St.meld. nr. 48 (2002-2003)

Kulturpolitikk fram mot 2014

Til innholdsfortegnelse

2 Innleiing

2.1 Bakgrunn

Gjennom åra er det lagt fram ei lang rekkje dokument for Stortinget om ulike kulturpolitiske spørsmål. Dei fleste har likevel hatt eit tematisk avgrensa innhald og siktemål. Omgrepet kulturmelding vert helst nytta om dei stortingsmeldingane som har teke føre seg eit breitt spektrum av delområde innanfor kulturfeltet. To slike kulturmeldingar vart fremja i fyrste helvta av 1970-åra, to i fyrste helvta av 1980-åra og den siste i 1992:

  • St.meld. nr. 8 (1973–74) Om organisering og finansiering av kulturarbeid (fremja av regjeringa Korvald)

  • St.meld. nr. 52 (1973–74) Ny kulturpolitikk (fremja av regjeringa Bratteli)

  • St.meld. nr. 23 (1981–82) Kulturpolitikk for 1980-åra (fremja av regjeringa Brundtland)

  • St.meld. nr. 27 (1983–84) Nye oppgåver i kulturpolitikken (fremja av regjeringa Willoch)

  • St.meld. nr. 61 (1991–92) Kultur i tiden (fremja av regjeringa Brundtland)

Dei to meldingane i 1970-åra vart handsama under eitt av Stortinget, jf. Innst. S. nr. 23 (1974–75). Det same var tilfelle med dei to meldingane i 1980-åra, jf. Innst. S. nr. 132 (1984–85). Den siste meldinga drøfta Stortinget våren 1993 på grunnlag av Innst. S. nr. 115 (1992–93).

Tida er såleis inne for å leggja fram ei ny kulturmelding – eit dokument som skal danna eit utgangspunkt for prioriteringar og tiltak på det kulturpolitiske området i tiåret fram mot 2014.

I samband med handsaminga av budsjettproposisjonen for 2000 bad eit fleirtal (alle unnateke medlemene frå Frp) i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i Stortinget om at arbeidet med å skaffa fram grunnlagsmateriale for ei ny kulturmelding vart sett i verk, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1999–2000):

«Flertallet viser til at det er 6 år siden St.meld.nr. 61 (1991–1992) Kultur i tiden ble behandlet. Et overordnet mål for kulturpolitikken var da at kulturen skulle være sektorovergripende og ha hele landet som virkeområde. Ressursbruk og funksjonsfordeling ble belyst, og mange ulike aspekter ved kulturpolitikken ble drøftet.

Flertallet er opptatt av at tusenårsskiftet gir oss en anledning til å vurdere vår nåværende kulturpolitikk samtidig som det gir oss muligheten til å utforme en kulturpolitikk for et samfunn i forandring.

Kulturopplevelse og kulturdeltakelse gir fellesskap, tilhørighet og forståelse for sammenhenger i tilværelsen. Norge er i økende grad et flerkulturelt samfunn, og erkjennelsen av dette må prege alle deler av kulturpolitikken.

Flertallet mener på denne bakgrunn det i tillegg til de allerede varslede sektormeldingene på kulturområdet, er behov for en mer overordnet og prinsipiell drøftelse av de kulturpolitiske utfordringer i Norge. Det bør her legges særlig vekt på presset på norsk kultur og språk som følge av økt globalisering og teknologisk utvikling, men også de fordeler norsk kulturliv kan oppnå i et åpnere internasjonalt samfunn og de bidrag norsk kulturliv kan yte overfor kulturinstitusjoner og brukere av kulturgoder i andre land. Flertallet ber departementet starte en utredning av dette sakskomplekset for å fremskaffe et nødvendig grunnlagsmateriale for arbeidet med en ny kulturmelding.

