St.meld. nr. 48 (2002-2003)

Kulturpolitikk fram mot 2014

Til innholdsfortegnelse

Del 2
Verkemidla i kulturpolitikken

4 Den faktiske verkemiddelbruken i den noverande norske kulturpolitikken

Figur 4.1 

Figur 4.1

4.1 Innleiande merknad

I dette kapitlet vert det gjeve eit grovt oversyn over dei styringsreiskapane som vert nytta for å gjennomføra kulturpolitiske tiltak på statleg nivå. Det vert òg gjort greie for visse hovuddrag i det som skjer på fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Med politikk forstår vi implementering av policies – bruk av lovheimla, økonomiske, organisatoriske, informerande og kontrollerande verkemiddel for å nå visse mål. Jamvel om vi splittar opp verkemidla i dei fem nemnde kategoriane, lyt vi med det same presisera at desse i og for seg ulike typane verkemiddel heng nært og nøye i hop. Det er ofte tale om eit samvirke der til dømes informative verkemiddel vert sette inn for å tryggja gjennomføringa av ei lov, eller der økonomiske ytingar har som føresetnad at eit tiltak er organisert på ein viss måte og at ressursbruken skal kunna kontrollerast osb.

4.2 Lover og forskrifter

Det er ei vanleg oppfatning at lover i liten grad vert nytta som styringsreiskapar innanfor kultursektoren. Dette må modifiserast noko. Innanfor det saksfeltet som denne meldinga femner om, har Kultur- og kyrkjedepartementet heilt eller delvis forvaltningsansvar for i alt 17 lover. I kronologisk orden dreier dette seg om følgjande lover:

  • Lov 4. november 1948 nr. 1 om avgift på omsetning av billedkunst

  • Lov 13. desember 1948 nr. 5 om Riksteatret

  • Lov 14. desember 1956 nr. 4 om avgift på offentlig framføring av utøvende kunstneres prestasjoner m.v.

  • Lov 23. oktober 1959 om oreigning av fast eigedom, § 2 nr. 4 (grunn til museum) og 34 (grunn til møtehus o.a.)

  • Lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v.

  • Lov 9. april 1965 nr. 1 om avgift til Det norske komponistfond

  • Lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

  • Lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, § 23 (utførsleforbod) og §§ 23 a – 23 f (tilbakelevering av kulturgjenstandar)

  • Lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste

  • Lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek

  • Lov 29. mai 1987 nr. 23 om bibliotekvederlag

  • Lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold, kap. 3 om samisk språk

  • Lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument

  • Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn

  • Lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespel mv.

  • Lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv

  • Lov 28. mai 1993 nr. 52 om vederlag for visning av billedkunst og kunsthåndverk m.v.

Av dette oversynet går det fram at det dreier seg om lovgjeving av nokså ulik karakter. I tillegg finst det føresegner i fleire lover av generell karakter som spelar, eller i det minste kan spela, ei viktig rolle som kulturpolitisk verkemiddel. Vi vil i det følgjande også nemna ein del slike, når dei uttrykkeleg vedkjem aktørar, institusjonar eller sektorar innanfor kulturfeltet.

4.2.1 Lovfeste rettar for kunstnarar

Ei gruppe lover kan som verkemiddel i kulturpolitikken omtalast fyrst og fremst som kunstnarpolitiske ordningar. Dette gjeld:

  • Lov 4. november 1948 nr. 1 om avgift på omsetning av billedkunst

  • Lov 14. desember 1956 nr. 4 om avgift på offentlig framføring av utøvende kunstneres prestasjoner m.v.

  • Lov 9. april 1965 nr. 1 om avgift til Det norske komponistfond

  • Lov 29. mai 1987 nr. 23 om bibliotekvederlag

  • Lov 28. mai 1993 nr. 52 om vederlag for visning av billedkunst og kunsthåndverk m.v.

Vidare må særskilt nemnast lov 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v . som er ei allmenn lov, men som har mange føresegner som særskilt vedkjem kunstnarar, jf. nedanom. Lov 14. mars 2003 nr. 15 om beskyttelse av design(designlova) som gjer det mogeleg å få einerett til ny design i ein avgrensa periode, kan òg nemnast her.

Dei ulike avgiftene og vederlagsordningane konstituerer ein del av den økonomiske ramma for arbeidet åt visse kunstnargrupper, og åndsverklovgjevinga gjev opphavsrettshavarane ein viss kontroll med bruken av det dei har skapt. For institusjonar, verksemder og prosjekt innanfor kultursektoren dannar føresegner i desse lovene på ulike vis formelle og økonomiske rammevilkår for aktivitetar og tiltaksplanar.

Bildende Kunstneres Hjelpefond er tufta på avgifta på omsetning av biletkunst, jf. lov 4. november 1948 nr. 1, som fastset at ved all offentleg omsetjing av biletkunst skal kjøparen i tillegg til kjøpesummen betala 3 pst. av denne som avgift til eit særskilt hjelpefond. Fondsmidlane skal nyttast til å stø biletkunstnarar som bur og i hovudsak har sitt virke i Noreg, deira etterlatne og andre føremål til å fremja norsk biletkunst. I 2002 var inntektene til fondet ca. 14,7 mill. kroner. Same året fordelte fondet i alt 13,6 mill. kroner. Av dette vart 7,8 mill. kroner (57 pst.) ytt som varig stønad, tilleggsstønad eller stipend til eldre kunstnarar og etterlatne, 5,2 mill. kroner (38 pst.) til stipend og 0,7 mill. kroner (5 pst.) til andre føremål. Følgjerettsdirektivet (Europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/84/EF om følgjerett til fordel for opphavsmannen til eit originalkunstverk) gjev opphavsmannen ein rett til individuelt vederlag i form av ein viss del av salssummen ved vidaresal av eit originalt biletkunstverk (følgjerett). Direktivet vart teke inn i EØS-avtala ved Stortingets handsaming av St.prp. nr. 49 (2002–2003), jf. Innst. S. nr. 228 (2002–2003). Gjennomføringa krev visse brigde i lova om avgift på biletkunst. Ein eigen lovproposisjon om gjennomføringa av direktivet skal fremjast.

Fond for utøvande kunstnarar er tufta på inntektene frå avgifta på prestasjonane åt utøvande kunstnarar, jf. lov 14. desember 1956 nr. 4. Dette fondet er ei kulturpolitisk ordning og avgiftsplikta er no avgrensa til offentleg framføring av verk som ikkje er vederlagspliktige etter åndsverklova, jf. Ot.prp. nr. 15 (1999–2000) og Innst. O. nr. 67 (1999–2000). Fondet hadde i 2000 vel 22 mill. kroner i samla inntekter. Av dette kom vel 18 mill. kroner profesjonelle utøvande kunstnarar til gode i form av stønad til innspeling av fonogram i Noreg, prosjekttilskot, reisestønad, kurs og seminar, stipend for vidareutdanning, debutstønad, prisar m.m. Dei som mottek tilskot, må bu og i hovudsak ha sitt virke i Noreg. Førebels er berre føresegna om avgift for framføring av prestasjonar gjennom kringkasting sett i verk. Fondsinntektene vil auka monaleg når alle avgiftsføresegnene i lova vert sette i verk fullt ut.

Det Norske Komponistfond er tufta på dei avgiftsinntektene som følgjer av lov 9. april 1965 nr. 1. TONO og NCB (Nordisk Copyright Bureau) står føre innkrevjinga av avgifta. Fondsmidlane går til komponistar som bur og i hovudsak har sitt virke i Noreg, deira etterlatne og andre føremål for å fremja norsk skapande tonekunst. Gjennom fondet vert det ytt tilskot til tinga verk (med 4,2 mill. kroner i 2001) og til komponistorganisasjonar (med 1,6 mill. kroner i 2001).

Bibliotekvederlaget er kulturpolitisk grunngjeve. Staten betaler eit årleg kollektivt vederlag for bruken av verk som er utgjevne i Norge, og som vert nytta til utlån i offentlege bibliotek. Løyvinga til dette føremålet er tufta på ein avtale mellom departementet og 22 organisasjonar med forhandlingsrett til denne vederlagsordninga. Noverande avtale gjeld for åra 2002 – 2004. I 2002 vart det betalt i alt ca. 61,7 mill. kroner til dei ulike fonda som nyt godt av desse midlane. Jf. elles St.prp. nr. 1 (2002–2003) kap. 321 Kunstnarføremål post 75 Vederlagsordningar.

Visningsvederlaget er òg kulturpolitisk grunngjeve. Staten betaler eit årleg kollektivt vederlag for offentleg framsyning av biletkunst, fotokunst og kunsthandverk som er skapt i Noreg eller av norske og samiske kunstnarar, og som tilhøyrer offentlege eller offentleg støtta institusjonar. Løyvinga til dette føremålet er tufta på ein avtale mellom departementet og fire organisasjonar. Noverande avtale gjeld for åra 2003 – 2005. I 2002 vart det betalt i alt ca. 22,6 mill. kroner til dei aktuelle fonda. Jf. elles St.prp. nr. 1 (2002–2003) kap. 321 Kunstnarføremål post 75 Vederlagsordningar.

Det ligg utanfor ramma av framstillinga her å gjera greie for åndsverklova, men det er naudsynt å streka under at denne lova tryggjer kunstnarar inntekter frå det dei har skapt eller utøvd. At desse rettane er opphavsrettslege, inneber at opphavspersonar frå andre land som hovudregel har same rettar som norske rettshavarar. Følgjeleg er det berre delar av dei vederlagsmidlane som tilflyt dei forvaltande organisasjonane, som kjem norske rettshavarar til gode. Avrekning og utbetaling refererer seg i hovudsak til verksemd som fann stad året før:

  • TONO, som representerer rettar til musikkverk, hadde i 2002 inntekter på 238,5 mill. kroner og avrekna same året 64,2 mill. kroner i individuelt vederlag til norske rettshavarar. Dei overførte òg 4,1 mill. kroner til komponistfondet.

  • NCB (Nordic Copyright Bureau), som forvaltar lydfestingsrettar, fekk i 2002 inn 115,1 mill. kroner i Noreg og avrekna same året 31,8 mill. kroner individuelt til norske rettshavarar. I tillegg overførte dei 1,9 mill. kroner til Det Norske Komponistfond.

  • GRAMO fekk i 2002 inn i alt 83,4 mill. kroner i vederlag for sekundærbruk av lydopptak i kringkastingssendingar, innkopiering og offentleg framføring. Dei utbetalte same året i alt 57 mill. kroner til norske og utanlandske rettshavarar. Det finst ikkje tal i årsrekneskapen som spesifiserer kor mykje av dette som vart utbetalt til norske rettshavarar. Av den utbetalte summen var 8,1 mill. forelda, «herrelause» midlar, som vart disponerte til organisasjons- og prosjektstøtte for produsent- og utøvarsektoren.

  • NORWACO, som forvaltar rettar i tilknyting til vidaresending av kringkastingsprogram i kabelnett, fekk i 2002 inn 112,3 mill. kroner i vederlag og fordelte 16,2 mill. kroner til norske rettshavarar, i hovudsak kollektivt til ymse fond og organisasjonar.

  • KOPINOR, som forvaltar rettar i tilknyting til kopiering, hadde i 2002 samla inntekter på 204,7 mill. kroner og utbetalte 185 mill. kroner til norske rettshavarar, i hovudsak kollektivt til ymse fond og organisasjonar.

  • BONO, som forvaltar rettar for biletkunstnarar, hadde i 2002 inntekter på 4,9 mill. kroner og utbetalte 3,8 mill. kroner til norske rettshavarar.

  • LINO, som forvaltar rettar for skribentar, dvs. rettar som ikkje er overdregne til forlag, hadde i 2002 inntekter på 2,1 mill. kroner. Dei utbetalte 1,9 mill. kroner i individuelt vederlag til norske rettshavarar.

I tilknyting til dei opphavsrettslege vederlagsordningane skal òg nemnast avtala mellom staten og organisasjonane for biletkunstnarar om utstillingsvederlag til opphavspersonen når eit kunstverk som tilhøyrer opphavspersonen, er med på utstillingar som staten konkret eller gjennom generell driftsstøtte har gjeve tilskot til. Det er uråd å gje eit sikkert tal for det samla vederlaget som tilflyt biletkunstnarar etter denne avtala, men overslagsvis dreier det seg om ca. 5,5 mill. kroner årleg.

Fleire føresegner i skattelova vedkjem uttrykkjeleg kunstnarar:

  • § 4–2 slår fast at rett til åndsverk ikkje skal reknast med i skattepliktig formue så lenge retten tilhøyrer opphavspersonen.

  • § 5–15 (1) j nr. 1; kunstnarløn løyvd av Stortinget skal ikkje reknast som inntekt.

  • § 6–31 (2) inneheld ein særregel om minstefrådrag for forfattarar.

  • § 14–3 (2) slår fast at kontantprinsippet skal gjelda for inntekt ved sal av eigenproduserte kunstverk.

  • § 14–5 andre leden bokstav d nr. 2 gjev heimel for å fastsetja i forskrift særskilde reglar for vurdering av varelager for kunstnarar som tilverkar kunstverk utan fysisk bruksføremål, jf. § 14–5–2 i skatteforskrift 19. november 1999 nr. 1158.

  • § 14–80 gjev opphavsmann til åndsverk høve til å krevja ei utjamning av inntekta over dei siste tre åra når personinntekta siste året monaleg overstig inntekta i dei to føregåande åra.

Vidare finst det ein unnataksregel i lov 19. juni 1969 nr. 66 om meirverdiavgift :

  • § 5 fyrste leden nr. 1 bokstav a gjev unnatak for opphavspersonen ved eiga utnytting av eigne litterære og kunstnarlege verk og for omsetjing ved mellommann i opphavsmannens namn.

Med heimel i lov 13. juni 1980 nr. 24 om likningsforvaltning § 5–2 og kgl. res. 3. februar 1989 nr. 74 er det fastsett ei eiga forskrift om rekneskapsføring for biletkunstnarar, jf. forskrift 21. februar 1995 nr. 180. Etter denne skal kontantprinsippet følgjast for inntekts- og utgiftsføring ved tilverking og sal av eigenproduserte kunstverk.

Figur 4.2 

Figur 4.2

4.2.2 Lovgjeving om språkspørsmål

Om språkspørsmål finst det fleire lover. Lova om Norsk språkråd er spesiell i den meining at ho regulerer ein heilt ut statleg aktivitet, dvs. at staten i prinsippet kunne ha gjennomført desse tiltaka utan å ty til lov som verkemiddel. Når lovforma likevel er vald, heng det saman med at utviklinga av norsk skriftspråk i meir enn hundre år har vore eit kulturpolitisk stridstema. Norsk språkråd vart skipa i byrjinga av 1970-åra, og eit siktemål var såleis å medverka til ei avspenning i språkstriden. Lova vart endra i 2002 ved at føresegna om ei tilnærming mellom dei to målformene vart oppheva, jf. Ot.prp. nr. 95 (2001–2002) og Innst. O. nr. 3 (2002–2003). Det materielle innhaldet i lova avgrensar seg til dei oppgåvene Språkrådet skal ha. Nærare om samansetjinga, organiseringa og verksemda overlèt lova til Kongen å fastsetja. Departementet arbeider no med ei omdanning av Norsk språkråd til å verta eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk, jf. omtale av dette side 19–20 i St.meld. nr. 9 (2001–2002) og side 98 i St.prp. nr. 1 (2002–2003) for Kultur- og kyrkjedepartementet.

Lova om målbruk i offentleg teneste skal tryggja at statlege organ nyttar båe målformene etter nærare gjevne reglar og at private får svar frå offentlege organ i samsvar med eige målynske. Lova fastset dessutan at det kvart fjerde år skal leggjast fram ei melding for Stortinget om målbruk i offentleg teneste. Dei seinaste dokumenta er St.meld. nr. 9 (2001–2002) og den tilhøyrande Innst. S. nr. 109 (2001–2002). Mellom anna som grunnlag for den rapporteringa som inngår i desse meldingane, fører Kultur- og kyrkjedepartementet i samarbeid med Norsk språkråd eit årvisst tilsyn med korleis føresegnene i denne lova vert etterlevde i store og små statsorgan. Mållova inneheld reglar som formelt har samband med saksførehavinga i statleg forvaltning og har såleis som lovtype visse fellestrekk med forvaltningslova og lova om offentleg innsyn, men i sitt innhald har reglane i mållova eit klårt kulturpolitisk siktemål.

Lov om stadnamn regulerer fastsetjing av skrivemåten for stadnamn når desse skal brukast i offentlege samanhengar, både i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor. Hovudregelen er at ein ved fastsetjing av skrivemåten skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk, samisk og finsk (for finske/kvenske namn i Nord-Noreg). Lova gjev òg reglar for bruk av stadnamn i fleirspråklege område. Det er oppretta ei desentralisert namnekonsulentteneste, som for norskspråklege namn er knytt til dei fire universiteta. Det er dessutan namnekonsulentteneste for samiske namn og for finske/kvenske namn og ei eiga klagenemnd. I medhald av lova er det oppretta eit sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk. Dit skal alle namnevedtak meldast. I 2001 vart lova evaluert, og evalueringsrapporten har vore på høyring. Med bakgrunn i evalueringa og høyringsfråsegnene førebur departementet no endringar i lova, særleg med sikte på å forenkla saksgangen, fjerna eller mjuka opp uheldige føresegner og innføra føremålsparagraf og reglar om namnevern.

Kultur- og kyrkjedepartementet har forvaltningsansvar for kap. 3 om samisk språk i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold . Føresegnene om samisk språk er både prinsipielt og praktisk viktige for å tryggja vidareføringa av den samiske kulturen. Forvaltningsområdet for samisk språk er fem kommunar i Finnmark og éin i Troms. Grunna omorganisering i Sametinget vart det nyleg gjort visse endringar i lovføresegnene om samisk språk, jf. Ot.prp. nr. 114 (2001–2002) og Innst. O. nr. 13 (2002–2003). Nærare føresegner om samisk språk er fastsette i forskrift 2. januar 2003.

I 1992 vart det vedteke ei europeisk pakt om regions- og minoritetsspråk. Noreg ratifiserta pakta alt i 1993, men pakta tok til å gjelda fyrst frå 1. mars 1998. Del II i pakta fastset siktemål og prinsipp for den plikta statane har for å tryggja vernet om og å styrkja minoritetsspråka. Aktuelle norske minoritetsspråk er samisk og kvensk/finsk, dessutan romanes og romani som er ikkje-territoriale språk. Del III i pakta inneheld meir omfattande og detaljerte føresegner som legg konkrete plikter på statane om bruk av minoritetsspråk på ulike felt, mellom anna innanfor utdanningssektoren, rettsstellet og i den offentlege forvaltninga. For Noreg er del III berre gjeven verknad for samisk.

4.2.3 Lovverk innanfor abm-feltet

Lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv vart sett i verk frå 1. januar 1999. Lova gjev eit samla heimelsgrunnlag for alle føresegner om arkiv. Lova har fleire siktemål. For det fyrste er arkiv ein viktig del av det samla kulturvernet. Arkiva inneheld viktige vitnemål om norsk samfunnsliv i fortid og notid. Det gjeld om å tryggja at dette dokumentasjonsmaterialet står til rådvelde for forsking og anna kjeldestudium både no og i framtida. Samstundes er det viktig å verna om arkiva av omsyn til den forvaltningsmessige bruken av arkivinformasjon og dessutan å tryggja dokumentasjon av rettslege interesser.

Etter ei lovendring i 2000 er dokumentomgrepet i arkivlova å definera som «ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning eller overføring». Tilsvarande definisjon vart òg teken inn i forvaltnigslova og lova om offentleg innsyn. Dette er ei vidare tilpassing til den nye røyndommen som elektroniske arkiv inneber. Med heimel i arkivlova er det fastsett ei omfattande forskrift om offentlege arkiv, jf. forskrift 11. desember 1998 nr. 1193. Somme av føresegnene, i hovudsak dei som vedkjem journalføring, har i tillegg heimel også i lova om offentleg innsyn, og ei anna føresegn er heimla i alle dei tre nemnde lovene.

Sett frå ein kulturvernsynsstad dekkjer arkivlova og lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument to sider av same sak. Båe lovene skal tryggja grunnlagsmateriale for forsking m.m. i notid og framtid. Lova om avleveringsplikt pålegg alle som gjev ut eller på annan måte gjer tilgjengeleg for allmenta informasjon på eit eller anna medium, å avlevera eit visst tal eksemplar av dokumentet til staten. Lova er ei kortfatta fullmaktslov, og dei fleste fullmaktene som i lova er tillagde Kongen, er ved kgl. res. 25. mai 1990 delegerte til departementet. Meir detaljerte føresegner om kven som har avleveringsplikt, kvar dokumenta skal sendast m.m. er fastsette i forskrift 25. mai 1990.

Denne lova er eit heilt avgjerande rammevilkår for Nasjonalbiblioteket . Ho tryggjer kontinuerleg supplering av samlingane ved at utgjevarar, prenteverk m.fl. sender inn nye bøker, tidsskrift, lydfestingar m.m. Mottaket av denne dokumentstraumen er i hovudsak knytt til Nasjonalbiblioteket i Rana, men somme dokumentslag vert innsende til avdelinga i Oslo (musikk), og filmar og videogram skal avleverast til Norsk filminstitutt. Lova er òg viktig for universitetsbiblioteka, som mottek brukseksemplar av nye bøker og tidsskrift frå det sentrale mottaket ved Nasjonalbiblioteket i Rana. Det same gjer Samisk spesialbibliotek i Karasjok av publikasjonar på samisk.

Lov 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek er det naturleg å sjå i eit folkeopplysningsperspektiv; lova skal tryggja at folk flest har rimeleg lett tilgang til allmenn litteratur m.m. Noreg har hatt lover om folkebibliotek sidan 1935. Medan dei tidlegare lovene gav staten heimel for å gje reglar for og stilla ei rekkje krav til standard, drift og organisering av folkebiblioteka, er nogjeldande biblioteklov fyrst og fremst ei rammelov utan føresegner om kommunalt løyvingsnivå, statstilskot og vilkår for slikt. Lova slår likevel fast at det skal vera eit folkebibliotek i kvar kommune og eit fylkesbibliotek i kvart fylke, at utlån skal vera gratis og at alle kommunar og fylkeskommunar skal ha fagutdanna biblioteksjef.

I ulike samanhengar er det reist spørsmål ved føresegnene i den nogjeldande lova, jf. til dømes drøftinga i St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving . Mellom anna av di mange kommunar ikkje har lukkast med å tilsetja fagutdanna bibliotekar og mange lokale bibliotek har særs avgrensa opningstid, er det behov for betre samarbeid over kommunegrensene. I Ot.prp. nr. 82 (2002–2003) vart det gjort framlegg om nokre mindre endringar i lova, som mellom anna opnar for større grad av forsøksverksemd, samstundes som det vart varsla ein samla lovrevisjon seinare som lekk i eit vidare utgreiings- og utviklingsarbeid for heile bibliotekfeltet. Stortinget slutta seg til dei tilrådde lovendringane, jf. Innst. O. nr. 125 (2002–2003). Endringane tok til å gjelda frå 1. august 2003.

Posten Norge BA verkar på grunnlag av konsesjon fastsett av Samferdselsdepartementet 26. september 2001 med heimel i postlova . I pkt. 3.3 i konsesjonsvilkåra heiter det mellom anna følgjande:

«Posten skal for sendinger med blindeskrift, lydkassetter og lignende mellom blinde samt mellom blinde og godkjent institutt for blinde/bibliotek, tilby tjenestene (…) uten å kreve vederlag fra avsender eller mottaker …»

For Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek er dette ei overlag viktig føresegn.

Om museum finst det inga eiga lov, men føresegner i somme lover har konkret relevans for denne sektoren. Oreigningslova § 2 nr. 4 gjev heimel for å oreigna fast grunn til museumsføremål. Slike saker førekjem sjeldan, men det er i nokre tilfelle gjeve samtykke til oreigningsinngrep som har vore særs viktige for det aktuelle museet.

For mange museum spelar kulturminnelova ei viktig rolle. Særleg gjeld dette for dei fem arkeologiske landsdelsmusea (fire universitetsmuseum og Arkeologisk museum i Stavanger) og dei tre sjøfartsmusea i Oslo, Stavanger og Bergen, som alle i forskrift til kulturminnelova er tillagde særskilde forvaltningsfullmakter innanfor sine respektive geografiske område. Dessutan eig eller forvaltar mange museum bygningar, farty o.a. som er freda med heimel i denne lova. Kulturminnelova sorterer under Miljøverndepartementet, men Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for § 23 og §§ 23a–23 f.

Paragraf 23 fastset utførsleforbod for visse kategoriar kulturminne, med mindre det er innhenta særskilt løyve. Føremålet med dette forbodet er å verna om og ta vare på faste og lause kulturminne som ein del av Noregs kulturarv og historie og dessutan å tryggja dokumentasjon og kunnskap om dei kulturminna som det vert gjeve løyve til å føra ut or landet. Samtykke til utførsle skal normalt gjevast om ikkje objektet er særs viktig for forsking eller bevaring og formidling av landets kulturarv.

Etter §§ 23a–23 f i kulturminnelova skal ein kulturgjenstand som fysisk finst i Noreg, men som er ulovleg fjerna frå ein stat som inngår i EØS-samarbeidet eller er medlem i Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995, leverast attende til denne statens territorium etter visse reglar.

