St.meld. nr. 28 (1999-00)

Innhald og kvalitet i omsorgstenestene

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Det har dei seinare åra vore lagt stor vekt på å byggje ut dei kommunale tenestene for dei som har krav på hjelp etter lov om helsetenesta i kommunane og lov om sosiale tenester, under dette det som i denne meldinga blir kalla omsorgstenestene. Ansvarsreforma for menneske med psykisk utviklingshemming, handlingsplanen for ei betre eldreomsorg, handlingsplanen for funksjonshemma og opptrappingsplanen for psykisk helse er døme på det. Handlingsplanen for redusert bruk av rusmiddel, handlingsplanen for helse- og sosialpersonell og planen for kompetansebygging i sosialtenesta er andre døme. Felles for desse tiltaka er at dei særleg har fokusert på kapasitet og strukturelle rammer og mindre på sjølve innhaldet i tenestene. I denne meldinga ønskjer Regjeringa å setje søkelyset på innhald og kvalitet. Regjeringa håpar å få til ein brei debatt om verdigrunnlaget for og innhaldet i tenestene.

Regjeringa vil vise til at Stortinget ved behandlinga av handlingsplanen for eldreomsorga (St. meld. 50 (1996-97)) ba om å få lagt fram ei ny vurdering av behovsanslag og verkemiddel etter to års erfaringar med planen. Dette vil bli lagt fram for Stortinget som eiga sak våren 2000. Spørsmål om kapasitet og tiltak for å auka kapasiteten blir difor ikkje drøfta i denne meldinga.

Det overordna målet for omsorgstenestene er å gi eit tilfredsstillande og mest mogeleg likeverdig tenestetilbod uavhengig av kvar den enkelte bur, av inntekt og sosial status. Ressursar når det gjeld økonomi, personell og bygningar vil vere viktige rammeføresetnader for å kunne gi god omsorg, men dette er ikkje nok i seg sjølv. Regjeringa ser det slik at god omsorg først oppstår i møtet mellom menneske, mellom dei som gir hjelp og dei som får, og i mange tilfelle også i møtet med pårørande og lokalsamfunnet. Regjeringa vil understreke den eigenverdi og det likeverd mennesket har også når den enkelte er i ein slik situasjon at vedkomande treng hjelp.

Mange av dei som arbeider i dei kommunale helse- og sosialtenestene gjer dagleg ein stor innsats. Dei yrkesetiske retningslinjene for den enkelte gruppe av arbeidstakarar gir føringar for korleis tenesta skal utførast. Det er naudsynt med varige, gode haldningar, og medvit ute på den enkelte tenestestad om korleis ein skal oppnå god omsorg og kvalitet på tenestene.

Omsorgstenestene som skal omfatte alle innbyggjarar i kommunen med behov for slike tenester anten dei er gamle, funksjonshemma, i ferd med å døy, har ei psykisk liding eller eit alvorleg rusmiddelproblem, må kvile på etablerte samfunnsverdiar som solidaritet med enkeltmennesket og respekt for integriteten og sjølvstendet, tryggleik, medverknad og valfridom for den enkelte. I den omskiftande situasjonen vi har i dag, med aukande krav til omstilling og effektivitet, er det viktig å setje fokus på verdiar, etiske dilemma og kvaliteten på tenestene.

Ansvaret for å ta vare på eiga helse og å medverke til å utvikle meiningsfulle sosiale fellesskap, må liggje hos den enkelte. Det myndige mennesket med ansvar og sjølvstende er ryggrada i samfunnet. Ein del av dette ansvaret er å yte omsorg i familie og gjennom frivillig innsats elles. Det offentlege har det overordna ansvaret for at menneske som treng hjelp og omsorg får tilgang til tenester dei har krav på etter lovverket. Det offentlege har også eit ansvar for å informere om kva slags hjelp det er i stand til å gi, slik at mottakarane er kjent med og får eit realistisk inntrykk av kva hjelpeapparatet kan gjere.

