjonen blir fjerna etter at bygningane er oppførte. Ved feltutbygging er vegetasjonsbelte særleg viktige for å dempe fjernverknaden.

Ofte er det vegane og vass- og avløpsleidningane som medfører dei største terrenginngrepa i eit hytteområde. Det er viktig at infrastrukturtiltak inngår i planlegginga så tidleg som mogleg, slik at dei samla inngrepa ikkje blir unødig omfattande. Vass- og avløpsleidningar bør i størst mogleg grad leggjast i same trasé som bil- eller gang-/sykkelvegnettet. Desse traséane kan også planleggjast som flaumvegar for å ta unna avrenninga ved store nedbørsmengder.

Område klargjort for utbygging. All vegetasjon er fjerna og alt terreng er endra i samband med framføring av veg og leidningsanlegg.

Område klargjort for utbygging. All vegetasjon er fjerna og alt terreng er endra i samband med framføring av veg og leidningsanlegg.

Foto: Rambøll.

Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig å:

  • Unngå utbygging i snaufjellet og andre opne landskap utan vegetasjon
  • Unngå utbygging som bryt tydelege åsprofilar eller viktige horisontlinjer
  • Unngå bygging på kollar og toppar
  • Unngå utbygging i eksponerte dalsider
  • Ivareta mest mogleg av eksisterande vegetasjon og terreng

Ressursar

6.6 Kulturmiljø

Kulturminne og kulturmiljø er alle spor etter menneske sine liv og virke i vårt fysiske miljø. Det omfattar også stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Natur- og landskapselement kan dermed ha kulturhistorisk verdi og vere eit kulturminne. Kulturmiljøer område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Kulturminnelova legg vekt på at kulturminne skal takast vare på som kjeldemateriale og som varig grunnlag for oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd for nolevande og framtidige generasjonar.

Fritidsbustader blir ofte bygde i utmark opp mot fjellet eller ut mot kysten. I desse områda er det også kulturminne frå tidlegare verksemd, busetnad og ferdsel. På fjellet kan det vere spor etter jernutvinning, fangst og setring. Ved kysten finn vi kulturminne knytte til den gamle kystkulturen. Dette kan vere bryggjer, båtopptrekk, originale naust, gravrøyser med utsikt mot leia og steinalderbuplassar knytte til dei gamle strandlinjene. Alle kulturminne eldre enn 1537 og samiske kulturminne frå 1917 eller eldre, er automatisk freda.

Fleire historiske bygningsmiljø er prega av fråflytting og endra bruk. Over tid har nokre område utvikla seg til reine fritidsbustadområde, mens andre område har både bustader og fritidsbustader. I fleire stølsområde er stølane endra til fritidsbustader, og bygningsmassen som ikkje er i bruk, forfell og forsvinn. Mange av desse områda blir fortetta med nye hytter, og områda endrar karakter. Ei tilsvarande utvikling har det vore i mange uthamner og små fiskevær langs kysten, grender med heigardar og andre område som er vortne heilt eller delvis fråflytta.

Flekkerøy fotografert i 1929 av Anders Beer Wilse/© Norsk Folkemuseum og gjenfotografert i 2007 av Oskar Puschmann/© NIBIO

Flekkerøy fotografert i 1929 av Anders Beer Wilse/© Norsk Folkemuseum og gjenfotografert i 2007 av Oskar Puschmann/© NIBIO

Ved planlegging av nye fritidsbustader må det takast omsyn til verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Kulturminna som skal vernast, må gjevast tilstrekkeleg rom, slik at dei ikkje blir skadde av inngrep eller auka ferdsel og aktivitet knytt til fritidsbustadene. Nye bygningar i eksisterande bygningsmiljø bør tilpassast og hente inspirasjon frå den tradisjonelle, lokale byggjeskikken. Tilpassing vil ikkje seie at ny utbygging må kopiere eller etterlikne den historiske bygningsmassen i detaljering og materialbruk. Gruppering og plassering i terrenget, storleik og hovudform, er ofte viktigare enn bygningsmessige detaljar. Gjennom tilpassa materialbruk, fargebruk, volum, form og plassering kan ein sikre eit godt samspel mellom nye og gamle bygningar. Vurdering av nær- og fjernverknad av ny utbygging er også viktig, og ein bør unngå omfattande utfylling og landskapsinngrep. God arkitektur og kvalitet i dei bygde omgjevnadene oppnår ein like gjerne ved at ny utbygging får ein eigen og klar identitet som speler saman med den historiske bygningsmassen og landskapet.