Vidare finst det ein UNESCO-konvensjon frå 1970 om tiltak for å forby og hindra ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til slike gjenstandar. Konvensjonen pålegg medlemsstatane plikt til mellom anna å innføra innførsle- og utførsleforbod for nærare definerte kulturgjenstandar, syta for at det er kompetente forvaltningsorgan for vern av kulturgjenstandar, og dessutan å fastsetja føresegner om attendelevering. Siktemålet er å førebyggja utarming av kulturarven i opphavslanda. Noreg vil venteleg ratifisera denne konvensjonen våren 2004.

Fleire føresegner i skattelova har direkte meining for institusjonar innanfor abm-feltet, ikkje minst for museum:

  • § 6–42 gjev mellom anna rett til skattefrådrag for tilskot til institutt som under medverknad av staten førestår vitskapleg forsking. Dersom tilskotet er meir enn kr 10 000, kan frådraget ikkje overstiga 10 pst. av inntekta åt skattytaren.

  • § 6–50 gjev rett til skattefrådrag for pengegåver til visse friviljuge organisasjonar, mellom anna (bokstav f) til organisasjonar som driv kulturvern, miljøvern, naturvern eller dyrevern. Det kan maksimalt trekkjast frå kr 6 000 etter denne paragrafen. Som friviljug organisasjon skal i denne samanhengen reknast selskap, stifting eller samanslutning som har sete her i landet, og som ikkje har ervervsføremål.

I lov 19. juni1969 nr. 66 om meirverdiavgift er det fleire unnataksreglar med relevans for abm-feltet:

  • § 5 fyrste leden nr. 1 bokstav c gjev unnatak for museum, arrangørar av utstillingar m.fl. ved omsetjing av katalogar, program, prospektkort og suvenir.

  • § 5 fyrste leden nr. 1 bokstav d gjev unnatak for velgjerande og allmennyttige institusjonar og organisasjonar ved omsetjing av ymse varer.

  • Etter § 62 femte leden kan det gjevast forskrift om avgiftsfri innførsle av varer som etter særskild føresegn kan innførast tollfritt. Etter UNESCO-overeinskomst av 22. november 1950 er det tollfri import av samlar- og kunstgjenstandar til offentlege galleri, museum og andre offentlege institusjonar som «importlandets kompetente myndigheter har godkjent for tollfri innførsel av slike gjenstander som ikke skal videreselges». I same utstrekning som tollfridom vert innvilga, er det òg fastsett fritak for meirverdiavgift for slik import, jf. forskrift 12. desember 1975 § 5 nr. 3.

4.2.4 Lover og lovføresegner som vedkjem kunstinstitusjonar

Omgrepet kunstinstitusjon inkluderer i denne samanhengen ikkje kunstmuseum. Dei står i desse spørsmåla på line med andre museum, jf. kap. 4.2.3 ovanfor. Alt i alt må det kunna seiast at det er få lover og lovføresegner som konkret og uttrykkjeleg gjeld institusjonar innanfor kunstfeltet.

Eit unnatak er lov 13. desember 1948 nr. 5 om Riksteatret . Denne lova er spesiell i den meining at ho regulerer ein heilt ut statleg aktivitet, som staten vil kunna driva utan å ty til lov som verkemiddel. Lova nøyer seg ikkje med å fastslå føremålet med verksemda, men skildrar i tillegg i detalj korleis dette målet skal nåast, korleis utgiftene skal dekkjast, storleiken på og oppnemningsperioden for styret og funksjonstida for teatersjefen.

Ei føresegn i skattelova kan ha interesse for ein del tiltak innanfor kunstlivet:

  • § 6–50 gjev rett til skattefrådrag for pengegåver til visse friviljuge organisasjonar, mellom anna slike som driv barne- og ungdomsretta arbeid innan musikk, teater, litteratur, dans, idrett, friluftsliv o.l., jf. bokstav b. Det kan maksimalt trekkjast frå kr 6 000 etter denne paragrafen. Som friviljug organisasjon skal i denne samanhengen reknast selskap, stifting eller samanslutning som har sete her i landet og som ikkje har ervervsføremål.

I lov 19. juni1969 nr. 66 om meirverdiavgift er det nokre unnataksreglar som direkte eller indirekte er relevante for kunstinstitusjonar:

  • § 5 fyrste leden nr. 1 bokstav c gjev unnatak for mellom anna teater, kinoar og arrangørar av utstillingar, konsertar og stemner ved omsetjing av katalogar, program, prospektkort og suvenir.

  • § 5 fyrste leden nr. 1 bokstav d gjev unnatak for velgjerande og allmennyttige institusjonar og organisasjonar ved omsetjing av ymse varer.

4.2.5 Lovføresegner som vedkjem bokbransjen

Lov 11. juni 1993 nr. 65 om konkurranse i ervervsvirksomhet set i § 3–1 forbod mot samarbeid om og påverknad av prisar, avansar og rabattar, § 3–3 set forbod mot samarbeid om og påverknad til marknadsdeling, og § 3–4 forbyr samanslutningar å fastsetja eller oppmoda til reguleringar. Bransjeavtalen mellom Den norske Bokhandlerforening og Den norske Forleggerforening byggjer på dispensasjon frå desse føresegnene. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har gjeve slik dispensasjon fram til utgangen av 2004.

I lov 19. juni1969 nr. 66 om meirverdiavgift er det ein unnataksregel som er overlag viktig for bokbransjen:

  • Etter § 16 fyrste leden nr. 8 skal det ikkje betalast avgift for omsetjing av bøker i siste omsetjingsleden. Det same gjeld for ein del tidsskrift etter nærare spesifikasjonar i lovteksten. Av forskrift går det fram at avgiftsfritaket òg gjeld for lydbøker som er parallellutgåver til vanlege bøker. I same forskrifta vert det elles presisert at noter, notehefter og notebøker ikkje er omfatta av avgiftsfritaket.

Vidare er det ei føresegn i skattelova som òg er viktig for denne bransjen:

  • § 14–5 andre leden bokstav d nr. 1 gjev heimel for å fastsetja i forskrift særskilde reglar for vurdering av varelager i bokbransjen, jf. § 14–5–1 i skatteforskrift 19. november 1999 nr. 1158.

4.2.6 Lovføresegner om planlegging

Plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 inneheld fleire føresegner som har interesse for kulturfeltet. For det fyrste vert det slege fast i føremålsparagrafen – § 2 fyrste leden – at eitt av siktemåla er å tryggja estetiske omsyn. Dette vert nærare utdjupa når det gjeld bygningar i § 74 nr. 2:

«Kommunen skal se til at ethvert arbeid som omfattes av loven, blir planlagt og utført slik at det etter kommunens skjønn tilfredsstiller rimelige skjønnhetshensyn både i seg selv og i forhold til omgivelsene. Tiltak etter denne lov skal ha en god estetisk utforming i samsvar med tiltakets funksjon og med respekt for naturgitte og bygde omgivelser. Skjemmende farger er ikke tillatt og kan kreves endret.

Kommunen kan utarbeide retningslinjer for estetisk utforming av tiltak etter loven.»

I § 19–1 om fylkesplanlegging heiter det at dette planarbeidet skal samordna statens, fylkeskommunens og hovuddraga i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd i fylket. Etter § 20–1 skal kommunane ha eit uavbrote planarbeid med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor sine område.

Figur 4.3 

Figur 4.3

4.3 Økonomiske verkemiddel

Framstillinga nedanfor avgrensar seg i hovudsak til ansvarsområdet åt Kultur- og kyrkjedepartementet med tilhøyrande underliggjande organ. Der det er naturleg vert tiltak og innsatsar under andre departement m.m. nemnde, men vi gjer til dømes ikkje detaljert greie for arbeidsfeltet åt Riksantikvaren og anna kulturminnevern under Miljøverndepartementet. Universitetsmusea, biblioteka i universitets- og høgskulesektoren og skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande skule fell òg utanfor ramma for denne meldinga. Vi går heller ikkje nærare inn på etatsmuseum, fagbibliotek e.l. som er underlagde eller mottek tilskot frå andre departement eller underliggjande verksemder under desse. Den rolla Utanriksdepartementet spelar i formidling av norsk kultur til utlandet, lyt sjåast i samanheng med impulsstraumar i motsett lei; følgjeleg fell det naturleg å trekkja inn dette på fleire punkt.

Kultur- og kyrkjedepartementet overførte frå 2002 forvaltningsansvaret for samiske kulturinstitusjonar og tiltak til Sametinget, som no forvaltar ei rammeløyving til kulturføremål, dvs. at det er opp til Sametinget å prioritera innanfor denne ramma.

Dei økonomiske verkemidla på kulturområdet kan kategoriserast på fleire måtar. Fyrst og fremst dreier det seg om ordinære løyvingar over statsbudsjettet. Av dette går ein del til statlege institusjonar og tiltak, men brorparten av desse løyvingane vert kanaliserte til tilskotsinstitusjonar som er organiserte som stiftingar, aksjeselskap, lutlag, medlemsforeiningar e.l. Ein mindre del går til individuelle mottakarar (kunstnarar) og ein endå mindre del vert overført til tiltak i kommunal sektor.

Andre ressurskjelder for ulike delar av kultursektoren følgjer direkte eller indirekte av ein del av dei lovene og lovføresegnene det er gjort greie for under kap. 4.2 ovanom. Føresegna om at delar av speleoverskotet frå Norsk Tipping AS skal gå til nærare spesifiserte føremål innanfor kulturfeltet, må i denne samanhengen framhevast særskilt. Viktige er òg reglar i dei relevante lovene om skattefritak og fritak for meirverdiavgift og tilsvarande avgrensingar i konkurranselovgjevinga. For ymse kunstnargrupper har dei lovfeste ordningane for fonds- og vederlagsmidlar mykje å seia. For heilskapen si skuld skal dessutan nemnast at somme legat kjem kunstnarar og kulturarbeidarar til gode, men alt i alt spelar desse ei lita rolle. For nokre museum er ordninga med statsgaranti for utstillingar frå utlandet viktige ved at det sparer desse institusjonane for trygdingskostnader.

Norske kulturtiltak nyt elles godt av prosjektmidlar både frå nordisk og europeisk hald. Tilskota frå Nordisk Kulturfond, Nordisk Ministerråd og EU-programmet Kultur 2000 er i samla volum nokså avgrensa, men dei er prinsipielt viktige av di dei medverkar til samarbeid mellom aktørar i ulike land og dermed til å byggja internasjonale nettverk på kulturområdet. Etter at kultur vart ein del av EØS-avtala i 1995, har det det vore aukande norsk deltaking i europeiske samarbeidsprosjekt som søkjer tilskot frå EUs kulturprogram.

I framstillinga nedanom gjer vi eit skilje mellom midlar til investeringsføremål og midlar til andre føremål. Det siste dreier seg fyrst og fremst om løpande drift av institusjonar og tiltak, men også om ad hoc-prega tilskot til prosjekt og utviklingsføremål, innkjøpsordningar m.m. Dette vert gjennomgått separat for kvart saksområde, for jamvel om det er mange gråsonar og overlappande interessefelt mellom dei ulike delane av kulturområdet, legg vi likevel til grunn at ei oppdelt framstilling gjev det beste oversynet.

4.3.1 Investeringar

Statlege bygg vert finansierte over budsjettet åt Arbeids- og administrasjonsdepartementet med Statsbygg som gjennomføringsaktør. Ikkje minst er ein serie bygg for Arkivverket gjennomførte etter denne modellen. Av pågåande prosjekt er det likevel fyrst og fremst nybygget for Den Norske Opera som følgjer denne finansieringsordninga. Eit anna aktuelt prosjekt er det nye depotbygget ved Nasjonalbiblioteket i Rana, som vart teke i bruk i 2003.

Kategorien nasjonale kulturbygg er bygg som heilt eller delvis vert finansierte med tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet over kap. 320 Allmenne kulturføremål post 73 Nasjonale kulturbygg. I 2003 mottek 14 prosjekt tilskot frå denne posten, og dei fleste av desse er såkalla fylkestusenårsstader. Svært mange prosjekt står på venteliste for tilskot frå denne posten. Departementet presenterer i den årlege budsjettproposisjonen ein investeringsplan med tilråding om prioriteringar og periodisering av tilskot for den komande fireårsbolken. I tillegg vert det lista opp dei prosjekta departementet er gjort kjent med, og som kan verta aktuelle for tilskot seinare, men desse varierer sterkt både med omsyn til prosjektutvikling og finansielle avklaringar. I 2003 er løyvinga på posten om lag 61,5 mill. kroner, men dette er eit etter måten lågt nivå. For å gjennomføra dei prosjekta som er tekne inn i investeringsplanen for åra fram til og med 2006, lyt løyvinga aukast monaleg i dei komande budsjetterminane.

Av den samla avsetjinga til Norsk kulturfond i 2003 er 12 mill. kroner sett av til kulturbygg. Midlar frå denne avsetjinga – som vanlegvis har lege på om lag 8 mill. kroner – har gjennom åra vorte nytta til delfinansiering av mindre og spesielle kulturbygg til museums-, galleri-, teater- og musikkføremål. Frå og med 2003 er den tradisjonelle potten til kulturbygg slegen i hop med ei avsetjing til Rom for kunst , som har vore eit prøveprosjekt for å stetta behovet for visings- og produksjonslokale for prosjektorganisert kunst. I 2002 ytte Norsk kulturråd tilskot til 31 prosjekt frå avsetjinga til kulturbygg og til 13 prosjekt under Rom for kunst.

Lokale og regionale kulturbygg mottek i 2003 statleg tilskot på 45 mill. kroner frå speleoverskotet i Norsk Tipping AS. Desse midlane vert nytta til nybygg, ombygging av eller tilbygg til eksisterande kulturbygningar. Desse byggverka skal gje rom for formidling av kunst og kultur, eigenaktivitet, møte- og forsamlingsverksemd, og gjera teneste som kulturelle og sosiale møtestader i lokalsamfunnet eller regionen. Lokala skal vera tilgjengelege for alle og opne for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Tilskotssatsane er geografisk differensierte; regionale kulturbygg frå Namdalen og nordover vil kunna få inntil 5 mill. kroner i tilskot avgrensa til 50 pst. av byggjekostnadene, medan prosjekt i resten av landet vil kunna få eit tilsvarande tilskot, men avgrensa til ein tredjedel av byggjekostnadene. For lokale bygg er summen inntil 2 mill. kroner i Troms og Finnmark avgrensa til 50 pst. av byggjekostnadene, inntil 1,6 mill. kroner i Namdalen og Nordland avgrensa til 50 pst. av byggjekostnadene, medan lokale bygg i resten av landet i hovudregelen kan få 1 mill. kroner avgrensa til ein tredjedel av byggjekostnadene.

Tilskotsordninga for privatåtte kyrkjebygg skal gje trussamfunn utanfor Den norske kyrkja og private stiftingar og friviljuge organisasjonar innanfor Den norske kyrkja økonomisk handlingsrom for å byggja eller kjøpa kyrkjebygg og liknande med lågare eigenfinansiering. Kultur- og kyrkjedepartementet overtok forvaltingsansvaret for tilskotsordninga frå 1. januar 2002. For 2003 er det løyvd 7,2 mill. kroner til dette føremålet, men av denne summen er 3,9 mill. kroner gått med til å dekkja opp prosjekt som fekk innvilga tilskot i 2002.

Når eit statleg byggjeprosjekt vert sett i verk, skal i utgangspunktet ein nærare spesifisert del av dei samla prosjektkostnadene nyttast til kunstnarleg utsmykking. Prosentdelen er avhengig av av kva karakter bygget har og vil til vanleg variera mellom 0,5 og 1,5 pst. Utsmykkingsfondet for offentlege bygg står føre arbeidet med slike utsmykkingstiltak. Dette kan definerast som investeringar; det tykkjest likevel meir nærliggjande å gjera nærare greie for dette under omtalen av biletkunst, arkitektur og design, jf. kap. 4.3.4 nedanom.

Investeringar og drift heng i hop på fleire måtar. For det fyrste ved at statlege brukarinstitusjonar i hovudsregelen lyt betala såkalla kostnadsdekkjande leige, som mellom anna skal avspegla den investerte kapitalen.

Løpande vedlikehald er ei driftsutgift, men dersom dette vert forsømd, kan det etter nokre år oppstå ein situasjon der det lyt gjennomførast eit investeringstiltak for å bøta på dei skadene eller det forfallet som har oppstått. I prinsippet skal slikt ikkje skje, men det kan gjevast fleire døme på at dette i røynda har skjedd.

4.3.2 Musikk

Løyvingar til musikktiltak er spreidde på fleire kapittel og postar i budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet. Hovudbolken av midlane er plasserte på kap. 323 Musikkføremål, men ein god del midlar på kap. 320 Allmenne kulturføremål og kap. 321 Kunstnarføremål kjem òg musikkfeltet til gode. I tillegg har ein del tiltak som mottek tilskot frå kap. 324 Teater- og operaføremål, viktige musikkelement. Til dømes utgjer orkesteret ved Den norske Opera nærare 20 pst. (ca. 43 mill. kroner i 2001) av dei samla driftskostnadene for institusjonen. Jamvel om vi ser bort frå opera og andre overlappingar mot scenekunstfeltet, utgjer statlege løyvingar til musikktiltak i 2003 om lag 600 mill. kroner.

Rikskonsertane , som formidlar konsertar i heile landet, er den einaste institusjonen på musikkfeltet som er organisert som ein heilt ut statleg aktivitet. Med ei bruttoløyving i 2003 på 104,6 mill. kroner og eit inntektskrav på 16 mill. kroner vil netto statleg utgift til dette tiltaket verta om lag 88,6 mill. kroner. Om lag helvta av budsjettet knyter seg til skulekonsertar.

To symfoniorkester mottek heile det offentlege tilskotet sitt frå staten. Dette gjeld Oslo-Filharmonien og Bergen Filharmoniske Orkester . Desse får i 2003 i alt nær 146 mill. kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Ordninga med landsdelsmusikarar i Nord-Noreg vert finansiert ved at staten dekkjer 75 pst. av godkjend stillingsramme for musikarane og regionen resten. Fylkeskommunane har finansieringsansvaret for leiing og administrasjon. I 2003 er statstilskotet 13,1 mill. kroner.

Symfoniorkestra i Trondheim, Stavanger, Tromsø og Kristiansand og dei tidlegare militære distriktsmusikkkorpsa i Kristiansand og Halden mottek 70 pst. av det offentlege driftstilskotet sitt frå staten og dei resterande 30 pst. frå dei respektive fylkeskommunane og kommunane. Statleg tilskot over budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet utgjer i 2003 i alt 111,6 mill. kroner. I tillegg kjem 9 mill. kroner frå Forsvarsdepartementet til dei tidlegare militære korpsa.

Festspela i Nord-Noreg mottek òg 70 pst. av driftstilskotet frå staten og resten frå dei tre fylkeskommunane og Harstad kommune. Statleg tilskot i 2003 er 6,5 mill. kroner.

Festspela i Bergen, Olavsfestdagane i Trondheim og jazzfestivalen i Molde mottek 60 pst. av driftstilskotet frå staten og resten frå regionen. I 2003 er statstilskotet til desse i alt 16,6 mill. kroner.

Ymse faste tiltak på musikkområdet får statleg tilskot anten frå departementet (kap. 323 post 78) eller frå Norsk kulturråd (kap. 320 post 74). Frå departementet summerer desse tilskota seg i 2003 til 21,8 mill. kroner, medan Norsk kulturråd yter 69,9 mill. kroner. Eit oversyn over dei som får tilskot frå desse postane, vert kvart år teke inn i vedlegg i budsjettproposisjonen frå Kultur- og kyrkjedepartementet. I post 74 inngår òg tilskot til lokale konsertinitiativ, turné-, transport- og festivalstønad, musikkverkstadordninga og til landsfemnande musikkorganisasjonar.

Hovudoppgåva for Norsk kulturråd er å forvalta løyvingane til Norsk kulturfond (kap. 320 post 50), og i 2003 går det 52,3 mill. kroner til musikkføremål. Desse midlane går til ensemblestønad, festivalstønad, innkjøpsordninga for fonogram, innspelingar, tingingsverk og ymist anna. Det er ikkje utan vidare berrsynt kvifor somme tilskotsordningar er plasserte på post 74, medan andre er bygde inn i avsetjinga på post 50.

Alt i alt vil det for Norsk kulturråd sin del vera tale om meir enn tusen einskildtilskot til musikktiltak frå kap. 320 postane 50 og 74. Av dette utgjer lokale musikktiltak om lag to tredjedelar. Årsmeldinga for Norsk kulturråd inneheld eit detaljert oversyn over mottakarane. For lokale musikktiltak er det berre gjort greie for korleis tilskota fordeler seg fylkesvis.

Fond for lyd og bilete vert i 2003 tilført ei løyving på 25 mill. kroner frå kap. 320 post 51. I 2002 gav fondet tilskot til 529 prosjekt med i alt 26,6 mill. kroner. Av dette var 293 tilskot til musikktiltak, som utgjorde 10,8 mill. kroner eller nærare 41 pst. av dei samla tildelingane.

Av løyvingane til kunstnarstønadsordningar på kap. 321 vil om lag 17,4 mill. kroner i 2003 gå til musikarar, komponistar og populærkomponistar. Dette femner om 36 garantiinntekter, 52 arbeidsstipend (folkemusikarar medrekna), ymse stipend og stipend etter fullført kunstutdanning.

Frå løyvinga til friviljug verksemd på kap. 320 post 80 vert paraplyorganisasjonen Norsk Musikkråd i 2003 tilført 14,9 mill. kroner. Hovuddelen av dette tilskotet skal fordelast til barne- og ungdomsarbeid lokalt, men ein mindre del går til dei landsomfattande organisasjonane på musikkområdet. Norsk Musikkråd mottek i tillegg midlar til vaksenopplæringstiltak frå Utdannings- og forskingsdepartementet.

Friviljug arbeid innanfor musikkområdet vil i 2003 elles verta tilført om lag 13,5 mill. kroner frå speleoverskotet i Norsk Tipping AS.

Av den samla overføringa til Sametinget frå kap. 320 post 53 Samiske kulturføremål går 1,4 mill. kroner i 2003 til samiske musikkfestivalar.

For at dette oversynet skal vera mest mogeleg heilskapleg, er det òg naturleg å nemna Kringkastingsorkesteret (KORK) , som vert finansiert over NRKs budsjett. Orkesteret har 51 fast tilsette musikarar.

Utanriksdepartementet yter tilskot til musikktiltak som inngår i arbeidet med å formidla norsk kultur i utlandet. I 2001 nytta departementet 4,8 mill. kroner til slike tiltak. I tillegg vart det brukt i alt 6,8 mill. kroner i bistandsmidlar til musikktiltak.

Frå nordisk hald mottek ei rad norske aktørar innanfor musikkfeltet tilskot. I 2001 utgjorde slike tilskot frå Nordisk kulturfond , Nomus (Nordisk Musikkomité) m.m. i alt om lag 2,1 mill. kroner.

Innanfor ramma av EUs fyrste rammeprogram for kultur – Kultur 2000 – vil Høgskolen i Oslo (når kontrakten er underteikna av båe partane) frå 2003 motta 6,5 mill. kroner til det fleirårige prosjektet Klangfugl – kunst for de minste, som femner om fleire kunstartar. Vidare mottok Ultima i 2001 vel 1 mill. kroner til eit prosjekt retta mot born og unge og med samarbeidspartnarar i Tyskland og Nederland. I 2002 var Festspillene i Bergen deltakar i eit EU-støtta prosjekt under italiensk leiing. I perioden 1996–2003 vil seks norske aktørar innanfor musikkfeltet ha leidd EU-støtta prosjekt. Fleire aktørar har vore deltakarar i EU-støtta prosjekt.

I tillegg kjem altså dei midlane som følgjer av fonds- og vederlagsordningar, jf. omtale under kap. 4.2.1. Dessutan betaler staten etter særskild avtale vederlag til TONO for bruken av kyrkjemusikk; i 2003 går om lag 1,4 mill. kroner frå løyvinga på kap. 321 post 75 til dette føremålet.

4.3.3 Scenekunst

Omgrepet scenekunst femner i denne samanhengen om både teater, opera og dans. Scenekunsten er det mest kostnadskrevjande kunstområdet. Løyvingane er spreidde på fleire kapittel og postar, men hovudbolken er å finna på kap. 324 Teater- og operaføremål. Andre midlar til feltet er budsjetterte over kap. 320 Allmenne kulturføremål og kap. 321 Kunstnarføremål. I 2003 utgjer samla statlege løyvingar til scenekunst om lag 900 mill. kroner.

Riksteatret , som formidlar framsyningar på 66 spelestader landet rundt, er det einaste tiltaket på scenekunstområdet som er organisert som ein heilt ut statleg aktivitet. Med ei bruttoløyving i 2003 på 82,7 mill. kroner og eit inntektskrav på 8 mill. kroner, vil netto statleg utgift til denne institusjonen verta om lag 74,7 mill. kroner.

Den Norske Opera, Nationalteatret og Det Norske Teatret i Oslo og Den Nationale Scene i Bergen får heile det offentlege tilskotet sitt frå staten. Dette utgjer meir enn helvta av dei samla statlege løyvingane til scenekunst. I 2003 er samla løyving til desse fire institusjonane 494,4 mill. kroner.