Kommunane har fått eit stadig meir utvida og klargjort ansvar for utforming, utbygging og organisering av omsorgstenestene. Føremålet med å konsentrere ansvaret til kommunane har vore å utvikle tenester som best mogeleg tek vare på behova til mottakarane. Slik kan ein betre arbeide for målsetjinga om at den enkelte, så langt det er mogeleg, skal kunne få naudsynt hjelp til å bu og til å vere eit verdsett og aktivt medlem av familie og lokalsamfunn gjennom heile livsløpet. Kommunen kan skreddarsy treffsikre, koordinerte og individuelt tilpassa tenester, og medverke til å skape eit lokalsamfunn som er godt for alle.

Staten har ansvar for å sikre overordna mål og leggje til rette for tenestene gjennom lov- og regelverk, og gjennom økonomiske og andre verkemiddel. Vidare er det eit statleg ansvar å sikre god nok tilgang på personell. I dette ligg også å sikre likeverd i tilbod og å sjå til at lov og regelverk blir følgt i tenesteytinga.

Innanfor rammene av lovgjevinga og dei overordna måla for tenestene, er det vesentleg at utforminga av innhaldet i rollene blir gjort av aktørane innan dei ulike yrkesgruppene. Dei fleste yrkesgruppene har nedfelt etiske prinsipp i skriftlege retningslinjer. Utforminga må likevel ikkje berre skje ved arbeid internt i forhold til eiga yrkesgruppe, men ved samarbeid yrkesgruppene i mellom og i forhold til mottakarar, pårørande og folk flest.

Etter Regjeringa sitt syn ber den omsorg og hjelp vi gir kvarandre i familie, venekrets og nabolag i seg viktige verdiar og er eit naudsynt fundament i eit solidarisk og humant samfunn der vi tek ansvar for kvarandre. Det er verken ønskjeleg eller mogeleg å erstatte denne omsorga med offentlege tenester. Familieomsorga er uttrykk for vesentlege kvalitetar ved samfunnet som det er viktig å ta vare på. Det er difor ei sentral oppgåve å innrette dei offentlege tenestene slik at dei kan støtte opp om denne omsorga. Men samstundes må ikkje dei som treng hjelp til å leve eit vanleg liv bli avhengige av frivillig innsats frå pårørande og lokalsamfunn.

Frivillig innsats frå andre enn pårørande spelar òg ei viktig rolle i omsorgsarbeidet. Denne omsorga har ei rekkje positive eigenskaper ved seg, også fordi den byggjer opp under solidariteten og samfunnsansvaret. Regjeringa vil stimulere til at den frivillige innsatsen skal halde fram. Auka satsing på lokal frivillig innsats har ikkje som føremål å privatisere dei offentlege ordningane eller å frita det offentlege for ansvar og utgifter, men å mobilisere til auka ansvar og fellesskap i nærmiljø og lokalsamfunn.

Regjeringa legg til grunn at kommunane framleis skal ha ansvaret for utforming, organisering og drift av omsorgstenestene. Med det mangfald av behov ein møter i desse tenestene blir dette ei stor utfordring framover. Samspel og samarbeid med andre aktørar, enten dette er familie og pårørande eller frivillige organisasjonar må framleis vere ein viktig bærebjelke i dei komande åra. I Noreg er det førebels etter måten få kommersielle tenesteytarar i omsorgssektoren, sjølv om omfanget har auka noko dei seinare åra. Det å yte omsorgstenester kan ikkje utan vidare samanliknast med sal eller formidling av kva andre varer som helst eller tenester som blir tilbydde på ein tradisjonell marknad i økonomisk forstand, og det kan difor ikkje berre byggje på marknadsmekanismar. Omsorgstenestene må ha eit sterkt innslag av menneskeleg varme og solidaritet, og ein må kunne handle i samsvar med interessene til den som tek imot tenestene, utan omsyn til kva nytte det har for tenesteytaren eller samfunnet.

Regjeringa meiner at tre sentrale faktorar bør prege organiseringa av tenestene i åra som kjem:

  • Individuell utforming

  • Heilskap

  • Mangfald

Individuell utforming inneber at tenestene så langt det er mogeleg skal ta omsyn til dei spesielle behov som mottakaren har. Heilskap vil seie at dei ulike tenestene ikkje framstår som fragmenterte eller oppdelte etter sektorar. Mangfald inneber at det må opnast for samarbeid med mange ulike aktørar, anten dette er pårørande, frivillige organisasjonar, grupper for sjølvhjelp eller andre.

Til forsiden