Læringsnettverket «smart mobilitet» i distrikta

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) sitt læringsnettverk for «smart mobilitet», som skal bidra til nye løysingar for kollektivtransport og personmobilitet i distrikta, vart formelt avslutta hausten 2022.

Deltakarar i det toårige læringsnettverket har vore fylkeskommunane, KS, Statens vegvesen, Kollektivtrafikkforeininga, Distriktssenteret og KDD. Smart mobilitet dreier seg om å transportere menneske og gods frå eit punkt til eit anna, på nye, innovative og berekraftige måtar. Samferdsle og smart mobilitet er eit av fleire viktige område som bidreg til livskraftige lokalsamfunn.

Å finne gode løysingar krev nytenking. Landet over finns eit aukande tal på kreative og vellukka transporttilbod, som tek i bruk ny teknologi eller nye samarbeidsformer, for å møte innbyggarane sine transportbehov.

Læringsnettverket har hatt som mål å vidareutvikle god praksis i og mellom fylkeskommunane som deltek. Frå 2020 fram til hausten 2022 møttest nettverket jamleg, for å dele erfaringar og bygge kompetanse på temaet.

Teknologi og digitalisering er viktige komponentar i arbeidet med nye løysingar. Det finns allereie døme på sjølvkøyrande bussar i drift i Noreg. Denne typen teknologi kan bidra til å løyse transportutfordringar i distrikta. Ny teknologi er dyr, og kan ikkje vere svaret på alt. Like viktig er derfor nye former for samarbeid og evna til å utvikle kreative og innovative løysingar.

Fleire mobilitetsutfordringar i distrikta

Fylkeskommunane har hovudansvaret for den regionale kollektivtransporten. Dei gjev tilskot til lokale buss- og båtruter, og dei avgjer omfanget av mellom anna rutetilbod og takstar. I distriktsområde gjev små marknader og lav etterspørsel eit dårleg grunnlag for ordinære, kollektive transporttilbod. Dette er særleg ei utfordring for unge og eldre fastbuande, reiselivet og også for andre delar av næringslivet.

Tenestestrukturen er i endring. Mange tenester blir no levert digitalt. Samstundes har fleire tenester som krev fysisk frammøte vorte meir sentraliserte. Det skapar trong for kollektiv transport. Dette gjeld særleg for folk som ikkje har tilgang til eigen bil.

Følgeforsking – kunnskap og djupnearbeid

Læringsnettverket vart følgd opp av eit forskarteam frå Nordlandsforsking og SINTEF. Dei har tilført kunnskap frå forsking, og går i djupna og vidareutviklar erfaringar frå praksis i Noreg og andre land. Frå rurale område over hele Europa finns døme på bildeling, innbyggarbasert kollektivtransport, fleksible kollektivruter, autonome bussar og so vel app-basert haiking.

Smart mobilitet i distriktene: Erfaringer fra et læringsnettverk (Nordlandsforskning) (PDF)

Pilotar syner moglegheitene

Ny teknologi kan gje eit meir brukartilpassa kollektivtilbod. Det finns fleire interessante forsøk i mange kommunar, som har vore brukt i læringsnettverket, for å lære og utvikle nye kollektivtilbod. Det er eit mål at forsøk og pilotar skal skape grunnlag for nye, berekraftige driftsformer som vert ein del av det ordinære kollektivtilbodet.

For meir informasjon:  Kunnskapsoppsummering — Smart mobilitet i distrikta (mobiledistrikter.no)