Flertallet viser til kultursektorens mange utfordringer og viktigheten av at kunst og kultur gjøres tilgjengelig for alle.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, erkjenner at markedet ikke er tilstrekkelig for å sikre kvalitet, nyskapning og mangfold innen kulturlivet, derfor må det offentlige inn med tiltak slik at kunsten og kulturen får muligheten til å spille sin viktige samfunnsrolle. Dette flertallet er opptatt av at de ulike virkemidlene som brukes i kulturpolitikken med jevne mellomrom vurderes, for å se om de har den tiltenkte effekt.»

2.2 Grunnlagsdokument

Eit viktig grunnlagsmateriale for denne kulturmeldinga har vore dei mange utgreiingane som dei siste åra er utarbeidde om ulike kulturpolitiske spørsmål, dels på oppdrag av departementet og dels i regi av Norsk kulturråd. Om litteraturspørsmål åleine ligg det føre eit tosifra tal rapportar o.l. Om musikkfeltet er det òg laga særs mange dokument. På scenekunstområdet er det mellom anna lagt fram ei utgreiing frå eit regjeringsoppnemnt utval, NOU 2002: 8 Etter alle kunstens regler , og i nært samarbeid med ei rekkje instansar er det utarbeidd ein plan for produksjon og formidling av opera og ballett i distrikta. I vedlegg til denne meldinga vert det gjeve eit oversyn over dei utgreiingane som har mest direkte relevans. Det vert dessutan gjort greie for dei gjennomførte høyringane.

I eit samarbeid mellom departementet og Program for kulturstudiar under Noregs forskingsråd vart det arrangert tre forskarseminar med tretti forskarar frå universitet, høgskular og forskingsinstitutt for å kasta lys over kulturelle utviklingstrekk. Siktemålet var å skaffa fram eit best mogeleg kunnskapsfundament for dei situasjonsanalysane som vert lagde til grunn for utforminga av den framtidige kulturpolitikken. Innlegga frå desse seminara er samla i tre publikasjonar:

  • «Kulturelle kontekster»

  • «Individ, identitet og kulturell erfaring»

  • «Kulturproduksjon, distribusjon og konsum»

Fullstendige bibliografiske referansar går fram av vedlegg til denne stortingsmeldinga.

2.3 Framlagde meldingar og proposisjonar

På fleire saksområde er det dei siste åra lagt fram særskilde dokument – meldingar og proposisjonar – som alt er handsama i Stortinget, og som såleis er viktige premissar for kulturpolitikken innanfor dei respektive områda i åra frametter.

Det mest vidfemnande dokumentet som må trekkjast fram i denne samanhengen, er St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving , den såkalla abm-meldinga, og den tilhøyrande Innst. S. nr. 46 (2000–2001). Presentasjonen og drøftinga av saksområda arkiv, bibliotek og museum i denne meldinga byggjer heilt ut på dei tidlegare dokumenta og arbeidet med å følgja opp desse.

Tilsvarande gjeld for operahusprosjektet, der omtalen i denne meldinga er tufta på dei tidlegare operaproposisjonane og i særleg grad den siste, St.prp. nr. 48 (2001–2002) Nytt operahus i Bjørvika med tilhøyrande Innst. S. nr. 234 (2001–2002).

På språkområdet er viktige premissar alt lagde i St.meld. nr. 9 (2001–2002) Målbruk i offentleg teneste og den tilhøyrande Innst. S. nr. 109 (2001–2002).

Dessutan følgjer mange sentrale premissar av dei årlege budsjettproposisjonane med tilhøyrande innstillingar.

Vidare må særskilt nemnast St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken, som ligg til førehaving i Stortinget. Den meldinga drøftar mange spørsmål med grenseflater mot problemstillingar i meldinga her. I denne samanhengen må òg nemnast som eit viktig grunnlagsdokument St.meld. nr. 39 (2002–2003) «Ei blot til Lyst». Om kunst og kultur i og i tilknytning til grunnskolen .