Gamle vegfar, stiar, slåttenger, rydningsrøyser, steingjerde, fiskehjellar og andre menneskeskapte element i landskapet kan også vere verneverdige. I seterområde bør ein unngå at nye fritidsbustader gjer eksisisterande bygningsmiljø, naturbeite, setervollar og innmark ringare. Å halde kulturlandskapet ved lag er avhengig av at det blir drive aktiv landbruksdrift, og forholdet mellom fritidsbustadene og landbruksdrifta bør derfor avklarast.

Reindrifta er tilsvarande viktig for dei samiske kulturmiljøa. Samiske kulturminne er spor etter samisk bruk og at dei har vore til stades i landskapet. Det kan til dømes vere gammetufter, eldstader, hus, stabbur, kyrkjegardar, offerstader, heilage fjell og innsjøar, sennagrasstader, leikeplassar for barn og munnlege forteljingar og joik knytte til bestemte plassar. Samiske kulturminne finn vi i eit stort område, frå Innlandet i sør til Finnmark i nord, men også lengre sør og aust.

Ved planlegging av nye fritidsbustader er det viktig å ha kunnskap om og ta omsyn til:

  • Kulturminne og kulturmiljø freda etter kulturminnelova
  • Verneverdige kulturminne og kulturmiljø av regional og lokal verdi
  • Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesser (KULA)
  • Samiske kulturminne og kulturmiljø
  • Kulturminne og kulturmiljø knytte til nasjonale minoritetar

Ressursar

6.7 Eksisterande næringar

Utbygging og bruk av fritidsbustader kan ha konsekvensar for eksisterande næringar. Forholdet til desse må vurderast i planlegginga.

6.7.1 Reindrift

Reindrifta er ei arealkrevjande næring som utnyttar marginale ressursar i fjell- og utmarksområde. Det blir utøvd reindrift på over 40 % av landarealet i Noreg. Det samiske reinbeiteområdet strekkjer seg frå Troms og Finnmark til Innlandet fylke. I Sør-Noreg er det også ikkje-samisk reindrift basert på konsesjon.

Reinen treng store, samanhengande beiteområde og tilgang til alle typar årstidsbeite, kalvingsområde og flyttleier. Klimaendringar kan føre til endringar i beitegrunnlaget ved at nokre beiteområde blir utilgjengelege, mens andre område kan bli aktuelle som beiteområde. Dette vil medføre endringar i flyttemønster. Endra beite- og flyttemønster vil stille krav til fleksibilitet i arealbruken i reindrifta, og gjev også ein risiko for konfliktar med andre arealbruksinteresser.

I tillegg til dei direkte konsekvensane ved nedbygging av areal, kan aktivitet og ferdsel frå hytteområde ha negative konsekvensar for reindrifta. Dette gjeld også i periodar med lite folk og trafikk rundt hyttene. Fleire studiar har vist at reinen unngår bruk av store soner rundt hyttefelt. Dette kan føre til auka beitebelastning på andre areal.

Planar etter plan- og bygningslova skal sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøving og samfunnsliv, jf. pbl. § 3-1. Saman med Grunnlova § 108 og dei folkerettslege skyldnadene er dette utgangspunktet for avveging av omsynet til arealbruken i reindrifta mot arealbruken til andre samfunnsinteresser.

