St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Noreg har teke del i EU-handlingsplanen for sikrare bruk av Internett sidan 1999. Planen vart avslutta ved utgangen av 2004.

Den tidlegare handlingsplanen vart skipa ved europaparlaments- og rådsvedtak nr. 276/1999/EF og lengd ved europaparlamets- og rådsvedtak nr. 1151/2003/EF. Han vart teken inn i EØS-avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 99/1999 av 30. juli 1999 og 58/2004 av 23. april 2004.

EU har vedteke å følgje opp den tidlegare handlingsplanen med ein ny handlingsplan, Sikrare Internett pluss. Denne planen vart formelt vedteken 11. mai 2005 ved europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF, og byggjer vidare på og vidareutviklar det arbeidet som vart gjort under handlingsplanen. Bakgrunnen er at det framleis vert rekna for å vere naudsynt med tiltak når det gjeld innhald som kan vere skadeleg for barn, innhald som er uønskt av brukarane og ulovleg innhald. Programmet skal vare i fire år frå 1. januar 2005.

Norsk deltaking i programmet inneber økonomiske pliktingar over fleire år. Difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. Grl. § 26 andre leddet.

EU-kommisjonen har alt opna for søknader om økonomisk støtte til prosjekt under programmet. Søknadsfristen er 24. november. Det er høve til å sende inn søknader òg frå Noreg, men det vil ikkje bli utbetalt støtte til norske prosjekt før innlemminga i EØS-avtala er fullførd. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.