Tolv scenekunstinstitusjonar mottek 70 pst. av det offentlege tilskotet frå staten og dei resterande 30 pst. frå fylkeskommunar og kommunar. I 2003 er samla statleg løyving 182,3 mill. kroner. Av denne summen mottek to teater – Trøndelag Teater og Rogaland Teater – 74,5 mill. kroner, dvs. 41 pst. av dei samla tilskota. Det er i røynda fleire kategoriar av institusjonar som er lagde inn under denne finansieringsordninga, frå tradisjonsrike institusjonsteater til mindre regionale prosjektteater (statleg tilskot 2003 i parentes):

  • Trøndelag Teater (42,4 mill. kroner)

  • Rogaland Teater (32,1 mill. kroner)

  • Hålogaland Teater (17,7 mill. kroner)

  • Carte Blanche (13,5 mill. kroner)

  • Teater Ibsen (13,5 mill. kroner)

  • Nordland Teater (12,5 mill. kroner)

  • Teatret Vårt (11,9 mill. kroner)

  • Agder Teater (10,8 mill. kroner)

  • Sogn og Fjordane Teater (10,3 mill. kroner)

  • Hedmark Teater (7,4 mill. kroner)

  • Hordaland Teater (5,8 mill. kroner)

  • Haugesund Teater (4,4 mill. kroner)

Over ein eigen post for region- og distriktsopera vert det i 2003 gjeve tilskot til elleve ulike tiltak med til saman nær 16 mill. kroner. Operaen i Kristiansund står i ei særstilling og får åleine 7,2 mill. kroner eller 45 pst. av midlane på denne posten. For dei andre varierer tilskota frå vel 0,5 mill. kroner til nærare 1,8 mill. kroner. Dette gjeld Musikkteatret i Bodø, Opera Nordfjord, Ringsakeroperaen, Steinvikholm Musikkteater, Trønderoperaen, Opera Nord, Opera Sør, Opera Vest, Stiftelsen Musikkteatret og Vest-Norges Opera .

Ymse faste tiltak på scenekunstområdet får statleg tilskot anten frå departementet (kap. 324 post 78) eller frå Norsk kulturråd (kap. 320. post 74). Frå departementet summerer desse tilskota seg i 2003 til 29,6 mill. kroner, medan Norsk kulturråd yter 20,1 mill. kroner. Eit oversyn over tilskotsmottakarane frå desse postane vert kvart år teke inn i vedlegg til budsjettproposisjonen frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Innanfor ramma av Norsk kulturfond (kap. 320 post 50) vil Norsk kulturråd i 2003 nytta 36 mill. kroner til såkalla fri scenekunst o.l. Om lag helvta går til teatertiltak, 40 pst. til dans og resten til musikkteater og tverrkunstnarlege uttrykk. Ein stor del av midlane (ca. 60 pst.) er bundne opp i fleirårige prosjekt.

Fond for lyd og bilete (kap. 320 post 51) gav i 2002 tilskot til 49 scenekunsttiltak med i alt 3,1 mill. kroner. Dette utgjorde 13,5 pst. av dei samla tildelingane frå fondet det året.

Av dei samla løyvingane til samiske tiltak vil Sametinget i 2003 nytta 11,1 mill. kroner som tilskot til Beaivvás Sámi Teáhter .

Av løyvingane til kunstnarstønadsordningar på kap. 321 vil om lag 18,8 mill. kroner i 2003 gå til skodespelarar, sceneinstruktørar, scenografar, teatermedarbeidarar og ballettkunstnarar. Dette femner om 35 garantiinntekter, 50 arbeidsstipend, ymse stipend og stipend etter fullført kunstutdanning.

Frå løyvinga til friviljug verksemd på kap. 320 post 80 vert paraplyorganisasjonen Norsk Amatørteaterråd i 2003 tilført 3,2 mill. kroner. Hovuddelen av dette tilskotet skal fordelast til barne- og ungdomsarbeid lokalt.

Friviljug arbeid innanfor amatørteaterfeltet vil i 2003 elles verta tilført om lag 3,6 mill. kroner frå speleoverskotet i Norsk Tipping AS.

Frå Nordisk Kulturfond er det gjeve tilskot til fleire scenekunstprosjekt under norsk leiing eller med norsk deltaking. I 2002 fekk fire norskleia prosjekt i alt 0,6 mill. kroner. Av dette gjekk helvta til Olavsfestdagane i Trondheim til urframføring av ein kyrkjeopera. Teater & Dans i Norden under Nordisk Ministerråd yter tilskot til gjestespel og prosjekt innanfor scenekunstområdet.

Innanfor ramma av EUs program Kultur 2000 mottok Opera Vest i Bergen i 2002 over 1 mill. kroner til å leia eit samarbeidsprosjekt om ein samtidsopera. Norsk Kulturskoleråd mottok 6 mill. kroner frå 2001 til eit fleirårig nysirkusprosjekt. I perioden 1996–2003 vil norske aktørar innanfor scenekunstfeltet ha hatt leiaransvar for 13 EU-støtta prosjekt. Fleire andre har vore deltakarar i EU-prosjekt.

4.3.4 Film

Løyvingane på filmområdet er å finna på kap. 334 Film og medieføremål. Alt i alt mottek dette området om lag 315 mill. kroner i statlege løyvingar i 2003.

Kultur- og kyrkjedepartementet har fire underliggjande verksemder på filmområdet, Norsk filmfond, Norsk filminstitutt, Statens filmtilsyn og Norsk filmutvikling .

Etter omlegginga på filmområdet i 2001 vart Norsk filmfond oppretta og alle tilskotsordningane til filmproduksjon samla der. Norsk filmfond er i 2003 tildelt 214,6 mill. kroner til desse føremåla (kap. 334 post 50).

Norsk filminstitutt forvaltar ei tilskotsordning til ulike kulturelle tiltak i samband med film, som mellom anna inkluderer tilskot til ymse filmfestivalar. Løyvinga til denne ordninga over kap. 334 post 78 utgjer 5 mill. kroner i 2003.

Norsk filmutvikling har mellom anna ansvar for kurs og etterutdanning på filmområdet. I 2003 får Norsk filmutvikling 3,5 mill. kroner (kap. 334 post 71) til utvikling av filmmanuskript. 1,3 mill. kroner til ymse faste tiltak (kap. 334 post 78) skal mellom anna nyttast til kurs og utdanningsretta tiltak.

Staten løyver òg midlar til to regionale filmsenter under kap 334. Vestnorsk filmsenter AS i Bergen får 3,4 mill. kroner i 2003 for tildeling til kortfilmproduksjon. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune eig dette filmsenteret. Kommunen ytte i 2002 eit driftstilskot på 0,7 mill. kroner og fylkeskommunen eit tilskot på 0,45 mill. kroner. I tillegg mottok dei 0,25 mill. kroner i driftstilskot frå Stavanger kommune og 0,05 mill. kroner frå Rogaland fylkeskommune.

Nordnorsk filmsenter AS i Honningsvåg får 3,7 mill. kroner frå staten i 2003 for tildeling til kortfilmproduksjon. Nordnorsk filmsenter AS skal gje støtte til minst éin samisk film årleg. Staten dekkjer i tillegg 70 pst. av driftsmidlane til Nordnorsk filmsenter AS. I 2003 utgjer dette om lag 2 mill. kroner.

Det vert elles løyvd 2 mill. kroner til produksjonsselskapet Film 3 AS på Lillehammer, som er ein del av satsinga på kultur og media frå Lillehammer Kunnskapspark.

Noreg er medlem av Nordisk Film- og TV-fond , som skal fremja audiovisuelle produksjonar i Norden gjennom toppfinansiering av filmar, fjernsynsseriar, kortfilm og kreativ dokumentarfilm. I 2003 får Nordisk Film- og TV-fond 4,9 mill. kroner over kap. 334 post 78.

Noreg tek del i EU-programmet MEDIA Plus (2001–2005). MEDIA Plus er eit program for utvikling av europeisk audiovisuell industri. Kontingenten for Noreg i 2003 er om lag 10 mill. kroner, som vert dekt over kap. 334 post 75.

Noreg deltek i tillegg i EURIMAGES , som er eit fond oppretta av Europarådet for finansiering av europeiske samproduksjonar. Føremålet med EURIMAGES er å stø europeisk filmproduksjon og europeisk filmkultur gjennom å gje finansiell støtte til produksjon av spelefilm og kreativ dokumentarfilm. Det er løyvd om lag 2,2 mill. kroner til dette føremålet over kap. 334 post 78.

4.3.5 Biletkunst, arkitektur og design

Storparten av løyvingane til biletkunstområdet er å finna på kap. 322 Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom, men to kunstindustrimuseum er plasserte på kap. 328 Museums- og andre kulturvernføremål. Dessutan mottek dette saksområdet innsatsar frå kap. 320 Allmenne kulturføremål gjennom Norsk kulturråd. I tillegg kjem ein god del av løyvingane på kap. 321 Kunstnarføremål dette feltet til gode. Samla utgjer dette om lag 404 mill. kroner til biletkunst m.m. over budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet i 2003.

Riksutstillingar er eit statleg tiltak som arbeider med formidling av vandreutstillingar til skular og andre arenaer i heile landet. Samla løyving i 2003 er 22,8 mill. kroner. Planen er at denne institusjonen på eit framtidig tidspunkt skal byggjast inn i det nye Nasjonalmuseet for kunst .

Statleg er òg Utsmykkingsfondet for offentlege bygg , med ei driftsløyving på 6,9 mill. kroner i 2003. Ordninga er slik at midlane til den einskilde utsmykkingsoppgåva er ein del av dei samla investeringskostnadene som vert dekte over budsjettet åt Statsbygg, varierande frå 0 pst. til 1,5 pst. av byggjekostnadene, alt etter kva karakter bygget har. Vidare disponerer Utsmykkingsfondet i 2003 i alt 7,3 mill. kroner til kunstnarleg utsmykking av kommunale og fylkeskommunale bygg, til offentlege uterom og til innkjøp av kunst til leigebygningar og eldre statlege bygningar.

Ei nyskaping frå 2003 er stiftinga Nasjonalmuseet for kunst, som har teke opp i seg dei tidlegare statsinstitusjonane Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst og dei to tilskotsinstitusjonane Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum. Det nye museet får i 2003 eit statleg tilskot på 113 mill. kroner.

Henie Onstad Kunstsenter mottek 5,1 mill. kroner i statleg tilskot i 2003. Bærum kommune yter i 2003 i alt 7,3 mill. kroner i driftstilskot. I ein intensjonsavtale er det lagt opp til at denne institusjonen skal inngå i Nasjonalmuseet for kunst seinast frå og med 2005.

Nordenfjeldske kunstindustrimuseum får i 2003 eit statstilskot på 7,9 mill. kroner, og

Nordnorsk kunstmuseum i Tromsø mottek eit statstilskot på 8,6 mill. kroner. Det lokale og regionale forvaltningsnivået deltek ikkje i driftsfinansieringa av desse institusjonane.

Nordnorsk Kunstnersentrum i Svolvær mottek 70 pst. av det samla offentlege driftstilskotet frå staten og dei resterande 30 pst. frå lokalt og regionalt nivå. I 2003 er det statlege tilskotet 1,6 mill. kroner.

Kunstmusea i Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Lillehammer og Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen får i 2003 17,9 mill. kroner i statleg driftstilskot og dette skal maksimalt utgjera 60 pst. av samla offentlege driftstilskot.

Bergen Kunstmuseum mottek 2,8 mill. kroner i statstilskot, men dette refererer seg til dei formidlingsoppgåvene dette museet skal ha innan regionen sin. Den ordinære museumsdrifta i Bergen vert finansiert av kommunen.

Galleri F 15 på Jeløya ved Moss, som er ein utstillingsarena utan samlingar og dermed ikkje eit museum, får 2,5 mill. kroner i statstilskot i 2003. Statstilskotet er avgrensa til maksimalt 60 pst. av det samla offentlege driftstilskotet. Kommunen og fylkeskommunen dekkjer det resterande.

Kap. 322 post 75 gjeld tiltak for det offentlege rommet, arkitektur og design. Av ei samla løyving på 18 mill. kroner går nær 17 mill. kroner til Norsk Form .

I alt 22 nokså ulike tilskotsmottakarar er samla på kap. 322 post 78, jf. oversyn i vedlegg til den årlege budsjettproposisjonen. Samla statleg tilskot i 2003 er 37,9 mill. kroner. Dei største einskildmottakarane er Norske Kunsthåndverkere med 5,7 mill. kroner og Kunstnernes Hus med 5,2 mill. kroner. Nemnast skal òg OCA – Office of Contemporary Art Norway som tek seg av internasjonal formidling av samtidskunst. I år er tilskotet frå denne posten 3,7 mill. kroner, og i tillegg yter Utanriksdepartementet tilskot til konkrete prosjekt.

Tilskot til Atelier Nord vert gjeve av Norsk kulturråd frå kap. 320 post 74 med 2,1 mill. kroner i 2003.

Av den samla avsetjinga til Norsk kulturfond på kap. 320 post 50 vil 13,8 mill. kroner i 2003 verta nytta til biletkunst og kunsthandverk. Av dette går 2,2 mill. kroner til innkjøpsordninga for samtidskunst, 1,9 mill. kroner til debutant- og utstyrsstønad, 2,3 mill. kroner til kunst og ny teknologi, og endeleg 7,4 mill. kroner til prosjektstønad (utstillingar, publikasjonar, kulturelt mangfald og ymse andre tiltak).

I tillegg administrerer Norsk kulturråd ordninga med utstillingsstipend til biletkunstnarar, kunsthandverkarar og fotografar frå kap. 321 post 75. Dette har ei løyvingsramme i 2003 på 3,8 mill. kroner.

Av løyvingane til kunstnarstønadsordningar på kap. 321 vil om lag 107 mill. kroner i 2003 gå til biletkunstnarar, kunsthandverkarar, fotografar, arkitektar og interiørarkitektar. Dette femner om 383 garantiinntekter, 157 arbeidsstipend, ymse stipend og stipend etter fullført kunstutdanning. Biletkunstnarar og kunsthandverkarar er i særklasse dei gruppene kunstnarar som har flest garantiinntekter og arbeidsstipend.

Utstillingsvederlag er inkludert i tilskotet til dei einskilde institusjonane og tiltaka. Visningsvederlag frå kap. 321 post 75 tilkjem fire kunstnarorganisasjonar og vil i 2003 utgjera om lag 24 mill. kroner. Båe desse vederlagsordningane er det gjort greie for under kap. 4.2.1 ovanom.

Nordiske tiltak på biletkunstområdet er fyrst og fremst det nordiske instituttet for samtidskunst (NIFCA) i Helsinki med tilhøyrande gjesteatelierprogram (med ei ramme på 1,5 mill. danske kroner i 2003) og dessutan det nordiske kunstnarsenteret med atelier på Dalsåsen i Fjaler. Dette siste får DKK 1,6 mill. i nordiske driftsmidlar og dessutan 0,8 mill. kroner frå norsk hald (kap. 322 post 78). Prosjekt innanfor biletkunstfeltet mottek dessutan tilskot frå Nordisk kulturfond; om lag 10 pst. av fondsmidlane til allmenne kulturføremål tilfell dette kunstområdet.

Fleire norske aktørar innanfor biletkunstfeltet har fått midlar frå EU-programmet Kultur 2000 gjennom deltaking i prosjekt under leiing av institusjonar i andre land.

Figur 4.4 

Figur 4.4

4.3.6 Kulturhistoriske museum m.m.

Dei reine kunst- og kunstindustrimusea er gjorde greie for under kap. 4.3.5 ovanfor. Her handlar det om andre museum, i all hovudsak kulturhistoriske museum; nokre få er reint naturhistoriske, og somme har innslag av naturhistorie og kunst i tillegg til det allment kulturhistoriske. Hovudbolken av løyvingar til slike museum er plasserte på kap. 328 Museums- og andre kulturvernføremål, men ein del midlar til musea kjem òg frå kap. 320 Allmenne kulturføremål og frå kap. 325 Samordningstiltak for arkiv, bibliotek og museum. I 2003 utgjer løyvingane frå Kultur- og kyrkjedepartementet til kulturhistoriske museum m.m. om lag 500 mill. kroner.

Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) er eit statleg museum. Med ei bruttoløyving i 2003 på 45,4 mill. kroner og eit inntektskrav på 15,5 mill. kroner vil netto statleg utgift verta om lag 32,8 mill. kroner. Mesteparten av inntekta knyter seg til arkeologiske undersøkingar. Statleg er òg Bunad- og folkedraktrådet med ei løyving på 2,8 mill. i 2003. Andre museum er tilskotsinstitusjonar organiserte som stiftingar o.a.

I alt 14 museum får så godt som heile det offentlege tilskotet sitt frå staten. Dette er ei nokså samansett gruppe, som både femner om store museum slik som Norsk Folkemuseum, Maihaugen og Norsk Teknisk Museum , mindre institusjonar slik som Kvinnemuseeet på Kongsvinger og dessutan museum som forvaltar viktige kulturminne i statleg eige, slik som Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter, Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg m.fl. I 2003 mottek desse musea i alt 150,7 mill. kroner over kap. 328 post 70.

Stiklestad Nasjonale Kultursenter A/S mottek 60 pst. av det offentlege driftstilskotet sitt frå staten og dei resterande 40 pst. frå fylkeskommunalt og kommunalt nivå. I 2003 er det statlege tilskotet 9,4 mill. kroner.

Tilskotsordninga for museum, kap. 328 post 60, femner om ca. 188 museum i alle fylka. Løyvinga på posten vert utbetalt til fylkeskommunane, som fordeler midlane til dei einskilde musea, og har ansvar for rekneskap og rapportering. Samla mottek musea på tilskotsordninga i 2003 146,9 mill. kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

55 museum mottek i 2003 direkte tilskot frå kap. 328 post 73 Museumsreforma med i alt 42,6 mill. kroner. Desse løyvingane er ein lekk i arbeidet med å stimulera til regional konsolidering av institusjonsstrukturen på museumsområdet i løpet av ein femårsperiode gjennom samarbeid med dei respektive musea, fylkeskommunane og kommunane. Grunngjevinga for det særskilde tilskotet varierer frå museum til museum. I dei einskilde tilsegnsbreva er føresetnadene nærare konkretiserte.

Det går for seg vidfemnande prosessar i eit stort tal museumsregionar med sikte på å innretta seg etter føringane som følgjer av St.meld. nr. 22 (1999–2000) og Innst. S. nr. 46 (2000–2001). Dei økonomiske insentiva frå staten tykkjest å ha skapt den ynskte dynamikken.

Ymse faste tiltak på museums- og kulturvernområdet får i 2003 statleg tilskot frå kap. 328 post 78 med i alt 35,3 mill. kroner. Dei fleste tiltaka vert forvalta av ABM-utvikling . Mellom dei faste tiltaka inngår tilskot til landsfemnande organisasjonar, slik som Kulturvernets fellesorgansisasjon (KORG), sikringstiltak ved musea, utdannings- og reisestipend og ymse prosjekttilskot, dessutan ordinært driftstilskot til dei tre skværrigga seglskipa Christian Radich, Statsraad Lehmkuhl og Sørlandet . Desse seglskipa får i tillegg vedlikehalds- og opprustingstilskot gjennom ei eiga løyving på kap. 328 post 75 med 10 mill. kroner i 2003.

I 2003 mottek 20 museum 0,5 mill. kroner kvar for å styrkja og utvikla det historiske elementet i den kulturelle skulesekken, jf. kap. 320 post 81.

Frå Norsk kulturråd mottek mange museum tilskot til prosjekt. I 2003 vil 14,8 mill. kroner frå Kulturfondet (kap. 320 post 50) verta nytta til kulturverntiltak, i hovudsak i regi av museumsinstitusjonar.

Av den samla overføringa til Sametinget frå kap. 320 post 53 Samiske kulturføremål går 9,3 mill. kroner i 2003 til samiske museum.

ABM-utvikling disponerer i 2003 ei samla budsjettramme på 64,1 mill. kroner (kap. 325 postane 01 og 73). Det kan leggjast til grunn at om lag 40 pst. av dette direkte eller indirekte knyter seg til museumsrelaterte funksjonar og innsatsar.

Frå Riksantikvaren (under Miljøverndepartementet) vert det årvisst ytt tilskot til ein del museum til istandsetjing og vedlikehald av kulturminne. Dette gjeld fyrst og fremst ti særskilt prioriterte teknisk-industrielle kulturminne, tre senter for fartyvern og eit utval verna fartv, der mange tilhøyrer eit museum.

Frå Nordisk kulturfond vert det årleg gjeve tilskot til nokre få museumsprosjekt. Og under Nordisk Ministerråd finst det ein museumskomité med eit budsjett på 1,1 mill. kroner i 2003.

Innanfor ramma av EUs fyrste rammeprogram for kultur – Kultur 2000 – vil Stiftinga Lyngheisenteret motta 1,2 mill. kroner i 2003 som europeisk kulturarvslaboratorium (når kontrakten er underteikna av båe partane). Hardanger Fartyvernsenter har over to år motteke i alt 1,2 mill. kroner til eit samarbeidsprosjekt om kunnskap om båtbygging. I 2002 var Vikingmuseet på Borg deltakar i eit prosjekt under irsk leiing. I perioden 1996–2003 vil norske aktørar innanfor museums- og kulturvernfeltet ha hatt leiaransvar for ni EU-støtta prosjekt. Mellom anna har Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider fått 4,5 mill kroner over to år og Stiftelsen Bryggen i Bergen 0,9 mill kroner som europeiske kulturarvslaboratorium. Fleire norske aktørar har vore prosjektdeltakarar.

4.3.7 Språk, litteratur og bibliotek

I denne samanhengen er det naturleg å gjera greie for ressursstraumane til språk, litteratur og bibliotek under eitt; stønadsordningane for litteratur har både ein språkpolitisk dimensjon og ei bibliotekmessig side; ei hovudgrunngjeving for å ha eit nasjonalbibliotek er at ein sentral institusjon systematisk skal ta vare på publikasjonar på norsk språk osb. Over budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet går om lag 540 mill. kroner til desse innsatsområda i 2003.

Nasjonalbiblioteket er den budsjettmessig største statsinstitusjonen innanfor kulturområdet med ei løyvingsramme i 2003 på i 201,4 mill. kroner. Med eit inntektskrav på 8,4 mill. kroner inneber dette ei netto statsutgift på 193 mill. kroner. Institusjonen har hovudsete i Oslo, men majoriteten av dei tilsette og meir enn helvta av ressursinnsatsen er knytt til avdelinga i Rana.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek er òg eit statleg tiltak. Samla løyving i 2003 er 35,8 mill. kroner. Verksemda held til i Oslo, men med små avdelingar i Bergen og Trondheim.

Det statlege fagorganet Norsk språkråd mottek i 2003 ei løyving på 13,4 mill. kroner.

Ei stor mengd faste tiltak mottek tilskot frå kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekføremål. Somme er gjevne eigne tilskotspostar (post 73 Noregs Mållag , post 74 Det Norske Samlaget og post 75 Språkteknologi , Norsk Ordbok m.m.), men dei fleste er samla på post 78 Ymse faste tiltak. Ein del får tilskotet utbetalt direkte frå departementet, men for brorparten er forvaltningsansvaret delegert til ABM-utvikling. Dei konkrete føremåla og tilskotsmottakarane går fram av den årlege budsjettproposisjonen, jf. vedlegg II. I 2003 utgjer samla løyving på desse tilskotspostane 76,4 mill. kroner.

Av løyvingane til kunstnarstønadsordningar på kap. 321 vil om lag 25,3 mill. kroner i 2003 gå til skjønlitterære forfattarar, barne- og ungdomsbokforfattarar, dramatikarar, omsetjarar og faglitterære forfattarar. Dette femner om 62 garantiinntekter, 72 arbeidsstipend, og ymse andre stipend. Brorparten av midlane tilfell gruppa skjønlitterære forfattarar.

Bibliotekvederlaget, som utgjer hovuddelen av løyvinga på kap. 321 post 75, vil i 2003 ha ei samla ramme på overslagsvis 64,3 mill. kroner, jf. utfyllande omtale under kap. 4.2.1.

Litteraturstønadsordningane, som er det viktigaste einskildelementet i Norsk kulturfond, vil i 2003 verta tilført 75,4 mill. kroner. Denne summen femner om 36 mill. kroner til innkjøpsordninga for skjønlitteratur for vaksne, 23,5 mill. kroner til innkjøpsordninga for skjønlitteratur for born og unge og dei resterande 15,9 mill. kronene til ti ulike mindre stønadsordningar.

I tillegg yter Norsk kulturråd tilskot til om lag 50 kulturtidsskrift med i alt 2,6 mill. kroner i 2003.

Av dei samla tildelingane frå Fond for lyd og bilete (kap. 320 post 51) vart 1,9 mill. kroner (8 pst.) i 2002 nytta til tekstutviklingsprosjekt fordelt på 80 ulike tilskotsmottakarar.

Av dei samla løyvingane til samiske tiltak vil Sametinget i 2003 nytta 1,6 mill. kroner som tilskot til forlagsverksemd, 3,6 mill. kroner til samisk spesialbibliotek og 4,7 mill. kroner til mobile bibliotektenester.

ABM-utvikling disponerer i 2003 ei samla budsjettramme på 64,1 mill. kroner (kap. 325 postane 01 og 73). Det kan leggjast til grunn at meir enn helvta av dette direkte eller indirekte knyter seg til bibliotekrelaterte funksjonar og innsatsar.

Mellom dei prosjekta som får stønad frå Nordisk Kulturfond, inngår tilskot til omsetjingsoppgåver og andre tiltak innanfor litteraturfeltet. I 2002 fekk til dømes Norsk Forfattersentrum midlar til eit nettverksprosjekt, Fredrikstad bibliotek oppnådde tilskot til eit prosjekt om bøker, bilete og born, og eit anna norskleia prosjekt fekk tilskot til ein nordisk biletbokverkstad.