Ved planlegging av nye fritidsbustader er det viktig å vurdere korleis reindrifta bruker dei aktuelle areala og områda rundt. Det bør ikkje leggjast til rette for utbygging i område med minimumsbeite, parringsland, luftingsområde, oppsamlingsområde, eller i trekk- og flyttleier for tamrein. Det er også viktig å samle fritidsbustader for å minimere forstyrringa på rein. Summen av alle inngrep må vurderast.

Sentrale verktøy for å få kunnskap om arealbruken i reindrifta er distriktsplanane for reinbeitedistrikta og arealbrukskartet for reindrifta. Den tradisjonelle kunnskapen i reindrifta er i stor grad munnleg, og avhengig av personleg overlevering. Det er viktig med god og tidleg dialog med reinbeitedistrikta, som skal ha oppdaterte distriktsplanar om arealbruken i området. Desse skal vise flyttemønster, årstidsbeite, kalvingsland, luftingsområde, oversyn over framkomst- og transportmiddel, og gjerde og anlegg. Arealbrukskartet for reindrifta er ein del av det offentlege kartgrunnlaget, og er gjort tilgjengeleg av NIBIO i kartløysinga Kilden.

6.7.2 Landbruk

Hyttebygging kan ha negative konsekvensar for landbruket ved at areal som blir brukte til beite og anna utmarksnæring blir bygd ned. I tillegg kan ferdsel til og frå hytteområda føre til at beitedyr blir jaga eller trekkjer bort frå viktige beiteområde. Det kan også oppstå farlege situasjonar i møte mellom beitedyr og menneske.

Beiting hindrar gjengroing av det opne kulturlandskapet på fjellet og ved kysten, og held oppe kulturlandskapsverdiane som gjer områda attraktive for fritidsbustader. Beitetrykket frå sau, geit og storfe er ofte mindre enn beiterettane, men kan i nokre område være stort.

Ved planlegging av fritidsbustader bør beiteområde med høg kvalitet sikrast. Dette gjeld særleg i seter- og stølsområde. Tidleg og god dialog med dei lokale beitelaga kan bidra til å kartleggje viktige beiteareal, førebyggje konfliktar og å finne avbøtande tiltak.

Hogging av skog rundt fritidsbustadene kan auke beiteverdien og beitetrykket i hytteområda. Dette bør det takast omsyn til ved utforming av planane og ved føresegner om gjerde osv. Utan god planlegging for fleirbruk, kan det oppstå konfliktar mellom hytteeigarar og næringar med beiterett. Tinglysing av beiteretten på fritidseigedomane kan hindre konfliktar, då tinglysinga vil vere kjend når ein oppfører, festar eller kjøper eigedomen.

Hyttebygging kan også kome i konflikt med skognæringa ved at det blir lagt avgrensingar på skogbruket både innanfor og rundt sjølve hytteområdet. Uttaket av tømmer vil bli lågare fordi hyttefeltet legg beslag på areal som kunne vorte produktiv skog, og fordi hogstmetoden i omkringliggjande område ofte må tilpassast omsynet til friluftsinteresser, landskapsverknad og lokalklima. I område der det er viktig å ta vare på produktiv skog rundt fritidsbustadene av omsyn til friluftsinteresser, landskapsverknad og lokalklima, bør ein vurdere tiltak for å sikre skogen.

Det er eit nasjonalt mål at omdisponeringa av dyrka jord skal reduserast til under 3 000 dekar per år innan 2025. Ved planlegging av ny fritidsbusetnad er det viktig å unngå utbygging på dyrka og dyrkbar jord.

Foto av kyr på beite

Forholdet til beitenæringa og spørsmål om inngjerding av fritidsbustadene bør avklarast i reguleringsplan eller i arealdelen i kommuneplanen.

Foto: Bjørn Casper Horgen

6.7.3 Andre næringar

Fritidsbustader kan kome i konflikt med utvinning av mineral, energiproduksjon og anna naturbasert næringsverksemd. Langs kysten kan det vere konflikt mellom fritidsbustader og fiske, akvakultur, og anna næringsutvikling. Omsynet til råka næringar må vurderast konkret og takast med i planlegginga.

Ved planlegging av fritidsbustader bør det takast omsyn til eksisterande næringar:

  • Unngå utbygging i område med viktige beiteressursar for husdyr
  • Unngå utbygging på dyrka og dyrkbar mark
  • Unngå utbygging i reindriftsområde med minimumsbeite, parringsland, luftingsområde, oppsamlingsområde, kalvingsområde, og i trekk- og flyttleier for tamrein
  • Unngå utbygging i område med produktiv skog
  • Unngå utbygging i område med andre viktige næringsinteresser

Ressursar

6.8 Samfunnstryggleik, naturfare og klimatilpassing

Kommunane skal vareta samfunnstryggleiken i planlegginga, og syte for at alle relevante risiko- og sårbarheitsforhold knytte til ny utbygging blir kartlagde og vurderte. Ved utbygging er det utbyggjaren som har ansvaret for tryggleiken, i tråd med dei krava, lovene og reglane som styresmaktene har fastsett.

Naturfare og konsekvensar av eit endra klima er spesielt viktig å ta med i kartlegginga og risikovurderingane. Dette kan omfatte hyppigare og større flaumar, auka skredfare, stigande havnivå og ei meir krevjande overvasshandtering. Klimaendringar med høgare temperaturar aukar også faren for skogbrann.

I område med naturfare må kommunane unngå å leggje til rette for nye fritidsbustader, dersom ein ikkje kan oppnå tilstrekkeleg tryggleik gjennom sikringstiltak. I fritidsbustadområde er det viktig å ta vare på naturgjevne mogleigheiter for å redusere risikoane for naturfare, blant anna gjennom bruk av vegetasjon, skog, myr og vatn som buffer mot flaum og skred, og for å dempe effektar av eit våtare og varmare klima. Vurderinga av tryggleik må også omfatte tilkomstvegar og friluftsområde.

Det er viktig å vere merksam på at ny kunnskap om naturfare og effektar av klimaendringar kan innebere at område som tidlegare har vore rekna som tilstrekkeleg sikre for utbygging, ikkje lenger er det.

Fylkesvise klimaprofilar gjev eit kortfatta samandrag av dagens klima, forventa klimaendringar og klimautfordringar i kvart fylke. Statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing viser korleis planlegging etter plan- og bygningslova skal bidra til at samfunnet tilpassar seg eit klima i endring.

Plan- og bygningslova § 28-1 og Byggteknisk forskrift (TEK17) kapittel 7 om tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld direkte for byggjesak, men er også førande for arealplanlegginga.

6.8.1 Flaum, overvatn og stormflod

Klimaframskrivingane tilseier at det vil bli hyppigare og større flaumar i små vassdrag i heile landet. Naturlege bekkar kan ta imot vassmengder som er vesentleg større enn normalen, ved flaum, store nedbørsmengder og snøsmelting. Det er derfor viktig å la bekkane vere i sine naturlege løp.

I tettbygde fritidsbustadområde med lite samanhengande grøntstruktur og tynt jorddekke, kan store nedbørsmengder gje utfordringar med handtering av overvatn. For å hindre skadar bør overvatn handterast med lokal oppsamling, infiltrasjon og fordrøying, og sikker bortleiing på overflata. Det er viktig å unngå utbygging nær bekkar og i lågpunkt som er naturlege fordrøyingsmagasin og flaumvegar for overvatn. Bekkar og bekkedrag bør haldast opne.

Verknader av klimaendringane som blant anna flaum, havnivåstiging, stormflod og bølgjepåverknad råkar strandsona spesielt. Dette må varetakast ved planlegging av fritidsbusetnad. Det viktigaste tiltaket vil vere å unngå bygging av nye fritidsbustader i utsette område.

6.8.2 Jord-, flaum- og kvikkleireskred

Klimaendringar aukar faren for jord- og flaumskred. Menneskelege inngrep som bygging av vegar i fjellsider, hogst og hyttebygging utan tilstrekkeleg drenering, kan også auke faren for skred.

