St.meld. nr. 19 (2000-2001)

Om handtering av aborterte foster

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Etter eit svangerskapsavbrot kan eit foster anten takast hand om etter retningslinjer frå Statens helsetilsyn om handtering av biologisk materiale eller setjast ned på ein kyrkjegard eller minnelund. Det finst i dag ikkje felles retningslinjer på dette området, og praksis varierer mellom sjukehusa. I denne meldinga legg Sosial- og helsedepartementet fram prinsipp for slike retningslinjer. Eit forslag til retningslinjer blei lagt fram av den førre regjeringa som ein meldingsdel i Ot. prp. nr. 24 (1999-2000) Om lov om endringer i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., men forslaget blei trekt tilbake gjennom Ot. meld. nr. 2 (1999- 2000).

1.1 Tidlegare politisk behandling

Sosial- og helsedepartementet oppnemnde 2. september 1993 ei arbeidsgruppe for å greie ut etiske, medisinske og juridiske spørsmål som forsking og bruk av vev frå aborterte foster reiser. Innstillinga frå arbeidsgruppa er offentleggjord i NOU 1994:22 Bruk av celler og vev fra aborterte fostre.

Arbeidsgruppa peikte på at det i dag ikkje finst reglar om korleis sjukehusa skal handtere aborterte foster eller vev frå aborterte foster. Det blei vidare peikt på at aborterte foster blir handterte på svært ulike måtar, og gruppa meinte at ein burde ta opp til vurdering korleis eit abortert foster, eller deler av eit foster, blir teke hand om. Arbeidsgruppa meinte òg at dette forholdet ikkje berre gjeld provoserte abortar, men også spontane abortar. Gruppa understreka at det må sikrast verdige rutinar både ved behandling av aborterte foster og ved behandling av vev.

I St.meld. nr. 16 (1995-96) Om erfaringer med lov om svangerskapsavbrudd m.v. blei det lagt til grunn at Statens helsetilsyn skulle utarbeide retningslinjer som sikra respektfull og lik behandling av aborterte foster.

I Innst. S. nr. 231 (1995-96) frå sosialkomiteen om erfaringar med lova om svangerskapsavbrot er det i kapittel 11, «Bruk av celler og vev fra aborterte fostre», sagt at Statens helsetilsyn skulle utarbeide retningslinjer for respektfull og likearta behandling av abortmateriale. Komiteen hadde ikkje merknader til spørsmålet.

Sosial- og helsedepartementet gav i brev av 17. juni 1996 Statens helsetilsyn i oppdrag å utarbeide retningslinjer som sikrar respektfull og likearta handtering av alt abortmateriale, både ved spontane og provoserte abortar, og ved intakte og ikkje intakte foster. Departementet bad i brev av 19. februar 1998 Statens helsetilsyn om å sende dei endelege retningslinjene til departementet for godkjenning.

I St.prp. nr. 1 (1998-99) la den førre regjeringa fram forslag til prinsipp for retningslinjer for handtering av aborterte foster.

I Dok. 8:96 (1997-98) blei det fremja eit fleirtalsforslag om å be regjeringa om å fremje sak for Stortinget, slik at Stortinget fekk høve til å drøfte det politiske grunnlaget for utarbeiding av retningslinjer for behandling av abortmateriale. Dokumentet blei behandla i Stortinget i november 1998.

Stortingsfleirtalet ønskte gjennom Innst. S. nr. 33 (1998-99) at saka skulle leggjast fram for Stortinget på nytt. Fleirtalet meinte at det er viktig at dei retningslinjene som blir fastsette for behandling av abortmateriale, blir gjort kjende for kvinna på ein nøytral måte, og at kvinna ut frå eit sjølvstendig initiativ kan velje handteringsform etter 12. svangerskapsveke.

Departementet følgjer med denne meldinga opp behandlinga av Innst. S. nr. 33 (1998-99).