Nordisk Ministerråd har mellom anna ein eigen litteratur- og bibliotekskomité, NORDBOK med eit budsjett på DKK 7,5 mill. i 2003. Frå 1. januar 2003 er sekretariatet for denne nordiske komiteen plassert i ABM-utvikling i Oslo. Det vert mellom anna gjeve tilskot til omsetjing og utgjeving av litteratur på nordiske språk i Norden og til nordisk samarbeid på folkebibliotekområdet.

Innanfor ramma av EUs program Kultur 2000 vil Norsk Forfattersentrum i 2003 motta 0,3 mill. kroner til eit prosjekt med samarbeidspartnarar i Finland og Sverige, og fem norske forlag vil motta 1,7 mill. kroner til omsetjing til norsk av 29 bøker av utanlandske forfattarar (når kontraktane er underteikna av partane). Utanlandske forlag vil i 2003 motta støtte til omsetjing av ti bøker av norske forfattarar. I 2002 mottok fem norske forlag i alt 1,2 mill. kroner til omsetjing av 29 skjønnlitterære bøker. Vidare mottok utanlandske forlag tilskot til omsetjing av 16 bøker av norske forfattarar. Til saman vil 13 norske forlag i perioden 1997–2003 ha motteke tilskot frå programmet Kultur 2000 og det føregåande Ariane-programmet til omsetjing av 163 bøker av utanlandske forfattarar. I tillegg vil det vera gjeve EU-støtte til omsetjing av 63 bøker av norske forfattarar.

4.3.8 Arkiv

Løyvingar til arkivtiltak i budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet er i hovudsak plasserte på kap. 329 Arkivføremål. Kapitlet omfattar det statlege Arkivverket og den statlege verksemda Norsk lokalhistorisk institutt , dessutan faste tilskot til Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Stiftinga Asta (standardisert datasystem for elektronisk katalogisering). Den samla bruttoløyvinga på kap. 329 Arkivføremål utgjer i 2003 om lag 173 mill. kroner.

Det statlege Arkivverket omfattar Riksarkivet og åtte statsarkiv. Arkivverket disponerer ei brutto driftsløyving i 2003 på 147 mill. kroner (kap. 329 post 01) og har eit inntektskrav på 1,3 mill. kroner (kap. 3329 post 01). Arkivverket disponerer samstundes ei løyving på 5,7 mill. kroner til utgifter ved oppdrag (kap. 329 post 21). Denne løyvinga kan berre nyttast i same omfang som det kan skaffast inntekter (kap. 3329 post 02). Vidare disponerer Arkivverket ei løyving på 3,9 mill. kroner til investeringar i utstyr og inventar (kap. 329 post 45). Netto utgjer dermed dei samla statlege utgiftene til Arkivverket 149,6 mill. kroner.

Den statlege verksemda Norsk lokalhistorisk institutt disponerer i 2003 ei løyving på om lag 3,2 mill. kroner (kap. 329 post 01).

Ymse faste tiltak på arkivområdet (kap. 329 post 78) får tilskot frå departementet (Stiftinga Asta og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek) og Abm-utvikling (Landslaget for lokal- og privatarkiv). Den samla løyvinga til desse tiltaka i 2003 utgjer 4,1 mill. kroner.

Av dei samla løyvingane til samiske tiltak nyttar Sametinget i 2003 nær 0,7 mill. kroner til Samisk arkiv .

Det bør òg nemnast at mange av musea som mottar driftstilskot under kap. 328 Museums- og andre kulturvernføremål, forvaltar viktige arkiv. Norsk kulturråd løyver, etter søknad frå institusjonane, midlar frå avsetninga til kulturvernføremål til avgrensa tiltak på arkivfeltet.

4.3.9 Oppsummering og oversyn

I budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet for 2003 har det saksområdet som denne meldinga femner om, ei samla løyvingsramme på om lag 3,8 mrd. kroner. I denne summen er medrekna alle budsjettkapitla under programkategori 08.20 Kulturføremål, det meste av kap. 334 under programkategori 08.30 Film- og medieføremål og dessutan ein høveleg del av programkategori 08.10 Administrasjon.

Frå og med i år vil ein del av speleoverskotet i Norsk Tipping AS verta fordelt av Kongen til den kulturelle skulesekken (ca. 60 mill. kroner), friviljug kulturarbeid (ca. 45 mill. kroner) og lokale/regionale kulturbygg (ca. 45 mill. kroner). I 2004 vil summane venteleg verta dobla og i 2005 tredobla.

I tillegg vert det løyvd midlar til kulturføremål over fleire andre departementsbudsjett, men det er nær sagt uråd å gje eit eksakt tal for dette. I 2003 kan det gjevast eit estimat på ein stad mellom 0,75 mrd. kroner og 1,2 mrd kroner for summen av slike løyvingar.

Viktigast av dei andre departementa er utan tvil Utdannings- og forskingsdepartementet med dei store universitetsmusea, universitets- og høgskulebiblioteka. Dette illustrerer samstundes eit vanskeleg avgrensingsspørsmål, dvs. kvar grenselina skal setjast mellom det som vert definert som kulturføremål og det som fyrst og fremst er å sjå på som forsking eller forskings- og utdanningsrelaterte støttefunksjonar. I museumsstatistikken for 2001 er musea ved dei fire universiteta innrapporterte med ei samla budsjettramme på nær 344 mill. kroner (inkludert inntekter frå arkeologiske og andre oppdrag). Somme vil hevda at universitetsbiblioteka i all hovudsak må sjåast på som utdanning og forsking, men mot dette kan det hevdast at desse institusjonane – og særleg universitetsbiblioteka i Bergen og Trondheim – har samlingar og samlingsfunksjonar av kategoriar som elles vert handterte av Nasjonalbiblioteket.

Dinest spelar Forsvarsdepartementet ei viktig rolle på kulturområdet. Forsvarsmuseet, Forsvarets musikk og ein del andre tiltak får i 2003 løyvingar på i alt 183,6 mill. kroner frå kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål. Minst like omfattande er innsatsane gjennom Forsvarsbygg for å halda ved like festningsverk, andre militære historiske bygningar og anlegg.

Miljøverndepartementet har i 2003 løyvingar til kulturminne og kulturmiljø (programkategori 12.30) med i alt 234,7 mill. kroner, som i all hovudsak vert forvalta av Riksantikvaren.

Utanriksdepartementet har i 2003 ei løyving på 56,7 mill. kroner på kap. 115 Presse-, kultur- og informasjonsføremål. Dessutan femner mange bistandsprosjekt om kulturtiltak. Økonomisk medverknad frå Utanriksdepartementet er nemnd i fleire samanhengar tidlegare i dette kapitlet alt i alt fordelte Presse-, kultur- og informasjonsavdelinga i Utanriksdepartementet 46,5 mill. kroner i 2002 til desse føremåla:

  • Biletkunst 7,5 mill. kroner

  • Arkitektur og design 4,3 mill. kroner

  • Musikk 10,2 mill. kroner

  • Scenekunst 3,3 mill. kroner

  • Litteratur 1,9 mill. kroner

  • Film 1,3 mill. kroner

  • Kulturarv 0,7 mill. kroner

  • Tverrfaglege kulturmønstringar 0,8 mill. kroner

  • Informasjonsutstillingar 3,7 mill. kroner

  • Universitets- og forskingssamarbeid 6,6 mill. kroner

  • Skuleprosjekt 0,4 mill. kroner

  • UNESCO 5,8 mill. kroner

Vidare løyver fleire departement midlar til etatsmuseum – Samferdsledepartementet til Norsk Vegmuseum , Olje- og energidepartementet til Norsk Oljemuseum . Fiskeridepartementet løyver midlar til kystkultur, Kommunal- og regionaldepartementet til nasjonale minoritetar og Landbruksdepartementet til bygdeutviklingstiltak, og desse føremåla har i ein del tilfelle kulturdimensjonar ved seg. Nemnast lyt òg at Statsbygg (under Arbeids- og administrasjonsdepartementet) i forvaltningsporteføljen sin har ei rad freda og verneverdige bygningar.

I periodar med stor arbeidsløyse har elles arbeidsmarknadsmidlar vore sette inn over eit breitt spektrum av prosjekt innanfor kulturområdet; ikkje minst i praktisk kulturvernarbeid ved musea har dette vore særs viktig.

I framstillinga ovanom er det i fleire samanhengar vist til samarbeidstiltak på nordisk nivå. Under Nordisk Ministerråd finst ei rad ordningar som er viktige for å fremja samarbeidet mellom dei nordiske grannelanda, men som likevel opererer innanfor nokså avgrensa økonomiske rammer:

  • Nordbok gjev tilskot til omsetjingar og til folkebiblioteksamarbeid

  • Nomus gjev tilskot til tingingsverk, konsertturnéar, festivalar m.m.

  • Nifca administrerer eit gjesteatelierprogram

  • Sleipnir er eit reisestipendprogram for profesjonelle kunstnarar

  • Dalsåsen kunstnarsenter tilbyd atelier

  • Teater & Dans i Norden stør gjestespel og andre scenekunsttiltak

  • Nordisk Amatørteaterråd stør gjestespel for amatørar

  • Nordisk Museumskomité stør museums- og utstillingssamarbeid

  • Skandinavisk Kunstnerkollegium i Roma legg til rette for kunstnaropphald i Roma

  • Nordisk Kulturfond yter tilskot til eit breitt spektrum av nordiske kulturtiltak innanfor ei årleg ramme på om lag 19 mill. kroner

  • Kulturprosjekt utanfor Norden disponerer i 2003 om lag 7 mill. kroner for å fremja samarbeidstiltak i utlandet

  • Styringsgruppa for Nordisk Barne- og Ungdomskultur (BUK) disponerte 5,8 mill. i 2001

  • Nordisk Ungdomskomité (NUK) disponerte 5,5 mill. i 2001

  • Samerådet/Samisk Kunstnarråd

  • Samarbeidsnemnd for Norden-undervisning i utlandet

  • Nordisk Film- og TV-Fond, jf. kap. 4.3.4

Nordisk kulturfond fordelte i 2001 tilskot med til saman 27,5 mill. danske kroner. Av dette gjekk 5 mill. (18 pst.) til norskleia prosjekt. Av den samla løyvinga vart 18,9 mill. danske kroner nytta til allmenn kultur, og resten til utdanning, forsking o.a. Av 479 søknader innanfor området allmenn kultur oppnådde 175 tilskot. Av desse var 61 innanfor musikkfeltet.

For å delta i EUs kulturprogram (Kultur 2000) yter Noreg i 2003 eit tilskot på 5,6 mill. kroner. Det vil sjølvsagt variera frå år til år kva utteljingar norsk kulturliv får av denne innsatsen. I 2003 vil norske aktørar få om lag 10 mill. kroner frå Kultur 2000, når kontraktane er underteikna. I 2002 mottok norske aktørar om lag 3 mill. kroner frå dette kulturprogrammet til bokomsetjingar og ymse kulturprosjekt under norsk leiing. I 2001 mottok norske interessentar nære på 10 mill. kroner frå Kultur 2000.

Figur 4.5 

Figur 4.5

4.4 Organisatoriske verkemiddel

Med organisatoriske verkemiddel vil vi i denne samanhengen forstå føresegner om

  • kva for organisatoriske einingar som skal finnast og korleis desse skal organiserast, styringsorgan og samansetjinga av desse medrekna

  • kva for arbeidsoppgåver den einskilde eininga skal stå føre

  • prosessar internt i den einskilde eininga og korleis eininga skal agera andsynes omverda, og fullmakter til å delegera

  • handlingsrammer og kvalifikasjonskrav for personar i dei einskilde einingane.

Slike føresegner vil vera av to hovudslag. Dels kan det vera tale om pliktreglar, dvs. direktiv eller retningsliner for korleis eit forvaltningsorgan eller ein tenestemann skal handla. Dels dreier det seg om kompetansereglar, dvs. reglar om kven som har fullmakt til kva, og korleis vedkomande organ eller person kan gå fram.

Ei heildekkjande gjennomgåing av dei organisatoriske verkemidla på kulturområdet ville ha måtta femna om store delar av forvaltningsretten, noko som ville ha sprengt alle rammer for denne framstillinga. Vi nøyer oss difor med innleiingsvis å konstatera at eit breitt spektrum av organisatoriske føresegner er nedfelt i forvaltningslova, lova om offentleg innsyn, tenestemannslova, arbeidsmiljølova og ei rad andre lover med tilhøyrande forskrifter. Andre føresegner følgjer av avtalar mellom partane i arbeidslivet. Andre er kort og godt heimla i Kongens generelle mynde til å organisera og instruera statsforvaltninga. Brorparten av desse føresegnene er samla i Statens personalhandbok.

4.4.1 Generelt om statlege organ og institusjonar

Talet på statlege verksemder under Kultur- og kyrkjedepartementet innanfor det saksområdet som denne meldinga femner om, har minka dei siste åra. Dels er tidlegare separate tiltak slegne i hop til eitt organ; det viktigaste dømet er skipinga av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum , som har teke opp i seg tre tidlegare einingar (Norsk museumsutvikling, Riksbibliotektenesta og Statens bibliotektilsyn). Dels er statsinstitusjonar omgjorde til stiftingar; det viktigaste dømet er innlemminga av to statlege museum (Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst) i den nye stiftinga Nasjonalmuseet for kunst ; andre døme er Eidsvoll 1814 og Norsk Bergverksmuseum . Dels er kulturminne i statleg eige avvikla som eigne institusjonar og forvaltningsansvaret overført til større museum; døme er Aulestad under Maihaugen , Håkonshallen og Rosenkranztårnet under Bryggens Museum og Uranienborg under Follo Museum .

Kultur- og kyrkjedepartementet har no att 18 underliggjande statlege verksemder på kulturområdet. Desse kan delast i to hovudgrupper:

  • Fagorgan med forvaltnings-, rådgjevings-, samordnings- og utviklingsoppgåver innanfor eit nærare definert saksområde. Viktigast i denne gruppa er Norsk kulturråd, ABM-utvikling og Norsk filmfond . I tillegg høyrer Norsk språkråd, Bunad- og folkedraktrådet, Norsk lokalhistorisk institutt, Utsmykkingsfondet for offentlege bygg , Norsk filmutvikling, Fondet for lyd og bilete og Utvalet for statens stipend og garantiintekter til denne kategorien.

  • Statlege institusjonar med forvaltningsansvar for samlingar og/eller for å produsera kulturtilbod i form av utstillingar, framsyningar eller konsertar. Arkivverket og Nasjonalbiblioteket må i denne samanhengen framhevast særskilt. Dei andre er Norsk filminstitutt, Arkeologisk museum i Stavanger, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Riksutstillingar, Rikskonsertane og Riksteatret .

Med statlege verksemder av så ulik karakter vil styringsdialogen sjølvsagt måtta fortona seg nokså ulikt.

For dei fleste av desse verksemdene har departementet fastsett vedtekter med føresegner om føremål, korleis måla skal søkjast nådde, om den daglege leiinga og samansetjinga av denne, dessutan om arbeidsoppgåvene og arbeidsmåten åt styret.

Den formelle posisjonen for slike styre kan framstå som noko uklår, men det er liten tvil om at desse styra, ikkje minst styreleiarane, spelar ei viktig rolle i styringsdialogen mellom verksemda og departementet.

Økonomiinstruksen for Kultur- og kyrkjedepartementet fastsett med heimel i økonomireglementet og såkalla funksjonelle krav frå Finansdepartementet gjev ikkje berre føresegner om arbeids- og ansvarsdelinga internt i departementet, men òg for etatsstyringa, dvs. den uavbrotne styringa, oppfølginga og kontrollen av underliggjande, statlege verksemder.

Departementet fastset ein hovudinstruks for kvar underliggjande verksemd. Det viktigaste styringsdokumentet er tildelingsbrevet. Ein hovudbjelke i styringsdialogen er budsjettmøtet med budsjettsøknaden og rapporten frå førre året som basisdokument.

Personalreglement for større verksemder vert utarbeidde gjennom tingingar etter Hovudavtala § 13 nr. 2 bokstav e. I samsvar med tenestemannslova § 23 skal desse godkjennast av Arbeids- og administrasjonsdepartementet. For mindre verksemder skal det berre liggja føre reglar for tilsetjingar.

4.4.2 Særskilt om Norsk kulturråd

Med di det seinare i denne meldinga vert gjort ei drøfting av mogelege brigde i arbeidsmåten og oppgåvene for Norsk kulturråd, er det på sin plass her å gjera etter måten detaljert greie for det nogjeldande regelverket.

Dette regelverket er delt opp i fleire forskrifter m.m. Det er ikkje naudsynt å gjera ein fullstendig gjennomgang av regelverka, men nedanfor vert dei gjennomgått med sikte på å framheva det som særleg er viktig i høve til korleis framtidig regelverk bør utformast, og det som elles gjeld spørsmålet om i kva grad Kulturrådet er meint å vera eit uavhengig organ.

Forskrift for Norsk kulturråd

Den sentrale forskrifta er forskrift for Norsk kulturråd fastsett ved kgl. res. 27. august 1965 og endra seinast 20. november 1987. Bakgrunnen er at Kulturrådet er oppretta i samsvar med stortingsvedtak av 11. desember 1964.

Grunnlaget for stortingsvedtaket er St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 1 (1964–65) om Norsk kulturfond og Innst. S. nr. 294 (1964–65), vidare St.prp. nr. 130 (1964–65) om vedtekter for Norsk kulturfond og retningsliner for bruken av fondsmidlane.

I forskrifta er fastsett at rådet skal ha 13 medlemer. Av desse vert fire oppnemnde av Stortinget og ni av Kongen etter tilråding frå Kulturdepartementet. To av dei ni er nominerte frå Kommunenes Sentralforbund (§ 2). Leiar og nestleiar av rådet vert oppnemnde av Kongen.

Føremål og arbeidsoppgåve for rådet går fram av § 4, som lyder slik:

«Rådet har til oppgave å arbeide for kunst og kulturvern i samsvar med de vedtekter for Norsk kulturfond og de retningslinjer som Stortinget fastsetter. Det er Kultur- og vitenskapsdepartementets rådgivende organ i saker som gjelder Norsk Kulturfond, og skal gi uttalelser i andre spørsmål som departementet legger fram for dem, eller som Rådet selv ønsker å ta opp.

Rådet skal hvert år gi tilråding til Kultur- og vitenskapsdepartementet om fordeling av midler som bevilges til Kulturfondet. Det har ansvaret for bruken av de midler som ved fordelingen ble stilt til Rådets disposisjon.

Rådet skal innen 15. februar gi melding til Kultur- og vitenskapsdepartementet om Fondets virksomhet i det foregående år.»

Av føresegna framgår den tette koplinga det er mellom Kulturrådet og Kulturfondet, som er løyvingsmåten for hovuddelen av dei pengane Kulturrådet har til rådvelde.

Elles fastset forskrifta at rådet skal halda møte minst to gonger om året, og ho gjev litt nærare reglar om korleis arbeidet i rådet skal vera.

Instruks for direktøren i Norsk kulturråd

Direktøren i Norsk kulturråd har ei sentral stilling, og særskilt instruks for direktørstillinga er fastsett av Kulturdepartementet 24. september 1996.

Instruksen framhevar at Kulturrådet er eit kollegialt organ, og at direktørens oppgåve er å leggja til rette for saksførebuing og handsaming, «slik at man på best mulig måte ivaretar og styrker Rådets kollegiale særpreg» (§ 1).

§ 3 i instruksen er kalla Ledelse av administrasjonen. Der er det fastsett følgjande:

«Direktøren har den daglige ledelse av Kulturrådet etter Rådets vedtak og retningslinjer.

Direktøren har ansvar for å lede og organisere administrasjonen i Norsk Kulturråd etter de retningslinjer som rådet fastsetter. Direktøren skal planlegge den samlede virksomhet.

Direktøren har ansvar for å legge frem forslag til virksomhetsplan, budsjett og årsmelding. Herunder skal direktøren fremme forslag til organiseringen av stillinger i administrasjonen.»

Det framgår av dette samanhalde med § 1 om Kulturrådet som eit kollegialt organ, at direktørstillinga ikkje er ei dagleg leiarstilling i høve til det kollegiale organet Kulturrådet, men nettopp er tillagd den daglege leiaren av administrasjonen, dvs. dei tilsette i Kulturrådet. Her òg er direktøren underordna det kollegiale organet, jf. andre leden der det er vist til retningsliner fastsette av rådet.

Det er fastsett i § 4 at direktøren skal setja i verk rådsvedtak og andre vedtak gjorde av utval som rådet har delegert kompetanse til.

Endeleg går det fram av § 6 at direktøren «uttaler seg på vegne av Norsk kulturråd, Rådets utvalg m.v. innen rammen av vedtak og retningslinjer.» I tillegg er det der fastsett at direktøren skal leia kontaktarbeidet med styresmakter, organisasjonar, kunstnarar og andre samarbeidspartnarar.

Norsk kulturfond

Å løyva pengar til Norsk kulturfond er den måten hovuddelen av løyvingane til Kulturrådet vert gjevne på. Forskrifta om Norsk kulturfond er fastsett av Stortinget 19. juni 1965. Ho er ikkje seinare endra, bortsett frå som konsekvens av omorganisering av departementsstrukturen.

Forskrifta er viktig i høve spørsmålet om instruksjonsrett og det er difor grunn til å gjengje heile:

«§ 1. Norsk kulturfond som er skipa i samsvar med stortingsvedtak av 11. desember 1964, har til formål å fremje kunst og kulturvern. Stortinget løyver kvart år midlane til fondet.

§ 2. Norsk kulturfond har til formål å stimulere skapande åndsliv i litteratur og kunst, verne den norske kulturarven og arbeide for at flest mogleg kan få del i kulturgoda.

§ 3. Midlane til Norsk kulturfond blir forvalta av Finansdepartementet og disponerte ved kgl. resolusjon etter tilråding frå Kultur- og kyrkjedepartementet, og i samsvar med retningsliner som Stortinget har fastsett.

§ 4. Norsk kulturråd gir tilråding om fordeling av fondsmidlane og har ansvaret for dei summar som ved fordelinga blir stilte til rådvelde for Rådet.

§ 5. Kultur- og kyrkjedepartementet skal kvart år gi melding til Stortinget om Norsk kulturfonds verksemd i budsjettåret før.»

Føremålet med Kulturfondet går dermed fram av § 2. Det er tredelt; for det fyrste skal det stimulera til skapande åndsliv, for det andre skal det verna kulturarven, og for det tredje skal det arbeida for å breia ut kulturgoda til flest mogleg.

Det går elles fram av forskrifta at Kulturfondet ikkje er eit fond i tydinga sjølvstendig rettssubjekt, som ei stifting eller liknande. Fondet er derimot ei årleg generell løyving over statsbudsjettet, der hovudfordelinga av løyvinga skjer i eit samspel mellom Kulturrådet og Kultur- og kyrkjedepartementet, og slik at Kulturrådet står føre den individuelle tildelinga innanfor den fordelinga som vert vedteken.

Hovudfordelinga av Norsk kulturfond, som vert vedteken av regjeringa ved kgl. res., er grov, utan fordeling på konkrete prosjekt. Fordelinga for dei siste åra går mellom anna fram av resultatrapport i framlegget til statsbudsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2002–2003) for Kulturdepartementet side 58.

Dei retningslinene som det er vist til i § 3, vart vedtekne av Stortinget 19. juni 1965 og er sidan ikkje endra, men vert no kalla forskrift om bruken av midlar frå Norsk kulturfond. Dei er ganske generelle. Det er likevel grunn til å nemna at forskrifta i innleiinga seier: «Innanfor denne ramma [kunst og kulturvern] må Rådet til kvar tid vurdera kva for oppgåver som bør prioriterast.» Dette syner at rådet er meint å opptre sjølvstendig.

Det er òg fastsett særskilde regelverk for fordeling av tilskot frå Kulturfondet til ulike føremål.

Regelverk for ulike tilskotsordningar

Dei ulike tilskotsordningane som Kulturrådet forvaltar er regulerte på ulike vis, delvis gjennom forskrift, delvis ved avtale og delvis ved interne vedtak i Kulturrådet.

Det er fastsett to forskrifter for tilskotsordningar for Norsk kulturfond. Den eine generelle er forskrift 29. januar 1999 nr. 187 om tilskudd fra Norsk kulturfond , og den andre er forskrift 12. oktober 1998 nr. 1440 om støtteordningen for fri scenekunst.

Innkjøpsordninga for litteratur er regulert ved avtale mellom Kulturrådet og forlaga, slik at ho fell utanfor forskriftene. Innkjøpsordninga for samtidskunst byggjer berre på interne vedtak i Kulturrådet. Endeleg gjeld ikkje tilskotsforskriftene for tilskot i medhald av delegerte forvaltningsoppgåver frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Norsk kulturråd, jf. § 1 tredje ledd i tilskotsforskrifta.

Av båe forskriftene framgår den praktiske gjennomføringsmåten av tilskotsordningane med søknader og søknadsførehaving, utbetaling, rapportering og kontroll.

Vidare framgår det av båe forskriftene at det ikkje vil verta gjeve støtte til ordinær drift av institusjonar og organisasjonar, men at tilskota er knytte til enkeltståande tiltak eller prosjekt, jf. tilskotsforskrifta § 3 og scenekunstforskrifta §§ 2 og 6.