Auka erosjon som følgje av hyppigare og større flaumar kan føre til utløysing av fleire kvikkleireskred. Dei fleste kvikkleireskred blir likevel utløyste av menneskeleg aktivitet. Ved planlegging av nye fritidsbustader er det nødvendig å vareta tilstrekkeleg tryggleik i samsvar med gjeldande tryggleikskrav i Byggteknisk forskrift.

6.8.3 Snøskred

Fjellsider og skrentar som er brattare enn 25° kan gje fare for snøskred dersom snømengda går over 0,2 meter, og det ikkje er tilstrekkeleg skogdekning i området. Faren for tørrsnøskred kan bli redusert fordi temperaturstiging vil føre til høgare snøgrense og tregrense, mens faren for våtsnøskred og sørpeskred i skredutsette område vil auke. Skreda kan også ramme andre stader enn tidlegare. Skog er viktig som skredførebyggjande tiltak, og tilstrekkeleg tryggleik kan vere avhengig av at beståande skog ovanfor fritidsbustadene ikkje blir fjerna eller vesentleg tynna.

6.8.4 Steinsprang og steinskred

Steinsprang og steinskred losnar oftast i bratte fjellparti der terrenghellinga er større enn 40–45°. Klimaendringar kan auka hyppigheita også av denne skredtypen. Kommunen må ha oversyn over område med potensiell fare for steinsprang eller steinskred, og unngå å leggje til rette for fritidsbustader her.

6.8.5 Beredskap

Når kommunen planlegg fritidsbustader må han vurdere talet på hytter, lokalisering, infrastruktur, aktivitetsanlegg osv. i samanheng med plikta til å kunne sikre beredskap knytt til helse, brann- og redningsteneste, krisehandtering mv.

Sikringstiltak mot snøskred

Sikringstiltak mot snøskred.

Foto: Frank Haughorn

Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig at kommunane:

  • Har kunnskap om effektar av eit klima i endring og kva konsekvensar dette vil ha for arealbruken.
  • Unngår nedbygging av areal som er viktig for klimatilpassing, blant anna våtmark og kantsoner langs vassdrag.
  • Har oversyn over område utsette for naturfarar, og unngår at det blir bygd fritidsbustader i slike område.
  • Avklarar løysingar for handtering av overvatn.

6.9 Mobilitet og teknisk infrastruktur

Teknisk standard påverkar tettleiken i utbygginga og bruken av fritidsbustadene. Det er derfor viktig å vurdere teknisk standard i forhold til kvar fritidsbustadene ligg. I indre fjellområde med lite inngrep og område med store natur- og landskapsverdiar bør kommunane vere forsiktige med å leggje til rette for standardheving med heilårsveg og innlagt vatn og avløp.

Eldre fritidsbygningar i snaufjellet utan veg fram til kvar hytte og lite terrenginngrep. Bygningane har avgrensa storleik, dempa fargar og naturmateriale.

Eldre fritidsbygningar i snaufjellet utan veg fram til kvar hytte og lite terrenginngrep. Bygningane har avgrensa storleik, dempa fargar og naturmateriale.

Foto: Kari Sveen.

6.9.1 Kollektivtransport og mobilitet

Dei fleste hytteområda er baserte på bruk av privatbil som transportmiddel. Transport til og frå fritidsbustadene kan gje utslepp av klimagassar og ulemper knytte til trafikktryggleik, lokal luftforureining og støy. Helgetransporten til og frå fritidsbustadene gjev også utfordringar med kapasitet og trafikkavvikling på hovudvegnettet.

Kommunane bør tilrettelegge for redusert bilbruk og styrke grunnlaget for kollektivtilbod. Det bør også arbeidast for å etablere kollektive transportordningar frå sentrale kollektivknutepunkt til og frå dei store fritidsbustadområda. Dette kan vere minibuss, drosje, utleige av båtar, el-bilar eller elsyklar. Det bør også etablerast lett tilgjengelege ladeløysingar for el-bil.

