Rundskriv om endringar i gravplassforskriften o.a. (namneflytting, teieplikt o.a.)

Namneflytting

Departementet fastsette 23. mars 2023 endring i gravplassforskriften om namneflytting. Endringa byggjer på høyringa i 2021, men er formulert annleis. Gravplassforskriften § 21 andre ledd lyder no (endringar i kursiv):

«Gravplassmyndigheten kan gi tillatelse til at navn på person påføres gravminne på en eksisterende grav eller eksisterende navneplate i navnet minnelund eller urnevegg et annet sted enn der vedkommende er gravlagt. Navnet må da fjernes fra den opprinnelige plasseringen.»

Vilkår for namneflytting

  • Søknad om namneflytting blir fremja av den som er ansvarleg for eller festar av grava namnet skal flyttast frå. Søknad om namneflytting skal rettast til gravplasstyresmakta der namnet skal flyttast til.
  • Festaren rår over grava, jf. gravplassloven § 15 første ledd, og namneflytting kan ikkje skje utan samtykke frå den som er festar av grava eller namneplata namnet skal flyttast til. Det same gjeld ansvarleg for grav i fredingstida. Med andre ord: Den eksisterande namneplata vil ha ein ansvarleg eller ein festar som må gi sitt uttrykkelege samtykke til namneflyttinga. Det blir ikkje stilt krav til relasjonane mellom den som søker, avlidne og den som samtykker.
  • Gravplasstyresmakta har ikkje plikt til å tillate namneflytting, heller ikkje til namna minnelund. Namneflytting kan med andre ord nektast sjølv om det ville vore plass til eit namn til på gravminnet eller namneplata. Gravplasstyresmakta kan likevel ikkje nekte namneflytting aleine fordi avlidne budde eller var gravlagt i ein annan kommune.
  • Forskrifta regulerer ikkje når søknad om namneflytting til namna minnelund kan fremjast. Det er ikkje et vilkår at søknaden om namneflytting blir fremja i samband med eit dødsfall eller ei gravleggjing i minnelunden. Søknad om namneflytting kan bli fremja sjølv om fredingstida ikkje er over. Den opphavlege grava er framleis freda og det oppstår ikkje ny fredingstid i grava som eit namn blir flytta til.
  • Gravplasstyresmakta kan etter søknad tillate namneflytting til eksisterande namneplate. Med eksisterande namneplate blir det sikta til plate eller annan formgitt fysisk eining der det allereie står namn på annan gravlagt og der det er plass til eit eller fleire namn til. Uttrykket omfattar òg døra eller plata som lukker nisjen i urnevegg. Uttrykket  «eksisterende navneplate» er ikkje til hinder for at det ved behov kan lagast ei ny plate. Det opphavlege namnet og det som blir namneflytta skal då bli ståande på same plate.
  • Forskrifta set ikkje grenser for kor mange namn ein søknad om namneflytting kan omfatte, men det må vere plass på gravminnet eller namneplata som namna skal flyttast til.
  • Utan nærare regulering i vedtektene kan gravplasstyresmakta tilllate namneflytting til ei eksisterande namneplate på minnesmerke i namna minnelund. Namneflytting som inneber at det må settast opp ei ekstra namneplate, krev regulering i vedtektene og dispensasjon frå departementet etter gravplassforskriften § 39. I arbeidet med vedtektene kan gravplasstyresmakta ta omsyn til korleis dei ulike minnesmerka er utforma (materialval osv.) og kapasiteten i dei ulike minnelundane.
  • Namneflytting til namna minnelund utan samtykke frå ein som allereie har grav i minnelunden (dvs. ekstra namneplate), krev dispensasjon frå departementet etter gravplassforskriften § 39.  Gravplasstyresmakta kan heller ikkje utan dispensasjon tillate namneflytting til ei ny (tom) grav (som ikkje har gravminne frå før).
  • Namnet på den som er gravlagd kan ikkje stå på fleire gravminne, minnelundar eller urneveggar samtidig, jf. gravplassforskriften § 21 andre ledd andre setning.
  • Sjølv om det på ordinær grav ikkje er sett opp gravminne eller eit gravminne er fjerna, vil det innanfor fredingstida vere høve for den som er eller var ansvarleg for grava (eller dersom ingen er ansvarleg for grava, den som var ansvarleg for gravferda) å søke om namneflytting frå denne grava. Det kan også fremjast søknad om namneflytting så lenge grava blir festa. Det vil i desse tilfella ikkje vere noko namn som må fjernast i samband med namneflyttinga. Etter utløpet av fredingstida eller festeperioden kan gravplasstyresmakta ikkje tillate namneflytting av namn på gravlagte som ikkje er påført gravminne, urnevegg eller minnesmerke utan dispensasjon frå departementet etter gravplassforskriften § 39.
  • Namneflytting frå anonym grav krev dispensasjon frå departementet.
  • Gravplassrettleiaren gir generell rettleiing om namneflytting.