Etter båe forskriftene kan søkjar klaga til Kultur- og kyrkjedepartementet, jf. tilskotsforskrifta § 14 og scenekunstforskrifta § 11. Båe stader er det samstundes fastsett at klage ikkje kan skje «hva angår Rådets faglige kunstneriske skjønn». Dette er elles generelt regulert i forskrift 20. november 1987, gjeven i medhald av forvaltningslova § 28 tredje leden. Det er der fastsett følgjande:

«Vedtak fattet av Norsk kulturråd, Norsk kassettavgiftsfond og Utvalget for statens stipend og garantiinntekter for kunstnere kan ikke påklages til departementet for så vidt angår det faglige kunstneriske skjønn.»

Heimelen i forvaltningslova § 28 tredje leden set som vilkår for avgrensing av klageretten at det berre kan skje «når tungtveiende grunner taler for det». Vurderinga i 1987 var altså at slike tungtvegande grunnar låg føre.

Andre administrative oppgåver

For heilskapen si skuld skal det òg nemnast at adminisasjonen for Norsk kulturråd i tillegg har sekretariatsoppgåvene for Fond for lyd og bilete og for Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar.

4.4.3 Særskilt om ABM-utvikling

ABM-utvikling vart oppretta 1. januar 2003 ved ei samanslåing av Statens bibliotektilsyn, Norsk museumsutvikling og Riksbibliotektenesta. ABM-utvikling skal vera eit strategisk utviklingsorgan og arbeida med felles utviklings- og samarbeidstiltak og med sektorspesifikke utfordringar for dei tre sektorane.

Vedtekter for ABM-utvikling er fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet 6. mars 2003. Innanfor ansvarsområdet sitt skal ABM-utvikling arbeida på tvers av departementale og andre administrative grenseliner.

Etter § 2 i vedtektene har ABM-utvikling til hovudoppgåve å driva aktivt, strategisk utviklingsarbeid for å samordna, effektivisera og styrkja arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. ABM-utvikling skal setja institusjonane og sektorane betre i stand til å løysa faglege oppgåver og til å møta nye utfordringar i samfunnet og skal arbeida med heile spekteret av funksjonar innanfor arkiv, bibliotek og museum.

I § 3 i vedtektene heiter det at ABM-utvikling skal fremja samarbeid mellom dei tre sektorane der dette framstår som formålstenleg, men at det skal leggjast vekt på den faglege eigenarten og dei funksjonane som kvar av sektorane og dei spesifikke samlingane deira representerer. ABM-utvikling skal samarbeida fagleg med Arkivverket og Nasjonalbiblioteket og tilpassa eiga verksemd i høve til den kompetansen og dei funksjonane som desse etatane er tillagde.

ABM-utvikling forvaltar midlar som kan nyttast både til eigeninitierte prosjekt og til å støtta tiltak i regi av andre aktørar. ABM-utvikling kan òg forvalta faste tilskotsmidlar og kan tilleggjast andre forvaltningsoppgåver. ABM-utvikling skal vera rådgjevande instans for offentlege styresmakter.

ABM-utvikling vert leia av eit styre på åtte medlemer oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet for ein periode på fire år. To av medlemene vert oppnemnde i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet, og éin i samråd med Miljøverndepartementet.

4.4.4 Andre statlege fagorgan

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg vart skipa etter stortingsvedtak 30. november 1976. Av gjeldande vedtekter for fondet fastsette av Kulturdepartementet 26. februar 1998 går det fram at verksemda skal leggja til rette for og stimulera til at utsmykking vert eit viktig element i offentlege bygg og den næraste omgjevnaden. Fondet skal tryggja høg kvalitet på offentleg utsmykking, definert som biletkunst og kunsthandverk sett inn i ei arkitektonisk ramme. Utsmykkingsfondet vert leia av eit styre på sju medlemer, og fem av desse vert oppnemnde etter framlegg frå Norske Billedkunstnere, Norske Kunsthåndverkere, Norske Arkitekters Landsforbund, Statsbygg og Kommunenes Sentralforbund.

Noverande ordning for utsmykking av statlege bygg byggjer på kgl. res. 5. september 1997. Etter måten detaljerte retningsliner for ordninga vart fastsette av Kulturdepartementet 15. februar 1999. Hovudregelen er at det vert engasjert ein kunstnarleg konsulent for det einskilde prosjektet; denne leiar eit utsmykkingsutval som skal arbeida fram ein utsmykkingsplan. Utførande kunstnar inngår kontrakt om oppdraget.

Retningsliner for utsmykkingsordninga for leigebygg og eldre statlege bygg er fastsette av departementet 25. februar 1998. Vidare fastsette departementet 8. november 1999 retningsliner for kunstnarleg utsmykking av kommunale og fylkeskommunale bygg som får tilskot frå fondet. I sistnemnde ordning inngår såkalla regionale samarbeidsutval knytt til dei regionale kunstnarsentra

Av vedtekter for Norsk språkråd fastsette ved kgl. res. 29. oktober 1971 og seinast endra 10. januar 1992 framgår at rådet har 38 medlemer fordelt på to like seksjonar, ein for bokmål og ein for nynorsk. Rådet vert oppnemnt for fire år om gongen av institusjonar og organisasjonar innanfor utdanning og forsking, presse og kringkasting, forfattarar-, skodespelar- og forlagsbransje og ulike språkpolitiske interessegrupper.

Blant medlemene vel rådet ei fagnemnd på åtte medlemer, fire for kvar seksjon, og eit styre på seks medlemer, tre frå kvar seksjon. Rådet møtest ein gong for året, og kvar seksjon vel sin eigen leiar for eitt år om gongen. Seksjonsleiarane er skiftevis leiar og nestleiar i rådet og i styret annakvart år.

Fagnemnda er eit fagleg og konsultativt organ innanfor Norsk språkråd og arbeider mellom anna med terminologi, rettskriving og andre normeringsspørsmål. Rådet har fullmakt til å gjera endeleg vedtak i visse normeringsspørsmål, mellom anna om skrivemåte og bøying av nye ord og andre ord som ikkje tidlegare er normerte i norsk. Vedtak om endringar i tidlegare normerte enkeltord og gjennomgripande systemendringar må leggjast fram for departementet til godkjenning.

Vedtekter for Norsk lokalhistorisk institutt er fastsette av departementet 8. juni 1998. Institusjonen har som mål å fremja lokal- og regionalhistorisk arbeid i heile landet. Instituttet skal gje råd og rettleiing til aktørar innanfor lokal og regional historie, driva og stimulera til forsking og vera eit nasjonalt dokumentasjonssentrum for lokalhistorie.

Bunad- og folkedraktrådet skal verna om folkedrakttradisjonar og bunadsbruk. Lokalt særprega draktskikk er grunnlaget for rettleiings- og rådgjevingsarbeidet. Rådet forvaltar eit arkiv med draktregistreringar og annan dokumentasjon knytt til folkedraktane og bunadene. Vedtekter er fastsette av departementet 26. januar 1999. Dei fem rådsmedlemene skal samla representera allmenn kulturhistorisk forsking, folkedraktforsking og sakkunnskap om tekstil og saum. Sekretariatet er samlokalisert med Valdres Folkemuseum på Fagernes.

Norsk filmfond gjev tilskot til prosjektutvikling og produksjon av norsk langfilm, dokumentarfilm og kortfilm. Fondet skal vidare vera eit rådgjevande organ for departementet i filmspørsmål. Dei har òg ansvaret for ordninga med billettstøtte og direkte støtte til produsentar, og dei gjev tilskot til den nasjonale norske filmkommisjonen. Norsk filmfond forvaltar òg internasjonale oppgåver i samband med EURIMAGES og MEDIA Desk Noreg. Departementet oppnemner styret.

Norsk filmutvikling skal vera eit kompetanse- og utviklingssenter for den norske filmbransjen og har mellom anna ansvar for kurs og etterutdanning på filmområdet. Dei skal òg tryggja at gode idéar og realiserbare prosjekt vert utvikla i tråd med hovudmåla for filmområdet. I samband med statsbudsjettet for 2003 har Stortinget bede om at det skal setjast i gang ei evaluering av verksemda for å gjera kurs- og etterutdanninga meir målretta. Arbeidet med evalueringa er no sett i gang. Departementet vil koma attende til dette i budsjettet for 2004.

Fond for lyd og bilete forvaltar midlar til produksjon og formidling av fonogram og videogram innspelte i Noreg. Midlane, som er ei årleg ordinær løyving over statsbudsjettet (kap. 320 post 51), skal koma opphavsrettshavarar, utøvande kunstnarar og produsentar til gode. Vedtekter er fastsette av Kultur- og vitskapsdepartementet 10. november 1982 med seinare endringar. Forskrift om tilskot frå fondet er fastsett av Kulturdepartementet 19. januar 1999 med seinare endringar. Sekretariatet er administrativt knytt til Norsk kulturråd. Seks fagutval vert oppnemnde av styret for eitt år om gongen.

Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar har ansvar for forvaltning av direkte stønadsordningar for kunstnarar, dvs. stipend og garantiinntekter og dessutan stipend etter fullført kunstutdanning (kap. 321 postane 72, 73 og 74). Sekretariatet vert kalla Statens kunstnarstipend og er samlokalisert med Norsk kulturråd. Dei faglege vurderingane vert gjorde i 24 fagspesifikke komitear. Jf. elles kap. 14.

4.4.5 Statlege institusjonar

Arkivverket er den nest største statlege verksemda under Kultur- og kyrkjedepartementet med om lag 200 årsverk og ein arkivbestand på om lag 170 000 hyllemeter og er ein etat med regionale forgreiningar. Etaten består såleis av sentralinstitusjonen Riksarkivet leia av riksarkivaren og åtte regionale statsarkiv leia av kvar sin statsarkivar. Riksarkivaren er også overordna leiar for heile etaten, og omgrepet vert brukt både som embetstittel (riksarkivaren) og som nemning for den forvaltningsorganisasjonen embetsinnehavaren står i spissen for (Riksarkivaren). For i tillegg til overordna ansvar for Arkivverket som utøvande kulturverninstitusjon har Riksarkivaren omfattande forvaltningsfullmakter. Både organiseringa av etaten og forvaltningsfullmaktene er frå 1. januar 1999 forankra i arkivlova med forskrifter.

Som forvaltningsinstitusjon fører Riksarkivaren tilsyn med arkivarbeidet både i alle statlege organ og i kommunar og fylkeskommunar. Riksarkivaren kan mellom anna gje pålegg som er naudsynte for å oppfylla føresegner i arkivlova med forskrifter. Det er Riksarkivaren som i siste instans avgjer kva for offentleg arkivmateriale som skal takast vare på for ettertida, og kva som kan eller skal kasserast. Det er i arkivlova fastsett at statlege arkiv skal avleverast til Arkivverket, og av forskrifta framgår at sentrale statlege organ skal avlevera til Riksarkivet, medan regionale og lokale organ avleverer til vedkomande statsarkiv.

Nasjonalbiblioteket er den største statsinstitusjonen under Kultur- og kyrkjedepartementet med om lag 325 årsverk og forvaltar eineståande bok- og spesialsamlingar. Institusjonen vert leia av ein nasjonalbibliotekar tilsett av Kongen og har to operative avdelingar, ei i Oslo og ei i Rana. I tillegg har nasjonalbibliotekaren ei eiga stabsavdeling.

Vedtekter for Nasjonalbiblioteket er fastsette av Kulturdepartementet 16. mai 2001, og det framgår her at Nasjonalbiblioteket skal tryggja for ettertida og gjera tilgjengeleg eksemplar av allment tilgjengelege dokument i samsvar med pliktavleveringslova med forskrifter. Vidare framgår at Nasjonalbiblioteket vert leia av eit styre med sju medlemer oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet.

Vedtektene fastset at dei to avdelingane i Oslo og Rana skal utviklast til einingar med klårt formulerte og skilde oppgåver, men på ein slik måte at Nasjonalbiblioteket som heilskap vert ein samla og funksjonell institusjon. Avdelinga i Oslo skal fyrst og fremst ta seg av utoverretta brukar- og publikumsoppgåver, medan avdelinga i Rana fyrst og fremst ta seg av gjennomføringa av pliktavleveringslova.

Vedtektene for Arkeologisk museum i Stavanger vart fastsette av Kyrkje- og undervisningsdepartementet 15. april 1980. Museet skal vera ein tverrfagleg institusjon, som gjennom forsking, forvaltning og formidling skal fremja forståing for og kunnskap om mennesket og livsmiljøet, særleg i førreformatorisk tid. Det finst i alt fem arkeologiske landsdelsmuseum. Dei andre fire er universitetsmuseum.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek skal yta bibliotektenester overfor blinde og synshemma og overfor andre lesehemma når dette ikkje går ut over tilbodet til primærbrukarane. Av vedtektene, fastsette av Kulturdepartementet 1. juni 1991 med endringar av 24. april 1992, går det fram at institusjonen skal

  • skaffa fram og halda ved like eit variert tilbod av litteratur i blindeskrift og lydbøker

  • gjera materialet tilgjengeleg for brukargruppene

  • driva informerande og oppsøkjande verksemd overfor aktuelle brukargrupper

  • gje nye brukarar brei informasjon om hjelpetiltak for synshemma

  • stå føre utviklingstiltak der målet er å betra informasjonstilgangen for lesehemma

  • samarbeida med norske og utanlandske verksemder, institusjonar og organisasjonar for å tryggja ein samordna innsats og best mogeleg ressursbruk.

Riksutstillingar har til oppgåve å skapa interesse og forståing for biletkunst, kunsthandverk, fotografi og andre former for visuelle kunstnarlege uttrykk. Institusjonen skal arbeida for dette gjennom utstillingar og andre formidlingstiltak. Riksutstillingar har eit særleg ansvar for at kunstformidlinga i Noreg er landsdekkjande. Vedtektene er fastsette av Kulturdepartementet 20. desember 1995.

Rikskonsertane står føre konsertverksemd innanfor alle sjangrar i kulturhus, samfunnshus, kyrkjer, skular, barnehagar m.m. over heile landet. Instruks for styret er fastsett av departementet 9. juli 1993.

Riksteatret står i ei særstilling innanfor kunstfeltet ved at verksemda er rotfest i ei eiga lov, jf. kap. 4.2.4. Instruks for styret ved Riksteatret er fastsett ved kgl. res. 28. mai 1976.

Norsk filminstitutt arbeider med innsamling, bevaring og restaurering av gamal og ny norsk film, og er ansvarlege for lansering av norsk film i utlandet. I tillegg sel og leiger dei ut film, særleg formidlar dei barnefilm, kortfilm, dokumentarfilm og filmar frå den norske filmhistoria. Norsk filminstitutt har òg ansvar for ymse filmkulturelle tiltak og for å gjera verka frå filmhistoria tilgjengelege gjennom daglege framsyningar i dei to kinoane instituttet driv.

4.4.6 Tilskotsinstitusjonar

Mellom dei mange tiltaka som mottek statlege driftstilskot på kulturområdet, finst det fleire ulike organisasjonsformer. Dei viktigaste er likevel aksjeselskap og stifting.

Aksjeselskap er mest vanleg på scenekunstområdet, men førekjem òg på fleire andre område. I desse selskapa eig staten meir enn helvta av aksjane:

  • Den Norske Opera

  • Nationaltheatret

  • Den Nationale Scene

  • Rogaland Teater

  • Trøndelag Teater

  • Carte Blanche

  • Hundreårsmarkeringen – Norge 2005

  • Norsk Filmstudio.

Av dei nemnde institusjonane er Norge 2005 AS spesiell med di det er eit tidsavgrensa selskap med ansvar for å fordela midlar til dei mange kulturprosjekta som fram til 2005 skal markera at det er 100 år sidan landet vart sjølvstendig.

Aksjeselskap der staten ikkje eig aksjar, er Det Norske Teatret, Hålogaland Teater, Teatret Vårt, Teater Ibsen, Sogn og Fjordane Teater, Nordland Teater, Agder Teater, Haugesund Teater og Hordaland Teater . Eit unnatak på scenekunstområdet er at Hedmark Teater er organisert som stifting.

Innanfor musikkfeltet er dei største institusjonane organiserte som stiftingar. Dette gjeld Oslo-Filharmonien, Musikkselskabet Harmonien, Stavanger Symfoniorkester , Trondheim Symfoniorkester, Sørlandets Musikkstiftelse, Det Norske Blåseensemble og Tromsø Symfoniorkester .

På museumsområdet er stiftingsforma dominerande. Dette gjeld alle dei store tilskotsmusea, både allmenne kulturhistoriske museum som til dømes Norsk Folkemuseum og kunstmuseum som til dømes Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum .

Som oftast er det andre enn staten som har initiert dei mange museumsstiftingane, men i dei tilfella Kultur- og kyrkjedepartementet dei seinare åra har skipa til nye museum eller omorganisert eksisterande, har stiftingsforma òg vorte vald. Døme på ei ny museumsstifting er Norsk museum for fotografi – Preus fotomuseum i Horten, jf. St.prp. nr. 56 (1993–94) Skiping av nasjonalt fotomuseum .

Døme på omorganiseringar av tidlegare statsinstitusjonar til stiftingar er Norsk Bergverksmuseum, Eidsvoll 1814 – Rikspolitisk senter og det nye Nasjonalmuseet for kunst . I siste tilfelle er det grunngjeve i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2002–2003) kvifor stiftingsforma er vald:

«Hovudgrunnen til dette er at stiftingsforma gjev høveleg fridom og fleksibilitet for institusjonen. Den sikrar at det er ein «armlengds» avstand mellom styresmakter og institusjon i utføringa av det faglege arbeidet. (…) Å driva museum, men innsamling, forskings- og utviklingsarbeid innanfor det faglege ansvarsfeltet og formidlingsaktivitet mot eit breitt publikum, er ikkje forvaltningsoppgåver i vanleg meining av ordet. Eit museum kan meir samanliknast med ein frittståande kunnskapsorganisasjon med eit mandat til å verka i og for samfunnet. (…) På denne bakgrunn er det naturleg å finna ei organisasjonsform som gjev stor fagleg fridom og organisatorisk sjølvstende for det nye museet.»

Kultur- og kyrkjedepartementet nemner opp styremedlemer til eit stort tal tilskotsinstitusjonar. I ein del tilfelle peikar departementet ut fleirtalet av medlemene i styret; i andre tilfelle berre ein eller to medlemer. Alt i alt nemner departementet direkte eller indirekte opp om lag 180 slike styremedlemer og om lag 140 varamedlemer.

Figur 4.6 

Figur 4.6

4.5 Informative verkemiddel

Denne gjennomgåinga av verkemiddel rettar fyrst og fremst søkjelyset på korleis desse fungerer i arbeidet med å setja i verk kulturpolitisk motiverte tiltak. Innleiingsvis må det likevel strekast under at dette ofte er eit dobbeltverkande fenomen, dvs. at departementet også i stor grad må halda oppe ein informasjonsstraum mot seg sjølv for å styrkja eigne kunnskapar og dermed grunnlaget for utforminga av kulturpolitikken. Ein indirekte verkande variant av det siste vil vera å spreia informasjon om faktiske tiltak, idear og tenkjemåtar for dermed å initiera eit ordskifte som i neste omgang kan gje eit betre grunnlag for å forma ut nye tiltak, gjera større eller mindre justeringar i pågåande tiltak e.l.

4.5.1 Odin

Odin er ei forkorting for Offentlege dokument i Noreg og er ei felles, internettbasert, elektronisk informasjonsteneste frå regjeringa og departementa. Odin ligg som ei paraplyteneste over tilsvarande tenester for kvart einskilt departement, og desse kan anten nåast via hovudsida til Odin eller som eigne nettadresser. Alle tenestene har ein felles informasjonsstruktur, dessutan ein individuelt tilpassa struktur for kvar nettstad.

Den sentrale redaksjonen for Odin er plassert i Statens forvaltningsteneste, men kvart av departementa, så også Kultur-og kyrkjedepartementet, har sin lokale Odin-redaksjon og er ansvarleg for all publisering og vedlikehald av informasjon på sine eigne sider. Føremålet med Odin er å gjera informasjons- og nyhendestoff frå regjeringa og departementa tilgjengeleg på Internett, slik at sentral statleg forvaltning gjennom bruk av moderne informasjonsteknologi vert meir open og tilgjengeleg.

Alt i dag er Odin kan henda den viktigaste kanalen for presentasjon og publisering av aktuell informasjon om den statlege kulturpolitikken, og denne utviklinga vil mest truleg halda fram. Odin legg vinn på å presentera informasjonen slik at han er lett å orientera seg i og med søkjefunksjonar. Etter kvart vil tenesta også tilby interaktivitet og tovegskommunikasjon.

Til liks med dei andre departementa legg Kultur- og kyrkjedepartementet nesten dagleg ut ny informasjon på hovudsida si i Odin. Her finst fyrst og fremst ei spalte med ein kort journalistisk presentasjon i kronologisk rekkjefølgd av dei fem – seks siste sakene som er lagde ut, og med lenkje vidare til dei aktuelle dokumenta i fulltekst. Her vert det såleis presentert aktuell statistikk, ferske høyringssaker og utgreiingsrapportar, nye proposisjonar og meldingar til Stortinget, aktuelle stillingsutlysingar osb.

I tillegg finst ei smalare spalte med lenkje til kalender for politisk leiing, oversyn over pressekontaktar i departementet, alle pressemeldingar og alle talar og artiklar av kulturministeren eller andre i den politiske leiinga. Her finst òg lenkjer til større saker av meir varig aktualitet, som til dømes Nytt operahus, Den kulturelle skulesekken, og i tillegg ei lenkje med oversyn over alle institusjonar og fagorgan under Kultur- og kyrkjedepartementet.

Det finst òg ei anna spalte med andre inngangar til mykje av det same stoffet, dessutan lenkjer til informasjon om alt kulturrelatert regelverk og budsjett- og rekneskapsinformasjon. I tillegg finst fagrelaterte lenkjer og ei lenkje til saker og dokument om internasjonal kulturpolitikk. Tenesta har elles eit arkiv som inneheld dokument som er publiserte på Odin, både slike som er tilgjengelege i den aktive strukturen, og dei som er historisk arkiverte.

På Kultur- og kyrkjedepartementet si hovudside på Odin ligg òg ei lenkje til Kulturnett Noreg.

4.5.2 Kulturnett Noreg

Kulturnett Noreg er den offisielle inngangsdøra til norsk kultur på nettet og er Kultur- og kyrkjedepartementet si Internett-satsing. Førsteversjonen av Kulturnett Noreg opna 8. desember 1998, og for tida vert det arbeidd med å utvikla versjon 3.0.

Kulturnett slik det er i dag, er sett i hop av eit nav, Kulturnettet, og fire delnett, Arkivnett, Biblioteknett, Museumsnett og Kunstnett. ABM-utvikling overtok ansvaret for drift og utvikling av navet og dei fire delnetta 1. januar 2003.

Kulturnett er fyrst og fremst ein portal til norske kulturressursar på nett, men driftar og ein del tenester sjølv. Dei viktigaste tenestene er:

  • Kulturkalendaren, som gjev eit oversyn over kulturarrangement rundt omkring i Noreg. Kommunane sjølve legg inn opplysningar om arrangement. Desse opplysningane vert så kvalitetskontrollerte i kulturnettredaksjonen.

  • Søkemotoren, som søkjer i alle norske kulturnettstader

  • Emneinngangen er ei lenkjesamling som gjev eit breitt oversyn over kulturlenkjer kategoriserte etter emne

  • Magasinet med redaksjonelt stoff om kultur og kulturuttrykk, særleg i skjeringspunktet kultur og ny teknologi.

I tilegg til desse har dei fire delnetta sine eigne tenester, mellom anna:

  • Museumsguiden (Museumsnett)

  • Arkivguiden (Arkivnett)

  • Leserommet (Biblioteknett)

  • Kunstnarregisteret (Kunstnett)

  • Magasin med stoff om sektoren på kvart av dei fire delnetta

4.5.3 Heimesider på Internett

Eit stort tal kulturinstitusjonar har eigne heimesider på Internett, jamvel om det er vanskeleg å gje eit eksakt tal for kor mange dette gjeld, og det kjem stadig nye til.

Innanfor kunstområdet kan ein med basis i lenkjesamlinga på Kunstnett leggja til grunn at det dreier seg om meir enn 150, men det finst venteleg ein heil del til som ikkje er knytte til dette nettet.

På abm-feltet er oversynet betre. 367 museum har eigne heimesider. Det same gjeld ca. 60 arkivinstitusjonar. Arkiv knytte til museum eller bibliotek er haldne utanfor. Vidare har 254 folkebibliotek slik eigenpresentasjon, medan altså 180 ikkje har. Dessutan har alle dei 19 fylkesbiblioteka heimesider på Internett.

Eit samla overslag tyder altså på at meir enn 850 aktørar innanfor kulturfeltet gjer bruk av Internett for å presentera seg sjølve gjennom eigne heimesider.

4.5.4 Nettstaden for Den kulturelle skulesekken

Sekretariatet for prosjektet Den kulturelle skulesekken er lokalisert i ABM-utvikling. Det er laga ein eigen nettstad for dette tiltaket, og denne er eit godt døme på korleis Internett har revolusjonert bruken av informative verkemiddel på kulturområdet. På desse nettsidene finst det til kvar tid à jourført informasjon om kva som er gjort frå offentlege styresmakter si side med omsyn til fordeling av midlar, pressemeldingar, talar etc.

Endå viktigare er det at denne nettstaden inneheld omtalar av store og små prosjekt og aktørar på kultur- og skulesida som på ulike måtar har engasjert seg i arbeidet med å fylla Den kulturelle skulesekken med eit godt innhald. Nettstaden inneheld òg lenkjer til aktuelle artiklar i pressa.