I fritidsbustadområde med store avstandar mellom hyttefelta og tur- og aktivitetsområda, kan interntransporten vere stor, og gje lokale ulemper. For å unngå mykje intern bilkøyring bør områda planleggjast slik at transportbehovet blir redusert. Det inneber at handels- og servicefunksjonar bør samlast, og at nye hyttefelt bør plasserast i tilknyting til eksisterande. Det er også viktig å etablere eit samanhengande nettverk av gang- og sykkelvegar, turvegar, stiar og løyper mellom viktige målpunkt i dei store fritidsbustadområda, og det bør vurderast om det er mogleg å etablere ordningar for intern kollektivtransport. Dette kan til dømes vere tilbringarbuss til alpinanlegg eller andre aktivitetsanlegg.

Kollektivtransporten er som regel finansiert av fylkeskommunen, men i einskilde reisemålsområde er det sett i verk kommersielle transporttenester. Dette er gjerne knytt til alpinanlegg eller liknande attraksjonar. Ved planlegging av ulike former for kollektivtransport er det viktig å gjere realistiske vurderingar av kostnader og finansiering av slike tilbod.

6.9.2 Vatn og avløp

Plan- og bygningslova § 27-1 første ledd set krav om at en bygning ikkje kan oppførast før det er tilfredsstillande tilgang til nok og godt nok drikkevatn. Dette gjeld også for fritidsbustader. Etter plan- og bygningslova § 27-2 skal handtering av avløpsvatn vere sikra i samsvar med forureiningslova før frådeling av tomt eller oppføring av bygning kan tillatast. Ved gradvis utbygging er det viktig å syte for at det er nok kapasitet på eksisterande avløpsleidningar og -anlegg før nye område blir tilknytte. Kommunen kan krevje tilknyting til offentleg vass- og avløpsleidning dersom dette er bestemt i plan.

Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig å avklare korleis vassforsyning og avløpshandtering skal løysast for området samla. I større fritidsbustadområde og i område med konsentrert utbygging er det viktig å leggje til rette for lokale fellesløysingar eller framføring av kommunalt leidningsnett. Separate avløpsløysingar er aktuelt i område med færre fritidsbustader.

I område som ligg langt frå kommunalt leidningsnett og der det ikkje er mogleg å etablere tilfredsstillande lokale reinseløysingar for avløpsvatn, kan det ikkje tillatast innlagt vatn i hyttene. Kommunen kan også, etter konkret vurdering, gje føresegner som forbyr innlegging av vatn i fritidsbustadene dersom det er nødvendig for å unngå forureining av drikkevasskjelder. Vurderinga må baserast på den konkrete forureiningsfaren. Utfordringa i slike område er å sjå til at tømming av biologiske toalett og utslepp av gråvatn skjer på ein måte som ikkje forureinar.

6.9.3 Energibruk

Høg standard og auka bruk av fritidsbustadene har ført til ein vesentleg auke av energibruk og effektuttak i konsesjonsområda til einskilde nettselskap. Kommunane kan ikkje sette grenser på inntak eller forbruk av energi i planar etter plan- og bygningslova, men god planlegging kan bidra til å redusere energibehovet. Dette handlar om korleis fritidsbustadområda og einskildbygga blir plasserte i terrenget, kor store fritidsbustadene er, korleis dei er utforma, og korleis ein utnyttar vegetasjonen som lebelte. Plassering av bygningar i terreng som hallar mot sørvest gjev maksimal soleksponering. Det kan redusere energibruken til oppvarming, og er ei føremon ved installasjon av solceller. Omkringliggjande åsar kan gje skyggeverknad og ha stor innverknad på talet på soltimar, spesielt i vinterhalvåret. Lågtliggjande område der kaldluft stagnerer, eignar seg dårleg for fritidsbustader. Det same gjeld vindutsette område, der det ikkje er skjerming frå vegetasjon eller topografi. I vindutsette og snørike område bør ein registrere område med spesielt ugunstige forhold. Toppane er generelt mest vindutsette, og fjerning av vegetasjonen her kan føre til vesentleg auka energibruk til oppvarming, og i tillegg negative landskapsverknader.

Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig at energiselskapa blir involverte i planprosessen for å sikre at det er nødvendig kapasitet i energinettet. Av omsyn til oppvarmingstryggleiken og for å dempe effektuttaket på straumnettet, bør fritidsbustader ha kombinasjonsløysingar for oppvarming med fleire energiberarar. Aktuelle energiberarar kan vere trepellets, ved, biogass, bioparafin, bioolje, elektrisitet og varmepumpe. I hyttefelt med liten avstand mellom hyttene er det relevant å vurdere felles oppvarmingsløysingar. Dette bør gjerast tidleg i planprosessen.

Gran kommune har fått tilskot gjennom Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet for å planleggje eit klimapositivt hytteområde på Lygna.

Illustrasjonen viser bygningar i grupper med små einingar rundt eit felles tun.

Illustrasjonen viser bygningar i grupper med små einingar rundt eit felles tun. Tilkomst til hyttene skjer via smale gruslagde stiar frå eit område med fellesfunksjonar. Dette kan omfatte felles parkering, forsamlingslokale, badstove, smørebu, lagerplass, ladestasjon for bil og sykkel m.m.

Illustrasjon: SKAARA Arkitekter

Ved planlegging av fritidsbustader er det viktig å:

  • Avklare teknisk standard ut frå kvar fritidsbustadene ligg
  • Legge til rette for redusert bilbruk og styrke grunnlaget for kollektivtransport i dei store fritidsbustadområda
  • Avklare løysingar for vatn og avlaup
  • Redusere energibehovet gjennom riktig lokalisering, og tilrettelegging for alternative energiberarar

7 Medverknad bidreg til kunnskap og konfliktdemping

Fritidsbustadeigarane er ein ressurs som kan bidra positivt i utviklinga av fritidsbustadområda og samfunnsutviklinga lokalt. Kommunar, næringsliv, lag og foreiningar bør derfor gjere ein innsats for å invitere fritidsbustadeigarar til å delta i planprosessar, bli medlem i lag og foreiningar, delta på dugnader og samarbeide med lokalt næringsliv. Aktuelle arenaer for informasjon og dialog om utviklinga av fritidsbustadområda og lokalsamfunnet kan vere:

  • Nettsider og sosiale medium
  • Digital varsling om planprosessar
  • Opne møte
  • Hyttevelforeiningar
  • Hyttemagasin
  • Kontordagar i fritidsbustadområda når mange er på hytta
  • Spørjeundersøkingar retta mot fritidsbustadeigarar

Plan- og bygningslova føreset at det skal leggjast til rette for medverknad i alle planprosessar. Rettleiaren frå departementet om «Medvirkning i planlegging» har døme, og beskriv metodar som kan nyttast også ved planlegging av fritidsbustader. GIS-baserte verktøy for medverknad er særleg nyttig når ein skal involvere hytteeigarar og andre det vedkjem, som bur langt unna planområdet.

Der hyttebygging skjer ved fortetting og utviding av eksisterande område er det spesielt viktig å leggje til rette for medverknad frå eksisterande hytteeigarar og råka brukargrupper for å unngå konfliktar ved lokalisering av nye vegar, aktivitetsanlegg og nye fritidsbustader.

For å kunne ta omsyn til landbruk, reindrift og anna eksisterande og potensiell næringsverksemd er det avgjerande at råka partar blir inviterte med, og deltek, i planprosessen. Det same gjeld innbyggjarane og interesseorganisasjonane i kommunen.

Planstyresmaktene skal leggje spesielt til rette for deltaking frå samiske interessegrupper som samiske reindriftsutøvarar, til dømes gjennom eigne møte. Dette følgjer både av plan- og bygningslova og samelova.

