CCS- Internasjonalt arbeid

Kvifor internasjonalt arbeid med CO2-handtering?

For at CO2-handtering skal bli eit effektivt klimatiltak er det viktig at mange land medverkar og tiltaka må bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar også andre stader enn i Noreg. CO2-handtering må takast i bruk i land som baserer energiproduksjonen sin på kolkraft og i land det er venta høg økonomisk vekst og utsleppsvekst dei komande åra. Det internasjonale energibyrået (IEA) meiner at ikkje-OECD-land må stå for om lag 70 pst. av den totale CO2-en som er fanga og lagra i 2050 dersom verda skal nå togradersmålet. Klimaforliket frå 2012 seier at Noreg skal vere eit føregangsland for internasjonal aksept for fangst og lagring av CO2 som eit nødvendig klimatiltak.

CO2-handtering i EU og bruk av EØS-midlar

Regjeringa har på førespurnad frå Europakommisjonen svart at Noreg er innstilt på å delta i eit samarbeid med minst to andre europeiske land for å medverke til å realisere eit europeisk CO2 fangst- og lagringsprosjekt. I land som får EØS-midlar frå Noreg er det mange store punktutslepp. Det kan derfor vere fornuftig å finansiere CO2-handteringsprosjekt i desse landa. Regjeringa arbeider difor for at delar av EØS-midlane blir nytta til å støtte europeiske prosjekt for CO2-handtering.

Støtte CO2-handtering i fremveksande og utviklingsøkonomiar

Som ei følgje av det første klimaforliket på Stortinget vart det laga fram ein strategi for å fremje CO2-handtering internasjonalt i 2008. Denne strategien er framleis styrande for arbeidet vårt. I strategien blei det peika på fire geografiske område som det er spesielt relevant å samarbeide med. Dette var det sørlege Afrika, Kina, Golfstatane og Indonesia.

Kina har verdas største utslepp av klimagassar målt i absolutte tal og kolkraft står for ein stor del av energimiksen. Noreg deltek i Europakommisjonens samarbeid med Kina om CO2-handtering gjennom Near Zero Emission Coal. Det er gjennomført forstudiar for tre CO2-handteringsprosjekt i Kina gjennom dette samarbeidet. Noreg har også støtta det sørafrikanske senteret for CO2-handtering. Senteret har mellom anna laga eit lagringsatlas for Sør-Afrika. Om lag 90 prosent av Sør-Afrikas energiforbruk kjem frå fossile brenslar, av dette om lag 72 prosent frå kol. Neste steg i arbeidet med CO2-handtering i Sør-Afrika er å starte testinjeksjon av CO2 for å teste eigenskapar ved lagringsreservoar. Noreg støttar dette med øyremerka midlar til Verdsbanken sitt fond for CO2-handtering. Regjeringa har også støtta DNV GL sine studiar av moglegheiter for CO2-handtering på nye kolkraftverk i Mosambik.

Verdsbanken har, i samarbeid med Noreg, etablert eit fond for CO2-handtering i utviklingsland og framveksande økonomiar. Noreg har støtta dette fondet med totalt 113,5 mill. kroner sidan 2009. Blant aktivitetane er kapasitetsbygging i form av kartlegging av geologiske lagringsforhold og nasjonalt lovverk. Fondet har identifisert Sør-Afrika og Mexico som prioriterte land for det vidare arbeidet. Regjeringa vil halde fram med dette samarbeidet. Regjeringa vil også vurdere nærare høvet til å bidra til at eit fullskalaanlegg for CO2-handtering i utviklingsland blir realisert, i samarbeid med andre land.

Det grøne klimafondet skal finansiere tiltak for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland. Frå norsk side vil ein arbeide for at dette òg skal bli ei finansieringsmoglegheit for CO2-handteringsprosjekt.

Internasjonale forhandlingar og samarbeidsfora

Noreg har mykje kunnskap om fangst, transport og lagring av CO2 og erfaringsutveksling er eit viktig element i det internasjonale samarbeidet. I klimaforhandlingane har Noreg arbeidd aktivt for å etablere regelverk slik at CO2-handteringsprosjekt i utviklingsland skal kunne godkjennast under Kyotoprotokollens grøne utviklingsmekanisme (CDM). Regjeringa vil medverke til å få fortgang i registrering av CO2-handteringsprosjekt under CDM. Dette skal skje gjennom å spreie informasjon og etablere ein metode som skal konkretisere reglane og prosedyrane som er vedtekne under Kyotoprotokollen.

Regjeringa deltar i North Sea Basin Task Force saman med Storbritannia, Nederland og Tyskland for å utarbeide felles prinsipp for sikker transport og lagring av CO2 i Nordsjøbassenget. I Carbon Sequestration Leadership Forum samarbeider Noreg med mellom anna USA, Kina og Europakommisjonen for å fremje CO2-handtering. Olje- og energidepartementet har ein samarbeidsavtale med det amerikanske energidepartementet om forsking på CO2-handtering, petroleum og fornybar energi. Vidare har Noreg eit engasjement i den europeiske teknologiplattforma European Technology Platform for Zero Emission Power. 4-kongedømme-samarbeidet om alternativ bruk av CO2 er også et forum som Noreg deltek i.