Gode idear vert dermed spreidde raskt; aktørar som syslar med ein idé, vil finna informasjon om kven dei kan ha nytte av å stå i kontakt med; og dessutan har nettstaden ein funksjon for tilbakemeldingar, slik at dei som til dømes har informasjon eller synspunkt som det sentrale sekretariatet, styringsgruppa og referansegruppa bør kjenna til, har eit verkty for å formidla dette i same stund.

4.5.5 Publikasjonar på papir

Jamvel om ein stor del av dei forvaltningsmessige informasjonsstraumane innanfor kulturfeltet er flytte over til Internett, finst det like fullt ein rik flora av fagtidsskrift, meldingsblad, nyhendebulletengar og mykje anna i tradisjonelt papirformat som gjev kulturpolitisk informasjon til medlemene av visse organisasjonar eller til allmenta. Samstundes kan ein del av desse periodiske publikasjonane vera viktige for aktørar på administrativt og politisk nivå – som kjelde til kunnskap om kva for synspunkt og tenkjemåtar som gjer seg gjeldande i dei ulike segmenta av kulturfeltet.

Viktige publikasjonar som er å finna i elektronisk form, kan det likevel framleis vera stor etterspurnad etter i vanleg prenta utgåve. Som døme kan nemnast at stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum, St.meld. nr. 22 (1999–2000) er send ut i 7 000 eksemplar på papir.

Norsk kulturråd har ein rapportserie av skrifter som har forskings- eller utgreiingsmessig interesse for ulike delar av kulturfeltet, for forvaltninga og for forskarar. I tillegg gjev rådet ut ein notatserie på eit noko meir førebels og forskingsmessig mindre ambisiøst nivå. Innhaldet og konklusjonane i desse rapportane og arbeidsnotata står for den einskilde forfattaren si rekning, men like fullt kan den innsikten som desse publikasjonane gjev, danna viktige premissar for den forvaltningsmessige og kulturpolitiske oppfølginga innanfor dei respektive problemområda.

Dei fagorgana som no er innlemma i ABM-utvikling, Norsk museumsutvikling, Riksbibliotektenesta og Statens bibliotektilsyn, har dei siste åra fått utarbeidd ei lang rad publikasjonar. Målgruppa for desse dokumenta er fyrst og fremst aktørane innanfor musea og biblioteka. Dette er sektorar med eit stort tal mindre institusjonar som har eit uavbrote behov for ny informasjon om ulike faglege spørsmål.

Norsk språkråd gjev ut dei periodiske publikasjonane Språknytt og Statsspråk og dessutan ein skriftserie. Betre skriftleg språkbruk er det overordna siktemålet anten målgruppa er vid og generell eller smal og fagleg avgrensa.

Arkivverket gjev ut Arkivmagasinet , som kjem med tre-fire nummer i året og inneheld fagartiklar og orienterande stoff mynta på aktuelle fagmiljø og den interesserte allmenta, dessutan ein skriftserie med meir omfattande faglege publikasjonar.

Interesseorganisasjonar innanfor dei ulike kunst- og kulturområda har eit stort tal periodiske publikasjonar, som dels tek opp reint faglege spørsmål, men som òg i stor grad freistar ivareta delområdets kulturpolitiske interesser.

Bladet Kulturliv er eit frittståande fagblad, jamvel om det opphavleg var statleg initiert (i 1979 under namnet Kulturnytt). Bladet Museumsnytt får statleg tilskot (frå AMB-utvikling), men utgjevar er Norges Museumsforbund, og dette tryggjer ein uavhengig profil.

4.6 Kontrollerande verkemiddel

Fleire av dei organisatoriske verkemidla vi har gjort greie for under kap. 4.4, kan òg sjåast frå ein kontrollerande synsstad. Dei mange vedtektene, instruksane o.l. vil i så måte vera å sjå på som føre-var-tiltak for å tryggja at vedkomande organ eller institusjon held aktiviteten innanfor det føremålet som er fastsett, og at oppgåveløysinga skjer på ein kvalifisert og adekvat måte.

Økonomiinstruksen for Kultur- og kyrkjedepartementet og hovudinstruksane for underliggjande statlege verksemder er alt nemnde under kap. 4.4.1. Retningsliner for økonomiforvaltning, revisjon og rapportering er nedfelte i alle tildelings- og tilsegnsbrev og utdjupa ytterlegare i særskilt vedlegg til desse.

I budsjettproposisjonen vert det stilt opp hovudmål og resultatmål for dei ulike delane av kultursektoren. I tildelings- og tilsegnsbreva vert dette operasjonalisert i form av såkalla resultatindikatorar, som er utgangspunktet for attendemeldingar frå institusjonane gjennom årsmeldingar, halvårsrapportar m.m. Dette gjev grei og oversynleg informasjon om dei sidene ved dei ulike aktivitetane og verksemdene som lett lèt seg kvantifisera, dvs. slikt som vitjingstal, talet på framsyningar, produksjonar eller utstillingar, katalogiserte bøker, registrerte gjenstandar eller hyllemeter avleverte arkiv osb. For dei meir kvalitative dimensjonane ved kulturlivet, som i røynda er minst like viktige, har systemet med mål- og resultatstyring meir avgrensa verde.

I arbeidet med byggjeprosjekt vil dei innleiande fasane vera prega av å kontrollera at kostnadene vert avgrensa til det som er naudsynt for å realisera siktemålet og intensjonane med det aktuelle tiltaket, og at kvalitative krav vert ivaretekne på ein fullgod måte. I tillegg til den byggfaglege ekspertisen som sjølvsagt skal finnast hjå dei instansane som har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet, vert det i somme tilfelle initiert ekstern kvalitetssikring. Forprosjektet til nytt operahus vart såleis gjennomgått av eit rådgjevande ingeniørfirma, Dovre International, slik det alltid skal gjerast for byggjeprosjekt på 500 mill. kroner eller meir, og siktlinene i den store operasalen er vurderte av eit arkitektfirma, 4B Arkitekter AS.

4.7 Fylkeskommunane si rolle på kulturområdet

Ved handsaminga av kulturmeldingane frå 1970-åra var det tverrpolitisk semje om at den nye kulturpolitikken skulle vera ein del av den allmenne samfunnsplanlegginga, og kommunane vart tilrådde å skipa kulturstyre og oppretta stillingar for kulturadministrative oppgåver. Parallelt gjorde det seg gjeldande eit ynske om regionalisering, som munna ut i etablering av den nye folkevalde fylkeskommunen frå 1976. I løpet av nokre år var fylkeskommunale kulturforvaltningar på plass i alle fylkeskommunane.

Fylkeskommunen sitt engasjement på kulturområdet dreier seg dels om sjølvdefinerte oppgåver og funksjonar, dels om medansvar for oppgåver som òg er forankra på statleg nivå, slik som driftstilskot til region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar og ymse tilskot og tilskotsordningar. På somme område er oppgåver desentraliserte, slik at tidlegare øyremerkte statlege tilskot til visse kulturtiltak er lagde inn i dei generelle overføringane frå staten til fylkeskommunane.

Fylkeskommunen er i endring og den framtidige rolla vert drøfta. I NOU 2000: 22 Om oppgavefordelingen mellom stat, region og kommune og den tilhøyrande St.meld. nr. 31 (2000–2001) Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling er rammene for den nye fylkeskommunen skisserte. Fylkeskommunen er mellom anna tiltenkt å vera ein regional utviklingsaktør.

4.7.1 Økonomi – fylkeskommunale kulturutgifter

I løpet av dei siste 20 åra er det gjort fleire analysar av dei kommunale og fylkeskommunale kulturutgiftene. I samband med St.meld. nr. 61 Kultur i tiden (1991–1992) vart det utarbeidd oversyn over utviklinga av kommunale og fylkeskommunale kulturutgifter i perioden 1980–1990. I 1994 kom det rapportar om organisasjonsendringar i den kommunale kultursektoren og om utviklinga av kommunale og fylkeskommunale kulturutgifter i perioden 1989–92. Av rapporten Salderingspost eller sektor i vekst? Kommunale og fylkeskommunale driftsutgifter til kulturformål 1989–94 går det fram at både brutto- og nettoutgiftene til kultur i fylkeskommunane auka monaleg i perioden 1980–1990.

I 1997–98 initierte Norsk kulturråd prosjekt for å kartleggja og analysera utviklinga i kommunale og fylkeskommunale utgifter til kulturføremål i perioden 1991–1996 og endringar i organiseringa av kulturforvaltninga i 1990-åra. Dette munna ut i rapportane Kultursektor i forvitring? og Kommunale og fylkeskommunale utgifter til kulturformål 1991–95 . Bakgrunnen for den fyrstnemnde rapporten var elles å spora mogelege effektar av den nye kommunelova frå 1993, som gav kommunane og fylkeskommunane større fridom til å velja korleis dei ville organisera eiga verksemd.

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå syner at det i perioden 1991–2000 var ein jamn auke i dei fylkeskommunale netto- og bruttoutgiftene til kultur både i samla volum og per innbyggjar. I tiårsbolken var realvoksteren i bruttoutgiftene 95 kroner og nettoutgiftene 38 kroner per innbyggjar rekna i 1991-kroner.

I 2000 hadde fylkeskommunane i underkant av 686 mill. kroner i netto driftsutgifter til kulturformål. Til samanlikning var kommunane sine samla netto driftsutgifter om lag 4,7 mrd. kroner, og utgifter over Kulturdepartementet sitt budsjett om lag 3,5 mrd. kroner (SSB 2000). Fylkeskommunane stod for ca. 8 pst. av dei samla offentlege kulturutgiftene. Dei største utgiftspostane for fylkeskommunane var kunst og kunst- og kulturformidling (26 pst.) og kulturvern/museum (25 pst.) Brutto driftsutgifter til kultur i 2000 i fylkeskommunane var 1 356 mill. kroner, altså om lag det doble av netto driftsutgifter.

Ei kartlegging av driftsutgifter gjev ikkje utan vidare eit fullgodt bilete av kulturfeltet i eit fylke. Utgiftsdata fangar ikkje opp kulturaktivitetar som ikkje går over dei fylkeskommunale budsjetta, og rekneskapstala seier ikkje noko om kvaliteten og innhaldet i kulturtilbodet. Dessutan har fylkeskommunane hatt så ulik posteringspraksis at samanlikningar ikkje vert pålitelege.

Ei undersøking av dei tala som dannar grunnlaget for Statistisk Sentralbyrå sin statistikk over fylkeskommunale utgifter til kultur i perioden 1991–2000, viser at det er særskilde problem knytte til postering av investeringar i fylkeskommunane. I heile tiårsperioden har praksis for føring av spelemidlar vore svært ulik i fylkeskommunane. Sidan spelemidlane utgjer ein stor del av dei totale kulturmidlane i fylkeskommunane og ein stor del av inntektene frå staten, har dette gjeve store utslag i rekneskapen for einskilde fylkeskommunar. Fylke som har ført spelemidlane som inntekt i rekneskapen, har difor hatt unaturleg høge tal i høve til dei fylkeskommunane som har halde desse midlane utanfor rekneskapen. Ein kompliserande faktor i denne samanheng er at det har vore ulikt kva post i rekneskapen dei einskilde fylkeskommunane har ført spelemidlane på. I tillegg har praksis internt i fylkeskommunane endra seg i løpet av tiårsperioden. Dette gjer det vanskeleg både å samanlikna postar over tid i innanfor ein fylkeskommune og å samanlikna postar fylkeskommunane imellom.

Vidare har bruken av fondsmidlar i samband med store investeringar gjeve svingingar i den fylkeskommunale kulturstatistikken. Dette har ført til at somme fylkeskommunar har hatt svært oppblåsne rekneskapstal i einskilde år med store investeringar, medan dei nokre år seinare har falle attende til eit meir normalt nivå.

I 2000 var det berre Rogaland og Vestfold som framleis ikkje førte spelemidlane som inntekt i driftsrekneskapen, og som heller ikkje hadde gjort det i heile tiårsperioden 1991–2000. Til saman i heile perioden utgjer dette over 219 millionar kroner for Rogaland og over 79 millionar kroner for Vestfold. I tiårsperioden 1991–2001 er bortimot 460 millionar av i alt om lag 2,4 milliardar kroner av spelemidlane ikkje førte i den ordinære driftsrekneskapen i fylkeskommunane.

Det er difor stor grunn til å vera varsam med bruken av desse tala i ulike samanhengar. Til dømes vil det vera vanskeleg å gjennomføra analysar for å finna ein samanheng mellom politisk og administrativ organisering i fylkeskommunane og den økonomiske utviklinga på kulturfeltet. Det er òg vanskeleg å trekkja slutningar om bråe oppgangar eller nedgangar i utgiftene frå det eine året til det andre utan å undersøke endringane nøyare.

Tabell 4.1 Brutto og netto driftsutgifter til kulturføremål fylkesvis og per innbyggjar, alle fylke unnateke Oslo, 2000.

  Brutto driftsutgifterNetto driftsutgifterBrutto driftsutgifter per innb.Netto driftsutgifter per innb.
RegionSum 01–39   Sum 01–39  
Hele landet1 356 733685 663342173
Østfold65 49936 413264147
Akershus93 50952 773200113
Hedmark80 96042 334433226
Oppland54 84228 817300158
Buskerud79 71736 300337153
Vestfold51 65039 474243186
Telemark52 66923 212319141
Aust-Agder50 11624 255490237
Vest-Agder46 01022 623296145
Rogaland78 40854 375210146
Hordaland147 23773 123338168
Sogn og Fjordane68 22029 434634274
Møre og Romsdal78 46342 824323176
Sør-Trøndelag88 45844 169337168
Nord-Trøndelag64 37232 687506257
Nordland136 75448 901572205
Troms65 68230 539435202
Finnmark54 16723 410731316

Kilde: SSB

Varierande praksis knytt til bokføring av kulturbudsjett og rekneskap i fylkeskommunane gjer det altså uråd å gjera ei fullgod samanlikning av utviklinga i dei ulike fylkeskommunane i tiåret 1991–2000. Oversynet for 2000 gjev likevel truleg eit nokolunde rett bilete av situasjonen. Tabell 4.1 ovanfor syner netto driftsutgifter til kulturføremål fylkesvis og per innbyggjar i alle fylke unnateke Oslo. Med unnatak for Rogaland og Vestfold har alle fylkeskommunane inkludert spelemidlane i tala. Desse to fylkeskommunane får difor kunstig låge brutto og netto driftsutgifter i 2000 samanlikna med dei andre fylkeskommunane.

Tabell 4.1 syner at det er visse ulikskapar i kulturutgifter per innbyggjar i fylkeskommunane. Fylkeskommunane frå Nord-Trøndelag og nordover og Sogn og Fjordane ligg i toppen, medan Østfold, Akershus, Telemark og Vest-Agder har gjennomgåande lågare brutto og netto driftsutgifter til kultur samanlikna med dei andre fylkeskommunane.

I tillegg til at det kan vera feilkjelder knytte til rekneskapspraksis, er det fleire andre mogelege årsaker til skilnadene. Når dei mest utprega distriktsfylka har prioritert kultur høgast, kan dette avspegla at det i desse områda finst få private og kommersielle kulturtilbod, at det er relativt store avstandar mellom folk, og at fylkeskommunane har teke på seg ei meir aktiv pådrivar- og samordningsrolle overfor kommunane. Desse fylka har få bykommunar med store kulturbudsjett, noko som gjer at fylkeskommunen truleg har vore ein meir sentral aktør på kulturfeltet enn i andre fylke med store byar og folkerike kommunar.

I fylke med fleire og større byar og bykommunar, som til dømes Hordaland og Sør-Trøndelag, har trongen for fylkeskommunane som kulturentreprenør vore mindre. Kan henda er det grunnlag for å seia at fylkeskommunal satsing på kultur har hatt større politisk legitimitet i distriktsfylka enn i andre fylke. I dei nordlegaste fylka er ein stor del av det kulturpolitiske samarbeidet knytt opp til den nordnorske kulturavtalen. Geografien og dei lange avstandane gjer òg at det kostar meir å produsera og formidla kunst og kultur i desse fylka enn i andre fylke.

Østfold og Akershus har låge brutto og netto kulturutgifter per innbyggjar. Desse fylka ligg i skuggen av hovudstaden med mange kulturtilbod av nasjonal art. Det er såleis ikkje utan vidare grunnlag for å hevda at innbyggjarane i desse fylka har eit dårlegare kulturtilbod enn i fylke med eit større fylkeskommunalt kulturbudsjett.

Tabell 4.2 Netto driftsutgifter til ulike kulturføremål. Fylkeskommunar 1991–2000 (i 1000 kroner).

  1991199219931994199519961997199819992000
I alt395 096430 268461 134457 460438 197463 154560 563593 281617 299685 663
Kulturadministrasjon60 83062 58565 75161 40970 28872 24974 41277 44067 27975 016
Bibliotekføremål60 45865 90667 55868 25071 80874 58576 25684 51687 34493 491
Kulturvern, museum78 11583 47593 784107 107120 938114 694161 250152 704164 423170 923
Kino7 49505 2615 130275 592-68 52410 6580
Andre medieføremål3 7873 8384 2344 1185 2294 0105 1503 0593 891
Kunst og kunst- og kulturformidling72 739105 895111 288115 854103 764109 313128 635131 892152 101178 582
Idrett, friluftsliv og andre mosjonsaktivitetar34 68031 86929 46021 21012 45563423 60336 56028 25959 432
Anna barne- og ungdomsarbeid17 56718 65222 22822 06824 13723 45424 15120 81916 72116 927
Vaksenopplæring utanom skuleverket15 087150991547315 29916 58716 24716 197171939 1926 087
Andre kulturføremål44 33842 94946 09737 01512 96442 37650 91560 57477 43181 676

Kilde: SSB

4.7.2 Organisering

I tillegg til kulturadministrative stillingar på fylkeskommunalt nivå vart det etter kvart også vanleg å innføra hovudutvalsmodellen på politisk nivå, dvs. ein modell der dei politiske nemndene eller utvala vart organiserte etter føremål. I løpet av 1980-åra var utviklinga at dei aller fleste kommunane og fylkeskommunane hadde eige hovudutval for kultursaker.

I slutten av 1980-åra vart det likevel reist kritikk mot hovudutvalsmodellen. Det vart hevda at organiseringa førte til sektorisering, og at heilskapen i politikken vart for lite teken vare på. I den nye kommunelova av 1993 vart det difor opna for alternative modellar for organisering. Dette har ført til omfattande endringar i den administrative og politiske organiseringa av både den kommunale og den fylkeskommunale kultursektoren. Hovudtendensen er at fleire føremål har vorte organiserte saman, men det er likevel stor variasjon i kva oppgåver som vert handsama i det same politiske utvalet som kultur. I fylkeskommunane har det vore ein tendens til at meir teknisk prega saker som samferdsel, næring og miljø i aukande grad er vorte organisert saman med kultur, medan utdanning og kultur er ein sjeldnare kombinasjon. Dette har hovudsakleg samanheng med fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør.

I 1998 hadde sju fylkeskommunar framleis ein sjølvstendig, administrativ kulturetat, medan dei elleve andre hadde valt å plassera kulturavdelinga under ein større paraply. I 2002 var biletet av den administrative og politiske organiseringa av den fylkeskommunale kultursektoren dette:

Tabell 4.3 

  Politisk organiseringAdministrativ organisering
FinnmarkHovudutval for utdanning og kulturKulturetat
TromsKulturutvalKulturetat
NordlandParlamentarismeFylkesråd for regional utvikling med næring, samferdsel og kultur
Nord-TrøndelagHovudutval for kulturAvdeling for regional utvikling med plan, miljø. næring og kultur
Sør-TrøndelagHovudutval for næring, samferdsel og kulturDivisjon næring, samferdsel og kultur
Møre og RomsdalHovudutval for kulturKulturavdeling
Sogn og FjordaneHovudutval for kulturKulturavdeling
HordalandKomite for kultur og helseAvdeling for regional utvikling med næring, plan, miljø, samferdsel og kultur
RogalandRegional- og kulturutvalAvdeling for regional utvikling med næring, samferdsel, fylkesvegar og kultur
OpplandHovudutval for næring og kulturAvdeling for regional utvikling med næring, plan, samferdsel, fylkesvegar og kultur
HedmarkHovudutval for kultur, oppvekst og miljøAvdeling for regional utvikling
BuskerudHovudutval for kulturKulturavdeling
Vest-AgderHovudutval for kultur- og utdanningRegionalavdeling med næring, samferdsel og kultur
Aust-AgderKomite for regional utviklingRegionaletaten
TelemarkHovudutval for kultur og miljøRegionaletaten
VestfoldHovudutval for regional utviklingKulturverksemda
ØstfoldSamferdsels-, miljø- og kulturkomiteenNærings- og kulturavdelinga
AkershusHovudutval for kulturKultursektoren
OsloByråd og komite for kultur og utdanningKultur- og utdanningskomiteens sektor

Det er eit sentralt spørsmål om innlemminga av kulturfeltet i regionale utviklingsavdelingar har innverka eller vil koma til å innverka på status og prioriteringar som regionen gjev kulturfeltet. Nokre fylkeskommunar har lagt vekt på å synleggjera kultursektoren gjennom reine fylkeskommunale kulturavdelingar. Dei har sett dette som ein verdi overfor publikum og i høve til andre politikkområde. Somme vil hevda at det er særleg viktig å vera synleg for eit politikkfelt som elles lett kan koma i skuggen av større og meir lovregulerte politikkområde.

Andre strekar tvert om under at ein fyrst fekk ein aktiv regional kulturpolitikk då fylket etablerte eiga regionalavdeling og integrerte kulturpolitikken i utviklings- og næringspolitikken, dvs. at dette har medverka til eit generelt større kulturengasjement i fylkeskommunen og auke i løyvingane til denne sektoren.

4.7.3 Nærare om kulturoppgåvene i fylkeskommunane

Tidlegare fanst det fleire statlege tilskot og tilskotsordningar som vart forvalta av fylkeskommunane. Dei seinare åra er dei fleste slike anten avvikla eller innlemma i inntektssystemet, jf. særleg St.prp. nr. 62 (1999–2000) Om kommuneøkonomien 2001 og Innst. S. nr. 252 (1999–2000).

I tråd med desse dokumenta vart det statlege tilskotet til formidling av biletkunst og kunsthandverk i regionane innlemma i inntektssystemet frå 2001. Dette femna om tilskot til fem landsdelsutstillingar og 13 regionale kunstnarsenter.

Vidare vart statlege tilskot til mobile bibliotektenester og til biblioteklokale avvikla frå same tidspunktet, med di dette vart definert som i fyrste rekkje eit kommunalt ansvar.

Dei involverte fagmiljøa har ikkje slutta seg til denne omlegginga, og særleg frå bibliotekhald gjer det seg gjeldande eit sterkt ynske om å innføra statlege øyremerkte tilskot til bokbussar og andre mobile bibliotekløysingar på nytt. Også i innspel til denne stortingsmeldinga har dei regionale kunstnarsentra, eller kunstsentra som det no helst heiter, bede om direkte statlege tilskot slik dei hadde inntil midten av 1990-åra.

Ei særskild ordning som er vidareførd, er tilskotsordninga for museum. Her vert det via fylkeskommunane kanalisert driftsmidlar til eit stort tal museum, jf. kap. 4.3.6 og kap. 11.6.3. Samstundes løyver fylkeskommunane og dessutan mange kommunar av eigne midlar driftstilskot til desse musea.

På museumsområdet pågår det omfattande strukturendringar. Dette er eit hovudelement i arbeidet med å følgja opp St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving , den såkalla abm-medlinga, jf. den tilhøyrande Innst. S. nr. 46 (2000–2001). I løpet av ein femårsperiode frå og med 2002 er siktemålet å minka talet på separate museumseiningar monaleg ved å styrkja regionale museum, slik at desse får fagleg styrke og kapasitet til å samordna kulturvernet innanfor eit nærare definert område og til å samhandla med andre konsoliderte museum i faglege nettverk. I dette omstillingsarbeidet har fylkeskommunen ei viktig rolle i nært samspel med staten ved ABM-utvikling som operativ aktør på vegner av departementet, dei involverte musea og aktuelle vertskommunar. Eit viktig prinsipp i denne museumsreforma er at dei konsoliderte musea som hovudregel bør få driftsmidlar både frå statleg og regionalt/lokalt nivå, slik at det statlege tilskotet til vanleg ikkje skal overstiga 60 pst. av det samla driftstilskotet.

Forvaltningsoppgåvene i samand med tilskotsordninga for lokale og regionale kulturbygg, jf. kap. 4.3.1, er i stor grad delegerte til fylkeskommunane, som tek i mot, handsamar og godkjenner søknader etter førehandsgodkjenning i vedkomande kommune eller i departementet. Fylkeskommunane gjer vedtak om i kva kommunar regionale kulturbygg skal plasserast, og skal dessutan uttala seg om kva regionale funksjonar bygget bør dekka.

Årleg sender fylkeskommunen inn eit oversyn til departementet over innkomne og godkjende søknader under denne tilskotsordninga. På dette grunnlaget fordeler departementet midlar mellom fylka. Fylkeskommunen fordeler tilskotsmidlar avsette til lokale kulturbygg, medan departementet fordeler tilskot til regionale kulturbygg. Fylkeskommunen utbetaler innvilga tilskot til kommunane, fører oversyn over tildelte og utbetalte summar, tek i mot rekneskapar for prosjekta osb.