Gjennomføring av namneflytting

  • Namn kan flyttast mellom gravminne, minnesmerke og urneveggar. Namn kan flyttast frå andre gravplassar og andre kommunar.
  • Namneflyttinga må tilpassast rammene på staden namnet blir flytta til, t.d. skrifttype og ev. symbol på namneplata i den namna minnelunden.
  • Namnet må fjernast frå det opphavlege gravminnet, urneveggen eller minnesmerket.
  • Namneflyttinga må registrerast i gravregisteret. Leverandørane av fagsystem kan med fordel ettergå sine system slik at namneflyttinga blir registrert og at namn er moglege å søke fram på både opphavleg og ny stad.

Konsekvensar av namneflytting

  • Namneflytting inneber ei svekking av samsvaret mellom gravinnhaldet og namna på gravminnet eller minnesmerket som følgjer av hovudreglane i lova og forskrifta.
  • Ved namneflytting vil namnet bli omfatta av rammene som gjeld der namnet flyttast til, t.d. vil ikkje grensa for maksimal festetid blir utvida som følgje av namneflytting.
  • Dersom festeperioden eller fredingstida i grava det blir søkt om namneflytting til snart løper ut, og det ikkje er utsikt til fornying/inngåing av festeavtale, bør gravplasstyresmakta orientere om dette i samband med handsaminga av søknad om namneflytting.
  • Det kan ikkje i samband med namneflytting festast plass til namneplate ved sida av.

Økonomi

  • Den som søker om namneflytting må vere budd på å betale kostnadane ved namneflyttinga, både dei som oppstår på staden namnet skal fjernast frå og der namnet skal påførast. Dette omfattar mellom anna ev. ny namneplate og graveringa av den og nedsliping eller annan prosedyre for å fjerne namnet frå tidlegare plassering.
  • Namneflytting til eksisterande namneplate inneber ikkje «bruk av» namna minnelund og urnevegg som utløyser rett til å krevje avgift etter gravplassloven § 21 andre ledd.
  • Namneflytting til eksisterande namneplate vil normalt ikkje redusere kapasiteten i minnelunden eller urneveggen. I dei tilfella namneflytting til namna minnelund fører at at ei kiste- eller urnegrav blir frigjort til gjenbruk, inneber det ein fordel for gravplasstyresmakta dersom det er mangel på graver.

Andre spørsmål

  • På same måte som ein kan gravleggje i urnevegg utan å setje namn og data utanpå nisjen, sjå omtale i rundskriv Q-05/2022 punkt 3.1, kan ein gravleggje i namna minnelund utan å setje opp namneplate.
  • Det er høve til å etablere namna minnelundar med plass til fleire namn enn graver. Det kan vere tenleg å velje ein storleik på namneplatene som tillet fleire namn og som er enkle å påføre nye namn og data på.
  • Ein rekkje stadar gjeld det føresegner i lokale vedtekter om namneflytting til namna minnelund gitt på dispensasjon frå departementet. Forskriftsendringa no fører ikkje til at desse må endrast. Eventuelle endringar i vedtektene må på vanleg måte godkjennast av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Gravminne når lekam er donert til forsking eller undervisning

Departementet fastsette 23. mars 2023 endring i gravplassforskriften om gravminne når lekam er donert til forsking eller undervisning. Endringa byggjer på høyringa i 2022. Gravplassforskriften § 21 første ledd, andre og ny tredje setning lyder no (endring i kursiv):

