St.prp. nr. 77 (1999-2000)

Om trygdeoppgjeret 2000

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det vert fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2000 som følgje av dette.

Den 27. april 2000 kom partane i trygdeoppgjøret - staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg - saman for å gå gjennom rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Føremålet med møtet var å kartleggje utviklinga i løner og grunnbeløp.

Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet blei haldne 30. og 31. mai 2000. Møta førte fram til semje mellom staten og dei tre organisasjonane om ein auke i grunnbeløpet på kr 2 140 frå 1. mai i år.

Regjeringa gjer i samanheng med dette framlegg om at grunnbeløpet blir sett til kr 49 090 frå 1. mai 2000.

Meirutgiftene for 2000 av auken i grunnbeløpet vert omlag 3 610 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane per 1. mai 2000, jf. St.prp. nr. 74 (1999-2000).