St.meld. nr. 28 (1999-00)

Innhald og kvalitet i omsorgstenestene

Til innholdsfortegnelse

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Hovudsaka i denne meldinga er å setje fokus på verdiar og innhald i den omsorg som blir ytt i kommunane. Meldinga har likevel også konkrete forslag til tiltak som Regjeringa meiner vil kunne betre innhaldet og kvaliteten på tenestene.

8.1 Tiltak for å sikre kvaliteten i tenestene

Regjeringa vil vurdere å leggje fram ein Ot.prp. for Stortinget våren 2000 på bakgrunn av eit notat som er sendt ut på høyring om endringar i lov om sosiale tenester. Notatet omhandler heimel for forskrift for kvalitet, heimel for å påleggje kommunane internkontroll med pleie- og omsorgstenestene og utviding av fylkesmannen sitt tilsyn med pleie- og omsorgstenestene. I lovframlegget vil det bli gjort nærmare reie for dei økonomiske og adminstrative konsekvensane av forslaga. Spørsmål om å dekkje eventuelle meirkostnader knytt til desse forslaga vil ein i tillegg koma tilbake til i dei ordinære budsjettprosessane.

På denne bakgrunn tek Sosial- og helsedepartementet sikte på å revidere rundskrivet om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta.

Regjeringa føreslår vidare å få utarbeidd eit samla opplegg for rettleiing for saksbehandling, internkontroll og bruk av individuelle planar til bruk for kommunane som ikkje finn det mogeleg å utarbeide eigne opplegg for dette. Dette vil omfatte både å utarbeide sjølve rettleiinga, og å få den tilpassa til den informasjonsteknologien som kommunane har i dag. Kostnadene til dette vil utgjere om lag 5 mill kroner. Dette vil bli sett i samanheng med andre løyvingar for å styrkje omsorgstenestene i kommunane, m. a. tilskota til gjennomføringa av handlingsplanen for eldreomsorga.

Eit eige kvalitetsrådgivarprogram for helse- og sosialtenesta i kommunane basert på erfaringane frå det noverande kvalitetsrådgivarprogrammet for helsetenestene og erfaringane frå fylkesmennene og fylkeslegen si oppfølging av handlingsplanen for eldreomsorga, vil ha som oppgåve å vere ein rådgjevande og rettleiande instans for kommunane i det løpande kvalitetsarbeidet i denne sektoren. Dette vil føresetje eigne stillingar i kvart fylke. Organiseringa av og dekninga av meirkostnadene knytt til dette blir vurdert i samband med det vidare opplegget for handlingsplanen for eldreomsorga etter 2001. Det må også vurderast i høve til det kvalitetsrådgivarprogrammet som er i dag, og som også blir avslutta i 2001. Regjeringa vil difor kome tilbake til dei faktiske kostnadene i toårsgjennomgangen av handlingsplanen for eldreomsorga og i budsjettframlegget for 2002.

Sosial- og helsedepartementet tek sikte på å leggje fram eit høyringsnotat om internkontroll og tilsyn etter lov om sosiale tenester kapittel 5 om økonomisk stønad og kapittel 6 om særlege tiltak overfor rusmiddelmisbrukarar. Departementet vil sjå spørsmåla i samanheng med det arbeid som skjer innanfor utviklingsprogrammet for sosialkontortenesta «Kunnskap og brubygging» og utgreiingar frå arbeidsgruppa som har vurdert hjelpe- og behandlingstilbodet for rusmiddelmisbrukarar.

Departementet har under arbeid ei forskrift om krav til kvalitet i behandlings- og rehabiliteringstiltak for rusmiddelmisbrukarar. Forskrifta vil bli sendt på høyring våren 2000.

Delrapport 1 og 2 frå arbeidsgruppa som har gjennomgått hjelpe- og behandlingstilbodet for rusmiddelmisbrukarar, vil bli følgt opp på den måten ein finn mest nyttig og bli lagt fram for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

8.2 Tiltak for å betre tenestetilbodet og rettstryggleiken for demente

Regjeringa drøftar i denne meldinga tiltak for å betre tenestetilbodet til demente, og spørsmål knytt til rettstryggleiken for denne gruppa. Det er viktig med eit godt tilrettelagt tenestetilbod, noko som m.a. inneber nok personell til å ivareta demente sine behov. I m.a. toårsgjennomgangen av handlingsplanen for eldreomsorga vil tenestebehovet til denne gruppa bli vurdert. Dei økonomiske konsekvensane vil Regjeringa kome tilbake til m. a. i statsbudsjettet for 2001.