«Personer som er omkommet på havet, i krig eller liknende, og som ikke er gravlagt på gravplass, kan likevel få navnet satt på eksisterende eller nytt gravminne eller på minnesmerke ved navnet minnelund eller urnevegg hvor dette er anlagt. Det samme gjelder i påvente av gravlegging av avdøde hvor liket er donert til undervisning og forskning

Tidlegare kunne det ikkje bli sett opp gravminne når lekamen var donert til undervisning og forsking før sjølve gravleggjinga. Gravleggjinga kunne då skje lang tid etter dødsfalet og medverke til at færre lik blir donert. Etter forskriftsendringa kan ein i påvente av gravleggjinga, kunne setje opp gravminne i desse tilfella. Tanken er at dette samla sett vil vere til beste for sorgprosessen og for måloppnåinga etter obduksjonslova kapittel 3 som regulerer bruk av lik i undervising og forsking.

Teieplikt, arkivplikt og heimel for forsøk som avvik frå lova og forskrifta

Stortinget handsama i mai 2022 Innst. 347 L (2021–2022) og vedtok forslaga i Prop. 65 L (2021–2022) Endringar i gravplassloven (teieplikt og arkiv m.m.). Gravplasstyresmakta og dei tilsette er etter lovendringa omfatta av dei generelle reglane om teieplikt og arkivplikt som gjeld andre forvaltningsorgan, sjå nærare proposisjonen punkt 3 og 4 og særmerknadene. Nettstaden til Arkivverket har rettleiing om pliktene som følgjer av arkivlova og forskrift om offentlege arkiv.

Gravplasstyresmaktene kan no søke om forsøk, sjå proposisjonen punkt 6 og særmerknadene.

Opplysningar om anonyme graver

Gravplassloven § 22 gir eigne reglar om kva som kan seiast om anonyme graver, sjå Prop. 65 L (2021–2022) punkt 4 og særmerknadene. § 22 lyder:

«Enhver som utfører tjeneste eller arbeid etter loven her, har taushetsplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og 13 g. Taushetsplikten omfatter også opplysninger om plasseringen av anonyme graver. Gravplassen og gravfeltet for en anonym grav kan oppgis.»

Siktemålet med lovendringa var at teieplikta framleis skal gjelde etter at Den norske kyrkja har blitt sjølvstendig og organ i kyrkja ikkje er omfatta av forvaltningsloven der teieplikta er regulert. Den nye føresegna i lova inneber at teieplikta gjeld opplysningar om den nærare plasseringa av ei anonym grav, men gravplasstyresmakta kan opplyse om gravplassen og gravfeltet den anonyme grava ligg på. Dette gjeld òg etter at grava er sletta. I proposisjonen er dette grunngitt slik:

«Det kan vere gode grunnar til å gi opplysningar om at ein person er gravlagd på gravplassen. Er grava sletta eller avlidne gravlagd anonymt, vil etterlatne eller andre ikkje finne noko gravminne. Det kan ha verdi for dei å vite at avlidne er gravlagd, og at dei ikkje treng å leite på andre gravplassar. Vidare er det å velje anonym gravlegging ikkje noko uttrykk for tru eller livssyn.»

Om ansvaret gravplasstyresmaktene og krematoria har for å sjekke status død i Folkeregisteret

Departementet har som svar på spørsmål uttalt seg om ansvaret gravplasstyresmaktene og krematoria har for å sjekke status død i Folkeregisteret (sak 22/2093).

Sjølv om det ikkje framgår uttrykkeleg av gravplassloven eller gravplassforskriften, er det etter departementets syn rimeleg om gravplasstyresmakta og/ eller krematoriet kontrollerer avlidnes status i Folkeregisteret før gravleggjing og kremasjon, t.d. som ledd i handsaminga av meldinga om gravleggjing/ kremasjon («begjæringsskjemaet»).