Samelova kapittel 4 har reglar om plikta styresmaktene har til å gjennomføre konsultasjonar med samiske interesser. Konsultasjonsplikta gjeld saker som råkar naturgrunnlaget for samiske kulturtiltak og avgjerder som er planlagt sette i verk i tradisjonelle samiske område og tiltak og avgjerder som kan få verknad på samisk materiell kulturutøving i tradisjonelle samiske område.

Kommunen pliktar å konsultere representantar for råka samiske interesser som kan bli direkte påverka av planlagt utbygging. Avgjerda om det skal gjennomførast konsultasjon må avklarast med aktuelle råka partar, og kan ikkje avgjerast av kommunen åleine. Konsultasjonsplikta må samordnast med Sametinget sin motsegnsrett etter plan- og bygningslova og særstillinga reindrifta har i plansamanheng. Kommunal- og distriktsdepartementet har gjeve ut rettleiar for kommunar og fylkeskommunar om konsultasjonar med samiske interesser.

Varsel om oppstart og høyring av arealdelen i kommuneplanen skjer ofte gjennom annonsar i lokalavisa og oppslag på kommunen sine heimesider. Dette kan vere ei utfordring for fritidsbustadeigarar og andre det vedkjem, som ikkje er busette i kommunen, og som derfor ikkje blir kjende med pågåande planprosessar. Ved oppstart av kommuneplanar og kommunedelplanar som har konsekvensar for fritidsbustadeigarar og andre det vedkjem, bør kommunen vurdere behovet for varsling via brev, sms, e-post eller andre kanalar. Det same gjeld ved utarbeiding av reguleringsplanar.

Planar for større fritidsbustadområde og reiselivsanlegg kan ha store konsekvensar for lokalfolka og lokalt næringsliv, men også for fritidsbustadeigarar i tilstøytane område. Gode planprosessar kan bidra til å redusere konfliktar og samordne interessene til fastbuande og fritidsbustadeigarar. Dette inneber at det må leggjast til rette for medverknad for alle det gjeld, til dømes gjennom opne møte.

Møte som aktiverer deltakarane er godt eigna til å involvere lokalfolka, fritidsbustadeigarane og lo-kalt næringsliv i planlegginga av fritidsbustader.

Møte som aktiverer deltakarane er godt eigna til å involvere lokalfolka, fritidsbustadeigarane og lokalt næringsliv i planlegginga av fritidsbustader.

Foto: Rambøll.

Velforeiningar som kan representere fritidsbustadeigarar i kommunale planprosessar er viktige. Ideelt sett bør kvart fritidsbustadområde i ein kommune ha ei eiga velforeining. I tillegg kan det vere nyttig med ein overbygning der alle hyttevelforeiningane i kommunane er representerte.

Valdres natur- og kulturpark er ein arena for samhandling mellom dei seks Valdres-kommunane, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande. Målet er verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna gjennom langsiktig merkevarebygging, samarbeid og lokal styring.

Valdres Hytteforum er ein overbygning for dei fleste hytteeigarforeiningane i Valdres. Ein representant frå Valdres Hytteforum har fast plass i Valdresrådet som er det høgste organet i Valdres Natur- og Kulturpark. I tillegg til representanten for hytteeigarane består Valdresrådet av ordførar og ein annan politikar frå kvar av kommunane, representantar frå natur- og kulturparken, Innlandet fylkeskommune, og partnarar som destinasjonsselskap, næringshagar og ulike små og store næringsutøvarar.

Heimesidene valdres.no gjev informasjon om arrangement, kulturtilbod, opplevingar, reisemål, handel og tenestetilbod osv. i dei seks Valdres-kommunane. Den er lagt til rette for både fastbuande, deltidsinnbyggjarar og tilreisande.

Skjermbilde av valdre.no

Fotnotar

1.

Fritidsbygg kan omfatte fleire brukseiningar.

2.

Naturmangfald er i naturmangfaldlova definert slik: biologisk mangfald, landskapsmessig mangfald og geologisk mangfold, som ikkje i det alt vesentlege er eit resultat av menneska si påverking
Til forsida