Figur 2.1 

Figur 2.1

2.4 Nærare om nokre sentrale omgrep

I alle større tekstar om kulturpolitiske spørsmål er det tre omgrep som førekjem ofte – kultur, kunst og kvalitet. Desse orda vert nytta i overlag mange ulike samanhengar og i mange ulike tydingar. Vi pretenderer ikkje å nytta desse omgrepa på ein eintydig måte i denne meldinga, men finn det likevel tenleg innleiingsvis å dvelja litt ved desse orda – ikkje for å gje klåre definisjonar, men snarare for å streka under det komplekse og mangetydige.

2.4.1 Kultur

Kultur er eit ope omgrep med eit meiningsinnhald som har vist seg å vera historisk skiftande. Innhaldet varierer med den samanhengen omgrepet vert brukt i, og kva som er føremålet med definisjonen.

I denne meldinga vert omgrepet kultur forstått på to nivå. I vid forstand dekkjer det verdiar, normer, kunnskapar, symbol og ytringsformer som er felles for ei viss gruppe menneske eller eit bestemt samfunn. I smalare forstand vert omgrepet brukt om dei forskjellige aktivitetane innanfor kulturlivet og kulturpolitikken når desse vert forstått som ein avgrensa samfunnssektor.

Ein viktig dimensjon ved kulturar er at individet vert knytt til små og store identitets- og meiningsfellesskap som vert etablerte og endra gjennom menneskeleg handling og samhandling.

Både den vide og den smale varianten av kulturomgrepet er sentrale i ein kulturpolitisk samanheng. Gjennom historia har skiftande måtar å forstå båe tydingsnivåa på vore med på å leggja premissar for kulturpolitikken.

Fram til i dag har kulturpolitikken i Noreg vore nært knytt til nasjonsbygging og ein likskapsorientert velferdspolitikk. Ei grunnleggjande legitimering av kulturpolitikken har vore å dyrka fram ein særeigen nasjonal identitet forankra i ein einskapleg felles nasjonalkultur. I den samanhengen kan kultur oppfattast som eit avgrensa univers av verdiar, normer, kunnskapar, symbol og ytringsformer som står i motsetnad til andre like avgrensa univers. Ut frå ei slik forståing vert kultur lett oppfatta som eit tilnærma sjølvtilstrekkeleg og lukka system med unike eigenskapar.

Som det er nærare gjort nærare greie for i kap. 3, har globalisering og individualisering medverka til at ideala om likskap og nasjonal integrasjon i dag vert utfordra av nye former for ulikskap. Den framtidige kulturpolitikken må venda perspektivet bort frå konstruksjonar av ein einskapleg felleskultur og leggja til rette for ei utvikling av kulturen med utgangspunkt i det mangfaldet og den kompleksiteten som pregar dagens kultursituasjon. Dette krev forståing av kultur som opne prosessar, ikkje som isolerte system. Det må leggjast til grunn at kultur er noko som oppstår, veks fram og vert endra i møtet med andre kulturar. I dette perspektivet vert kulturelt mangfald eit vilkår for danning og utvikling av levande kulturar.

Den smale eller sektorielle forståinga av kulturomgrepet ligg til grunn for den administrative avgrensinga av det kulturpolitiske ansvarsområdet. Grensene for kva for verksemder som fell inn under det kulturpolitiske ansvarsområdet, er historisk flyttbare og varierer frå land til land, jf. kap. 5. Ulike avgrensingar vert grunngjevne dels ut frå kva for verksemder det tykkjest mest tenlege å leggja under same administrasjon. Dels er dei knytte til endringar i det estetiske feltet og ulike haldningar og verdirangeringar av ulike uttrykk.

Etter kvart er eit stadig breiare spekter av uttrykk og aktivitetar innlemma i det kulturpolitiske ansvarsområdet og har oppnådd status som støtteverdig. I løpet av dei siste ti åra har særleg haldningane til populærkultur og kulturindustri endra seg. Det er til dømes etablert offentleg støtte til jazz, rock og nærskylde musikkformer. Samstundes vert film og musikk i aukande grad vurderte som interessante industriar i skjeringspunktet mellom kultur- og næringspolitiske interesser.

