Pressekonferanse om ekspertutvalet sin rapport om kommunereform

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Måndag 1. desember får kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sluttrapporten frå ekspertutvalet for kommunereform.

Måndag 1. desember får kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sluttrapporten frå ekspertutvalet for kommunereform.

Regjeringa vil ha ein kommunesektor som er tilpassa morgondagens utfordringar. Da treng vi kommunar med større musklar, både for å sikre innbyggjarane gode tenester i framtida og for å styrkje lokaldemokratiet.

I januar sette regjeringa ned eit ekspertutval, som skulle føreslå kriterium for oppgåveløysinga i kommunane. No er sluttrapporten ferdig, og måndag 1. desember skal ekspertutvalet presentere arbeidet sitt for statsråd Sanner.

Ekspertutvalet er fritt og uavhengig. Utvalet er leda av professor Signy Vabo ved Høgskolen i Oslo og Akershus. I utvalet elles sit erfarne forskarar og praktikarar,og saman representerer dei allsidig og god kompetanse på heile kommunesektoren.

Media er invitert til å følgje overleveringa, og det blir satt av tid til spørsmål etter at leiaren av utvalet har presentert rapporten og overlevert han til statsråden.

Ekspertutvalet sitt oppdrag

Ekspertutvalet leverte sin første delrapport 27. mars. Der såg dei på kva for kriterium som må vere på plass for at kommunane skal kunne løyse oppgåvene dei har i dag.

I sluttrapporten har dei sett på om det er behov for nye kriterium for å kunne overføre nye oppgåver til kommunen.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00