Omdisponering av jordbruksareal
Artikkel | Sist oppdatert: 12.10.2021 | Landbruks- og matdepartementet
Av og til er omdisponering av jordbruksarealer nødvendig for å møte andre samfunnsbehov.

Behovet for bustadutbygging, industri- og næringsutvikling, nye jernbanetrasear og veger har gjennom historia stadig måttet blitt vege opp mot jordvern.
Det er ein utfordring at den beste matjorda ligg rundt tettstader og byer, der befolkningsveksten er størst. Det gir kamp om arealane.
Trenden har snudd
Siden andre verdskrig er minst 1,2 millionar dekar (1 dekar = 1000 kvadratmeter) dyrka og dyrkbar mark blitt omdisponert til andre føremål – i snitt nær 19.000 dekar om året.
Dei siste åra har trenden snudd. I 2004 kom det eit nasjonalt jordvernmål om å redusere den årlege omdisponeringa av dyrka mark med 50 prosent innan 2010. Målet blei konkretisert til at den årlege omdisponeringa skulle bli redusert til under 6000 dekar (6 millionar kvadratmeter) dyrka jord.
Regjeringa har laga ein nasjonal jordvernstrategi som Stortinget behandla 08.12.2015. I vedtaket fastsette Stortinget eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar, og bad regjeringa om at målet nås gradvis innan 2020.
Omdisponering av dyrka jord har låge på om lag 6000 dekar dei siste åra.
Økt press
I kjølvatnet av den forventa befolkningsveksten i Noreg, vil kampen om arealane berre auke.
Oslo er til dømes ein av Europas raskast veksande byer. Etter prognosane vil hovudstaden passere 800.000 innbyggarar i 2027, og ein million i 2040.