Parallelt med at dei sektorielle grensene vert utvida, er det ein tendens til aukande samarbeid på tvers av dei administrative sektorgrensene både i Noreg og i andre europeiske land. I tråd med dette har det i ein del samanhengar vore tala om ein sektorovergripande kulturpolitikk. Tanken er at kulturpolitikken ikkje kan avgrensast til dei verksemdene som fell innanfor ansvarsområdet til eitt departement. Kultur må setjast inn i ein større heilskap og sjåast i samanheng med andre samfunnssektorar og verkefelta til andre departement.

Ein slikt sektorovergripande kulturpolitikk kan medverka til å føra kulturen ut av ein sektoravgrensa isolasjon og inn i strategiske alliansar med andre område av politikken. Samstundes er det behov for eit ope og inkluderande kulturomgrep som kan fanga opp nye impulsar i eit omskifteleg samfunn prega av tiltakande kulturelt og estetisk mangfald. Dette er ikkje minst viktig for å kunna innlemma ulike minoritetsuttrykk i det offentlege systemet av kulturpolitiske støtteordningar. Kulturpolitikken må leggja til grunn eit kulturomgrep som kan ta opp i seg dei endringane som heile tida skjer i samfunnet generelt og på kunst- og kulturområdet spesielt.

2.4.2 Kunst

Kunst er ikkje meir eintydig som omgrep enn kultur . Det har aldri vore noko klårt skilje mellom kva som er kunst og kva som ikkje er kunst. Det inneber likevel ikkje at vi til dagleg er i tvil om kva som er det eine, og kva som er det andre. Jamvel om omgrepet kunst ikkje lèt seg fanga inn i noka form for definisjon, kan vi i dei fleste tilfella utan vidare avgjera om noko er kunst eller ikkje. Hamsuns roman Pan er sjølvsagt kunst; ei stortingsmelding er det like sjølvsagt ikkje. Men mellom det som uomtvisteleg er kunst, og det som like uomtvisteleg ikkje er kunst, finst det mange gråsoner og flytande overgangar.

Eit tradisjonelt emne for ordskifte er tilhøvet mellom allment akseptert «riktig» kunst og det som kan likna til forveksling, men som mange heller vil plassera i ein annan kategori, til dømes underhaldning eller kitsch . Døme kan vera kriminalromanar og romantisk kiosklitteratur, ymse typar populærmusikk, underhaldningsfilm eller målarstykke av typen elg i solnedgang . Somme vil hevda at dette er meir eller mindre masseproduserte produkt som ikkje stettar dei kvalitative krava som må vera oppfylte for at noko skal kunna nemnast kunst. Andre vil forklåra dette på heilt andre måtar og til dømes hevda at det fyrst og fremst er sosiale skilje mellom ulike publikumsgrupper som speglar seg av i slike kategoriseringar.

Det er likevel korkje kiosklitteraturen eller rockemusikken som kallar fram det kritiske spørsmålet Skal no dette vera kunst? Slike utbrot er fyrst og fremst knytte til ordskiftet om utviklinga av biletkunsten det siste hundreåret.

Dei fleste har vendt seg til at eit målarstykke ikkje treng førestilla noko. At biletkunsten kan vera abstrakt, er akseptert av dei fleste. Men når abstraksjonen går så langt at eit par strekar på eit lerret skal utgjera eit ferdig verk, vil mange stussa over om dette kan kallast kunst. Dessutan har biletkunsten gått endå lenger i retning av fenomen som ikkje har noko med målarstykke eller skulptur å gjera, slik som til dømes framføringskunst ( performance ), installasjonar og såkalla konseptkunst. Slikt kan utfordra oppfatninga av kva kunst er for nokon kvar.