Etter dei siste endringane i lov om pengespel mv. skal helvta av overskotet i Norsk Tipping gå til idrettsføremål. I § 2 i forskrift 11. desember 1992 er det fastsett følgjande:

«Kulturdepartementet eller den departementet gir fullmakt, foretar fordelingen innenfor rammen av de enkelte poster. Departementet fastsetter prosedyre og detaljregler for fordeling».

Fylkeskommunen har fullmakt til å fordela dei spelemidlane til idrettsføremål som kvart år vert stilte til rådvelde for det einskilde fylket. Dei må likevel følgja dei prosedyrane og dei krava til handsaming som departementet fastset. Planane som det vert søkt om tilskot til, må på førehand vera godkjende av Kultur- og kyrkjedepartementet eller den departementet gjev fullmakt. Departementet har gjeve kommunane fullmakt til å førehandsgodkjenna planane for dei fleste typane anlegg. Når det gjeld ein del større og kompliserte anlegg, som til dømes fleirbrukshallar, symjehallar og spesialhallar, skal desse godkjennast av departementet.

Av lovpålagde kulturoppgåver i fylkeskommunane må fyrst og fremst nemnast fylkesbiblioteket, som er nedfelt i lov om folkebibliotek. Lova skisserer ein samla struktur med kommunale folkebibliotek, fylkeskommunale fylkesbibliotek og statlege bibliotek- og rettleiingstenester. Etter handsaming av Ot.prp. nr. 82 (2002–2003) Lov om endringar i lov av 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek er det vedteke visse endringar som også vedkjem fylkesbiblioteka, jf. Innst. O. nr. 125 (2002–2003 ) .

Etter lov om folkebibliotek skal fylkeskommunen ha eit fylkesbibliotek som skal vera leia av ein fagutdanna biblioteksjef. Fylkesbiblioteket har ansvaret for fjernlånsverksemda og organiseringa av lånesamarbeidet mellom biblioteka og kan gjera avtalar om felles bibliotekdrift med ein eller fleire kommunar. Fylkesbiblioteket skal òg gje råd til lokale styresmakter, yta bibliotekfagleg rettleiing og arrangera møte og kurs om bibliotekspørsmål. Det skal i tillegg vera eit organisert samarbeid mellom fylkesbiblioteket og skuleleiinga i fylkeskommunen. Eit slikt samarbeid skal tryggjast ved hjelp av avtalar, slik at den faglege kompetansen i fylkesbiblioteket vert stilt til rådvelde for den statlege skuleleiinga i fylket. Fylkeskommunen skal utover dette gje fråsegner om fordeling av statlege midlar og yta hjelp til statlege styresmakter ved utgreiing og planlegging. Nokre fylkesbibliotek er involverte i bokbussdrift.

Etter lov om arkiv av 4. desember 1992 nr. 126 pliktar alle offentlege organ å ha arkiv og å ordna og innretta dette slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Med heimel i forskrift til lova skal alle kommunar og fylkeskommunar oppretta særskilde ordningar for arkivdepot, og i fleire fylkeskommunar er det frå tidlegare skipa eigne fylkesarkiv. Arkivforskrifta fastset at arkiv som ikkje lenger er i bruk for administrative føremål, skal avleverast til arkivdepot, jf. forskrift av 11. desember 1998 nr. 1193.

I kjølvatnet av St.meld. nr. 61 (1991–92) Kultur i tiden vart det for i alt 29 institusjonar innanfor områda scenekunst, musikk, biletkunst og museum inngått avtalar mellom departementet, fylkeskommunar og kommunar om ei deling av ansvaret for offentlege driftstilskot til dei respektive institusjonane. For region-/landsdelsinstitusjonar, i alt 16 institusjonar på scenekunst- og musikkområdet, er fordelingsnøkkelen 70 pst. frå staten og 30 pst. frå regionen. For knutepunktinstitusjonane, som femner om museum, fyrst og fremst innanfor biletkunstfeltet, og nokre festspel, i alt 13 institusjonar, er fordelingsnøkkelen normalt 60 pst. frå staten og 40 pst. frå regionen, men for Nord-Noreg 70 pst. frå staten og 30 pst. frå regionen. Det er ulikt frå institusjon til institusjon korleis den regionale delen fordeler seg mellom fylkeskommunalt og kommunalt tilskot.

Det siste tiåret har det frå mange hald vorte lagt stor vekt på formidling av ulike former for profesjonell kunst og kultur, særleg for born og unge. Dette har òg kome til uttrykk i den fylkeskommunale kulturinnsatsen. Fleire fylkeskommunar har skipa eiga musikkteneste, som produserer skule- og barnehagekonsertar og produksjonar til kommunane, arrangerer kurs og seminar, deltek i samarbeidsprosjekt med andre profesjonelle aktørar og sel pedagogiske tenester til kommunar, skular og det friviljuge kulturlivet i fylket. Nokre fylkeskommunar har etablert ordningar med regionale scenekunstinstruktørar.

I samband med NOU 2000: 22 Om oppgavefordelingen mellom stat, region og kommune vart det gjennomført ei undersøking mellom fylkeskommunane om deira syn på kulturpolitikken og tilhøvet mellom det regionale og det statlege nivå på feltet. Ein del av fylkeskommunane gav uttrykk for at dei opplevde det som eit problem at kunst- og kulturformidlinga i eige fylke var for dårleg organisert og planlagd, og at formidlinga difor var lite effektiv. Dei meinte det var trong for å styrkja formidlings- og samordingsarbeidet i fleire fylke.

Mykje tyder på at det er i ferd med å skje ei betring av kulturformidlinga i fleire fylke. I løpet av dei siste åra har fleire fylkeskommunar laga eigne formidlingsstrategiar for alle kunst- og kulturformer. Dei fleste fylkeskommunane har fått statleg tilskot til dette arbeidet, til dømes gjennom det nasjonale tiltaket Den kulturelle skulesekken. Det må likevel seiast å vera stor variasjon mellom fylkeskommunane på dette feltet. Nokre fylkeskommunar har etablert velfungerande tilbod med vekt på kvalitet og breidde. Andre har så vidt kome i gang med arbeidet og har framleis mykje ugjort. Det varierer òg frå den eine regionen til den andre kva kulturytringar som vert prioriterte. Musikkfeltet er truleg det som generelt er best dekt over heile landet.

Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. Målet er å tryggja eit profesjonelt kulturtilbod til elevar i grunnskulen og å leggja til rette for at elevane lettare skal få tilgang til, gjera seg kjende med og få eit positivt tilhøve til kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Den kulturelle skulesekken skal òg medverka til at kulturelle uttrykk vert integrert som ein naturleg del når læringsmåla i skulen skal realiserast.

I 2001, 2002 og 2003 er det løyvd i alt 42,1 mill. kroner til utvikling av Den kulturelle skulesekken over budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet. I tillegg kjem spelemidlane for 2003. Midlane har i 2001 og 2002 i hovudsak vorte forvalta av fylkeskommunane, med sikte på å utvikla Den kulturelle skulesekken i dei respektive regionane. Hovuddelen av midlane over statsbudsjettet for 2003 er øyremerkt 20 museum over heile landet og skal gå til å styrkja ulike tiltaksprogram for born og unge.

I lov om endring i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespel mv ., jf. Innst. O. nr. 44 (2001–2002), vart følgjande vedteke om fordeling av overskotet i Norsk Tipping AS:

«Etter at det er foretatt fondsavsetninger, skal selskapets overskudd fordeles med en halvdel til idrettsformål og en halvdel til kulturformål. Midlene til idrettsformål fordeles av Kongen. Av midlene til kulturformål fordeles 2/3 av Stortinget og 1/3 av Kongen.»

Om lag 40 pst. av den tredjedelen av kulturmidlane som skal fordelast av Kongen, skal nyttast til Den kulturelle skulesekken. Førebels prognose syner at om lag 60 mill. kroner i 2003, 120 mill. i 2004 og om lag 180 mill. kroner i 2005 vil kunna tilførast dette tiltaket. I Budsjett-innst. S. nr. 2 (2002–2003) uttaler komiteen mellom anna følgjande:

«Det vil være hensiktsmessig å kanalisere hoveddelen av midlene gjennom fylkeskommunenes kulturavdelinger, slik at disse, som kjenner kulturtilbudet i sitt distrikt best, aktivt er med på å fylle opp sekken. Komiteen er med andre ord skeptisk til en for sterk sentral styring av ordningen».

Vidare gjorde Stortinget dette vedtaket:

«Stortinget ber Regjeringen i egen sak våren 2003 redegjøre for hvordan midlene til den kulturelle skolesekken brukes i 2003, og å legge frem planer for hvordan ordningen skal utformes i årene fremover. Midlene skal ikke gå til vekst i administrasjonsapparatet for ordningen eller som direkte driftstilskudd fra departementet til ulike institusjoner utover det som ligger i budsjettet.»

Ved kgl. res. av 14. februar 2003 vart eit beløp på 36 mill. kroner av det forventa overskotet av Norsk Tipping AS for 2002 fordelt til fylkeskommunane. Fordelinga byggjer på elevtal i fylket, men inkluderer òg eit likt grunntilskot til alle, og det er dessutan somme utjamningsfaktorar som tek omsyn til kulturell infrastruktur og geografiske avstandar i fylket. Dei resterande midlane av overskotet for 2002 vil verta nytta til nasjonale prosjekt og satsingsområde.

Realiseringa av Den kulturelle skulesekken er avhengig av eit nært fagleg samarbeid og samspel mellom skule- og kultursektoren på alle forvaltningsnivå. På nasjonalt nivå er det oppretta ei politisk styringsgruppe med ein statssekretær frå Kultur- og kyrkjedepartementet og ein frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Her skal det leggjast overordna føringar for utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Styringsgruppa har utnemnd ei referansegruppe med representantar frå skule- og kultursida på alle forvaltningsnivå. Referansegruppa skal gje styringsgruppa faglege råd og innspel til spesielle satsingsområde. Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken er lagt til ABM-utvikling. Sekretariatet skal kontinuerleg samarbeida med Læringssenteret for å tryggja turvande ankerfeste i skulen.

Kultur- og kyrkjedepartementet har i ei eiga stortingsmelding gjort nærare greie for Den kulturelle skulesekken, jf. St.meld. nr. 38 (2002–2003). Meldinga omhandlar bakgrunnen for satsinga og sentrale utfordringar for det vidare arbeidet med dette tiltaket i heile landet.

I 1986 arrangerte Akershus fylkeskommune ei kulturmønstring for born og ungdom etter ein finsk modell. Etter initiativ frå Norsk kulturråd vart Ungdommens kulturmønstring ei landsomfattande og årleg tilstelling i 1987. Prosjektet var den største satsinga på barne- og ungdomskulturfeltet i regi av Kulturrådet. Målet med prosjektet var å signalisera høgare prioritering av målgruppa og å skapa ringverknader som kunne stimulera til sterkare satsing på barne- og ungdomskultur i kommunar og fylkeskommunar.

Dei første landsomfattande mønstringane hadde tematisake innhald. Det fyrste året var temaet musikk, året etter scenekunst, og i 1989 var det biletkunst, kunsthandverk, film og foto som stod i framgrunnen. I 1990 var temaet Kultur på tvers , og dette la grunnlaget for den noverande tverrkulturelle modellen. Sidan 1991 har den årlege landsmønstringa vore arrangert i Trondheim, og det nasjonale sekretariatet, UKM Noreg , er òg plassert der. Landsmønstringa i 2001 hadde 543 deltakarar frå alle 19 fylka, og det var ein stor variasjon av uttrykksformer. Tiltaket set søkjelyset på born og ungdoms eigen kultur og legg vekt på utøvande aktivitet og på å få ulike barne- og ungdomstalent fram i lyset.

I tillegg til dei midlane som er bundne opp til drift av institusjonar, har fylkeskommunane frie midlar, og desse gjev spelerom for eigne prioriteringar. Desse midlane går gjerne til stipend, driftstilskot til festivalar og kulturaktivitetar av regional karakter, nasjonale og regionale samarbeidsprosjekt og interregionalt samarbeid.

Mange fylkeskommunar har etablert ulike ordningar med reisestipend, arbeidsstipend og utstillingsstipend for kunstnarar busette i fylket. Det er ikkje utarbeidd noko fullstendig oversyn over omfanget. Dei aller fleste fylkeskommunane deler ut ein eller anna form for kulturpris. I tillegg gjev dei fleste fylkeskommunane driftstilskot til ulike organisasjonar på regionalt nivå og støtte til festivalar av regional og nasjonal karakter. Mange av festivalane får òg statleg tilskot gjennom Norsk kulturråds ordning for festivalstøtte.

Tabell 4.4 Brutto og netto driftsutgifter til kulturføremål. Kommunar medrekna Oslo 1991–2000 i mill. kroner i løpande og faste prisar (i 1991-prisar)

Driftsutgifter   199119931994199519961997199819992000
BruttoLøpande prisar4 2634 7294 8844 9395 1695 3225 6796 1566 470
Faste prisar4 2634 5214 6034 5414 6974 7124 9185 2125 311
NettoLøpande prisar3 0723 4443 4683 5243 7113 7834 0764 4744 721
Faste prisar3 0723 2923 2683 2403 3723 3503 5303 7873 876

Kilde: SSB

Dei fleste fylka samarbeider med grannefylka om ymse fellesprosjekt og tiltak. Til dømes finst det eit visst interfylkeskommunalt samarbeid om regionale kunstutstillingar som til dømes Vestlandsutstillinga, Trøndelagsutstillinga og Sørlandsutstillinga . Det finst òg døme på at fylkeskommunar har inngått eit meir overordna samarbeid, jf. til dømes Samarbeidsrådet for Vest- og Sørlandet (SAVOS ), som omfattar dei seks fylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal.

I tillegg til interfylkeskommunalt samarbeid i Noreg deltek fylkeskommunane i det interregionale samarbeidet i Europa, Norden og overfor Russland og Baltikum, jf. til dømes Nordkalott-samarbeidet, Nordsjø-samarbeidet, Barents-samarbeidet og Midtnorden-samarbeidet . Mangfaldet av puljer og prosjektmidlar innanfor europeisk og nordisk samarbeid har ført til at fylkesnivået har hatt høve til å skaffa seg kontaktar og har kunna delta i ymse nettverk og samarbeidsprosjekt på tvers av landegrensene. På kulturfeltet femner dette i fyrste rekkje om ymse prosjekt innanfor reiseliv, kulturarv og festivalar.

På fleire område spelar fylkeskommunane ei rolle som koordinatorar og pådrivar for utvikling av lokale og regionale tiltak. I nokre tilfelle tek dei initiativ og stør opp om planlagde tiltak i ein utviklingsfase.

Fylkeskommunane arbeider på fleire felt som rådgjevar overfor kommunar som ikkje har ressursar til spesialkompetanse. Både fylkesbiblioteket og dei tilsette innanfor kulturminnevern og allmennkultur har slike roller. Truleg spelar fylkeskommunen ei større rolle i så måte i fylke utan større bykommunar enn i fylke med store og sterke byar.

Kultur som politisk og administrativ sektor i fylkeskommunane avspeglar ikkje utan vidare dei departementale grenselinene på statleg nivå. Eit typisk døme er kulturminnevern. Dette er på statleg plan er ein del av ansvarsområdet til Miljøverndepartementet, medan det i fylkeskommunane inngår i dei samla forvaltningsoppgåvene på kulturområdet. Også barne- og ungdomsarbeid i brei meining vert i fylkeskommunane ofte definert og teke vare på som ein del av den generelle kulturformidlinga. Samla sett inneber dette at det fylkeskommunale engasjement på kulturområdet ikkje lett lèt seg definera gjennom bestemte eller klårt avgrensa oppgåvekategoriar. Biletet er langt meir samansett og nyansert, og dette avspeglar det mangslunge og varierte kulturelle landskapet som kulturpolitikken er eit svar på.

4.8 Kommunane si rolle på kulturområdet

Det kommunale forvaltningsnivået har eit omfattande engasjement på kulturområdet, og dette har røter langt attende i tid. Som for fylkeskommunane skjedde det ei administrativ styrking og konsolidering i 1970-åra.

Målt i økonomiske storleikar er den kommunale innsatsen på kulturområdet når idrett og friluftsliv er medrekna, om lag på høgde med den statlege og altså mange gonger større enn den fylkeskommunale.

Det meste er tufta på eigne frie prioriteringar. Unnataket frå dette er i utgangspunktet folkebiblioteket som lovpålagd oppgåve, men lova definerer ikkje kor stor ressursinnsats den einskilde kommunen må setja inn for å etterleva lovpåbodet.

Kommunar der det finst kulturinstitusjonar med delvis statleg driftsfinansiering, deltek i hovudregelen i finansieringa av desse. Dette gjeld både for dei større institusjonane der det ligg føre formelle avtalar om delt ansvar for driftstilskot mellom forvaltningsnivåa, og for mange andre kulturinstitusjonar, særleg på museumsområdet.

Born og unge står sentralt i den kommunale innsatsen på kulturområdet. Idrett og anna barne- og ungdomsarbeid representerer nær halve ressursbruken. Om vi i tillegg plussar på bibliotekutgiftene, vil dette alt i alt utgjera nærare 70 pst. av dei kommunale budsjetta på kulturområdet.

4.8.1 Kommunale kulturutgifter siste tiåret

Omlegginga til KOSTRA for registrering av statistiske opplysningar om kommunane gjer det diverre uråd å leggja fram heilt oppdaterte tal for dei kommunale utgiftene til kultur på ein måte som kan samanliknast med tidlegare år. Tala i tabell 4.3 avgrensar seg difor til tidbolken 1991–2000.

Dei brutto driftsutgiftene til kulturføremål i kommunane i 2000 utgjorde 6,5 mrd. kroner, Oslo medrekna. Netto driftsutgifter utgjorde same året 4,7 mrd. kroner. Utviklinga i 1990-åra går fram av tabellen ovanfor. Oversynet over utgiftene rekna i faste prisar syner at det har vore ein realauke på ca. 25 pst. i perioden når bruttotala vert lagde til grunn, og ca. 26 pst. dersom vi nyttar nettotala.

Nettotala er i denne samanhengen kan henda dei mest interessante, med di dei avspeglar dei lokale prioriteringane. På den andre sida vil det vera bruttotala som best reflekterer kva for ressursar kultursektoren lokalt faktisk mottek frå eller via vedkomande kommune.

Dei kommunale kulturutgiftene stod nokså stille i midten av 1990-åra. Dette kan mellom anna ha samanheng med at det vart gjort somme avrekningar mot inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar i samband med at det vart inngått avtalar om såkalla region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar.

4.8.2 Korleis kommunane prioriterer

Kva går dei kommunale kulturløyvingane til? Kommunane har lang tradisjon for å nytta midlar til bibliotek, idrett og ulike andre kulturtiltak for born og unge. Slik er det framleis, jf. tabell 4.4. Samstundes lyt det leggjast til at dei òg nyttar større summar til kulturvern og til kunst- og kulturformidling. Drift av kommunale kulturskular er ikkje rekna med i denne tabellen.

Tabell 4.5 Brutto og netto driftsutgifter til ulike kulturføremål. Kommunar medrekna Oslo i 2000 i mill. kroner. Del av utgiftene.

KulturføremålBrutto driftsutgifter (1000 kr)Netto driftsutgifter (1000 kr)Brutto driftsutgifter (del i pst. av total)Netto driftsutgifter (del i pst. av total)
I alt6 470,54 721,7100,0 pst.100,0 pst.
Kulturadministrasjon479,8375,37,4 pst.7,9 pst.
Bibliotek1 011,2886,215,6 pst.18,8 pst.
Museum, kulturvern364,8219,25,6 pst.4,6 pst.
Kino253,250,53,9 pst.1,1 pst.
Andre mediaføremål9,67,30,1 pst.0,2 pst.
Kunst, kunst- og kulturformidling391,7322,46,1 pst.6,8 pst.
Idrett, friluftsliv etc.2 199,01 530,334,0 pst.32,4 pst.
Anna barne- og ungdomsarbeid795,4638,112,3 pst.13,5 pst.
Vaksenopplæring18,61,50,3 pst.0,0 pst.
Andre kulturføremål946,8690,414,6 pst.14,6 pst.

Kilde: SSB

Jamvel om det ikkje går fram av statistikken, kan det leggjast til grunn at friviljuge lag og organisasjonar er viktige mottakarar av kommunale løyvingar til kultur. I løpet av 1990-åra ser det ut til at realvoksteren har vore størst innanfor kulturvern, born og unge og andre kulturføremål, jf. tabell 4.5

Tabell 4.6 Brutto driftsutgifter til ulike kulturføremål. Kommunar medrekna Oslo. Realvokster 1991–2000 (i mill. kroner). Faste prisar (1991-prisar)

Kulturføremål19912000Realvekst (pst.)
I alt4 263,05 311,324,6 pst.
Kulturadministrasjon360,2393,99,4 pst.
Bibliotek675,4830,022,9 pst.
Kulturvern, museum238,2299,525,7 pst.
Kino221,1207,9-6,0 pst.
Andre mediaføremål7,57,95,3 pst.
Kunst, kunst- og kulturformidling295,2321,68,9 pst.
Idrett og friluftsliv1 598,21805,112,9 pst.
Born og ungdom433,5652,950,6 pst.
Vaksenopplæring12,415,323,4 pst.
Andre kulturføremål420,9777,284,7 pst.

Det er dei største og dei aller minste kommunane som nyttar mest ressursar til kultur per innbyggjar.

Organiseringa av arbeidet med kulturspørsmål har vorte endra i mange kommunar det siste tiåret. På politisk nivå er det skjedd ein overgang frå reine hovudutval for kultur til utval med ansvar for fleire saksområde. Kombinasjonar med kultur og utdanning eller kultur og næring er vanlege. Liknande endringar har òg funne stad på administrativt nivå. Ein NIBR-rapport frå 1998, Kultursektor i forvitring? , peika på samanhengar mellom eigne kommunale kulturetatar og prioritering av dette innsatsområdet, men biletet er ikkje eintydig og årsakssamanhengane heller ikkje opplagde.

5 Kulturpolitikk internasjonalt og kultursektoren i andre land

5.1 Innleiing

Å sjå ut over eige lands grenser er ofte tenleg for å få fram nye perspektiv. Det kan medverka til å klårgjera kva som er særeige ved tilhøva i Noreg og gje gode idear til endringar i våre eigne prioriteringar og i verkemiddelbruken. Norsk deltaking i internasjonale organ skaper arenaer for utveksling av røynsler, ordskifte og refleksjon om ulike tilnærmingsmåtar. Ideelt sett burde ein vore i stand til å leggja fram omfattande internasjonale samanlikningar av kulturpolitikken i mange land, men slike samanlikningar er særs krevjande, og det statistiske grunnlaget for samanliknande analysar er heller ikkje til stades. Jamvel om ein held seg på eit overordna nivå, lyt det takast atterhald om kor god informasjon slike samanlikningar gjev.

Kulturpolitikken er meir eller mindre artikulert i ulike land, og både utforminga, iverksetjinga og verknaden av kulturpolitikken er påverka av faktorar som historie, samfunn, økonomi, geografi, folketal og andre nasjonale kjenneteikn.

Kulturstatistikk som kan samanliknast, er lite utvikla. Dette må ein særleg vera merksam på ved talfesting av offentlege kulturutgifter. I dei einskilde landa opererer ein med ulike definisjonar av kulturomgrepet, og kultursektoren er organisert på ulike måtar, mellom anna med omsyn til ansvarsdeling mellom ulike departement og mellom ulike forvaltningsnivå. Det er berre kulturutgiftene i dei nordiske landa som til ein viss grad vil kunna samanliknast.

I tillegg til Finland, Sverige og Danmark har vi sett nærare på Tyskland, Frankrike, Nederland, Storbritannia og New Zealand. Sistnemnde er teke med av di den britiske modellen på ein tenleg måte lèt seg illustrera med døme frå dette landet, som i mangt og mykje er sterkt påverka av Storbritannia, og som med omsyn til folkesetnad og geografi har større likskapar med Noreg enn Storbritannia.

Offentleg støtte til kultur har lange historiske tradisjonar i dei vestlege landa, men ein meir systematisk offentleg kulturpolitikk vart utvikla i etterkrigstida. Det finst mange fellestrekk mellom kulturpolitikken slik han utvikla seg i dei ulike landa, både med omsyn til generelle politiske og forvaltningsmessige tradisjonar og kulturpolitiske mål, men det finst òg ein del viktige skilnader. Dei siste åra tykkjest det likevel å vera tendensar til større likskap mellom landa, noko som for dei europeiske landa mellom anna er knytt til allmenn internasjonalisering og integrasjon i EU.

Figur 5.1 

Figur 5.1

5.2 Kulturpolitikk på den internasjonale arenaen

Jamvel om kulturpolitikk i all hovudsak vert rekna som oppgåver for nasjonalstatar, er både kulturpolitiske tema og kulturpolitikk reint generelt å finna på oppgåvekartet til multilaterale organisasjonar. Kulturpolitikk og kulturpolitiske tema er òg viktige i arbeidet med å knyta band mellom ulika statar og folkegrupper.

UNESCO er SNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. På kulturområdet er UNESCO som SN-organ åleine om å ha arbeidsoppgåver. Kulturarv har lenge vore eit hovudtema for UNESCO, mellom anna gjennom arbeidet med konvensjonar og andre normative instrument som er retta mot å ta vare på den fysiske kulturarven. Mest kjend er konvensjonen frå 1972 med ei tilhøyrande liste, World Heritage List , over framståande stader som representerer natur- og kulturarv i verda.

Med utgangspunkt i rapporten Our Creative Diversity frå 1995 vart det på ein mellomstatleg konferanse i Stockholm i 1998 vedteke ein handlingsplan for kulturpolitikk og utvikling, UNESCOs Action Plan on Cultural Policies for Development. Dokumentet gjev ei rekkje allmenne retningsliner for korleis kulturpolitikk bør og kan utformast for å kunna spela ei positiv rolle i samfunnsutviklinga.

Naturleg nok viser UNESCO som multilateral organisasjon eit sterkt engasjement for kulturelt mangfald for å skapa kunnskap om og respekt for ulike levemåtar og kulturuttrykk. Mangfaldsperspektivet er følgt opp i UNESCOs universelle erklæring om kulturelt mangfald, vedteken på UNESCOs generalkonferanse hausten 2001. Jf. elles kap. 6.2.

Til liks med UNESCO er Europarådet ein organisasjon som på kulturområdet etablerer rammeverk og referansedokument for korleis medlemsstatane utformar og gjennomfører nasjonal kulturpolitisk praksis. På same måten som UNESCO er Europarådet sterkt synleg i arbeidet for kultur- og naturarv, mellom anna gjennom ei rekkje konvensjonar og tilrådingar, Som døme kan nemnast innsats innanfor arkeologifeltet og digital kulturarv. Eit anna døme er ein deklarasjon om kulturelt mangfald, vedteken i 2000. Europarådet har òg engasjert seg i andre internasjonale kulturspørsmål mellom anna i høve til europeisk filmindustri.

Når det gjeld allmenn kulturpolitikk, har Europarådet sidan 1980-åra hatt eit system med evaluering av kulturpolitikken i medlemsstatane. Førebels har 17 statar gjennomført slik evaluering, som tener dels som plattform for vidare internt arbeid i landa, dels som informasjonskjelde for andre medlemsland. I tillegg til evalueringsarbeidet utarbeider og distribuerer Europarådet faktainformasjon om kulturpolitikken i medlemslanda.

Både UNESCO og Europarådet representerer viktige dimensjonar i arbeidet med å utforma kulturpolitikk. Båe organisasjonane er forankra i arbeidet for fred, demokrati og menneskerettar. Innanfor eit slikt perspektiv utgjer utforming av kulturpolitiske rammeverk eit bidrag i arbeidet med å leggja til rette for kulturell sameksistens som er tufta på kunnskap om og respekt og forståing for kultur som samfunnsformande faktor. Slik sett kan den multilaterale innsatsen innanfor kulturpolitikkfeltet seiast å ha som hovudfunksjon å skapa kunnskap om og forståing for den kulturelle dimensjonen i samfunnsutviklinga.

Kjenneteiknande for EUs innsats innanfor kulturfeltet er økonomisk støtte til konkrete samarbeidsprosjekt. Før 1990 hadde EU-landa berre sporadisk samarbeid om kultur, media og idrett. I løpet av 1990-åra vart det gjort opptak til å skipa eigne program som skulle fremja samarbeidet på desse områda. EU-samarbeidet på kulturområdet er i dag tufta på Maastricht-traktaten, og målet er at Fellesskapen skal støtta utviklinga av kulturen i medlemslanda med vyrdnad for det nasjonale og regionale mangfaldet og samstundes framheva den felles kulturarven. Fellesskapen skal fremja samarbeid landa imellom og kan mellom anna støtta tiltak for å spreia kunnskapen om europeisk kunst (inkludert det audiovisuelle området), kultur og historie og for å verna og ta vare på kulturarv av særleg europeisk verdi.

I 1992 la Kommisjonen fram eit handlingsprogram for kultursamarbeidet. Dette munna etter kvart ut i tre program, Kaleidoskop, Ariane og Rafael . Kaleidoskop vart vedteke i 1997 og femna om skapande og utøvande kunst. Ariane vart vedteke i 1997 og galdt bøker og lesing og støtte til omsetjing av samtidslitteratur. Rafael-programmet for perioden 1997–1999 galdt støtte til vern av kulturarven.

Sidan 1996 har Noreg vore med i EUs pilotprogram og i dei ordinære programma etter kvart som dei er vedtekne, og samarbeidet er tufta på protokoll 31 i EØS-avtalen, som gjeld samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Artikkel 13 opnar for at EØS/EFTA-landa kan delta i alle aktivitetar som EU har på kulturområdet. Borgarar frå Island, Liechtenstein og Noreg kan søkja støtte og tevla på lik line med søkjarar frå medlemslanda om midlar frå kulturprogramma.

Den store satsinga på kulturområdet er Kultur 2000. Tufta på røynslene frå Kaleidoskop, Ariane og Rafael kom EU-kommisjonen i 1997 med framlegg til eit nytt samla program for finansiering og programstyring av kulturstøtte. Dette fyrste rammeprogrammet for kultur i EU innebar ei samordning av all kulturstøtte i eit integrert program som kom i staden for dei tre opphavlege kulturprogramma. Programmet går førebels ut 2004, men Kommisjonen har nyleg gjort framlegg om å utvida programperioden ut 2006. Vidare arbeider Kommisjonen no med eit framlegg til nytt rammeprogram for kultur for åra etter 2006. Ein open konsultasjonsrunde om dette er nyleg sluttført.

Rammeprogrammet Kultur 2000 femner om kunst (inkludert omsetjing av samtidslitteratur) og kulturvern. Det vert gjeve støtte til innovative/eksperimentelle prosjekt, til integrerte prosjekt, organiserte gjennom fleirårige samarbeidsavtalar i europeiske nettverk, og til spesielle kulturelle «events» med ein europeisk og/eller internasjonal dimensjon, inkludert tiltaket Europeisk kulturhovudstad.

Generaldirektoratet for Utdanning og kultur har forvaltningsansvaret for programmet, saman med Forvaltningskomiteen for Kultur 2000, der Noreg deltek på lik line med medlemslanda, men utan røysterett. Samanlikna med dei opphavlege programma er støtta til kvart einskilt prosjekt auka ein god del. Prosjekt som får støtte, må no inkludera minst eitt av tre tema: tilgjenge, bruk av ny teknologi og tilhøvet mellom vår kulturelle fortid og framtid. Kultur- og kyrkjedepartementet har delegert til Norsk kulturråd, i samarbeid med ei referansegruppe med representantar for ABM-utvikling, Riksantikvaren og NORLA, å vera kontaktorgan for programmet med ansvar for informasjon og rådgjeving overfor norske interessentar. Norske kulturaktørar kan søkja om og har fått tildelt støtte frå Norsk kulturråd, Riksantikvaren og ABM-utvikling til eigenfinansiering, høvesvis prosjektutvikling av prosjekt med norsk leiing. Mange norske prosjekt/tiltak har fått økonomisk støtte frå Kultur 2000 , jf. kap. 4.3.

Norske kulturinstitusjonar har naturleg nok retta hovudinteressa si mot Kultur 2000 i EU-samanheng. Norske kulturaktørar har likevel òg fått støtte frå Interreg-programma , særleg gjeld det prosjekt innanfor kultur og reiseliv og kulturarv. Det finst også døme på, først og fremst frå abm-feltet, at norske miljø går inn i prosjekt under EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling . Både under femte og sjette rammeprogram er Information Society Technologies (IST) eit svært aktuelt programområde. IST-programmet er eit verkemiddel for å oppnå EUs mål om kunnskapssamfunnet, og då eit kunnskapssamfunn som skal inkludera alle. Aktuelle deltema under IST-programmet for abm-feltet er Cross-media content for leisure and entertainment og eInclusion . Nasjonalbiblioteket har vore og er med i IST-samarbeidsprosjekt, seinast i prosjektet Metadata Engine (META-E).

Eit anna aktuelt program er Citizens and governance in a knowledge-based society, der deltema som Citizenship, democracy and new forms of governance og Knowledge based society and social cohesion kan ha aktualitet for norske abm-miljø. ABM-utvikling har litt midlar til å støtta forprosjekt for søknader til EUs rammeprogram.

Nemnast skal òg European digital content on global networks(eContent). Programmet har som mål å støtta produksjon, bruk og distribusjon av europeisk digitalt innhald. eContent skal også støtta språkleg og kulturelt mangfald i dei globale netta og er meir marknadsretta enn EUs forskingsprogram. Målgrupper er produsentar og leverandørar av innhald.

Norsk kulturaktørar kan òg søkja støtte frå EUs utdannings- og ungdomsprogram.

Endeleg skal nemnast EUs MEDIA-program , der Noreg har delteke sidan 1996. Programmet har som formål å stimulera utviklinga av europeisk audiovisuell industri innanfor områda utdanning, utvikling og distribusjon. EU-kommisjonen administrerer programbudsjettet. Informasjonskontor for programmet, såkalla mediedeskar, er etablerte i alle landa som deltek. MEDIA Plus -programmet gjeld for perioden 2001 til 2005, men Kommisjonen har foreslått at programmet skal forlengjast med eitt år.

Prosjektorientert samarbeid er stikkordet for den rolla dei to nordiske samarbeidsorgana Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd spelar innanfor det nordiske kulturfeltet. Grunnlaget for det nordiske kultursamarbeidet er å finna i ein avtale om kulturelt samarbeid frå 1972. Målet med samarbeidet er formulert slik i den seinaste strategidokumentet frå 1998, Nordisk kultursamarbejde ved årtusindskiftet:

«Hovedformålet med det nordiske kultursamarbejde under Nordisk Ministerråd er at udvikle og styrke det nordiske fællesskab. Udviklingen sker ved at vælge samarbejdsområder og –opgaver, som gennem samarbejdet klart fremmer og styrker vedkommende sag i de enkelte nordiske lande. Hovedvægten vil blive lagt på indsatser, som kan fremme og udvikle den nordiske identitet blandt børn og unge i de moderne, flerkulturelle samfund i Norden, udviklingen på mediaområdet, samarbejde og formidling af resultater på kunstområdet, indsatser for at styrke det folkelige engagement i nordisk kultursamarbejde og gennemførelsen af samarbejdsprojekter som har stor gennemslagskraft i de nordiske lande og internationalt.»

Hovudverkemiddelet er Nordisk kulturfond , som gjev støtte til kultur- og utdanningstiltak. Normalt skal miljø i tre nordiske land vera involverte i prosjekta. Gjeldande innsatsområde er prosjekt som:

  • omfattar aktivitetar for og med born og unge

  • fremjar nordisk språkforståing

  • fremjar bruk av nye medium

  • tek sikte på å gje arbeidet mot framandhat og rasisme ei brei folkeleg forankring.

I tillegg er det fleire andre ordningar/komitear/organ som gjev prosjektstøtte eller arbeider med spesielle tema. Som døme kan nemnast NORDBOK – Nordisk litteratur- og bibliotekskomité, som nyleg har flytta sekretariatsfunksjonen til Noreg, NIFCA – Nordisk Institut for samtidskunst, som disponerer ei rekkje gjesteatelier, og NordScen, som dekkjer scenekunst, dans, teater og opera/musikkteater. Born og unge har dei seinaste åra vore ei prioritert målgruppe i det nordiske kultursamarbeidet, og to komitear arbeider innanfor det feltet, styringsgruppa for nordisk barne- og ungdomskultur (BUK) og Nordisk ungdomskomité, jf. elles kap. 4.

I tillegg til komitear som arbeider med særskilde tema, har Nordisk Råd òg ansvaret for nordiske kulturhus på Færøyane og Island. Desse fungerer som konkrete arenaer for nordisk kulturutveksling.

Som døme på anna kulturprosjektsamarbeid over landegrensene skal nemnast Austersjøsamarbeidet og Barentssamarbeidet. Dei nordiske landa (med unnatak av Island), Russland, dei tre baltiske landa, Polen og Tyskland har forma verksemda Ars Baltica, som sidan 1990 har som mål å stimulera til kulturutveksling mellom dei nemnde landa. Integrert i Barentssamarbeidet mellom dei nordiske landa og Russland er òg samarbeid på kulturområdet.

Figur 5.2 

Figur 5.2

5.3 Kulturpolitikk og kulturforvaltning i andre land

5.3.1 Organisering

Graden av offentleg engasjement og statleg styring av kultursektoren varierer mellom dei ulike landa. Den franske modellen er rekna som ein svært sentralisert modell, der departementsorgana styrer kulturlivet meir direkte enn det som er vanleg i dei fleste andre vesteuropeiske landa. I Storbritannia og på New Zealand har derimot haldninga tradisjonelt vore at staten skulle gripa minst mogeleg direkte inn i kulturlivet. Den britiske modellen vert gjerne omtala som ein kulturpolitikk tufta på prinsippet om armlengds avstand. Dette inneber at den kulturpolitiske forvaltninga i stor grad er delegert til halvautonome organ, som opererer nokså fritt i høve til sentralforvaltninga. Eit av dei meir sentrale armlengds-organa er Arts Council England (ACE) , som forvaltar midlar til dei ulike kunstområda. På New Zealand er kulturpolitikken organisert etter den britiske modellen, og Creative New Zealand kan samanliknast med ACE. Heilt fram til byrjinga av 1990-talet var kulturpolitiske saker spreidde på ulike departement både i Storbritannia og på New Zealand. Opprettinga av eit kulturdepartement, som fann stad i båe landa fyrst i 1990-åra, har danna grunnlaget for noko større grad av politisk styring.

I Nederland og dei nordiske landa er òg mange løpande forvaltningsoppgåver delegerte til særskilde organ som opererer på armlengds avstand frå sentralforvaltninga. Ansvars- og arbeidsfordelinga mellom departement og armlengds-avstands-organ er likevel varierande. I nokre av dei nordiske kulturråda kan ein dessutan spora ein viss grad av korporativ innverknad, til skilnad frå det britiske Arts Council. Det inneber til dømes at kunstnarorganisasjonar gjennom å delta i avgjerdsforum har direkte innverknad på korleis økonomiske ressursar skal fordelast.

Tyskland skil seg organisatorisk frå dei andre landa som forbundsrepublikk. Etter grunnlova er det dei einskilde delstatane (Länder) som har hovudansvaret for kulturpolitikken. Det finst ikkje eit nasjonalt kulturdepartement i Tyskland. Men i 1998 vart det oppretta ei eiga stilling som «regjeringas ansvarshavande for kultur- og medieoppgåver» ( Beauftragte der Bundesregierung für die Angelegenheiten der Kultur und den Medien, BKM) , organisert som ei eiga eining ved Forbundskanslarens kontor. Likevel er det i liten grad utforma ein overordna nasjonal kulturpolitikk, og BKMs innverknad på kulturpolitikken i delstatane er avgrensa. Det er store skilnader med omsyn til korleis kulturfeltet er organisert innanfor kvar einskild delstatsforvaltning, men i alle delstatane finst det eit kulturdepartement i ei eller anna form.

5.3.2 Tilhøvet mellom ulike forvaltningsnivå

Desentralisering av avgjerdsrett har stått høgt på den kulturpolitiske dagsorden i dei fleste landa sidan 1970-åra. Prosessane har likevel ytra seg på ulike måtar.

I Frankrike har det fyrst og fremst handla om ei form for dekonsentrasjon av statleg kulturforvaltning til regionane og i mindre grad om overføring av avgjerdsrett til dei lokalpolitisk folkevalde. Dette kjem tydelegast til uttrykk i ordninga med statlege kulturforvaltningsorgan i regionane ( DRAC ). Ei slik regionalisering inneber at staten held fram med å ha vesentleg kontroll også med løyvingar og tiltak på regionalt nivå. Samstundes kan det medverka til ei utjamning mellom regionane. I Finland finst det ei liknande ordning med regionale kunstråd som er administrativt plasserte i lensstyra, regionale administrative organ som er ein del av det statlege forvaltningsapparatet. Elles har dei andre nordiske landa gått lenger i retning av å delegera avgjerdsrett til regionalt og lokalt folkevalt nivå som resultat av forvaltningsreformer etter 1970-åra. I 1990-åra er det gjennomført omfattande forsøksprogram både i Sverige og Danmark med sikte på auka regional avgjerdsrett. I Danmark vart det i 1999 innført eit nytt avtalesystem for regionalisering av kulturpolitikken med lov om regionale kulturavtalar.

I Nederland med er det frå og med 1970-åra innført forvaltningsreformer med sikte på å overføra meir ansvar til regionale og kommunale styresmakter. Dei siste tiåra har fleire administrative endringar skapt nye grunnlag for desentralisering, og det finst fleire regionale og kommunale råd og fond. Likevel tykkjest det ikkje å ha funne stad ei eintydig desentralisering på heile det kulturpolitiske området. Medan det på somme område, som til dømes kulturarvområdet, har vore ei klår desentralisering, har det tvert om vore ei aukande sentralisering innanfor til dømes utøvande og visuelle kunstartar.

I Storbritannia har det òg vore tendensar til å overføra avgjerdsretten til lågare forvaltningsnivå, mellom anna ved å desentralisera ansvar til regionale kunstråd i 1990-åra. Nyleg vart det likevel sett i gang ei ny omstrukturering av Arts Council ved at ACE og dei regionale kunstutvala vart slegne i hop til ein organisasjon, Arts Council England . På New Zealand har det vore ei tilsvarande omstrukturering i retning av auka administrativ sentralisering. I 1974 vart kunstrådet omstrukturert ved opprettinga av regionale og kommunale kunstråd. Maori and South Pacific Arts Council vart skipa i 1978. I 1994 vart kunstrådet omstrukturert på nytt og Creative New Zealand består i dag av eit styrande råd og to kunstutval, der det eine har ansvaret for å stø maori-kunst.

I Forbundsrepublikken Tyskland er det naturleg nok vesentleg regional folkevald styring, med di det er dei einskilde delstatane (Länder) som har hovudansvaret for kulturpolitikken. Delstatane gjennomfører kulturpolitikk og ivaretek oppgåver på kulturfeltet i nært samarbeid med kommunane i delstaten sin. Som fylgje av oppgåvefordelinga og desentraliseringa frå delstatane si side, er det ofte kommunane som vert det viktigaste kulturpolitiske forvaltningsnivået.

5.3.3 Finansiering

I dei fleste vestlege landa har det vore ein kraftig auke i offentlege kulturutgifter etter den andre verdskrigen, med størst vokster i 1960- og 70-åra. I kontinental-Europa og Norden har dei offentlege kulturutgiftene tradisjonelt vore etter måten høge, medan ulike former for private sponsormidlar har spela ei mindre rolle. Sidan midten av 1980-åra har dei offentlege kulturutgiftene meir eller mindre stagnert i dei fleste landa, og i Tyskland og Nederland har det vore tendensar til ein svak realnedgang i 1990-åra. I Frankrike har det vore ein jamn auke gjennom heile 1990-talet.

I dei nordiske landa har den statlege støtta til kultur vore nokså stabil i perioden 1975–2000. I rapporten The Nordic Cultural Model (2003) vert det hevda at utgiftene til kultursektoren i dei nordiske landa følgjer auken i den økonomiske voksteren totalt sett.

I dei fleste landa oppmuntrar styresmaktene i aukande grad til privat sponsing, og i fleire land er det innført ulike former for skatteinsentiv o.l. Jamvel om sponsormidlar framleis har ei ganske marginal rolle i høve til offentleg støtte, tykkjest det vera ein generell tendens til større variasjon i finansieringskjelder. På same tid vert det i aukande grad lagt vekt på publikumstal og kostnadseffektivitet.

I anglo-amerikanske land kan det hevdast at det offentlege tradisjonelt har prioritert kulturområdet lågt, dersom ein legg til grunn direkte budsjettløyvingar. Men på den andre sida har til dømes USA skattereglar som legg godt til rette for privat medverknad i finansieringa av kultursektoren. Etter auke i 1970-åra førte politisk og økonomisk press i 1980-åra til ei fundamental revurdering av kulturstøtta i Storbritannia. I løpet av 1990-åra har likevel dei offentlege kulturutgiftene auka både i Storbritannia og på New Zealand. Dette skuldast fyrst og fremst tilførsle av lotterimidlar. Generelt tykkjest det vera tendensar til ein aukande aksept for ein aktiv statleg kulturpolitikk og støtteordningar for kulturen.

Fordeling av offentlege kulturmidlar på ulike forvaltningsnivå varierer mellom dei ulike landa. I Finland er det statlege engasjementet høgt (staten 60 pst. og kommunane 40 pst.). I Frankrike, på New Zealand og i Sverige svarar staten for om lag helvta av dei samla offentlege utgiftene. I Storbritannia, Nederland og Danmark er det statlege engasjementet svakare, og lokale styresmakter svarar for over helvta av dei samla offentlege utgiftene. I Tyskland utgjer utgiftene på forbundsnivå berre ein liten del av dei offentlege kulturutgiftene (under 10 pst.). Delstatane og kommunane svarar til saman for meir enn 90 pst. av dei offentlege kulturutgiftene. Den prosentvise delen er i gjennomsnitt ganske lik på dei to forvaltningsnivåa.

5.3.4 Kulturpolitiske mål og prioriteringar

Kulturpolitiske mål er meir eller mindre artikulerte i dei ulike landa. Ofte ligg mål og prioriteringar snarare implisitt i kulturpolitiske handlingar. På eit grunnleggjande plan tykkjest det tradisjonelt å vera to mål som i særleg grad har legitimert kulturpolitikken i dei vesteuropeiske landa og på New Zealand.

For det fyrste har kulturpolitikken hatt som mål å skapa ein felles nasjonal identitet og ein nasjonal einskapskultur. Denne dimensjonen har kome til uttrykk på ulike måtar og i ulik grad i dei ulike landa, mellom anna på bakgrunn av ulike historiske føresetnader. På New Zealand er det stadig ei eksplisitt overordna kulturpolitisk målsetjing å utvikla nasjonal kulturell identitet, men det vert òg streka under at det er ein samansett identitet som omfattar kulturen, tradisjonane, historia og praksisen til alle på New Zealand. Dette må sjåast i lys av den to-kulturelle situasjonen på New Zealand med ein maori-folkesetnad og ein engelskspråkleg folkesetnad.

I dag vert den nasjonale dimensjonen i alle landa utfordra gjennom aukande globalisering og ein meir pluralistisk kultursituasjon. På same tid tykkjest globaliseringa å ha medverka til både større merksemd omkring nasjonal identitet og til eit aukande medvit om kulturelt mangfald på ulike plan i løpet av dei siste tjue åra. Frankrike har til dømes markert seg internasjonalt gjennom å retta ei aukande merksemd mot å fremja kulturelt mangfald ( diversité culturel ) under presset frå ein globalisert kulturindustri. På eit anna plan har mellom anna Storbritannia (særleg gjennom Arts Council of England) og Nederland vore opptekne av å inkludera ulike etniske minoritetar i kulturlivet.

For det andre har demokratisering av kulturen på tvers av geografiske og sosiale skiljeliner vore ei grunnleggjande felles kulturpolitisk målsetjing heilt sidan kulturpolitikken vart sett i system. Dette har likevel ovra seg ulikt i høve til ulike kulturomgrep og i høve til skiftande idear, administrative handlingar og politiske, intellektuelle og samfunnsmessige kontekstar.

Fram til 1960-åra handla det fyrst og fremst om å fremja og spreia den «høgverdige» kunsten, definert av ein etablert elite. Med utvidinga av kulturomgrepet og den nye kulturpolitikken i 1970-åra vart kulturell utvikling plassert i ein vidare samfunnsmessig kontekst, og kulturpolitiske strategiar vart innretta mot eit vidare spekter av kulturuttrykk. Det kulturpolitiske ansvarsområdet vart utvida i noko ulike retningar i dei ulike landa. Dette speglar seg til ein viss grad av i det administrative ansvarsområdet som er lagt til dei respektive kulturdepartementa.

I Frankrike vart det gjennom 1970- og 80-åra i aukande grad lagt vekt på utdanning samstundes med at kulturomgrepet vart utvida i retning av kulturindustri, media, eksperimentell «evenementskultur» (sirkus, gateteater o.l.) og populærkultur (rock, pop, graffiti, teikneseriar, motar, gastronomi). Kulturdepartementets ansvarsområde omfattar likevel ikkje idrett. Etter at kulturindustrien vart innlemma i kulturomgrepet og aukande merksemd vart retta mot kulturelt mangfald og globalisering, er det tendensar til å sjå kultursektoren i eit økonomisk perspektiv. Samtidig er kulturpolitikken i høg grad kvalitetsorientert.

Det gjeld òg kulturpolitikken i Nederland, der ein sidan 1980-åra har lagt vekt på at demokratiseringa ikkje måtte gå ut over kunstnarleg kvalitet. I Storbritannia og på New Zealand er kultursektoren nær knytt til økonomiske og sosiale tilhøve. Stor interesse er retta mot kulturindustrien, og i tillegg er både turisme og idrett innlemma i kulturdepartementets ansvarsområde (jamvel om det på New Zealand er ein eigen minister med ansvar for idrett og friluftsliv).

I dei nordiske landa vart kulturpolitiske mål formulerte som ein del av velferdspolitikken etter den andre verdskrigen. Dette har mellom anna ført til at dei nordiske landa tykkjest leggja større vekt på ei sosial velferdslegitimering, medan kulturpolitikken i dei fleste andre vesteuropeiske landa tykkjest leggja større vekt på kvalitetslegitimering.

Dette kjem til dømes til uttrykk i kunstnarpolitikken. I dei nordiske landa har demokratisering i tydinga sosial tryggleik for og utjamning av levekår mellom kunstnarar vore ein del av kulturpolitikkens ansvarsområde sidan 1970-åra. I dei fleste andre land er det vorte lagt mindre vekt på sosial tryggleik og kollektiv velferd og meir vekt på å stimulera kunstnarleg skapande verksemd.

Til forsiden