Forvaltningsorgana med oppgåver etter gravplassloven og gravplassforskriften har etter departementets syn naturleg eit ansvar for at dei formelle tilhøva er på plass før gravleggjing og kremasjon. Vi viser dessutan til at opplysning om dødsfallet no blir registrert raskare enn før som følgje av elektronisk dødsmelding. Dette skjerstort sett automatisk. Tal for oktober 2022 viser at 91 prosent av dødsfalla var registrert i Folkeregisteret i løpet av ein til to dagar etter at dødsfallet, og av desse over 60 prosent same dag som dødsfallet. Ved dødsfall av norsk innbyggjar i utlandet, kan det gå noko lengre tid med registreringa i Folkeregisteret.

Gravplasstyresmakta har tilgang til å gjere oppslag i Folkeregisteret. (Eit forslag om tilsvarande tilgang for godkjende krematorium er sendt til Stortinget.) Det er tale om å kontrollere status i Folkeregisteret, ikkje om å ha innsyn i legemeldinga eller annan underliggjande informasjon om dødsfallet. Opplysning om død er ikkje omfatta av teieplikta etter folkeregisterloven.

Dersom avlidne ikkje er registrert som død i Folkeregisteret, bør gravplasstyresmakta etterlyse avklaring. I enkelte saker vil etterlatne kunne ha naudsynt dokumentasjon. Alternativt kan gravplasstyresmakta kontakte meldepliktig lege, politi eller ambassade. Dersom avlidne som ikkje er registrert som død i Folkeregisteret blir gravlagt eller kremert, bør gravplasstyresmakta eller krematoriet dokumentere sine undersøkingar og vurderingar.

Presisering om sakshandsaminga ved stengjing for kistegravleggjing etter gravplassforskriften § 5 andre ledd på grunn av jordbotnstilhøva

I punkt 2 i rundskriv Q-05/2022 gav departementet ei orientering om forskriftsendringa som opna for å stengje for kistegravleggjing på grunn av jordbotnstilhøva. Vi viser til rundskrivet og til rettleiaren frå KA Når er det greit å gjenbruke en kistegrav? Veileder for gjenbruk av kistegraver (november 2021). I rundskrivet blei det gjort greie for sakshandsaminga. Departementet har i ettertid sett at omtalen gjekk for langt i å gjere reglane i forvaltningsloven om enkeltvedtak gjeldande. Departementet vil derfor presisere at det følgjande skal gjelde om sakshandsaminga etter gravplassforskriften § 5 andre ledd ved stengjing for kistegravleggjing på grunn av jordbotnstilhøva:

Stenging for kistegravleggjing bryt med forventningane innbyggjarane har. Gravplasstyresmakta bør derfor kommunisere tidleg til festarar og ansvarlege for graver om utfordringane med kistegravleggjing på det aktuelle feltet, slik at dei kan ta utsiktene til mogleg stenging med i vurderingane når nokon skal gravleggjast eller når eit feste blir fornya.

Den enkelte festar eller ansvarlege må seinast tilskrivast direkte i samband med høyringa av endringa i gravplassvedtektene der stenging blir føreslått, jf. forvaltningsloven § 37 om førehandsvarsel. Det kan ved dette høvet seiast at endelig resultat av høyringa (fastsetjinga av vedtektsendringa) vil bli kunngjort som forskrift på Lovdata. Ein gjer det då klart at det ikkje kjem noko særskilt brev i etterkant. At dei lokale forskriftene (vedtektene) blir kunngjort, vil gjere informasjonen tilgjengeleg for eksisterande og nye festarar og ansvarlege.

Dersom gravplasstyresmakta har skrive direkte til ansvarlege og festarar i samband med høyringa og orientert om at den komande forskriftsendringa vil bli kunngjort som forskrift på Lovdata, vil det ikkje vere behov for ytterlegare varsling for å oppfylle kravet i gravplassforskriften § 5 andre ledd tredje punktum om varsling minst tre veker før iverksetjing.

Om forlenging av fredingstida og betaling av festeavgift

Når nedbrytinga på gravplassen krev det, kan gravplasstyresmakta forlengje fredingstida. Dette krev vedtektsendring, jf. gravplassloven § 8 første ledd. Gravplassforskriften § 11 første ledd gjeld ikkje i denne situasjonen fordi forlenging av fredingstida er noko anna enn stenging.