Det er også viktig med tiltak for å støtte pårørande i vanskelege situasjonar. Det kan gjerast ved å opprette telefonar og samtalegrupper for pårørande rundt i landet, og vil skje i eit samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen. Utgiftene vil kunne dekkjast innan Sosial- og helsedepartementet sine eigne budsjettrammer.

Regjeringa drøftar i denne meldinga også lovendringar for å regulere følgjande:

  • hindre skade i naudsituasjonar (reglar som er tilpassa omsorgstenestene og som byggjer på prinsippa i naudreglane i straffelova)

  • bruk av tvang for å sikre dei grunnleggjande behov for mat, drikke og personleg hygiene (lovfesting av den etiske omsorgsplikta)

  • reglar for representasjon i tilfelle der den demente ikkje motset seg dette

  • bruk av alarmar og andre tekniske løysingar for å varsle om eller hindre ulukker og faresituasjonar

Erfaringane frå innføring av reglar om rettane til og avgrensing og kontroll med bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma (kapittel 6A i sosialtenestelova) tilseier at ei tilsvarande regulering for demente vil medføre økonomiske og administrative konsekvensar både for kommunane og for fylkesmennene og fylkeslegane. Regjeringa meiner at det i denne meldinga er viktig å drøfte prinsippa for ei slik regulering, og at ein meir konkret må kome tilbake til dei økonomiske og administrative konsekvensane i ein eventuell lovproposisjon som etter planen vl bli lagt fram i løpet av 2001.

8.3 Kompetansehevande tiltak

Regjeringa meiner det er viktig med tiltak for å påverke haldningar hos ungdom slik at dei søkjer seg til omsorgssektoren. Regjeringa vil ta initiativ til ein rekrutteringskampanje over tre år kostnadsrekna til 5 mill kroner kvart år til dette haldningsskapande tiltaket. Regjeringa vil kome tilbake til dette i statsbudsjettet for 2001 og seinare budsjettframlegg.

Regjeringa meiner også at det er behov for kompetanseutvikling m. a. i form av auka vidareutdanning i geriatri, aldring og eldreomsorg, og vil m. a. vurdere stipendordningar tilsvarande det ein har etablert innanfor vidareutdanninga i psykiatri. Omfanget av og kostnadene ved dette vil Regjeringa kome tilbake til i statsbudsjettet for 2001 som ein del av handlingsplanen for helse- og sosialpersonell.

8.4 Tiltak for organisasjonsutvikling og leiing

Ein viktig faktor for å utvikle gode tenester er gode og føremålstenlege organisasjonsmodellar og at sektoren har gode leiarar. Dette vil vere ei viktig utfordring framover. Regjeringa føreslår difor at det i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund blir utvikla arenaer for leiarutvikling i dei kommunale helse- og sosialtenestene, og stimulering til utvikling av gode modellar i kommunane. Målet er ikkje å påleggje den enkelte kommune spesielle organisasjonsformer, men at kommunane sjølve set i gang prosessar for å drøfte både kva problemstillingar ein står overfor i åra som kjem, og kva det vil krevje av organisasjon og leiing i kommunen. Eventuelle utgifter knytt til dette må sjåast i samanheng med tilskota til handlingsplanen for eldreomsorga og opptrappingsplanen for psykiatrien.

8.5 Oppfølging elles

I meldinga har det fleire gonger blitt vist til tiltak i samband med toårsgjennomgangen av handlingsplanen for eldreomsorga. Her skal ein m. a. gjennomgå behovsoverslaga og verkemidla i handlingsplanen på nytt, i tråd med Stortinget sitt vedtak ved behandlinga av Innst. S. Nr.294 (1996-97). Utforminga av verkemidla innanfor denne sektoren vil bli vurdert på nytt. Det same gjeld utforminga og innretninga av dei økonomiske verkemidla. Regjeringa vil difor kome tilbake til dette spørsmålet i ei eiga melding våren 2000.

Til forsiden