Eit illustrerande døme kan vera såkalla readymades , gjenstandar frå kvardagen som dukkar opp som kunstverk på ei utstilling. Dersom ei pakke vaskepulver inngår i ei utstilling, vil mange spørja kvifor dette kan kallast kunstverk i den samanhengen, medan den same pakka ikkje er kunstverk i butikkhylla. Er det ingen skilnad på kunst og ikkje-kunst lenger? Til dette kan det gjevast fleire svar.

Det er ingen skilnad i den meining at den utstilte pakka som fysisk objekt kan vera identisk med tilsvarande i butikkhylla. Men likevel er det eit poeng i seg sjølv at når ein slik gjenstand vert plassert på utstilling, vert publikum inviterte til å sjå på og tenkja over dette objektet som eit kunstverk. For å kunna gjera det med utbyte, lyt ein likevel vita noko om utviklinga av kunsten det siste hundreåret og dei tilhøyrande teoriane om moderne kunst, til dømes kva kunsten reagerer mot og kva han strevar etter.

Dette er likevel ikkje noko særmerkt ved den moderne kunsten. Tradisjonelle kunstnarlege ytringsformer krev òg grunnleggjande kunnskapar hjå den som studerer, ser på eller lyder til verket. Men ofte er det slik at føresetnadene for å forstå eldre kunstuttrykk er meir utbreidde, og at folk flest ikkje tenkjer gjennom sitt eige grunnlag for å tileigna seg det aktuelle kunstuttrykket.

Føresetnadene for å forstå kunsten er noko den einskilde tileignar seg gjennom oppvokster, utdanning, massemedium og deltaking i samfunns- og kulturlivet. Men kunsten endrar kontinuerleg uttrykksform, og i dei tilfella dette skjer i form av brå kast eller fundamentale omskifte, vil det lett oppstå eit etterslep i publikums føresetnader for å tileigna seg det nye.

2.4.3 Kvalitet

Kvalitet er eit relativt omgrep, men ikkje eit subjektivt. Om noko har kvalitet eller ikkje, er ikkje eit spørsmål om kva den eine eller andre kan lika, men om kva vi har med å gjera, og kva det skal nyttast til. Følgjeleg kan det som i éin situasjon eller til éin bruk har høg kvalitet, i ein annan samanheng ha låg kvalitet, men avgjerda er like objektiv i båe tilfella.

Kunstnarleg kvalitet vert såleis eit spørsmål om kva vi ventar oss av kunsten, eller kva vi vil bruka han til. Mange vil framheva at siktemålet er å få ei estetisk oppleving; andre vil leggja vinn på at kunsten skal gje noko å tenkja over og tala om.

Mykje kunst appellerer til kjenslene våre. Musikk kan gjera oss både nedstemte og glade. Vi kan verta oppslukte av spenninga i ein roman eller av samspelet mellom fargar og former i eit målarstykke. Vi kan verta fascinerte av eit flott byggverk eller av samspelet mellom lys og skugge i ein skulptur.

Men kunst er samstundes noko å tenkja over og drøfta med andre. Gjennom mange former for kunstverk kan vi læra noko om menneske, samfunn, historie, religion osb. Kunst appellerer til kommentar og ordskifte, og for mange skaper kunsten behov for å ta standpunkt, til dømes av di vi på ein eller annan måte vert provoserte.

Di betre eit kunstverk er i stand til å innfri slike forventningar, di betre kvalitet kan verket seiast å ha. Men folk som oppsøkjer kunsten, vil ha varierande og ulike forventningar. Følgjeleg vil kvalitetsvurderingar kunna falla nokså ulikt ut.

Det finst altså ikkje eit einskilt sett av alltid gyldige kriterium for kunstnarleg kvalitet, men det finst ei rad relevante kunstnarlege kriterium som kan kombinerast på ulik måte, og som til og med kan stå i motsetnad til kvarandre, til dømes det nyskapande, gjenkjennelege, velforma, komplekse, overraskande, teknisk fullkomne, tanketunge, lett tilgjengelege eller utfordrande.

Til dokumentets forside