For ei fri grav kan det ikkje bli kravd festeavgift i fredingstida, jf. gravplassforskriften § 16. Blir fredingstida utvida, blir med andre ord også frigravsperioden for desse gravene utvida.

For ei festa grav kan det blir kravd avgift, jf. gravplassloven § 14. Gravplassloven § 15 slår vidare fast at festaren må forhalde seg til det som «følger av gjeldende bestemmelser». Dette inneber at fredingstida følgjer av vedtektene sjølv om festet blei inngått då fredingstida var kortare. I ein situasjon der ei vedtektsendring forlengjer fredingstida, har festaren framleis alle fullmaktene over grava, med unntak av høvet til å gjenbruke grava som kistegrav i fredingstida. Festaren må på vanleg måte betale festeavgift etter gjeldande føresegner. Innbetalt festeavgift kan normalt ikkje bli kravd tilbakebetalt.

Departementet rår til at festarar og ansvarlige normalt blir kontakta om forlengjinga direkte i samband med høyringa av vedtektsendringa om forlenga fredingstid, jf. forvaltningsloven § 37 om førehandsvarsling. Det kan ved dette høvet seiast at endeleg resultat av høyringa (fastsetjinga av vedtektsendringa) vil bli kunngjort som forskrift på Lovdata. Ein gjer det då klart at det ikkje kjem noko særskilt brev i etterkant. At dei lokale forskriftene (vedtektene) blir kunngjort, vil gjere informasjonen tilgjengeleg for eksisterande og nye festarar og ansvarlege.

Tilråding om bruk av gravplassforskriften § 5 andre ledd

Departementet rår til at gravplassforskriften § 5 andre ledd om permanent stenging for kistegravlegging normalt blir nytta dersom gravplasstyresmakta har klare teikn på at kistegravleggjing vil vere i strid med forskrifta § 12 tredje ledd («ikke finnes annet enn grove knokler og kisterester») i staden for å endre vilkåra i festekontraktane ved fornying.

Om uttrykket «på gravplass» i gravplassloven § 4 første ledd

Departementet har som svar på spørsmål presisert forståinga av gravplassloven § 4 første ledd når det gjeld «bygninger på gravplass» (sak 22/1651). Føresegna lyder:

«Anlegg, utvidelse, nedleggelse eller annen vesentlig endring av gravplass og bygninger på gravplass kan ikke skje uten etter tilslutning fra kommunen og med tillatelse fra statsforvalteren. Statsforvalteren kan sette vilkår for tillatelsen.»

Formuleringa «på gravplass» i gravplassloven § 4 første ledd skal forståast slik at tiltak på bygningar og liknande som ligg utanfor gjerdet (gravplassforskriften § 7), på andre sida av ein køyreveg eller ikkje er omkransa av gravareal, også kan vere omfatta av søknadsplikta. Det er ikkje avgjerande for søknadsplikta om bygningen ligg på grunn regulert til grav- og urnelund etter plan- og bygningsloven, på same gårds- og bruksnummer som gravplassen eller er tatt med i planen for gravplassen (gravplassforskriften § 3).

Statsforvalteren skal godkjenne vesentlege endringar på bygningar som har samanheng med gravplassdrifta, som gravkapell, driftsbygningar, bårehus osv. Om det opphavleg av ein eller annan grunn ikkje blei søkt om godkjenning då bygningen blei reist eller fekk sitt noverande uttrykk, vil det riktige i dag likevel vere å søke om godkjenning ved vesentleg endring.

Andre endringar: om klageinstans og lovlegkontroll

Offentlegforskrifta § 11 er endra. Det er statsforvaltaren i det aktuelle fylket som skal handsame klagar på vedtak gravplasstyresmakta gjer etter offentleglova.

Kommunal- og distriktsdepartementet har delegert mynde til statsforvaltarane til å føre lovlegkontroll etter kommuneloven kap. 27 med kommunale vedtak etter gravplassloven og trossamfunnsloven, sjå forskrift 5. juli 2022 nr. 1304. Endringa er forklart i rundskriv publisert på Lovdata (bak betalingsmur). Tidlegare var det departementet som handsama krav om lovlegkontroll etter desse to lovene.