Bibliotek

Biblioteksystemet i Norge omfattar i hovudsak folke- og fylkesbibliotek, skulebibliotek, offentlege og private fag- og forskningsbibliotek, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Nasjonalbiblioteket.

Kommunane har ansvar for folkebibliotek og skulebibliotek, medan fylkeskommunane har ansvar for fylkeskommunale bibliotekoppgåver som knyttar seg til veiledning, koordinering og utvikling.

Kunnskapsdepartementet har ansvar for fag- og forskningsbibliotek knytta til universitet og høgskular.

Kulturdepartementet har det overordna, nasjonale bibliotekansvaret i første rekke ved tildeling av midlar løyvd av Stortinget over statsbudsjettet kapittel 326 til Nasjonalbiblioteket og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek.

Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket si verksemd er forankra i pliktavleveringslova. Formålet med lova er å sikre avlevering av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til Nasjonalbiblioteket, slik at vitnemål om norsk kultur og samfunnsliv blir tatt vare på, og gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forskning og dokumentasjon.

Som statleg utviklingsorgan for biblioteksektoren skal Nasjonalbiblioteket bidra til å utforme og gjennomføre ein nasjonal bibliotekpolitikk både for folke- og fagbibliotek. Nasjonalbiblioteket har eit særskilt ansvar for å bidra til å utvikle og styrke biblioteka i Norge som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar, og forvaltar prosjekt- og utviklingsmiddel til dette formålet. Nasjonalbiblioteket er og delegert forvaltning av tilskot til ei rekke andre bibliotekformål, som til dømes bibliotektilbod i fengsel og helseinstitusjonar.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) produserer og låner ut allmenn litteratur og studielitteratur til blinde og synshemma.

Nasjonalbiblioteket, avdeling Mo i Rana

Nasjonalbiblioteket, avdeling Mo i Rana administrerer pliktavleveringsordninga og sørger for innsamling, registrering, bevaring og tilgjengeleggjering av materiale. NB Rana omfattar og Depotbiblioteket, dei audiovisuelle samlingane og oppbygginga av Nasjonalbiblioteket sine digitale tenester. NB Rana ivaretar viktige publikumsmessige funksjonar innan desse felta.

Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo

Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo, har hovudansvar for Nasjonalbiblioteket si publikumsretta verksemd. Det omfattar tilrettelegging for bruk av samlingane i avdelingane sine lesesalar, og ved utlån og fjernbruk via elektroniske nettverksbaserte tenester. Avdelinga tilbyr fjernlån frå eigne samlingar og formidlar innlån av materiale frå utlandet for norske bibliotek. NB Oslo utarbeider den norske nasjonalbibliografien og tilbyr eit breidt spekter av bibliografiske tenester og produkt.

Aktuelle lenker: